30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Falkvor Lommansson

Les om balladen.

Melodioppskrift: Sommeren 1851 av L. M. Lindeman etter Olea Crøger, Mo, Telemark.
Orig.ms. NB ms 6874a:578, nr. 47. Lindemans manuskriptsamling, renskrift.
TSB C 15


Tekstoppskrift: Hulda Garborg: Norske Dansevisur, Kristiania 1923, s.. 23 ff.

1. Det var Torstein Davidsson,
han vilde til bryllaup bjoe;
og det var Falkvor Lommansson,
han let sine hestar ringskoe.
– Riddaren, vaagar han live sitt for ei jomfru. –

2. Det var aarle um morgonen,
soli ho ryr i dalar;
upp stend Falkvor Lommansson,
legg paa forgylte slar.

3. Ut so kjeme hans sæle mor,
taarir renne paa kinn.
«Kor agtast du av i dag,
du Falkvor, kjær sonen min?»

4. «Eg vil prøve mine hommenn,
eg vil prøve min hest;
eg vil taka att vive mitt,
som Torstein Davidsson hev fest.»

5. Det var Falkvor Lommansson,
han seg av garde reid:
der grodde kje graset paa femtan aar
der hans graa gangaren steig.

6. Det var Falkvor Lommansson,
han kom seg ridand i gaard;
inn so springe den vesle smaadreng,
segjer han tidend ifraa.

7. Inn so springe den liten smaadreng,
segjer han tidend ifraa:
«Her stend fullt tune av herklædde menn,
og alle som duvune graa!»

8. Og det var fruva Vendelin,
ho saag seg att yvi herd;
daa saag ho Falkvor Lommansson
med herskeleg store ferd.

9. «De take av meg mitt hovudgull,
og set paa meg silkeluve;
kjem han inn, Falkvor Lommansson
han helsar meg for ei fruve.»

10. Inn kom Falkvor Lommansson,
med høgan hatt i hende;
helsar han fruva Vendelin:
«So vel som eg deg mone kjenne!

11. Høyrer du, fruva Vendelin,
du tarv deg inkje løyne;
ute stend hesten apalgraa;
i dag skal du ‘en røyne!»

12. Og det var fruva Vendelin,
ho slog sin neve mot bord:
«Var han heime, Torstein Davidsson,
du lyste kje slike ord!»

13. Det var Falkvor Lommansson,
han gjordest i hondo sterk;
so tok han fruva Vendelin
og sette paa høgan hest.

14. Og det var den vesle smaasvein,
han gjorde baad’ reid og rann;
so reid han dei femtan vælske milir,
til han Torstein Davidsson fann:

15. «Her sit’e du, Torstein Davidsson,
og drikk’e mjød og vin;
Falkvor Lommansson er heime
og rid av med bruri di!»

16. Det var Torstein Davidsson,
han var so ille ved ord;
brune mjøden, i skaali var,
den rende han ned paa bord.

17. Upp stod Torstein Davidsson,
han ropar yvi all den gaard:
«De stande upp, mine gode hommnenn;
klæd dikkon i brynjune blaa!»

18. Det var seint um sundags eftan,
daa kvesste dei sine spjut;
det var aarle um maandags morgon,
daa reid dei herkjempur ut.

19. Det var Falkvor Lommansson,
han saag seg att yvi herd;
«Etter kjem Torstein Davidsson;
Vaarherre ver i mi ferd!»

20. Dei møttest utpaa Démannheidi
uti so tjukk ein gnyr;
branden beit og brynjo sleit
og røyken stod upp i sky.

21. Dei stridde der i dagar
og vel i dagane tvo;
att’e stod Torstein Davidsson;
alt folke de fall ifraa.

22. Heim-til reid Torstein Davidsson
med brotne slar og tome;
Falkvor spelar for bergjo nord
alt med sin rosens blome.

23. Det var Torstein Davidsson,
han syrgjer no ikkje saa saart:
«Her er so mange stolte jomfruvur
som stjønnune fylgjer nott!»
– Riddaren, vaagar han live sitt for ei jomfru. –


Lytt til utdrag og/eller kjøp lydspor til varianter av visa her.

Boken er utgitt av Norsk visearkiv

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om 30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Vi vet ikke sikkert når de første balladene ble sunget i Norge, men man antar at det må ha blitt laget ballader så tidlig som på slutten av 1200-tallet mens Erik Magnusson var konge. Alle balladene er likevel ikke diktet i middelalderen. Så lenge balladene har vært populære, har det blitt skapt nye samtidig som de eldste har blitt endret.

Les mer om og hør balladene på cd-antologien Norske Ballader - 30 ballader om drap og elskov, skjemt og lengsel blant riddere, jomfruer, kjemper og dyr utgitt av Norsk visearkiv.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.