Eit gammalt utdrag or Bergsbok

1. Hannover-manuskriptet

IXManuskriptet til den teksti som er prenta i denne utgåva, finst i Niedersächsische Landesbibliothek i Hannover, før kalla det kongelege biblioteket, i eit band som er signert «Hdschr. XXXI. 1711». Bandet inneheld to sjølvstendige manuskript som er innbundne saman. Dei vert her kalla a og b. Det fyrste er ei avskrift av «Den norske krønike» av Mattis Størssøn (+ eit innskote ÷ eit øversprunge stykke, sjå nedanfor). Det andre inneheld den teksti som vert utgjevi her. Teksti er eit utdrag or den store soga om Olav Tryggveson og den store soga om Olav den heilage.

Det var L. Daae som fyrst kom øver dette «Brudstykke af en Sagaoversættelse» då han var innom Hannover-biblioteket i 1870. Han trudde at det måtte vera eit arbeid av Peder Claussøn.L. Daae, Norske Bygdesagn 11, Chr. a 1872, s. 111. Gustav Storm fekk seinare bandet lånt til Kristiania og fann då at utdraget or dei to kongesogene ikkje hadde noko med Peder Claussøn å gjera. «Det er», seier han i eit arbeid frå 1876, «skrevet omkr. Aar 1600, men er tydeligvis Afskrift; det er forfattet i Norge af en Nordmand og udført efter en endnu bevaret Codex, den saakaldte Bergs abóta bók i Stockholm. Det eneste Forhold, hvori det staar til Peder Claussøn, er at ogsaa han har benyttet samme Codex til Indskud i Kongesagaerne.» Til slutt heiter det hjå Storm: «Vi haabe, at naar det, som der har været Tale om, blir Alvor med Udgivelsen af Abbed Bergs Bog, ogsaa denne gamle Oversættelse vil blive taget med.»G. Storm, Nye Oplysninger om Peder Claussøn, Vid.-Selsk. Forh. 1876, No. 4, s. 2, note 2.

Storm tok ei avskrift av soge-utdraget medan manuskriptet var i Kristiania. Avskrifti er nå i Universitetsbiblioteket i Oslo og hev nummeret ms. fol. 1118:5. Bandet hev seinare på nytt vore Xlånt til Oslo i 1957 og 1963. I 1957 vart det mikrofotografert. Ein kopi av heile bandet etter mikrofilmen i noko nær full storleik er frå 1961 i Universitetsbiblioteket og hev fenge nummeret ms. 4° 1996 med merki a og b for dei to manuskripti i bandet. Det er desse merki som nå vert nytta her.

Nedanfor fylgjer nokre fleire opplysningar om manuskriptet. Mykje av det er oppatt-teke frå s. 20 f. i artikkelen «Om Bergsbok i 1500-åri» av Asgaut Steinnes i Maal og Minne 1962.Ms. a og b er i artikkelen kalla I og 11. Desse merki kunne ikkje godt nyttast her, m. a. av di Mikjel Sørlie i utgåva si av «Den norske krønike» 1962 hev nytta merket I (bokstaven) om ei onnor avskrift av Mattis Størssøns verk (Thott 922 fol.).

«Hdschr. XXXI. 1711» er eit band i lite kvartformat. Høgdi på bladi er etter innbindingi 19,1 cm, breiddi 15,7 cm. Omslaget er eit opphavleg kvitt pergamentband med stempel og rulleborder. Ms. a er på 17 legg, kvart legg opphavleg på 8 blad. Leggi er nummererte med store bokstavar frå A til R. Nummeret står nedst på fyrste sida i kvart legg. I legg A er det sjuande bladet bortkome, såleis at heile denne luten av bandet nå er på 135 blad. Til høgre under nedste lina på kvar tekstside står ein «kustode» = fyrste ord eller staving på neste side. Ms. b er på 10 legg som ikkje er nummererte, kvart på 8 blad. Kustode er i dei 9 fyrste leggi nytta berre på den siste sida i kvart legg og hev gjort same teneste som nummereringi i ms. a. I det tiande legget hev ein ny skrivar som tek til midt i legget (sjå nedanfor), sett til kustode på dei 9 siste sidene. Etter dette legget fylgjer eit tilsvarande legg der det fyrste bladet er bortkome og dei 7 andre bladi tome. På det bortkomne bladet hev det stade i høgdi eit par setningar som hev vore slutten av utdraget. Opphavleg hev det vore 3 legg til sist i bandet, kvart på 6 blad. Desse bladi er alle utrivne så nær som dei to fyrste i siste legg, begge tome frårekna ein tysk sentens på siste sida. Til dette kjem eit forsatsblad framme i boki. Det tilsvarande bladet bak i boki er utrive. På innsida av frampermen står signaturen «Hdschr. XXXI. 1711». Ordet «Hdschr.» føre nummeret er tilskrive seinare med blyant. Øvst på forsatsbladet står Hans Jørgensøn Eghdt», under dette namnet på nytt nummeret XXXI. 1711» og midt på sida under nummeret med blått stempel BIBLIOTHECA REGIA HANNOVERANA på 3 liner i liggjande oval. Det same stempelet står på fyrste og siste tekstsida. Øvst på innsida av bakpermen står «Niels Christensßønn Egenn haanndtt».

XI«Hans Jørgensøn» og «Niels Christensßønn» er venteleg menn som i si tid hev ått boki. Kven desse mennene var, og korleis boki hev kome til Hannover-biblioteket, er ikkje funne.

Bandet hev nyare foliering som tek til på fyrste blad i legg A, og som i ms. a går frå 1 til 135 (det sjuande bladet i legg A var bortkome før bandet vart foliert), i b frå 136 til 215 (siste blad i legg 10). Dei tome bladi sist i boki er ikkje folierte.

Vassmerki syner at det er nytta 3 slag papir i boki: eitt i heile ms. a, legg A-R, eitt i heile ms. b, legg 1-10, og eitt i bladi etter legg 10. Her er det papiret i ms. b som er av interesse.

Vassmerket i ms. b er eit dobbelt tårn med eit særleg merke i feltet under tårnet (sjå under, s. XXVIII). Det finst ein heil serie av vassmerke med det same doble tårnet, men med skiftande merke i feltet nedanfor. Vassmerke med same figur og med same merke under tårnet som i ms. b finn ein i Riksarkivet i ein serie kongebrevkonsept frå mai 1579, i nokre blad i herredagsdomboki for 1585 med dei stykki som er reinskrivne sist, i eit brev som er utferda 25. februar 1586 av Ove Juel, som var lensherre på Akershus 1583-1588, i kongebrev og kongebrev-konsept som er skrivne i april 1586 og juni 1587, og i nokre kongebrev frå 1590 og 1591. Alle kongebrev og konsept til kongebrev er skrivne i Danske Kanselli. Domboki for 1585 er truleg like eins reinskrivi i København. Me hev her å gjera med tri papir-emisjonar frå same fabrikk, ein frå 1579, ein frå 1585-1586 og ein frå 1590-1591. Vassmerket varierer noko frå den eine emisjonen til den andre og kan til og med syna små variasjonar innanfor same emisjon. Mellom dei nemnde åri finn ein andre emisjonar med dobbelt tårn i vassmerket, men med andre merke i feltet under tårnet. Vassmerket i ms. b høver best med vassmerket i domboki for 1585 og i brevi og konsepti frå 1586-1587. Det nemnde brevet frå 25. februar 1586 syner at papir av dette slaget hev funnest i Noreg i fyrstningi av 1586, og at ei forsyning av papiret truleg hev vore innkjøpt til bruk på Akershus. Når det ikkje er funne fleire skriftstykke frå Akershus på same slag papir, kan det koma av at det ikkje finst nokon rekneskap frå Akershus frå åri mellom 1581 og 1587.

I ms. a er heile innhaldet skrive med ei og same hand. I b finn ein to hender, ei snøgg og elegant hand som skriv alt til og med bl. 211, det vil seia til midt i legg 10, og ei breiare hand som skriv dei 8 siste sidene (bl. 212-215), og som løyser avhovudhandi ikkje berre midt i eit legg, men jamvel midt i ei setning. Dei tri XIIhendene ser ut til å vera på lag jamgamle. Etter det som før er sagt om papiret, kan ms. b, i alle fall alt som er skrive med hovudhandi, med tolleg stor visse daterast til ikring 1586.

Hovudhandi i b minner om eit par skrivarhender som ein finn på Akershus i 1580-åri, utan at ein kan våga å slå fast identitet med nokor av dei. Visst er det at den som hev skrive teksti på bl. 136-211 i ms. b, hev vore ein øvd, kanskje ein profesjonell skrivar. Det same kan ikkje seiast om skrivaren i a og vel heller ikkje om den som hev skrive dei 8 siste sidene i b. Skrifti i a kan ikkje kallast god, og særleg fell det i augo at kvar einskild kongesoge er skrivi samanhangande utan at skrivaren ein einaste stad tek til på ny line.

Mellom a og b er det eit nært samspel. I a er eit stykke som svarar til 14 1/3 line i Mikjel Sørlies utgåve frå 1962 av «Den norske krønike» (s. 3713-27), ombytt med eit stykke på 10 sider i manuskriptet (bl. 50r2-54v20), og dette stykket er henta frå det same soge-utdraget som b er ei avskrift av. I b fyller det tilsvarande stykket 8 sider (bl. 178 v15-182 v15). Førelaget både for b og for stykket i a hev truleg vore sjølve original-utdraget. Ymse variantar tyder på at stykket i a i alle fall ikkje er avskrive etter b. Stykket inneheld dei siste sidene av soga om Olav Tryggveson, d. e. forteljingane om Svolder-slaget og om kong Olav i det heilage landet. Etter dette innskotet held a fram 1 side til med resten av soga om Olav Tryggveson – «Oluff den 36 Kong:» – etter Mattis Størssøn (s. 3727-386 i utg. 1962). Så fylgjer ei tom side, og etter den kjem soga om «Suenndt den 38 koning», d. e. Svein Alfivason. Heile soga om Olav den heilage er såleis øversprungi. Grunnen må vera at soga om Olav den heilage var så mykje større i utdraget or dei to store Olavs-sogene enn hjå Mattis Størssøn. Den som avskrifti i a er gjord for, hev anten sjølv ått eller på annen måte hatt høve til å nytta både ei avskrift av Mattis Størssøns krønike og original-utdraget or Olavs-sogene. Han hev under arbeidet med a sytt for å få det nemnde stykket frå utdraget med i forteljingi om Olav Tryggveson, men hev så funne at det ville løna seg å få heile utdraget avskrive, og at han då kunne la vera å ta med den stuttare soga om Olav den heilage hjå Mattis Størssøn. Utdraget sluttar med forteljingi om korleis liket til kongen vart gøymt etter slaget på Stiklestad. Dette står det om i kap. 238 i Oscar Albert Johnsens og Jón Helgasons utgåve frå 1941 av den store soga om Olav den heilage (s. 591-593). I kap. 239 tek så forteljingi om Svein XIIIAlfivason til. Det vil seia at soga om «Suenndt den 38 koning» i a er eit direkte framhald av utdraget i b.

Ein kan spørja om ikkje soga om Olav Tryggveson kunne ha vorte øversprungi i a med like god grunn som soga om Olav den heilage. Samanhengen kan tenkjast å vera at skrivaren i a hadde vorte ferdig med det meste av soga om Olav Tryggveson før den som arbeidet vart gjort for, hadde fenge tak i utdraget or dei to Olavs-sogene.

Teksti etter Mattis Størssøn i a syner nær samanheng med manuskriptet AM 883 kv. (D i utg. 1962) og er kan henda direkte avskrivi etter dette manuskriptet. Det kan nemnast her at AM 883 kv. seinast i året 1590 var kome til Danmark. Etter ei eigarinnskrift på fyrste sida i bandet, «Kτήμα Truderi Biernonis», hev manuskriptet tilhøyrt den danske adelsmannen Truid Bjørnssøn Bjørn, som døydde i 1590.

Målet i b er iblanda med norvagismar som tyder på at både forfattaren av utdraget og dei to avskrivarane hev vore nordmenn. Derimot er målet i a så heilt igjennom dansk at ein her truleg lyt rekna med ein dansk avskrivar.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Eit gammalt utdrag or Bergsbok

Eit gammalt utdrag or Bergsbok inneholder fortellinger fra de store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige.

Teksten, som er fra omkring år 1600, er hentet fra det såkalte Hannover-manuskriptet som befinner seg i Niedersächsische Landesbibliotek i Hannover. På 1870-tallet fant historikeren og filologen Gustav Storm ut at manuskriptet måtte være en avskrift av et manuskript kalt «Bergs abóta bók» (Bergsbok) i Stockholm. Dette er et islandsk manuskript fra ca 1400 som inneholder de to store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige og noen dikt.

Teksten i bokselskap.no er en digitalisert utgave av Asgaut Steinnes' NSL-utgave fra 1965.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.