30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Solfager og Ormekongjen

Les om balladen.

Melodioppskrift: 1840-årene av Hans Seeberg og Olea Crøger, Mo, Telemark.
Orig.ms. NB Mus ms 6875d:578, nr. 42. Lindemans manuskriptsamling.
TSB D 392


Tekstoppskrift: Liestøl og Moe: Norske folkevisor I, Kristiania 1920, s. 162 ff.

1. David kongjen kom seg riand i gård,
– Med de vive var so ungt –
Solfager sto ute, ho sola sitt hår.
– Meg lyster i lunden utrie. –

2. «Kvi stend’e du Solfager solar ditt hår,
hev du ingjo gullkrune å setje uppå?»

3. Han gav henne gullkrunune tri,
Solfager tok imot alle di.

4. Han gav henne gullkrunune fem,
Solfager tok imot alle dem.

5. David kongjen sille i leding fara,
Solfager sille landet taka i vara.

6. Han støypte gullkrossen i Solfagers hònd,
at ho sill’ vera kjend på fremminde lònd.

7. Ormekongjen kom seg riand i gård,
Solfager stod ute, ho sola sitt hår.

8. «Høyr du, Solfager, eg talar til deg:
du svik’e kong David og trulovar meg!»

9. «De skò kje skje med’ eg live her,
at eg mi tru til tvo brøar gjev.»

10. So gav han henne dei dvaledrykkjin’ tri,
Solfager ho dåna, då ho fekk di.

11. Og der kom bo fyr kong David inn:
«Solfager er dau, allerkjærasten din.»

12. David kongjen han blei so ille ved ord,
han bleikna som bast og svartna som jord.

13. Dei la’e Solfager på likebår,
so syrgjeleg ri’e kong David ihjå.

14. Dei grove Solfager unde moll og stein,
so syrgjeleg ri’e kong David heim.

15. Dei jarda likje, og alle drog heim,
men Ormekongjen ette kring grefti sveiv.

16. Han grev’e Solfager or molli ho låg;
Solfager ho vakna og kring seg såg.

17. «Kvåre vil du no, Solfager, liggje hera døy,
hell fygje på mitt lande og vera mi møy?

18. Kvåre vil du no, Solfager, liggje hera lik,
hell fygje på mitt lande og vera mitt viv?»

19. «Eg tiss vera for ung’e til liggje unde stein,
eg lyt helle fygje med Ormekongjen heim.

20. Eg tiss vera for ung’e til liggje unde jord,
eg lyt helle sitje med Ormekongjens bord.»

21. Kong David gjeng’e vegjen fram,
der møter han so gamal ein mann.

22. Der møtte han so gamal ein mann,
bar tiend ifrå fremminde land.

23. «Kong David, kong David, eg til deg talar:
Solfager liver i bjarte gullsalar.

24. Høyr du, kong David, du gløym dine sorgjir:
Solfager liver i bjarte gullborgjir.

25. Du let’e deg pilgrimsklæ’e skjera,
liksom ein pilegrim mune du vera.

26. So tek’e du pilegrims-staven i hond,
so reiser du deg i fremminde lond.»

27. Kong David let pilegrimsklæ’i skjera,
liksom ein pilegrim mune han vera.

28. So tok han pilegrimsstaven i hand,
so reiser han på Ormekongeland.

29. David kongjen kom seg gangand i gård,
Solfager sto ute, ho sola sitt hår.

30. «Å høyr du, Solfager, hot eg be’e deg:
ei omosegåve so gjeve du meg!»

31. «Du gjenge no deg i stoga inn,
og sjov skò eg bera den maten umkring.»

32. Alt med’ ho bar den maten fram,
ho tok inkje hanskane av si hand.

33. «Er de so skikkjen på dette land:
dei bryt’e braue med hanskar på hand?»

34. «De tiss inkije vera vandare mann,
hell eg må brjote braue med hanskar på hand.»

35. «Er eg inkje no, so var eg den ti
eg gav gullkrunun’ til festarmøy mi.

36. Er eg inkje no, so var eg den gong
eg støypte gullkrossen i Solfagers hond.»

37. Solfager ho lyfter på pilegrimshatt:
«Er du kong David, du seie meg satt!»

38. «Å høyr du, Solfager, hot eg spyr’e deg:
vil du kje heimatte fygje med meg?»

39. «So gjønne eg ville fygje med deg,
når eg visste at Ormekongjen sakna kje meg.»

40. Kong David han såg uti si bok:
Ormekongjen er vikjen so langt av krok.

41. Kong David han tok ut Ormekongjens hest,
so rei han heim med den han ha’ fest.

42. Ormekongjen kom av ormegarden heim:
Solfager var burte, den vene møy.

43. Ormekongjen vart so splitrande vrei,
– Med de vive var so ungt –
at han flaug sund’e i flintestein.
– Meg lyster i lunden utrie. –


Lytt til utdrag og/eller kjøp lydspor til varianter av visa her.

Boken er utgitt av Norsk visearkiv

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om 30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Vi vet ikke sikkert når de første balladene ble sunget i Norge, men man antar at det må ha blitt laget ballader så tidlig som på slutten av 1200-tallet mens Erik Magnusson var konge. Alle balladene er likevel ikke diktet i middelalderen. Så lenge balladene har vært populære, har det blitt skapt nye samtidig som de eldste har blitt endret.

Les mer om og hør balladene på cd-antologien Norske Ballader - 30 ballader om drap og elskov, skjemt og lengsel blant riddere, jomfruer, kjemper og dyr utgitt av Norsk visearkiv.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.