30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Bonden og kråka

(Kråkevisa)

Les om balladen.

Melodioppskrift: Samlet av Hulda Garborg etter Severin Eskeland, Stord, Hordaland.
Klara Semb: Norsk folkedansar. Oslo 1985, s. 196.
TSB F 58


Oppskrift 1903–1905 av Catharinus Elling, S. Trondhjems amt, Sør-Trøndelag.
Orig.ms. NB Mus ms 2867 III, nr. 20. Ellings manuskriptsamling, renskrift.
TSB F 58


Tekstoppskrift: Tekstoppskrift: Fra Stord, trolig etter Severin Eskeland. Norsk visebok, Oslo 1993. Overskrift: Kråkevisa.

Og mannen han gjekk seg i veaskog,
– hei fara i veaskog. –
Då sat der ei kråke i lunden og gol.
– Hei fara. Faltu riltu raltura. –

Mannen han tenkte med sjølve seg:
Skal tru no den kråka vil drepa meg?

Og mannen han snudde om hesten sin,
så køyrde han heim att til garden igjen.

Å høyr du min mann, kva eg spøre deg:
«Kvar vart det av veden du køyrde til meg?»

«Eg køyrde no slett ingen ved til deg,
for kråka ho svor ho sku drepa meg.»

«Å no har eg aldri høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?»

Men kråka kom etter på taket og gol,
og mannen han opp gjennom ljoren for.

Og mannen han spente sin boge for kne,
så skaut han den kråka, så ho datt ned.

Så spente han føre dei folane ti;
men kråka ho sprengde alle di.

Så spente han føre dei folane tolv,
så køyrde han kråka på låvegolv.

Så flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog innpå seksten og tjue pund.

Av skinnet så gjorde han tolv par skor,
det beste paret det gav han til mor.

Og kjøtet han salta i tunner og fat,
og tunga han hadde til julemat.

Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne han brukte til møka-greip.

Og nebben han brukte til kyrkje-båt,
som folk kunne sigla på frå og åt.

Og munnen han brukte te mala korn,
og øyro han gjorde til tutar-horn.

Av augo så gjorde han stoveglas
og nakken han sette på kyrkja til stas.

Og den som kje kråka kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråke å få.


Lytt til utdrag og/eller kjøp lydspor til varianter av visa her og her

Boken er utgitt av Norsk visearkiv

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om 30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Vi vet ikke sikkert når de første balladene ble sunget i Norge, men man antar at det må ha blitt laget ballader så tidlig som på slutten av 1200-tallet mens Erik Magnusson var konge. Alle balladene er likevel ikke diktet i middelalderen. Så lenge balladene har vært populære, har det blitt skapt nye samtidig som de eldste har blitt endret.

Les mer om og hør balladene på cd-antologien Norske Ballader - 30 ballader om drap og elskov, skjemt og lengsel blant riddere, jomfruer, kjemper og dyr utgitt av Norsk visearkiv.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.