Eit gammalt utdrag or Bergsbok

4. Forfattaren

Det er før nemnt at andre lesar hev skrive 16 randnotar i Bergsbok. Ovanfor er synt at 3 av desse randnotane er nytta i teksti i utdraget. Det kan nemnast nokre til. 3 av randnotane (på bl. 17 r, 28 v og 175 v) gjeld innhald som er øversprunge i utdraget, og kjem difor ikkje på tale. 3 andre (på bl. 14 r, 32 v og 80 v) inneheld berre snaue namn som ikkje kan prova noko om samanheng med utdraget. Det står att 7 notat som det kan vera verdt å sjå nærare på.

XXBergsbok 14 rb14-15 fortel at det under Harald gråfell var «mikil sultr j noregi». Andre lesar noterer: «dyrtid i norre vdj Harall graafeldts tidt.» Utdraget (s. 7 i utgåva): «Vdj Harall graafeldtz tid vaar en suar dyr tid.»

Bergsbok 56 va1-3 (Olav Tryggveson om Harald hårfagre): «haraldr konvngr – – let drepa alla galldra menn.» Andre lesar: «Haral Haarfager lodt drepa alle galldre mendt y norge.» Utdraget (s. 24): «han lod fordriffue oc ihielslaa i Norge alle galremend.» – Det er tillegget «i Norge» som her seier mest om samanhengen.

Bergsbok 80 ra14-16 (Olav Tryggveson til mennene sine): «ok birtizt j slikv hversv kristnvm monnvm hefer iafnann at vera vórvm vm sik vid svikvm ohrenna anda.» Andre lesar øver kapitlet på bl. 79 v: «Thette capittell er vert ath lese huor mand kan forfare vel huilcken arg fiende Di(e)ff(u)elen er.» Utdraget (s. 31, Olav Tryggveson til mennene sine): «Derfore maaj her acte oc forfare att christne menniske skulle wel acte sig for denne onde fiende.» – Jfr. «forfare» og «arg fiende» i merknaden av andre lesar med «forfare» og «denne onde fiende» i utdraget.

Bergsbok 80 rb16-17: «sa þeir þar morg troll sitia vid eldinn ok tolvdv sinn a millvm.» Andre lesar: «Trollen tale seg emellom.» Utdraget (s. 32): «oc saae der mange troll side ved Jlden oc tale sig imellom

Bergsbok 80 va27: «annat flagdtt.» Andre lesar: «Thet andit troll.» Utdraget (s. 32): «itt anditt Troll.»

Bergsbok 100 va12-13 (om Finn Øyvindsson): «finnr var – – beinskeytaztr allra manna, j noregi.» Andre lesar: «hannd skiødt aldrig miste.» Utdraget (s. 37): «han skød aldrig miste.»

Bergsbok 100 va15-16 (om Einar tambeskjelvar): hann var allra manna hardskeytazstr.» Andre lesar: «hand vor – – then sterckeste bue skytter.» Utdraget (s. 37): «Han waar den sterckiste bue skytte som waar i Norge.»

Sitati syner skyldskap mellom notati av andre lesar og teksti i utdraget øver heile lina. Særleg overtydande er dei to siste. I eitt av sitati, det fjerde, ligg teksti i utdraget så nær den gammalnorske teksti at forfattaren ikkje treng ha brukt notatet av andre lesar. Men han hev i alle høve hatt det for augo då han skreiv.

Det går fram av dette at forfattaren av utdraget hev nytta ut notati av andre lesar på lag så langt som det i det heile let seg gjera. Samstundes hev han nytta berre nokre få av dei meir enn 100 randnotane som Jon Simonsson hev skrive. Nå er storparten XXIav desse randnotane ikkje av det slaget at dei høvde særleg godt til å verta nytta på liknande vis som notati av andre lesar. Men det kan i alle fall seiast at forfattaren hev nytta ut randnotane av andre lesar påfallande mykje, så mykje at det ligg nær å spørja om han kan ha hatt nokon særleg grunn til å gjera det.

Ein grunn som kan tenkjast, er at forfattaren og andre lesar hev vore ein og same mann. Når forfattaren hev nytta så mykje av ord og ordlag frå merknadene av andre lesar, kjem det då endefram av at desse ordi og ordlagi var hans eigne. Det kan nemnast eit par moment som dreg i same lei.

Det eine er at så framt forfattaren og andre lesar ikkje er same mann, så skulle ein venta at forfattaren, som hev lese nøye gjennom kongesogene i Bergsbok, hadde fylgt føredømet frå Jon Simonsson og andre lesar og sett til randnotar sjølv liksom Jón Guðnason seinare. Noko slikt er ikkje å finna.

Det andre er eit særmerkt målbruk som ein finn både i utdraget og hjå andre lesar. I utdraget ser ein ofte at forfattaren tek opp att subjektet, når det er eit namn, med eit personleg pronomen i tridje person. Andre lesar kan gjera det same. Utdraget, s. 2 i utgåva: «Thoruall Kodransøn han waar den første mand der førde den christelige tro til Jsland.» S. 4: Harall Haarfager han raadde for Norge 73 aar.» S. 26: «Auguald konge han stridde met den konge som hed wawine eller Hamund skellfinger.» Andre lesar på bl. 66 v i Bergsbok: «Torgerder haulgatroll Norgis gudt hun hadde enn syster hedt yppu.»

Sidan det ikkje hev lukkast å identifisera andre lesar, kan det for tidi heller ikkje seiast noko visst om forfattaren. Derimot kan det verta fastslege innanfor ein tidbolk på nokre få år kva tid utdraget hev vorte til. Det må vera eldre enn avskrifti i ms. b, som med tolleg stor visse kan daterast til ikring 1586. På hi sida må det vera yngre enn det skriftet som Peder Claussøn arbeidde ut om Island ikring 1580.Sjå ovanfor. Utdraget hev såleis vorte laga ikkje lenge etter at Bergsbok hadde kome attende til den rette eigaren. Det kunne tenkjast at forfattaren hev vore eigaren Hans Pedersen sjølv. Men dette er lite truleg.Jfr. Maal og Minne 1962, s. 14 og 25. Ein kan heller gissa på at det hev vore ein mann som hev stade Hans Pedersen nær, eller som i alle fall hev hatt noko med han å gjera. Forfattaren må dessutan direkte eller indirekte ha vore i kontakt med Peder Claussøn.

XXIIMåten utdraget hev vorte til på, kan tenkjast å ha vore på lag denne: Forfattaren hev teke til med eit stykke om korleis Island vart funne og kristna, og hev til det jamsides med Bergsbok kunna stø seg til Peder Claussøns skrift. Det er kan henda dette skriftet som hev gjeve han ideen. Under arbeidet med stykket om Island hev han lagt merke til at det var fortalt mykje meir i Bergsbok enn i Mattis Størssøns krønike, som han hev kjent og nytta. Han hev difor kome på tanken om å supplera Mattis Størssøns arbeid med eit utdrag or begge dei store kongesogene i Bergsbok. Denne tanken hev han så sett i verk.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Eit gammalt utdrag or Bergsbok

Eit gammalt utdrag or Bergsbok inneholder fortellinger fra de store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige.

Teksten, som er fra omkring år 1600, er hentet fra det såkalte Hannover-manuskriptet som befinner seg i Niedersächsische Landesbibliotek i Hannover. På 1870-tallet fant historikeren og filologen Gustav Storm ut at manuskriptet måtte være en avskrift av et manuskript kalt «Bergs abóta bók» (Bergsbok) i Stockholm. Dette er et islandsk manuskript fra ca 1400 som inneholder de to store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige og noen dikt.

Teksten i bokselskap.no er en digitalisert utgave av Asgaut Steinnes' NSL-utgave fra 1965.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.