Utvalgte dikt

av Olav Aukrust

SOTA

Diktet ble utgitt i diktsamlingen Himmelvarden (1916).

Det er ei sæter som heiter Sota,
og einsleg ligg ho i svarte audni.
Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt,
og myrke segner imot meg susa, –
sev for vind uti straum rakte,
kragg og trollskog kraup og krakte –
kryp og krèk der til domedag.

*

Det var ei hildrande ungmøy-hulder
som sat budeigje paa denne stulen.
Ho heldt medHalde med: halde seg til, faast med tvo, og det vart til vaae, –
ho fekk daa nøgdi, til sist, av baae,
og dei fekk metta si baae tvo.

Det hende noko der, langt attende.
Det small eit skòt der ein gong ved midnatt.
I ormut otte laag ein og glødde,
han laag og lura, han laag og lødde –
hin stupte daa skotet small.
– – – – –

Han kom til Sota ved midnatts-leite
og kravde løni for velgjort arbeid.
Han stengde døri, ho sløkte ljoset
– det rauta tungt gjennom fenafjoset –
tvo hjarto dunde i natti nifs.

Han som skaut, var han Kristen Fange,
men han som stupte, fekk ingen spurt meir.
Han jaga fram gjenom natti, fullvák,
han lengta mot hennar heite famntak –
i tjønni søkktest han ende ned.

Han fanst att sidan, i folkehugen –
der flyt han upp or den svarte tjønni – –
og fer til kyrkje med fagert fylgje, –
fraa høgste Lomsegg lèt Fangjen hylje
sin munnharp’-slaatt over ferdi ned.

Daa dryp det blod or den svarte kista,
og som ei saud-soks er harpa stor, og
det syg og syg som paa djupe vòtn –
høyr, ned fraa Lomseggi fossar slaatten
som nemnest Fangen den dag i dag.

Nifs er slaatten hans Kristen Fange,
og svart er segni som sjølve Sota;
som høgste Lomseggi ris ho bratt
imot himmelkvelv, og som tjønn ved natt
gaar ho ende ned i sitt helvit-djup.

*

Kva dei tvau tala den siste natti
hev ingen høyrt um og ingen spurt um.
Kva løn, kva fagnad – kva lagnad fekk han?
– Og munnharp’-spelar og tulling gjekk han,
og ho sat aldri paa Sota meir.

*

Eg kom dit myrkrædd ein gong ved midnatt,
og segni gufsa fraa gamle tuftom,
og det var nattgangar-vilt ved Sota,
og det var attgangar-stilt ved Sota,
og skoddi raa uppi høom rakte, –
kragg og trollskog kraup og krakte –
kryp og krèk der til domedag.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Utvalgte dikt

I tillegg til en noen enkeltdikt ga Olav Aukrust ut to diktsamlinger: Himmelvarden (1916) og Hamar i Hellom (1926). To samlinger, Solrenning (1930) og Norske terningar (1931), ble gitt ut etter hans død i 1929. Her er fem av de mest kjente diktene.

Se faksimiler av annenutgaven (1922) av Himmelvarden (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1926) av Hamar i Hellom (NB digital)

Se faksimiler av førsteutgaven (1930) av Solrenning (NB digital)

Les mer..

Om Olav Aukrust

Olav Aukrust har hatt sterk innflytelse på norsk diktning og åndsliv. Som lyriker var han nyskapende og han har hatt stor betydning for utviklingen av nynorsk som litterært språk. Han hadde høye tanker om dikterfaget og så seg selv som skald, «ein sjåar» som han sier det i diktet «Skalden».

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.