30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Storebror og lillebror

 

Les om balladen


Melodioppskrift:
Av O.M. Sandvik, Vest-Agder.
Orig.ms. NB Mus ms a 1811:1848, nr. 39. Sandviks manuskriptsamling.
TSB E 64.


Tekstoppskrift:
Liestøl og Moe: Norske folkevisor II, Kristiania 1922, s. 110 ff.


                          I

1. Lillebror tala til Storebror sin:
«Eg veit meg ei jomfru so fager og so fin.
– Du er den, du er den
eg hev tinga i min ungdom. –

2. No vil me rie kon su unde li,
og feste fru Ingebjør de vene viv.»

3. «Den jomfruva er inkje go å få,
femten hundre kjempur henne vaktar på.

4. Og løvur og drakar dei ligg der i ring:
ingjen kann koma til jomfruva inn.»

5. «Femten hundre kjempur eg slær i ein ring,
dei dyri skò røme fyr runeblakkjen min.»

 

                          II


6. Dei rei i dagar og nettar ni,
dei kom til de lande den jomfru bur uti.

7. Då dei kom til Valevall bru,
då var ho tekkt’e med mannehu.

8. Då dei kom til Valevall bekk,
då femten kvennar i manneblo gjekk.

9. Storbror tala til Lillebror sin:
«No vil me snu våre gangarar umkring.»

10. «Eg hell’e de inkje fyr ein fulltakjen gut,
som tek på ei reise og inkje hell’e ut.

11. Eg helle deg inkje fyr ein fulltakjen mann,
som tek på ei reise og inkje tore fram.»

12. Då dei kom til Valevall hagje,
då sto der eit hovu på kver den stakje.

13. Gjerde var gjort utav kvasse sverd,
eit kjempehovu stod der på odden utav kver.

14. «Storebror, Storebror, kvil deg eit grand,
so ri eg aleine, eg kjem’e vel fram.»

15. Femten hundre kjempur han slo i ein ring,
dei dyri dei rømde fyr runeblakkjen inn.

16. Jomfruva ut gjenom vindauga såg:
«Hot er de fyr ein galning som hell’e i vår gård?»

17. «Eg er ingjen galning, um du seie så,
men eg skò bli din festarmann, de må du lite på.»

18. Lillebror inn gjennom dynni stig,
de lukta kjempeblo, som der var slakta svin.

19. Jomfruva tala til terna si:
«Du tappar meg i ei konne med vin.»

20. Jomfruva tok konna i hende,
der var vel eiter i blending.

21. «No må du drikke ein go’e drykk,
eg veit du kann vera bå trøytt og tysst.»

22. «So er se’en i okkos land,
jomfruva drikk’e sin festarsvein av hand.»

23. «Nei, de er se’en i okkos land,
at festarsvein drikk’e når hass jomfru ber fram.»

24. «Eg skò tukte deg ette mitt sinn,
so du skò lære bet’e bea belaren inn.»

25. So tok han hennar fingar smale,
han batt henne fast i hestehale.

26. Han tok hennar gule hår
og batt de fast i hestelår.

27. Der var alli so liten ein stein,
den vekkte kje bloe på jomfruvas bein.

28. Der va alli so liten ein kvist,
den vekkte kje bloe på jomfruvas bryst.

29. Lillebror breidde ut kåpa blå:
«Lyster du jomfru å kvile derpå?»

30. «Ei liti kvild va fulla go,
dersom eg gjorde kje ungersvein imot.

31. De hell’e eg fyr ein fulltakjen gut
som tek’e si jomfru med glavin og spjut.»
– Du er den, du er den
eg hev tinga i min ungdom. –


 

Lytt til utdrag og/eller kjøp lydspor til varianter av visa her og her.

Boken er utgitt av Norsk visearkiv

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om 30 ballader – om drap og elskov, skjemt og lengsel

Vi vet ikke sikkert når de første balladene ble sunget i Norge, men man antar at det må ha blitt laget ballader så tidlig som på slutten av 1200-tallet mens Erik Magnusson var konge. Alle balladene er likevel ikke diktet i middelalderen. Så lenge balladene har vært populære, har det blitt skapt nye samtidig som de eldste har blitt endret.

Les mer om og hør balladene på cd-antologien Norske Ballader - 30 ballader om drap og elskov, skjemt og lengsel blant riddere, jomfruer, kjemper og dyr utgitt av Norsk visearkiv.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.