Eit gammalt utdrag or Bergsbok

3. Ymist om utdraget

Det kan sjå ut til at utdraget ikkje er gjort heilt ferdig. Avskrifti i 6 tek til med eit stykke om korleis Island vart funne og kristna, med den misvisande øverskrifti «Harald Haarfager». Innhaldet er henta frå bl. 36, 37, 40 og 82-84 i Bergsbok. Så fylgjer eit par tome sider, tolleg visst i samsvar med førelaget, og etter desse sidene fylgjer utdrag or Bergsbok frå bl. 2 og utetter. I fyrstningi er skipnaden noko ugrei. Utdraget byrjar med 1 manuskriptside om Harald Hårfagre og nokre av dei eldre sønene hans, fortel på 7 sider om den yngste, «Hogen Adelsten», held fram med 1 side om Harald gråfell, nemner så vidt Håkon jarl og tek så under ny øverskrift til med forteljingi om Olav Tryggveson. Etter nokre sider om han kjem så eit nytt stykke om «Hogenn Adelstenn», der det vert fortalt om den siste striden Håkon hadde med Eiriks-sønene, og om korleis han døydde. Noko av dette er sagt før. Så fylgjer i manuskriptet eit ope rom som svarar til vel 1 line, og etter det held forteljingi om Olav Tryggveson fram på same sida. Frå denne staden (s. 12 i utgåva) fylgjer gangen i utdraget i all hovudsak gangen i Bergsbok gjennom begge dei to Olavs-sogene. Det kan nemnast at det på bl. 203 i avskrifti (s. 58 i utgåva) vert skote inn eit stykke som høyrer heime etter forteljingi om Dale-Gudbrand, og som vert innleitt med ordi «Nest Dalegulbrandtz historie skal dette staa». Om det er forfattaren som hev gjort eit innskot her, XVIeller om det er avskrivaren som fyrst hev sprunge øver stykket og seinare teke det med, kan ikkje avgjerast.

Dei same kapitli i Bergsbok som er kjelda for stykket om Island i fyrstningi av utdraget, er nytta på dei fyrste sidene i skriftet «Om Jisland» av Peder Claussøn.Samlede Skrifter af Peder Claussøn Friis ved G. Storm, Kr. a 1881, s. 171 ff. Dei to tekstene liknar i formi ikkje mykje på kvarandre. Men ein stad er det eit merkeleg samsvar. I den aller fyrste perioden i utdraget står det at Loduig Lotharij Søn waar kiesere vdj Rom» då Island vart funne og bygt. Bergsbok hev «hlodver hlodvers son keisari fyri nordan fiall». Her er teksti i Bergsbok retta i utdraget. Ludvig Ludvigsson «den tyske» var austfrankisk konge 843-876. Ludvig Lotarsson var konge i Italia frå 844, keisar 855-875. Den same rettingi hev Peder Claussøn. På den tilsvarande staden hjå han heiter det at «Lotuig Lottersen var Kejser i Rumb».S. st. s. 174. Det er ordrett som i utdraget. Her må det vera ein eller annan samanheng. Ein kan gissa på at forfattaren av utdraget hev tala personleg med Peder Claussøn eller lånt eit manuskript av han. Peder Claussøn skreiv fyrste gong om Island «ved Anno Christj 1580».S. st. s. 171.

Det syner seg på ymse måtar at forfattaren av utdraget hev kjent og nytta Mattis Størssøns krønike. I utdraget vert det fortalt om Håkon Adalsteinsfostre at kong Adalstein «kallitt hannem Hogen Adelsten effter sitt egit naffn» (s. 4 i utgåva). Dette mistaket må vera overteke frå Mattis Størssøn, som seier om Håkon at kong Adalstein «lodt kalle hannom epther seg sielff Haagen Adelstein» (utg. 1962 s. 28). Ein annan stad (s. 48 i utgåva) hev utdraget namnet «Oluff Fonske» om den svenske kongen Olav Eiriksson. Tilnamnet «Fonske», som er ei mislesing for «sænski», må like eins vera lån frå Mattis Størssøn. Olav Eiriksson er på den tilsvarande staden i Bergsbok kalla «svia konvngr», andre stader «olafr svia konvngr», «olafr svenski», «olafr en svenski» og «Olafr konvngr svenski» (bl. 103 vb25-26, 123 vb2, 130 rb30 og 139 vb35), men hjå Mattis Størssøn konsekvent «Oluff fonske». Setningi «Ther Oluff han waar xij aar gammel &c.» i utdraget (s. 43 i utgåva) synest visa til dei fyrste linene om «Oluf Haraldson digre» i Mattis Størssøns krønike (utg. 1962 s. 387-19) og er innleiing til ei forteljing som ikkje står hjå Mattis Størssøn. Ein merkeleg ting med utdraget er at ein finn lite der av slikt som kan kallast politisk historie, men så mykje meir av forteljingar med dramatisk eller XVIIeventyrleg innhald. Gustav Storm meinte at utdraget «ved sin aabenbare Interesse for Legender og Mirakler» måtte vera forfattet om ikke af en Katholik, saa ialfald af en, der stod den ældre Tro nær».Sjå ovanfor s. IX, note 2. Samanhengen er nok ein annan. Når ein jamfører utdraget med dei tilsvarande sidene i Mattis Størssøns krønike, finn ein at av alt det som Mattis Størssøn fortel om kongane frå Harald hårfagre til Olav den heilage, til saman 27 sider i utgåva 1962 (s. 258-5216), er det i heile utdraget teke med så lite at det ihoplagt svarar til mindre enn 4 sider hjå Mattis Størssøn, og av desse 4 sidene svarar berre 1 side til innhald som er å finna på dei 15 sidene hjå Mattis Størssøn om Olav den heilage (s. 387-5216). Av innhald som finst hjå Mattis Størssøn, hev forfattaren stort sett berre teke med slikt som er naudsynleg for samanhengen. Alt anna ser det ut til at han med vilje hev sprunge øver. Dette tyder på at utdraget er å skjøna som eit supplement til Mattis Størssøns krønike. Det var såleis eit mistak at soga om Olav den heilage hjå Mattis Størssøn vart øversprungi i avskrifti i a. Fjorten femtandepartar av det som Mattis Størssøn fortel om Olav den heilage, står ikkje i b.

Attåt dei to tilnamni som forfattaren hev teke øver frå Mattis Størssøns krønike, og som er reine mistak, finst det i utdraget nokre fleire småting som ikkje står i Bergsbok, men som direkte eller indirekte er henta frå bortkomne kjelder.

I forteljingi om Harald gråfell (s. 7 i utgåva) heiter det: «Dett sigis att Norge meste parten waar vsaad i iij aar.» Kjelda til dette er ikkje funni.

I fyrstningi av soga om Olav den heilage er det nemnt (s. 41 i utgåva) at mor hans heitte «Oste», at far hennar var «Gulbrand Kule paa Hedmarcken», at ho hadde «en syster hed Torny haffde wedbiørn paa Huseby i Lider», og at desse to var foreldri til St. Hallvard. Nokre liner lenger nede står det at Harald grenske «haffde till hustru Oste gulbrandtzdaatter aff Hedmarcken». Bergsbok kjenner Åsta Gudbrandsdotter, faren Gudbrand kula og systeri Torny, mor til St. Hallvard. Men at Gudbrand kula var frå Hedmark, og at far til St. Hallvard var Vebjørn på Huseby i Lier, står ikkje der. At Gudbrand kula skulle vera frå Hedmark, er i det heile ikkje funne nemnt nokon annan stad enn i utdraget. Tradisjonen om at Vebjørn, far til St. Hallvard, budde på Huseby i Lier, er kjend berre frå eit manuskriptfragment i Arnamagnæanske XVIIISamling.AM 238 fol., nr. VIII 2. Prenta i Heilagra manna sogur I, s. 396. Forfattaren av utdraget må ha denne siste detaljen frå eit bortkome manuskript der det kan henda samstundes hev vore sagt at Gudbrand kula budde på Hedmark.

Eit par namn frå andre sogebøker som ikkje lenger er til, er inntekne i utdraget etter randnotar i Bergsbok av andre lesar.

Ein stad i utdraget (s. 13 i utgåva) er det fortalt om då Olav Tryggveson fekk høyra at Håkon jarl i jomsvikingslaget hadde ofra sonen sin «sin affgud til ære Torger holgetroll». Dette namnet vert teke opp att ein annan stad (s. 24) i formi «Torgier holge troll». Noko namn som svarar til «Torger holgetroll» eller Torgier holge troll», står ikkje på nokon av dei tilsvarande stadene i Bergsbok (bl. 27 vb22-26 og 56 va25-31). Ein tridje stad (bl. 66 va23) nemner Bergsbok «þorgerdr hꜹlgabrvdr». Her hev andre lesar sett til ein randnote: «Torgerder haulgatroll Norgis gudt hun hadde enn syster hedt yppu.» Frå denne randnoten må namnet i utdraget vera henta. Kjelda for randnoten er Jomsvikingsoga, truleg det same manuskriptet som ligg til grunn for Arngrim Jonssons om setjing til latin. Denne omsetjingi nemner divam Thorgerdam Holgatroll cognominatam og Thorgerdam ejusque sororem Yrpam.Bibliotheca Arnamagnæana XII, Arngrimi Jonae opera Latine conscripta ed. Jakob Benediktsson, I, Kbh. 1950, s. 134 og 136. Den siste utgjevaren av Arngrim Jonssons omsetjing, Jakob Benediktsson, opplyser at namneformi «Holgatroll» ikkje finst i nokor onnor tekst av Jomsvikingsoga. I dei gamle handskriftene finn ein formene «Hǫlgabrúðr», «Havlgabrúðr», «Hauldabrúðr», «Hǫldabrúðr», úðHǫrdabruúðr», úðHǫldatroll» og úðHǫrðatroll», men ikkje úðHolgatroll». Om namneformi «Yrpa» skriv Benediktsson: «This spelling must in all probability be AJ’s own, since in the vellums the name is always written Irpa.»Arngrimi Jonae opera IV, s. 180. Det siste er ikkje heilt rett. Laurents Hanssøn, som hev teke med sumt frå Jomsvikingsoga i sogeomsetjingi si, hev formi «yrppe», men skriv samstundes «Torgerda holgabrudh», ikkje «holgatroll».Laurents Hanssøns sagaoversættelse udg. af G. Storm, Kr.a 1899, s. 136 f. Formi «yppu» i randnoten i Bergsbok syner at andre lesar hev skrive av namnet i den akkusativformi som han fann i manuskriptet, men at han hev lese ein langskafta r som p. At manuskriptet hadde både formi «haulgatroll» og formi «Yrpa», talar sterkt for at det var det same manuskriptet som Arngrim Jonsson seinare sette om Jomsvikingsoga XIXetter. Arngrim Jonsson lånte dette manuskriptet av Arild Huitfeldt og sette om Jomsvikingsoga då han var i København vinteren 1592-1593.Arngrimi Jonae opera IV, s. 171 f., jfr. s. 10 f. og s. 40.

Bergsbok 71 vb32-33 fortel at «Avgvalldr konvngr bardizt vid þann konvng er vavinn het». Ein tunn strek fører frå namnet «vavinn» til denne noten som andre lesar hev sett til nedst på sida: «en annen krønnicke siger ath hand hedt Hamundt skellfinger.» I utdraget står det (s. 26 i utgåva): «Auguald konge han stridde met den konge som hed wawine eller Hamund skellfinger.» Namnet «Hamund skellfinger», som vel må svara til eit gammalnorsk «Hámundr skilfingr», er ikkje kjent frå nokor «krønnicke» som ennå er til.

Her og der kan ein i utdraget firma andre ting som ikkje står i Bergsbok, men som forfattaren truleg hev sett til av seg sjølv. Desse tilleggi vert det gjort greie for i fotnotar til teksti. Like eins vert det i fotnotane gjort greie for slikt som hev kome inn i utdraget frå randnotar av Jon Simonsson. Det er ikkje mykje. Meir finn ein etter andre lesar. Ein stad hev forfattaren nytta eit notat av Jon Simonsson og eit notat av andre lesar i ein og same periode. I Bergsbok heiter det (bl. 30 vb27) om Olav Tryggveson og kyrkja på Moster: «let konvngr þa fyrsta kirkiv reisa.» I romet mellom spaltene til vinstre for denne setningi hev Jon Simonsson notert: «Moster haffn første kirke i Norge.» Andre lesar held fram med ei relativsetning: «som oluff tryggeßøn lodt bygge.» I utdraget heiter det så (s. 15 i utgåva): «thet waar den første kircke som Oluff T. lod bygge i Norge.» Desse to notati gjev provet på at andre lesar hev hatt Bergsbok seinare enn Jon Simonsson.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Eit gammalt utdrag or Bergsbok

Eit gammalt utdrag or Bergsbok inneholder fortellinger fra de store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige.

Teksten, som er fra omkring år 1600, er hentet fra det såkalte Hannover-manuskriptet som befinner seg i Niedersächsische Landesbibliotek i Hannover. På 1870-tallet fant historikeren og filologen Gustav Storm ut at manuskriptet måtte være en avskrift av et manuskript kalt «Bergs abóta bók» (Bergsbok) i Stockholm. Dette er et islandsk manuskript fra ca 1400 som inneholder de to store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige og noen dikt.

Teksten i bokselskap.no er en digitalisert utgave av Asgaut Steinnes' NSL-utgave fra 1965.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.