Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

av Aasmund Olavsson Vinje

4. årgang (1866)






11.03.1866 (Nr. 24)

Bladsjaa

kann det no vera Tid til at taka for seg. Her gro Blad liksom i Lauvspretten om Vaaren, og dei som ikki hava sprunget ut, sjaa vi Knupparne til. Naar no alt fær blada seg ut, sjaa vi heile Skogen grøn og luvande, og daa skulle vi hava det koselegt.

Men der er mangt eit Tre med ein Sjukdom eller ein Knekk i Roti, og so er der ein og annan roten Kvisten og ein og annen frosen eller helselaus Knuppen, og so kann der koma Makk paa det unge Lauvet, som alt dreg til, at Du ikki fær sjaa alle dei Blad Du kunde venta deg, og om dei koma knuppande fram, so bleikna dei og skrukna ihop.

Slikt Unaad er eg rædd det likeins kjem over some Blad paa vaart aandelige Tre; for det kann ikki vera so mange; her er for arm Grunn til dess. Det er godt, det kann bera eit Par store og so mange mindre. Med eit stort kunna vi jamvel berga os. Og dette hava vi i det gode gamle Morgonbladet.

Men, for no at ganga fraa Naturen til Politikken, so er det med Morgonbladet som med eit ovende stort Rike, sosom China, at der altid er Uprør i det eine eller det andre Landskapet og i den eine eller den andre Byen. Folk vilja slaa seg lause og velja eit annat Styre. Men daa dei gjera si Upstand kver for seg og ikki sambinda seg, so kann det gamle Samstyre taka deim ein for ein og hengja og skjota alle desse Uprørsmenn.

Og so er det so underlegt med det gamle. Det har altid ei stor Magt over os, om det er aldri so stort Skrap. Eg veit soleides ein Prest femten seksten Aar sidan, som med somange Embættesmenn i den Tid var so eitrande vond paa Morgonbladet. «Ja, men kvi helder Du det daa, naar Du likar det so ille?» spurde eg. «Ja veit Du eit, Fa’r!» svarade han, «no har eg haldet det i 25 Aar, og det er ikki so godt med det.»

Eg kann derfor aldri tru, at desse paatenkte nye Blad koma til at faa den mindste Bukt med Morgonbladet, og faa dei ikki det, so faa dei aldri somange Lesarar, at dei kunna bera seg. Folk hava ikki Tid om dei havde Raad og Hug, til at lesa somange Storblad. Dei tvo vi hava er meir en mange nog, og derfor kjem heller ikki Aftenbladet i somange Hus som Morgonbladet; daa det er faae som hava Raad til at halda dei baade tvo.

Og eit kann og vera nog, naar det er slikt som no, at alt verdt lovat og inkje lastat. Der er ingen Grunntanke i nokot Blad, men det er som Skuffarne i desse eldre Upfostringshus, der ei Moder kunde ganga burt og leggja Barnet sit ned i, naar ho ikki sjølv vilde hava Brydet med det eller vera kjend som ei Moder. Dei maatte slutta med slike Hus, for der vardt lagde formange Krypar ned i Skuffarne. Det førde til større og større Lauslynde eller Umoralitet i denne Meining, vardt det sagt. Og so døydde der og so mange burt af desse smaa, at der var som ei dagleg Pest i desse Hus. Publikum tek seg heller ikki stort af alle desse Lausungarne, som koma in i vaare Blad. Dei faa sjeldan det mindste Tilsyn, so der verdt slik Sott ibland deim, at det er grove Ting. Det gjeng vel derfor overstyr med desse Upfostringshus og eingong; men solenge dei no standa, og solenge ingen seer ut til at setja nokot betre istaden, so kann det eine vera likso godt som det andre, og daa no Morgonbladet er den største «Rednings-Anstalten», so er det og af denne Grunn best at halda seg til den.

Det er ikke for det; Morgonbladet har aldri gjort Dølen det mindste godt, men tvertimot alt det verste det viste. Men Dølen er rettvis. Han gjev Morgonbladet Retten sin. Det kann vera so eitrande smaasint og stengekjeftat, at han har lætt somangein god Gong, om hanhan] retta frå hon so sjølv vardt pigstungen af det. Derimot hava vi sett Folk fara up i heilag Harm, naar dei, vel at merkja, sjølve hava kjent Brodden. Dei hava rasat med Ord som «infame Personligheder», «Skandal» og alt slikt, som ikke er greidt at oversetja. Og no sjaa vi og, at Chr. JohnsenChr. Johnsen] Christian Johnsen, journalist og politikar til sit nye Blad «Noregr» lovar, at der ikke skal koma «Personligheder». Eg undrast no, om han kann halda dette han her lovar! Han kom til at vera endaa meir usaltat at lesa daa. Publicum likar «Personligheder» so daa og daa imillom. Det friskar up. Og so er det for det meste fortent. Og so bør Literaturen vera liksom Livet sjølv er; nokot betre, om mogeligt; men ikke formyket betre heller; for daa verdt den usann, og Lygn er det verste af alt.

Det er liksom Folk faa ein liten kald god Vindsblekk i Lummervedr, naar Morgonbladet imillom kjem med «Personligheder». Det kveiker up og er jamleg det best skrevne af alt. Dei fleste Folk ero altid mest veltalande, naar dei faa ausa ut Harmen sin. Eg maa derfor tru, at disse nye Blad vilde taka burt dei beste Ord af Tunga si, om dei skulde forsverja «Personligheder». Og at Publicum ikke vilde halda ut med alt det «gudelige Tøv», det er vist. Vi sjaa alt dette og af den Ting, at Morgonbladet aldri har havt somange Lesarar som netup disse siste Aar, daa her har voret eit og annat Smaaoprøret mot Bladets «Personligheder».

Dølen er ikke rædd for, at nokon skal ganga i hans Næring, desværre burde han segja. Han kunde saaledes for den Skuld gjeva alle disse nye og paatenkte Blad gode Raad. Men, han er litt ondskapsfull, so han ikke vil ut med sine beste. Disse ero ellers ikke so leide, dei:

Eit Blad skulde først og fremst hava eit høvelegt Navn. «Norge», som SchulzeSchulze] Hans Henrik Schreiber Schulze, forfattar, jurist og stortingsmann og VibeVibe] Johan Ludvig Nils Henrik Vibe, forfattar og topograf vilja kalla Bladet, og «Noregr», som Johnsen vil nævna sit, og «Norsk Folkeblad», som Skulemestararne kalla sit, det er altfor kravsfulle Navn dette. Det er mest som naar Gateslusken heiter «Oscar» eller «Carl Johan». Eit stort Navn er ein ulykkelig Ting for ein liten Mann. Gamle GoetheGoethe] Johann Wolfgang von Goethe, tysk diktar har en Sonarson som og heiter GoetheGoethe] Maximilian Wolfgang von Goethe, tysk jurist og diktar og eg meinar Wolfgang attaat. Og denne unge Goethe skriver og Vers, og det rett gode. Men daa der kom ut ei Diktsamling af honom med Wolfgang Goethe paa Titelbladet, so brast Publicum i at storlæ. Havde han heitt Müller eller Priess eller havt eit annat Herkenavn, so havde han gjenget for ein brukfør Poet. Men det store Navnet var Ulykka hans.

Slikt er eg rædd for det kjem til at ganga med «Norge» og «Noregr» og truleg med «Norsk Folkeblad.» Det gjeng jamvel slikt med «Folkevennen», og med «Folkets Røst» gjekk det slikt. Dei kunna vera gode nog paa sin Vis alle desse Blad, men dei svara ikki til sit store Navn. Dersom Johnsen havde kallat Bladet sit «Speculanten» – i Titelar kann Du bruka Latin – og Schulze og Vibe Bladet sit «Concurrenten» eller Kaplauparen, og Skulelærarne Bladet sit «Peusionen» og dersom «Folkevennen» havde heitt «Tullen» eller «Godfjotten», so havde der voret større Meining i Titulaturen, og dei havde idetmindste havt Von om at kunna hava voret betre en Navnet sit. Det er altid sagt at vera godt, at vera betre en sit Rygte.

Det er ikki so reint galet for eit Blad at hava ein Tanke heller. Tankar ero vistnog dyre og sjeldfengne og draga myket Bryd med seg; men det er daa stundom dei svara Reikning og. Der er daa idetmindste nokot menneskeligt i at hava ein Tanke med seg, god eller vond, berre det er ein Tanke. Men ingen af desse Blad seer ut til at hava nokon ny Tanke at frambera. Dei tala om «Uplysning» og om at vera «Bodberarar» for Uplysning ut over Landet. Men det er inkje annat en dei andre Blad gjera. Det er nokot nytt dei skulde gjera. Ja «Norge» er so klokt, at det ikki lovar «Uplysning» eingong eller at vera fri for «Personligheder», og forsovidt er det paa ei Sida klokt, men paa den andre Sida kann ingen sjaa, kvat Gagn eit slikt nytt Blad skulde gjera. Mange Blad verda grunnlagde, for den og den Skribenten ligg inne med Stykke, som dei andre Blad ikki vilja hava tekjet imot og sett paa Prent, og soleides verdt det nye Blad «eit Organ for Vrakgods.» Det er gjerne slike Folk med heile Haugar af Vrakgods, som mest skrika paa nye «Organer.» I Amerika er det sagt, at der er sereigne Blad for Daarehus. Galningar hava altso sit «Organ.»

Men i dette at hava ei Galnemanns-Tidende er der endaa ein Tanke. Det er den ytste Enden af den Tanken, at der skal vera ein Talsmann for kver Stand og Stilling og kver Tanke og Gjerning. Det er Arbeidets Deiling i si lengste Utspaning. Men her ero vi enno ikki komne in paa denne Tanken, eller vi hava gjevet den up, for Samfundet er for litet. Morgonbladet og Aftenbladet ero no liksom Bondeguten paa Landet, likt som eg lærde meg up, at han skal kunna gjera alt, som høyrer til Mannen og Garden, sine Klæde og Reidskap. Den flinke lærer seg up til alt dette, til at sauma Skor for seg og til at sko Hesten. Det verdt stygt altsaman, men han lærer seg til at tenkja over eit og annat.

Vi sjaa ikki at desse nye Blad vilja nokot annat. «Norge» og «Noregr» vil inkje annat en Morgon- og Aftenbladet og «Norsk Folkeblad», inkje annat en «Skillingmagazinet» og «Nyhedsbladet.» Dette er maalade Blad (illustrerede), og det seer ikki ut til at hava nokot andre Tankar en desse. Det skulde hava lagt seg paa Skulemeistartanken, om der skulde hava voret Meining i det, og so paa Nationalitetstanken, kort det skulde hava havt ein Tanke framifraa dei andre. Kanske det enno kann faa seg ein slik.

Vi hava til all Lykke ikki stort at klaga over. Folk styra og stella so godt dei kunna. Men, jamen vøre her eit og annat at klaga over og, naar nokon rett saag efter. Vi trengde til eit «Oppositionsblad» i forstandig Meining. «Norge» eller «Noregr» skulde hava gjevet seg ut for eit slikt, og daa havde det havt ein Tanke. Her er so fredsælt no, at Folk taka til at vera leide af all denne Freden, fordi den i Grunnen er usann, og alt i Livet kjem ikki til Retten sin. Regjering og Storthing vilde likso vel som Folket vera tente med det, at eit Blad vilde naglefara deim eller sjaa deim efter i Saumarne.

Det er Synd at alle desse skriveføre flinke Folk ikki skulde kunna sambinde seg til nokot heilt. Nokot galet maa det vel vera baade hjaa alle desse skrivføre Folk og dei Blad, som vi alt hava, naar ikki ei slik Sambinding kann koma istand, men at Folk slikt skulde sitja andføttes i Baaten og ro mot kverandre. Skillingmagazinet er i den gamle gode Stilen, so nokot nytt efter den Planen ikki er so rimelegt. Men Eigararne af «Nyhedsbladet» burde som gode Bokhandlarar vidka Bladet ut og blaasa nytt Liv i det.

Den rette gamle Redactøren, som er den einaste der, som kann skriva godt i sit Slag, han er gjengjen over til eit annat Arbeid, so det er litet han røkk at skriva. Bladet skulde paa sin gamle Grunn kveikja seg up, og ikki taka up Vombfyll likt Morgonbladet, slikt som siste Sundag. Slike lange Stykke af det Slaget kunna vera gode nog til sit Bruk for dei faae som lesa deim. Men det er i ein slik stor Baas som Morgonbladet slikt skal koma.

Forstod Aftenbladet og Snittet sit, so vilde det draga til seg slike Bladmakarar, og det vilde vera ei god Motvegt mot Morgonbladet, og soleides truga det til at vera betre. Skal man tala alvorsamt, so burde eit Blad, som har so god Raad, vera betre. Men i Handelsvegen – og vaare fleste Blad ero ikki Literatur men Handel og Industri – der søkjer kver at tena so godt han kann, og han tek somyket han kann faa for so daarleg Vare, som det er mogelegt at bjoda fram, naar der ingen er til at kappa eller konkurrere med honom. Det er Aftenbladet, som skulde vera Kapspringaren her; for desse nye Dagblad kunna ikki vera det paa dei første fire fem Aar.

*

Netup som eg skreiv dette her uppe, fekk eg 2det Hefte af «Norden.» Ja det er og eit Skrift, som verdt plagat af eit for stort Navn, og det er likeins eit som ikki burde vera sjølvstendigt, men sambinda seg med eit større; for Utgjevaren Cand. LiebleinLieblein] Jens Daniel Carolus Lieblein, egyptolog visar seg at vera ein forstandig Literat, som vilde kunna vera ein brukfør Medarbeidare i eit større Skrift.

Men naar han i sin Kritik over LyngsLyngs] Georg Wilhelm Lyng, filosof Bok prædiker «Kjedsommelighedens Evangelium» i desse Ord, daa trur eg han ikki er ganske forstandig. Les her: – «Man giver Børn ind Mediciner i Sødt, og Publikum maa man give Sandheder ind i Spøg og i Morskab. Men Forfattergaverne ere saa ulige fordelte. En kan have store og rige Tanker, men mangler Vid og Humor; en Anden kan være vittig og morsom, men mangler Tanker. Hvem tror man vel Publikum helst vil høre, helst vil læse? Naturligvis den Morsomme, den Vittige. Finder man Tanker i det, man læser, er de just ikkeikke] retta frå ikki afveien; men er der nu, ingen, faar man nøie sig uden dem, naar det, man læser, blot er morsomt, pikant, humoristisk, vittigt, lett og behageligt, er Noget, «hvoraf man kan læ, hvoraf man kan faa sig en hjertelig Lungerystelse: det er saa sundt at faa sig en god Latter.» Saaledes tænker man, saaledes er Smagen. Alle ere vel ikke saa cynisk-ærlige at sige det med rene Ord, men de Fleste mene det dog, og man hører det ofte nok ytret. Grunden hertil maa være den, enten at et saadant Publikum er saa blaseret, at det ikke bryder sig om nogen Sandhed, eller at det er saa indbildsk stivt, at enhver ny fremmed Tanke uden nogen Prøve antages at være falsk. Derfor have indholdstunge Sandheder, som ere Livets Salt, og som vække Menneskene op af deres døsige Slummer til Virksomhet, til Fremskridt og Lys, saa vanskeligt for at trænge gjennem, naar de ikke ere krydredekrydrede] retta frå krydrde med tilstrækkeligt Vid; de maa da atter og atter gjentages, førend de kunne bane sig Udgang til Publikums Bevidsthed.»

Det er lykkeligt med det: dei som tenkja so uklaart, at deira Tanker skræma kloke Folk fraa at lesa og høyra deim, dei bilde seg inn at det just er dei og ingen annan som tenker grundigt. Og dei, som tenkja so klaart, at kloke Folk lika Tankarne deira – det vil segja dei vittige og humoristiske – dei tru paa si Side, at dei tenkja best. Der verdt aldri Forlik imillom desse tvo Slags Folk, so det nyttar aldri eit Gran for deim at tala til kverandre. Dei standa paa kvert sit Klot (Klode) og skrika. Det er liksom naar truande og vantruande Folk tala til kverandre, og Folk som kunne tala, og dei som hakka eller stamma. Den daarlige Talaren trur, at det er hans Lass med store Tankar, som gjerer, at han kjem med all Hakkematen sin, og den som talar godt trur, at dette kjem af, at han tenkjer godt, naar det daa ikki er nokot likamlegt Lyte, som legg seg i Vegen for han Stammesteinar og han Hakkehermod.

Og no den truande Mannen, han trur at ganga med all Sanning i Lomma si, men den, som ikki trur meir en godt gjerer, han synger:

Lett er at faa til Visdom up ei Bru,
naar den kann byggjas ved at tru og tru;
for det veit alle baade eg og Du,
at den, som ei kann tenkja, lett kann tru.

Men til Emnet!

Vi skulde hava tvo Dagblad; for om Samfundet her i Grunnen sin ikki kann hava tvo motstridande Parti som i eldre og større Land, so er det altid godt, at der er tvo politiske Blad, som taka kvert sit Grunnsyn af Rikslivet. Og so kunna tvo halda kverandre i Age og læra kverandre Folkeskik. Den som er eineraadande, misbrukar altid si Magt. So skulde baade desse Storblad, likso store som Morgonbladet, endaa ikki kosta meir en det aleine. Dei maatte endaa til en Pris af 3 Daler kunne vera betre en Morgonbladet no er til 6, og likevel tena godt. Det vantar inkje annat til at faa ei slik Bladtilstand en det, at Aftenbladet slær ein Daler af Prisen sin og verdt betre, so vil nog Morgonbladet vera nøydt til at dansa efter om nokre Aar. Det gamle er vel seigt, men billig Pris og god Vare har og si Magt. Og vil ikki Aftenbladet gjera dette, so kunde eit Samlag af skrivføre Folk med eit godt Stell og ein 10,000 Daler f. Ex. til Driftspenge gjera det. Eit slikt Blad maatte venta seg at ganga med Tap dei tvo tri første Aar, og derfor laut der ein Grunnsum til. Men denne Summen kom nog atter med sine Renter, naar alt vardt godt styrt.

Nokot slikt kjem vel og seint eller tidlegt istand. Alle desse Smaauprør i Pressens Rike bera Vitnemaal om, at Styret ikki kann vera godt; og om alle desse Uprør for det første verda undertrykte, so maa Styret bestna, skal det ikki paa Slutten vera nøydt til at gjeva Rygg.

Og so vilde eg hava eit maalat (illustreret) Vikublad slikt som Nyhedsbladet. Eit var nok i den Vegen her, og dette kunde og vera godt baade med Maalingar og Ord. Det er daa rett naragtig, at Folk skulle vera liksom nøydde til at halda Dansk Illustreret Tidende. Det er sama Spraaket og likso godt og betre til kunde eit slikt Blad vera her med Undantak af det, at vi vel ikki hava so gode Treskjerarar her som i Kjøbenhavn.

Og so skulde vi hava eit godt Maanadsskrift og eit Fjordungsskrift (Kvartals-). Alt dette, nemlig 6 Daler for tvo Dagblad, 2 for Vikubladet, 2 for Maanadsskriftet og 2 for Fjordungsskriftet vilde gjera 12 Daler. Vi hava ikki so faae Bønder i Landet, som kunde magta baade at lesa og bitala alt dette, og alle desse Skrift vilde føra med seg ein so stor Sum af Kunskap, at Folk til Husbruk ikki turfte meir.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

Spalten «Bladsjaa» dukket opp for første gang i det tredje nummeret av Vinjes avis Dølen (07.11.1858), og for siste gang i nummer seks av den siste årgangen (06.02.1869). Disse tekstene var kommentarartikler som tok for seg aviser og avisdebatter. Som både redaktør og journalist for ukeavisen Dølen (1858-1870) fulgte Vinje med på både den nasjonale og den internasjonale pressen i samtiden.

I denne tekstkritiske utgaven blir alle bladsjå-artiklene for første gang utgitt samlet, redigert av Kristian Lødemel Sandberg, og utstyrt med innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og navnekommentarer.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap, med støtte fra Norsk kulturråd.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.