Eit gammalt utdrag or Bergsbok

2. Bergsbok

Som nemnt (s. IX) kunne Gustav Storm alt i 1876 slå fast at utdraget or den store soga om Olav Tryggveson og den store soga om Olav den heilage er «udført efter en endnu bevaret Codex, den saakaldte Bergs abóta bók i Stockholm». «Bergs abóta bók» hev signaturen perg. fol. nr. 1 i Kungl. biblioteket i Stockholm og vert vanleg kalla Bergsbok.

Om Bergsbok hev Jón Helgason skrive ei detaljert utgreiing i utgåva 1941 av den store soga om Olav den heilage, s. 1005-1025. Nokre tilleggsopplysningar er gjevne i den før nemnde artikkelen i Maal og Minne 1962, s. 9-30. I desse publikasjonane vert det vist til eldre litteratur, særleg utgreiingar av Gustav Storm, som i si tid arbeidde mykje med Bergsbok. Det hev nå kome ei faksimile utgave av boki: Early Icelandic Manuscripts in Facsimile, vol. V, Bergsbók, edited by Gustaf Lindblad, Kbh. 1963. Professor Lindblad hev i denne utgåva skrive ei innleiing, s. 7-23, med ei ny og allsidig utgreiing om Bergsbok. Her skal det gjevast ei stutt oversyn.

Bergsbok er ein islandsk kodeks frå ikring 1400. Boki er nå på XIV210 blad. Hovudinnhaldet er dei store sogene om Olav Tryggveson og Olav den heilage. Soga om Olav Tryggveson står på bl. 1 v-111 v, soga om Olav den heilage på bl. 119 r-210 v. Mellom dei to kongesogene står fire dikt: Rekstefja av Hallar-Stein, ei dråpe frå 1100-åri om Olav Tryggveson, Lilja og Geisli.

Seinast i andre fjerdeparten av 1500-åri var Bergsbok komi til Noreg. Den fyrste kjende eigaren her var Oslo-kjøpmannen Knut Orm. Den neste var Peder Hanssen, som var slottshovding på Akershus 1536-1551. I hans tid vart boki innbundi med namnet Peder Hanssen innstempla på framsida av bandet. Peder Hanssen døydde 1551, og boki kom til ervingane etter han. Hans Pedersen Litle, son til Peder Hanssen, åtte Bergsbok i 1580. I ei innskrift frå det året på innsida av frampermen fortel han at han hev ervt boki etter sin sæle far Peder Hanssen til Foss og etter sin sæle bror Otte (eller Ove) Pedersen. Seinare, truleg etter 1614, kom Bergsbok på ukjend veg til Danmark, var ikring midten av 1650-åri hjå den danske samlaren Jørgen Seefeld og kom lenger ute i 1600-åri til Suerige.

Medan Bergsbok var i Noreg, vart boki mykje nytta. Alt tidleg, kanskje i fyrstningi av 1530-åri, vart det teke utdrag or boki til bruk for den danske humanisten Christiern Pedersen. Seinare hev i tidi fram til 1614 minst 5 menn arbeidt med Bergsbok, mellom dei Peder Claussøn Friis, og 4 av dei – ikkje Peder Claussøn – hev skrive randnotar i boki. 3 av desse 4 mennene skal det seiast noko om her.

Den fyrste var Jon Simonsson, som levde 1512-1575 og var lagmann på Agdesida frå 1546. Han hev skrive meir enn 100 randnotar. Jon Simonsson må ha hatt Bergsbok til låns og hev på ein eller annan måte vore kjend med eigarmannen.

Den andre, som hev skrive 16 randnotar, hev det hittil ikkje lukkast å identifisera. Han vert nedanfor kalla andre lesar.

Den tridje var islendingen Jón Guðnason, som hausten 1593 og nokre år utetter var i teneste på Akershus hjå statthaldaren Axel Gyldenstjerne. Av ein av dei mange randnotane som Jón Guðnason hev skrive, går det fram at han hev sete med boki i 1593.

Etter Jón Helgason hev Bergsbok opphavleg hatt 6 eller 7 blad til.Før nemde stad, s. 1005 f. Minst 4 av desse bladi er utskorne. I alle fall 3 av dei utskorne bladi, mellom bl. 177 og 178, 193 og 194 og 198 og 199, var på XVplass då utdraget vart gjort,Sjå jamføringslista s. XXVIII. men var borte, i alle fall eitt av dei, då Jón Guðnason gjekk igjennom boki. Nedst på bl. 198 v hev Jón Guðnason skrive: «Her fauttis Jtt Bladt i bogen.» Og øvst på bl. 199 r: «Hier vanttar Eitt Blad j Bokina Broder Min.»

Grunnen til at nokre blad vart utskorne, kan vera at boki hev lege ei tid på Akershus før Jón Guðnason kom dit, og at ein tenestemann på slottet hev skore ut bladi og skore dei opp i mindre stykke til ryggfeste for tråden når rekneskapsbøker skulle innheftast, slik som det tok til å verta vanleg i siste fjerdeparten av 1500-åri. Rekneskapen for Akershus len, der desse fragmenti i så fall skulle vera å finna, er bortkomen for dei fleste åri føre 1593.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Eit gammalt utdrag or Bergsbok

Eit gammalt utdrag or Bergsbok inneholder fortellinger fra de store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige.

Teksten, som er fra omkring år 1600, er hentet fra det såkalte Hannover-manuskriptet som befinner seg i Niedersächsische Landesbibliotek i Hannover. På 1870-tallet fant historikeren og filologen Gustav Storm ut at manuskriptet måtte være en avskrift av et manuskript kalt «Bergs abóta bók» (Bergsbok) i Stockholm. Dette er et islandsk manuskript fra ca 1400 som inneholder de to store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige og noen dikt.

Teksten i bokselskap.no er en digitalisert utgave av Asgaut Steinnes' NSL-utgave fra 1965.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.