Eit gammalt utdrag or Bergsbok

5. Utgåva

Teksti i denne utgåva er, så langt det hev vore råd, prenta bokstavrett etter ms. b i Hannover-manuskriptet. Oppløyste avstyttingar er sette med kursiv. Som vanleg i skrift frå den tidi det gjeld, er det ofte uråd å sjå om skrivaren hev meint å nytta stor eller liten bokstav. I slik høve er det i utgåva i samsvar med hovudregelen i manuskriptet sett stor førebokstav i namn og etter punktum. Det kan likevel nok finnast døme på inkonsekvens. Ein særleg vanske hev det vore med bokstavane v og w. Dei to bokstavformene glid så jamt øver i kvarandre – dette gjeld hovudhandi – at det er vanskeleg å dra ei klår grense. I den avskrifti som Gustav Storm tok av utdraget, hev han nøye kopiert pennedraget i slike bokstavar, venteleg med tanke på å koma attende til spørsmålet så framt han kom til å gje ut boki. I utgåva er det nå sett w der det ikkje er heilt eller nokolunde klårt at skrivaren hev meint v. Men det skal medgjevast at det kanskje heller burde vore sett v der det ikkje er heilt eller nokolunde klårt at skrivaren hev meint w. For innhald og målføring hev formi på dei einskilde bokstavane ikkje noko å seia.

Interpunksjonen i manuskriptet er fylgd i utgåva med den eine modifikasjonen at uturvande ekstra-utstyr ved sume punktum ikkje er medteke.

Fotnotane under teksti tek fyrst og fremst sikte på å syna korleis forfattaren av utdraget hev greitt å tyda det gamle målet. I fotnotane står vanleg det ordet eller den vendingi i Bergsbok som forfattaren hev sett om direkte eller skrive om med andre ord i teksti. Gjeld fotnoten meir enn eit einskilt ord, er det i teksti sett ein hake føre det ordet som vendingi tek til med. Om oppløyste XXIIIavstyttingar i gammalnorske ord i fotnotane er å seia at den stavemåten som ein finn der dei same ordi eller dei same endingane er skrivne fullt ut i kodeks (t. d. for det meste endingi -er der normaliserte tekster vanleg hev -ir), er fylgd så langt det var råd, og at bokstavar som er skrivne øver ordet i kodeks, ikkje er kursiverte. Stor førebokstav er nytta som i kodeks.

Elles er det i fotnotane i det heile teke med slikt som kan seiast å vera av interesse for teksti i utdraget. Det er lagt særleg vekt på å gjera greie for mistydingar og for innhald som ikkje er henta frå Bergsbok.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Eit gammalt utdrag or Bergsbok

Eit gammalt utdrag or Bergsbok inneholder fortellinger fra de store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige.

Teksten, som er fra omkring år 1600, er hentet fra det såkalte Hannover-manuskriptet som befinner seg i Niedersächsische Landesbibliotek i Hannover. På 1870-tallet fant historikeren og filologen Gustav Storm ut at manuskriptet måtte være en avskrift av et manuskript kalt «Bergs abóta bók» (Bergsbok) i Stockholm. Dette er et islandsk manuskript fra ca 1400 som inneholder de to store kongesagaene om Olav Tryggvason og Olav den hellige og noen dikt.

Teksten i bokselskap.no er en digitalisert utgave av Asgaut Steinnes' NSL-utgave fra 1965.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.