Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

av Aasmund Olavsson Vinje

6. årgang (1868–69)






09.02.1868 (Nr. 2)

Bladsjaa.

No er det daa greidt for Alle, at Morgonbladet er inkje annat en eit Partiorgan for deim, som paa Liv og Daude vilja driva fram dette Forslag til ei ny Riksact. Striden mot «Norsk Folkeblad» og Bladets eigne Stykke, f. Ex. dette lange: «Norge i 1814», alt gjeng ut paa dette. Men daa denne Politik betre fell in under desse mine Stykke her lenger framme i Bladet, nemlig «Vaar Politik», so vil eg berre minna litt paa det her. Det er nemlig so godt, at du aldri kan tala for ofte om den Ting. Og so kan det vera nyttigt for Folk at venja seg til at sjaa nokot so unationalt. At det verdt endaa verre i denne sin Politik, er so rimelegt; for ettersom det fær Augo up for, at det stampar mot Brodden, so verdt det meir og meir rasande, alt til det springer sundt og puffar til Veders med Knall og Røyk.

Aftenbladet heve ingenting at puffa med, det, stakkar, for det er lenge sidan gjeldt, det. Det lunkar og lunkar i Morgenbladets Fotafar; for det høyrer paa ein Maate med til «Familien» det og.

Publikum synes og at hava ein Tanke om dette, daa eg kjenner Mange, som i desse seinare Aar og mest i dette sidste hava upsagt det. Og det talar sterke Ord for Bladets minkande Magt, at det, som Alle kunna sjaa, fær færre og færre Lysingar (Bekjendtgjørelser). For slike «industrielle Etablissementer» som desse Dagblad, er Lysingane ein Gradestokk paa Bladet, og det maatte slaa Alle, som saag etter og tenkte over denne Ting, at Aftenbladet no i Marknadsdagane hadde so faae Lysingar i Samanlikning med Morgonbladet, som jamvel maatte koma ut i Dubbeltnummer for den Skuld ein Dag, medan Aftenbladet, stakkar, paa vanleg Maate maatte metta seg med Aftrykk etter andre og daa mest danske Blad. Og Publikum er som vanlegt klokt i Matvegen. Er det nokot som skal ut over Landet, so kjem Morgonbladet til mange Gonger fleire Folk en Aftenbladet. Og er det Tanken om at lysa nokot up mest for Byen her, so vil baade «Intelligentsen» og «Morgon- og Aftenposten» vera langt betre en Aftenbladet, ja desse tvo «Postane» vilja likeins vera langt betre utanbyes.

«Folkebladets» Ros over Peer Gynt her fyre Jol svimeslog det. Men no maa det koma seg, daa Folk sjaa, at det verdt so forfulgt af Morgonbladet for so god ei Sak, som det maa vera at faa uplyst fraa alle SiderSider] retta frå Sidar ein for det heile Land og Rike so stor Ting, som ein ny Millomrett med Sverige. For det kan daa vel ikke vera Tanken at lista og Iøyna ein slik in paa det norske Folk? Endaa det seer mest so ut, naar ikke «Folkebladet» skal faae Lov til at taka up ein Kritik over Forslaget fraa ein so rettslærd Mann. Det norske Folk vil nok vita at taka sine Menn paa rette Maate, naar det lærer deim at kjenna, og det fær tenkt seg om. Men meir om alt dette i «Vaar Politik».




09.03.1868 (Nr. 9)

Bladsjaa.

Det er ikke solenge sidan, at vaar Provinspresse vardt driven af ein og annan Boktrykkaren, som slang til at koma fraa Hovudstaden og burt i den og den Byen, der han gav ut ei Avis. Stundom kunde han sovidt Samanskrift, at han kunde setja ihop Bynytt og Ulykkestilfelle og ofte ikke eingong dette. So var der ein og annan meir skrivefør Mann i Byen, som slengde in eit Stykke ender og daa. Ellers var det Aftrykk etter Hovudstadsblad. So kunde det og henda, at ein og annan forulykkad Mannen med bokleg Kunnskap var Redactør for ei slik Avis, og daa var det no reint framifraa gildt. Inkje Under, at Provinspressa i den Tid var ein lydig Tenare af Morgenbladet, som og daa hadde ein Tanke og ein Mann til at styra seg.

No er alt dette omsnutt. Dei fleste Provinsaviser, helst dei større, hava no allesaman vitenskapelege og jamvel stundom talentfulde Redactører, som er meir en det kan bli sagt om baade Aften- og Morgenbladet. Det er derfor inkje Under, at Hovudstadspressa no reint ligg under for Provinspressa, helst naar alle Correspondenter til den herifraa verda tekne med. Gakk ned i Athenæet eller ein Stad, der du kan finna Landsens fleste Aviser, og du vil sjaa, at der er ulikt betre Redactionsartiklar og ellers meir alsidige Syn paa mange Ting i Provinspressa en i vaare Storblad. Lesaren af desse vilde og kunna sjaa dette, dersom dei paa gamal Vis uptok myket af det beste etter Provinspressa; men no er det det Fule med det, at dette no ofte handlar om slikt som Dølens Afsked og det, som dermed heng ihop, og dette kan naturlegvis vaare Storblad, som er likso galne paa Dølen som glade i dette Ministerium, ikke taka up, og derfor fær Lesaren af desse Blad ikke sjaa annat en mest af Landsulykkor ifraa Provinspressa.

Det gjeng no ellers sin Gong dette; dei klokaste Folk her inne sjaa Samanhengen og Folk paa Landet lukta den. Det er utrulegt, hosi godt det heve lykkas Morgenbladet at røta ut Folks Tru paa det. Eg for meg heve fraa rett gode Menn utover Landet fengjet Lykynskningsskrivelser for eg heve fengjet «Morgenbladet til Medarbeider,» og du kan koma kor du vil, so er der ikke større Tru på Morgenbladet en paa Reven. Det er og so rimelegt: setja ein slik Mann til at styra ei slik Maskine maa enda med Knak og Brak, og om Folk en af gamal Vane enno halda det, so er det like magtlaust for det, og det ventar berre Paa den Stund, at der kjem eit betre Dagblad.

For at faa nokot fram, so maa Morgenbladet no stella sig med Publicum liksom det skulde leida ein Gris: det maa draga tilbake i Bandet. Eg vil just ikke tala haagt om det, men so underhaand kan eg segja, at her er ein «Conspiration» i Gang forat faa Morgenbladet til at jafsa og bita i Bukseleggen paa nokre Menn, som dei gjerne vilde hava paa Storthinget, men som det utan dess ikke er stor Utsigt til. Det skulde daa gjelda om at faa rost desse Menn i eit annat Blad paa den Maaten, at Morgenbladet vilde kveppa i. Men her er Knuten at finna eit Blad, for det stakkars gjelde Aftenbladet, eller som DunkerDunker] Bernhard Dunker, advokat etter HeineHeine] Heinrich Heine, tysk diktar sagde «die Castraten», det er ein so fullkomen Rovediltare etter MorgenbladetNote i Dølen: I dag (Fredag) synes det ellers liksom at snu om. Berre det no ikke var for seint for det at frelsa Livet sit! at der er det raadlaust at koma in med ei slik Fiskestang. Dei finna det vel ut desse Karane, endaa det kan vera vrongt nok. Det er flinke Menn desse dei vilde faa fram, og i Politikken kunde du vel ikke kalla eit slikt Krigspus umoralsk heller.

Det er godt paa mange Vis, at Provinspressa slikt kan møta up mot vaare Hovudstadsblad. Det lærer desse til at væra so gode, som eit Hovudstadsblad bør vera, om det ikke skal bli til Spott og Spe; og det forbyder, at desse faa ei altfor stor Magt, som dei tidt før hava havt til liten Bate for Landet. Ei Utbøling eller DecentralisationDecentralisation] retta frå Decentralitation er i slike Tilfelle gagnleg imot ei altfor stor Inbøling eller Centralisation. Det er netup dette, som i somangt er den nyare Tidartanke f. Ex. i Frankrike, der det meste af Landets aandelige Magt er inbøld i Paris. Og me maa vel vara os for det i vaar unge Stat, at ikke Alt verdt inbølt her i Christiania, som daa lik Paris vilde bli ein Tugtemeistare for det andre Land.

Det vilde vera eit langt Capitel at setja Nytten af ein sterk Hovudstad imot Nytten af sterke Utbyar imot kverandre. Men vist er det, at det er nyttigt for ein fri Tanke i det heile Land, at Provindspressa slikt, som me no her sjaa, kan læra vaar Hovudstadspresse Folkeskik og aga eller imponere den. Med alt det, at her maa vera stor aandeleg Capital samlad i Hovudstaden, so er her likevel Somange under Regjeringens og andre Inflytelser, at her er større Træleaand etter Maaten end i dei andre Byar. Naar ein Departementsmann f. Ex. fær seg eit Embætte og kjem til ein Utby, eller paa Landet, so verdt det Folk af honom og, endaa han altid maa vera nokot var om seg, sosannt som han vil søkja seg lenger fram. Han kan vel vera fri her og, so for seg sjølv og i Samtale millom Kjenningar, der det tidt er slik Oppositionstale, at Haaret kan reisa seg aa Hovde, men han vaagar seg ikke ut med det, og Rett gjere han; for han kan spegla seg i meg. Likeins er det med Menn, som tena andre Storfolk. Det er so gode Servilister, som nokon kan ynskja seg. Her er mange gode Matkrokar i Rikmenns-Hus, som ikke er værd mange Penge for FridomenFridomen] retta frå Fredomen deires. Det er som det stend i Visa:

Eg gjev no aldri ein Snutt og Snus
for slik ein Matkrok i Rikmanns Hus.

Det forstend seg, her er unge Studenter – unge maa dei vera – og andre frie Folk, og so er her aandelege Stormenn imillom; men so i ein Tversum, so er det naturlegt, at Utbyen er friare end Hovudbyen, naar alt er i godt Gjenge.

Det er i denne Sparetid ein practisk Nytte ved dette, at Provinspressa slikt kjem seg, og det er den at Folk i desse Byrotar (Districter) kunna hava nok med sit næraste Byblad og ikke tarv holda eit af desse Hovudstadsblad, naar det ikke er framifraa godt. Aftenbladet er i soleids til Ingenting for Folk, som sokna til Drammen, Hamar, Bergen og Throndheim. Det er ikke so godt som nokot af dei beste Blad i desse Byar. Morgenbladet er det no so som so med. Det maa koma som ei Laavedør til mange Hus, anten der no er Vit eller Uvit i det. Der er idetmindste Vomfyll, og med alt det Tull som der er i den noverande «Redaction,» so sleng der altid til at vera nokot, som ein Mann maa sjaa, naar han vil «fylgja med». Alt til her kjem eit nytt Dagblad, so er det eit «nødvendigt Onde.»




26.04.1868 (Nr. 13)

I Drammens Tidende stod der her ein Dagen eit Stykke om Hovudstadspressen og Politikken herinne, som lagde alt dette ut just liksom Dølen sjølv skulde hava gjort det. Morgenbladet vardt kallad det ministrielle Organ, som baade skreiv ufolkeleg grovt og ellers paa ein Maate som «Smudspressen» i andre Land. Her var eit Meiningstyranni herinne som berre slike sjølvstendige Folk lik Dølen kunde draga seg undan, men daa med Tapet af alt det, som desse Styresfolk kunde taka ifraa deim.

Dette er vel ikki annat og meir en det, som no i den seinare Tid er skrivet i somange Utanbysblad; men no kjem det merkelege ved denne Artikkelen. Den er skriven her fraa Christiania og etter eit Rygte af ein af Landets største Embættesmenn. Han viste, at der aldri kundekunde] retta frå kunna vera Tale om at faa den in i Morgen- eller Aftenbladet, og so sende han den daa til «Aftenposten», som i den seinare Tid heve havt rett gode Stykke om eit og annat. Men daa Aftenpostens Redactør er ein DepartementsmannDepartementsmann] retta frå Departementetsmann og viste af Dølens sorgfulle Exempel det, ei sjølvstendig Skrivning kan føra til, so, fortele sama Rygte,Note i Dølen: som ellers er motsagt af ein af dei rette Vedkomande. tok han Artikkelen med seg til Departementet for at faa høyra, om den kunde vera faarleg for honom; og der fekk han daa vita (af Statsraaden eller Byrochefen?), at dei «ikke kunde innestaa for hans departementale Stilling», dersom han tok slikt eit Stykke up i Bladet sit. Og daa der no ikke var sama To i honom som i Dølen, so sende han Artikkelen tilbake, og soleids vardt den send til Drammen, der den beit betre en om den hadde komet i Dølen, for den kom der i eit Blad, som hadde haldet med deim, som Artikkelen refsad.

«Di galnare di betre», verdt det sagt, for naar Galskapen kjem rett langt, so taka Folk snart Livet af den. Solenge den er so halvgalen, so verdt den paa ein Maate told, for Folk vilja i lengste Lag liksom ikke tru at den er fullgalen, før dei rett vel faa sjaa. Du seer mangein Mann, som Folk kalla galen, men han verdt ikke førd paa Daarehuset, før Galskapen er «constaterad». Daa vakna Alle up og segja: «Ja, var det ikke det eg lenge saag og viste, at han var galen.»

Morgenbladet maa vel fæla for si Stilling, for det syner liksom ein gamal Syndare imillom nokot, som ser ut som «Samvittighedsnag» og Bot og Betring. Kjem no an paa, om Publicum likt Museflokken i Eventyret vil tru paa Kattens Omvendelse, den Gongen han var vorden solten og ved sin Heilagdom vilde gjera ein stor Fangst, som og lykkades honom, daa dei arme Mysane trudde paa det harde Hjarta i Munkehetta si.




11.10.1868 (Nr. 28)

Bladsjaa.

Det kunde synes underlegt for den, som ikke er kjend med Forholdet her inne, at vaare Dagblad ikke hava talad godtsom eit Ord om nokon af dei Politiske Saker, som no under Kongens Uphald og Storthingets Samkoma ero komne fram i Dagen. Det er paa ein vis Maate godt dette og, at her ingen politisk Dagsprent er; for eit Dagblad med den rette Dug og Tiltru artar so lett ut og styrer paa skakke; men naar her inkje Blad er, som Folk tru paa, so gjeng Livet sin greide Gang og steller seg som det vil. Det forstend seg, det er gamaldags dette, men Skam fare i det Gamle, det var ikke so burte det heller, og det er skjemtefullt for os at liva liksom i eit nytt og eit gamalt Samfund paa ei og sama Tid. Her kjem Blad som Laavedører ut kver Dag, og endaa er det politisk omom] retta frå som her ikke kom ut eit Guds Ord. Daa Morgenbladet var stort som Bladet i ein Huspostil, hadde det større politisk Magt en no, og den vesle Krydser var i all Smaagutskapen sin ein sann Stormann imot det digre Aftenblad. Aftenposten er i mangt ikke so laak endaa, men den er nok mest styrd af Departementsfolk, og i Politikken er der ikke stort at venta af deim, etterat det er vordet greidt for Alle, at dei ikke maa tala imot Regjeringens Vilje.

Etter denne Tankegang skulde det ikke synes at vera storestore] retta frå stor Skaden skedd, at Anton Bang,Anton Bang] Anthon Bang, forfattar og avisutgivar som det seer ut til af hans Lysingar, ikke for det fyrste kunde setja sit paatenkte Dagblad i Gang. Og det er det no vel ikke heller. Eit Dagblad i desse Tider, som var af det beste Slag, vilde nok gjera store Ting til det Gode, men det er vandt at faa eit slikt, og betre er det at vera bladlaus som no en at faa nokot halvt istand. Det kjem nok eit slikt Blad, naar alt er mognad til det, og det skal Ingen fæla for, at det paa lange Tider verdt sopass Folk af Morgen- eller Aftenbladet, at dei koma til at staa eit slikt Blad i Vegen. Dei hava gjort formyket paa seg til dess. Verdt f. Ex. Unionsforslaget framsett, so er eit nytt Dagblad ferdugt med eit, som vil drepa Aftenbladet i det fyrste Fjordungsaar og draga Morgenbladet ei ulækjeleg Svindsott paa Halsen. Eg burde som ein diplomatisk Mann ikke fortelja slikt, for so kunde desse Blad beda sine ministerielle Venner for Guds Skuld ikke at framsetja Forslaget. Men eg er no, naar alt kjem til alt, meir Døl en Diplomat likevæl.




20.12.1868 (Nr. 38)

Bladsjaa.

Den meste Kunskap Folk no faa in er igjenom Blad og Tidskrift. Det minkar meir og meir med dei gamle store Bøker, som tidt kunde vera so tunge, at der var eit heilt Lyfte i deim. Naar her no imillom kjem ut Bøker, so ero dei for det meste so hendige, at du kan liggja paa Benken din eller i Sængi med Bok i Hand, alt til du sovnar. Det er høgt eller kvemt (comfortabelt) alt no: Hus, Klæde, Husbunad, og alt det som nevnas kan, og dette er vist ikke det mindste Merke paa god Smak og ein frisk Kultur. Det kvendskar eller effeminerareffeminerar] retta frå effiminerar Mannen, meina Mange; men det er raadlaust med det: Folk fara likso litet tilbake til sin tunge Liveskikk som til dei store Bokprotokollar. Dei vilja have sit Blad til Aabits (Frokost) og til Kaffeen om Ettermiddagen, liksom sit serskilde Sundagsblad og sit vesle Hefte til Maanadsdag. Paa den Maaten faa dei in Dagens Kunskap og det mest aalmenne Tankeutbyte i si Tid liksom utan at vita af det. Dei veksa ihop med si Tid og liva og tenkja med den.

Om ein Mann ikke les meir en dette, so er han ikke solitet klok endaa, og naar du tenker paa alle deim, som lesa dette, so verdt det ein stor Aalmennsum af Kunskap. Det er ei Uplysningsmaskine, om du vil, som omskaper Livet mange Gonger meir en Dampen.

Men derfor verdt det og større og større Krav til Dagsprenten, og det verdt sagt, at du kan døma deg til eit Lands aandelege Tilstand etter den. Sjaa me soleids til Dagsprenten i vaare Granneland, Sverige og Danmark, so er der mange af Landets beste Pennemenn med i den, baade Poeter og andre. I «Fædrelandet» og Götheborgs Handels- og Sjöfartstidning f. Ex. er der soleids Aaret rundt ein merkelig stor Sum af Kunskap og Undervisning i snart sagt alle Ting.

Det er ein gamal Vane at krauna eller sutra og klaga over sit eiget, og eg gjere daa heller ikke dette for Dølens Vedkomande t. Ex. Men seer du paa vaare Storblad, som skulde vera Husbøndar i den Vegen, so jamen er det laakt. Ein Utlending skal af deim ikke faa store Tankar om vaart Kulturstandpunkt. Eg talar ikke her om Tonen og Stilen, som idetmindste for Morgenbladets Vegne ligg ned i Kjeldarhalsen, men eg meinar Maalet af Tankar, den Kunskapssum, som kjem derifraa. Denne er fælt liten og det meste af det vesle, som er der, det er Aftrykk etter danske Blad. Du kan og vita, at dette maa vera so i Blad med Redaktører, som liggja utanfor all literær Rangforordning. Ja, MeydellMeydell] Ditmar Meidell, redaktør var vel nokot i sit Slag han eingong, men han seer ut til at hava sovnad. Naar so til dette kjem, at Bladets Eigarar vilja tena det mest mogelige, so kan kver vita, at det maa bli Fatik-Per-Erik af desse store Laavedører.

Men «Krukka gjeng solenge til Vands, til ho kjem hankelaus heim.» Det er derfor med Glede for Alle, som elska Uplysning for Folk, at høyra, at her no i Vinter nok kjem tvo nye Blad, nemlig eit med Hovudstyrken sin her i Byen og eit annat billigare til Landslyden og det sokallad Bondeparti Landet ikring. Det synes vera eit formyket dette; men for det fyrste var det ikke mogelegt at faa somange Hovud under ein Hatt, og so kan det heller ikke rett vel vera den sama Politik for desse tvo Blad. Det svarar netup til det naturlege Krav, at det er tvo slike.

Det skal bli Kunskap og Lærdom for os Alle til næste Aar under dette Kappsprang millom desse Blad og dei gamle! Daa faa somen de Beschede Besche] Johan Gerhard de Besche, lege og avisutgivar og FabritiusFabritius] Wilhelm Christian Fabritius, bokprentar punga ut til gode Pennemenn nokot annat en før, om dei ikke skulle missa alt; og for Aftenbladet er der Omvending mogeleg, og det heve alt no i Rædsla slegjet in paa Botvegen i desse tvo tri sidste Vikune. Her gjekk det lause Ordet, at der var ein Galtestøkk eller Panik i Bladet ved at høyra om alle Tillagningar til desse nye Blad, og det tok til at ruska paa seg og gnidka Svevnen utor Augom. «Du vil daa vel ikke omvende dig berre for at faa den Posten?» sagde ein Embættesmann her til ein Katholik. «Jau naturligvis,» svarad denne. Det talar jamvel alt om «raabarkad Bønder,» og soleids er Venskapet med Morgenbladet ute. Ja den Maten, den Maten du!

Det skulde eit Karstykke til at knekka eit so gamalt og grunnfest Blad som Morgenbladet. Men Hr. FrieleFriele] Christian Friele, redaktør seer rett ut til at vera Mannen for det. Ja, eg og andre, som kjende Karen, viste nokot so nær, at dette berre var eit Spursmaal om Tid, solenge til Naturens hans kunde faa spinna seg ut i all sin Glans. Det er liksom Bladet i Politikken sin skulde hava fengjet det, som Tysken kallar «höheres Blödsinn» eller Vatten i Hovde, etter at det skandinaviske Selskap kom in i det, og etter Landets Mottaking af Unionsutvalets Forslag, og ved Storthingsvalet i Vaar, og so no under Storthinget, der det i dei mindste Ting synes vera som fraa Vit og Forstand.

Det var under desse politiske Svingningar, at Bladet kom med «raabarkade Bønder» og sine Fantord til AallAall] Hans Jørgen Christian Aall, embetsmann og politikar og Harbitz.Harbitz] Georg Prahl Harbitz, prest og stortingsmann Berre desse tvo Ting vilde hava voret nok til at taka burt fraa det Tiltru paa den Sida. Men, det er som det skulde vera gjorst paa, naar Ulykka er ute. Sjaa no her ein Dagen stod det, at Romsdals Amt var eit «Klokkeramt.» Og no fører det Krig med den heile Landsprenten og kastar ut i Ørska Fantord til alle Kantar. Og blandt Bladets mange «Personligheiter» heve det ikke skadad seg mindst med si Forfylgsel mot Sverdrup,Sverdrup] Johan Sverdrup, jurist og politikar og dets Skrivemaate mot BjørnsonBjørnson] Bjørnstjerne Bjørnson, diktar var og litet værdig. Kort, det kan syngja dette gamle Vers, som eg her vil læra det:

Mine Synder ere mange,
mangfoldige som Sand i Strand,
og mange som Solen i Strime.
Hjelpe meg ut af Syndens Band
og helst i den onde Time.

Ja, ja Fa’r! Det er mange nok, som sparka etter den hallande Vogn. Dei fleste Blad rund ikring Landet skjæmma so paa det arme Tinget, at det er Synd at høyra paa. Dølen vil ikke vera med her. Han lyt vera rettferdig, det forstend seg; men han vil gjeva det eit Raad, som kan setja det istand til enno at turnere eller kringrenna alle desse andre Blad, og dette Raad er, at det gjev Hr. Friele og alle dei Andre, som i denne Tid hava tumlad seg i Bladet, Afsked paa graat Papir og afsvær alt deires Væsen og Gjerningar og beder det norske Folk om Forlatelse og lovar Bot og Betring. Dersom det vil, og bitalar meg godt, for af Morgenbladet vil eg hava Bitaling, so skal Dølen dikta ei PønitentssalmePønitentssalme] retta frå Pønitentissalme for det.

Naar det so etter dette møter up med eit godt nytt Ministerium, og attaat lovar, at Hr. Friele ikke eingong skal faa Lov til at vera Gatelaupare for det, som han ellers er flink til, so skal eg vaaga Bladet eg; for det er seigt eit gamalt Blad, ja so seigt, at det overalt i alle Land gjeng i Handel og Vandel som ein annan Gard. Det skal reint framifraa Daarskap til at helsetaka det.

Det maa gjera eit Ministerskifte, om det so berre vil vera «Organ for dei konservative Interesser,» for der skal Tiltru til at vera det og. Ja, der skal kanske mest af det Slaget for eit sovoret Blad. Det trengst til eit slikt Blad no under denne Fridomsvind, som synes at blaasa overalt. Og dette nye store Blad verdt og «liberalt,» endaa det etter alle Merker maa bli eit fint Centrumsblad med uplysande og yndefulle Artikler og stor Mannamilde eller Humanitet. Dette mindre Blad for Politikken ikring Landet kan godt taka i utan Handskar, og forstend det si Gjerning, so maa det hava størst Utsigt for seg, blandt annat for det ikke verdt so dyrt. Det verdt vist ein Maureslukare for mange af desse Smaablad.

Det trengst til at Hovudstaden mannar seg up i denne Vegen; for Dagsprenten rundt ikring Landet i dei mindste Byar heve no i lang Tid voret vel so god som desse Blad her inne. Du skal knapt finna ein Redaktør i nokon af desse større Smaabyar, som ikke er ein betre Mann en snart sagt nokon af desse Redaktører her. Dette er urimelegt og kan derfor ikke vara lenge. Er dette Læremeistarar for det heile Land? Berre du tek deim i Augnesyn, so kan du læ deim ihel. Det er liketil uanstendigt. Og Publikum fær meir og meir Augat up for dette. Denne literære Kræmartid maa vel snart vera ute, daa Menn, som «ere i Besiddelse af en omfattende Uvidenhed» kunde være Storredaktører og gjeva seg ei lærd Domarmine for det heile Land. Af alt det latterlige eg kjenner, so veit eg ingenting meir flirande en Bladstellet her inne. Og Landet seer, at Frugten og er deretter. Ja, det er vel feite Gutar, som styra og stella og skriva og føra det store Ord! Det er sagt, at desse nye Blad ikke vilja addere Nuller saman til sine Redaktionsraad, men hava Menn imillom, som anstendigt kunna syna seg fram for Folket.

I det Møte af Aktionærer til dette her nevnde store Blad, som var samlad om Kvelden den 15de, kom dei nok ikke vidare en til at nedsetja eit Utval, som skulde laga til Regler for Samlaget osv. Der er ikring 200 Luttakarar og af desse er over det halve af Christiania Handelsstand og so Embættes- og Ombodsmenn og Handverkarar i javnt Maal. Dette visar eit aalmennt Misnøgje med vaare Storblad, og daa helst Morgenbladet, som er utrulegt, og det spaar ilt for desse gamle Blad men godt for det nye. Kver af desse Luteigarar og deires næraste Kjenningar vil virka for dette nye Blad og avertere eller lysa up i det, og dette sidste er den sikre Skillingen i Tap for den eine og til Vinning for den andre. Ille er det, at denne Maskine nok ikke kan koma i Gang før ut paa Vintren, men naar den so kjem, maa den staa med Stempelslagets Takt og Styrke. Desse andre Blad faa ellers ved dette Omrum og Sukk for seg og eit halvt Aars lenger Intekt, og Morgenbladet kunde imedlertid ved at fylgja Dølens Raad frelsa Skuta med eit litet Havari.

Med ein Styrke af 20,000 Daler, og fleire om det trengst til, og med Sameigarar, der ingen netup vil tena Pengar, men berre koma skadeslaus derifraa, med eit slikt Grunnlag kan der koma eit Mønsterblad med sine serskilde Departementer for Kirke- og Undervisningsvæsen, Finants og Toll, Sjø- og Skipsfart osv. Ringen rundt. Fagmenn vil faa god Løn for sit Arbeid, og Landet maa hava Nytte og Ære af det. Det verdt nokot annat en Redaktioner paa Slump og urimeleg Forteneste for Boktrykkaren, som bør vera det han er, nemlig Handverks- og Handelsmann, og spekulere i nokot annat en i Folkets Tolmod til at bera over med literært Slarv.




03.01.1869 (Nr. 40)

Bladsjaa.

Det er med det norske Folk som desse tykke gamledagse Kakkelovnar. Det varer lenge, før dei verdt gjenomvarme; men naar so daa Varmen eingong kjem, so maa Glas og Dør paa vidan Vegg, og der er varmt heile Dagen.

Denne Naturen synes at visa seg i desse Bladplaner og, som det no solenge er rødt om att’ og fram. Dette nye store Blad skal no endelig koma, verdt det vist sagt, og det skal heita «Tiden» (the Times), og det maa etter alt rett bli eit Ubeist, naar det no frametter Aaret kjem i Gang. Der er Penge nok, og det er lagad so, at Ingen skal kunna hava meir paa ei Hand en 10 Actier, kver paa 100 Daler. Paa denne Maaten er det afbøygt, at Bladet verdt eit Industrianlegg eller eit Kræmarblad, sosom Morgen- og Aftenbladet. Naar ein Mann eller nokre faae eiga eit Blad, so verdt det ei Pengesak, ein Handel sosom med Beinmjol og Olie osv., og Handelshuset vil daa altid sjaa paa Marknadens Gang og retta seg etter den. Det hender vel stundom, at Skillingen og den rette Tanken fylgjas aat, men som tidast stevna dei kver sin Veg, den eine til Ve’rs og den andre ned i Makk og Mold. Derfor segje og den gamle Talemaaten: «Skillingen er som Skjøkja: der vankar varmaste Kyssen til den som bitalar best.»

«Tiden» vil derfor ikke so lett slaa om i sine Meiningar, og den vil likeins og vera lyft up over den aalkjende «Christianiaopinion», som likjest Ve’rlaget i Omskifting og trykker up og ned daglege Næringsblad liksom den rette Luft gjere med sin Tyngdemælare (Barometret). Det er vel so, at dei fleste Eigarar i Bladet ero her fraa Byen; men daa Ingen heve stort at vinna eller tapa, og alle større Spursmaal og Bladets Grunnfarge verdt dryft og vegjet i store Samlag, so vil altid den aalmenne Tanken koma der til Ords, og det heile Land langt meir tenkt paa, en i andre mindre og personlige Redactionsraad. Og med Hensyn til sit aalmenne Maal, so vil «Tiden» naturligvis vera eit Folke- og Nationalblad i vidaste Meining utan at binde seg korkje til «Maalstræv» eller «Bondevenner» paa den eine Sida eller til serskilde Ministerier og Storthingsparti paa den andre. Det maa etter Navnet vera «Tiden», ikke ei Pengetid som «Times» og mange andre utlendske Storblad med mange og store Actier paa færre Hender f. Ex. det franske «Siècle», men ei Tid for den sunne Fornuft, netup liksom Dølen. Det kan ikke liva utan at vera dette.

Og so skal der, verdt det og sagt, i «Tiden» vera ei aarleg Generalforsamling, og Repræsentant- og Formannskap, som i alt og fører Tilsyn med Redactionspersonalet. Der skal vera, som ein Mann sagde, «constitutionelle Garantier» for denne Presse, so den med Rette kan bli det, den tidt heve gjevet seg ut for at vera, nemlig ei Statsmagt. Paa denne Maaten verdt det umogelegt, at den kan tala slikt personlegt Parti for Menn og Saker som t. Ex. Morgenbladet og tildeels Aftenbladet no desse Aar for dette Ministerium og for Skandinavisterne og for Unionsutvalet med Forslag osv. Den Medarbeidare, som vilde prøva paa med slikt, vardt naturligvis snart afsett og Bot gjort, om ikke dette heile Regelverk skal vera Fjas.

«Tiden» er tenkt som ei patriotisk og vitenskapeleg Gjerning, og det vil den og bli, sosannt den kan halda, om ikke meir en det halve af det, den spørst at hava fyresett seg. Der skal bli Skipslister og Handelstidender og Brevskrivarar fraa Utlandet, som inkje annat Blad enno her i Norden heve havt. Norge er og nærast til at faa seg eit slikt Blad, daa vaar Sjøfart er so framifraa stor og vide vankande. Det er dette og mest dette, som eg synes burde elda up Folk med Raad og Daad til at faa nokot værdigt istand i denne Vegen. Det er viljefaste og velmeinte Folk, som stella med dette store Fyrehav, og det spørst at der ikke vantar Penge, om det so skulde stiga up til nokot reint uvanlegt; men med alt dette er det likevel ikke værdt at lyfta paa Hatten, før du seer Mannen, daa Livsens Ande enno ikke er komen in i Hjulom, eller Menn, som kunna segja med Griffenfeldt:Griffenfeldt] Greve Peder Griffenfeldt, dansk politikar «Er ikke eg liksomyket værd med Pennen min som du med dine 18,000 Mann?»

«Kom fyrst med Mat, so skal du snart faa Aand,» segje den Eine, og den Andre svarar: «Skaf Aand, so kjem Maten af seg sjølv.» Dei hava Rett og Urett baade desse tvo; for det er eit Samspil af baade desse Ting, som skal til. Der kjem vel og Pennar in i «Tiden», naar alt er ferdugt. Der kjem vel Liv, naar Organismen er istand, endaa dette er imot den vanlege Vokster, som gjeng ut ifraa eit litet Fræ, ein Livstanke.

Dette andre nye Blad, som og lenge er omrødt, skal heita «Dagbladet» og koma ut no over Nyaar.Note i Dølen: Kom ut igaar. Det vil som eit mindre Blad høva godt med «Tiden», og det, som dette skortar i Pengemagt, vil det truleg vinna in i betre Kræfter, sovidt det no kan dømas etter dei Navn, som hava voret paa Tale til baade desse Blad. «Tiden» fær som sagt nok sine Pennar, naar no fyrst alle Hovud er samlad under ein Hatt, so dei tora taka andre med en «literære og politiske Konfirmanter,» som enno ikke hava brotet si Daapspact, naturligvis fordi dei ingenting endaa hava gjort. Det er altid klokt paa sin Maate at vera so «tærtepen» fraa fyrst af, for ikke at støyta nokon Mann, som kunde hava ein Skilling men ikke stort Vit. Det kan altid vera tidsnok sidan at synda.

Som eg før sagde, so spørst det meir og meir, at «Dagbladet» skal vera eit Landsblad med ein skarpare uttalad national og folkeleg, og om du vil, oppositionel Tanke en «Tiden», som meir etter alt maa koma til at vera eit By- og Utlendsk- og Handels- og Sjøfartsblad og so for mange Embættes- og Rikmenn utover Landet, liksom før Morgenbladet i Motsetning til alle mindre Blad. Det er at venta, at «Dagbladet» heller ikke vil ganga lenger og fortare fram, en at Landets beste Menn, om dei ikke liketil ero Politici, kunna fylgja med. Her var nok eit Bendetak blandt mange Storthingsmenn no straks fyre Jol, anten dei skulde taka dette «Dagbladet» eller lata seg nøgja med «Aftenbladet», som «sig havde omvendt» for Tilfellet. Men dei fleste og beste Thingmenn skal vera komen til det Utslag, at «Aftenbladet» etter alle gamle Gjerningar ikke kunde vera at lita paa, so det nok kjem til at ganga med det som den Tysken her i Byen, daa han sagde: «Man vil ikke have mig til Officier i Brandcorpset fordi jeg er Katholik, og vil jeg mig omvende, saa vil man netop ikke have meg.»

«Naar Storthinget sluttar, so vil naturligvis «Aftenbladet» sovna in atter,» sagde ein Storthingsmann, som fortalde meg, at han og some andre hadde skrivet heim til sine Valmenn og andre Kjenningar for at raada deim til at taka «Dagbladet». «Ja», svarad eg, «og so vil det snart gjeva etter for ein ny «Christianiaopinion». Det er at taka Pant i Revarova, at lita paa det.» Der er ellers so eit Par gamle gode Venner af «Aftenbladet» og Thingmenn, som stydja det; og det maa vel og vera ein eller annan af desse, som no heve skrivet some af desse sidste rett gode Artikler i det om denne Consulsak og Stemmerett.

«Dagbladet» er og mest grunnlagt paa smaa Eigendomslutar i det eller Actier, endaa der er meir «personlig Capital» i det en i «Tiden»; og daa det no legg i Veg med sterkare Farge paa sine Meiningar, so er det og meir bundet, og kan ikke sosnart snu seg til en annan Kant, om nokre Menn skulde tru, at det for ei Stund var ein Skilling at vinna med det. Eg skynar derfor ikke annat, en at baade desse Blad maa hava dei beste Utsigter. Her er idetmindste tome Plassar i Folkets Tiltru at fylla.

Det er verdt sagt om ein Medarbeidare til Morgenbladet, at han sagde om desse nye Bladplaner: «Ja, me Storblad, me tigja naturligvis stilt med desse, so koma dei nok ikke langt.» Aftenbladet sagde og til ein Mann her ifjor eingong, at det hadde fyresett seg aldri at nevna Dølens navn. Det er denne sama Tagnad (silentium) med alt, som dei ikke lika, eller som dei ikke tora rosa likefram, det er den, som er deires Styrke. Dei tigja ihel og til Livs, ettersom det høver i deires Kræmarhus. Er ikke dette ein værdig Moral for Folk, som gjeva seg ut for at vera Ordets og Tankens Menn, so veit ikke eg?

Eit slikt nytt Blad maa no i desse Tider, om det skal koma fram, vera einein] retta frå eit af desse tvo Ting, nemlig anten eit forstandigt Partiblad, eller og finna si Meining i det at vera liksom meiningslaus og lata kver Side fritt koma til Orde og leita etter Sanning igjenom alle Motsetningar som ein fordomsfri Granskare og Vitenskapsmann. Tribunen skal etter det gamle Romerord vera fri, og Magt eller Rikdom eller Frendskap eller Kjenskap maa ikke trenga Sanningsordet fraa den. Daa eg her gjeng ut ifraa, at desse tvo nye Bladredactioner ero fornuftige Folk, som skyna paa si Tid og dens Krav, so tek eg som givet, og dette gjeng fram af alt, at «Dagbladet» vil vera dette eine og «Tiden» det andre. Det høver og til Storleiken deires, at so er, og baade trengst her like myket til. Naar so daa «Dagbladet» verdt eit rimelegt Oppositionsblad, og Morgenbladet eit likso rimelegt ministerielt og eit Hoforgan, som det alt no meir og meir heve nærmad seg til i desse seinare Aar – dette fylgjer og af Eigarens Stilling – og naar so daa «Tiden» stend over og skiftevis tek deim i Skole baade tvo, so vil Bruket hans gaml’ Olaf ganga paa denne Leid. Faa no sjaa.




28.03.1869 (Nr. 52)

Det er ein gamal politisk Tanke, at Ombodsmenn bør vera usams, so den eine liksom kan hava Tilsyn med den andre, og alle paa den Maate vera nøydde til at gjera si Pligt. Og denne Aabry- eller Jalousi-Tanke bør mest af alt visa seg bladimillom. Sams Blad er ein urimeleg Ting. Eit Blad er netup til, forat det kan vera nokot annat en dei andre Blad; for er det ikke det, so er der ingen Grunn for det til at vera til. Der er ingen Bruk i Livet for tvo slike Aftrykk. Eit kan vera nok.

Det var derfor nokot unaturleg i denne eldre Tilstand, daa Morgenbladet var sams med Aftenbladet. Det var ein Bladsvevn, var det, og det var og denne, som gjorde det mogelegt for Ministeriet at samansetja si Unionskommitte slikt, som den gjorde, og at sviva i den utrulege Faakunna om Landets Meining, so at Unionsforslaget vardt framsett. Desse Blad hava og nokot paa si Samvittigheit! Ikke ville Dølen ganga i dei Klædom. Ministeriet trudde vist, at Dølen stod aleine med side Meiningar, soat naar desse Storblad tagde seg, so tagde heile Landet. Det bør nemleg minnas, som sannt er, at det mest var ved at tigja og samtykka, at dei narrad Ministeriet ut paa Haalisen. Det var berre eit og annet upmuntrande Ord, der fall, og dette fær no Aftenbladet høyra af Morgenbladet, som i Grunnen var litt varare med Kjæften sin. Det fylgde af seg sjølv, at det var med, og so kunde det sleppa med ein Blink med Augat og eit Drag i den eine Munnvik, og so forresten trufast fortelja Tingens Gang eller det om den, som Folk hadde godt af at vita. Morgenbladet slog liksom meir paa Skaaki og meinte Mærri, og so var dei beste Menn i det skandinaviske Selskap meir eller mindre med i Redactionen, so det Bruket gjekk fælt so fint. Men Aftenbladet, stakkar, det støyrde meir i, det, og Brevskrivaren derifraa til svensk Aftonblad, han var og meir uforsigtig. No kjem Reikenskapsdagen for desse, og Morgenbladet er so harmfull-dydigt, at det er ein Hugnad. No skulda dei paa kverandre, so det maa minna om Ordspraaket: «Naar Tjovane koma te trætta, so fær Bonden si Ku igjen.»

(meir.)

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

Spalten «Bladsjaa» dukket opp for første gang i det tredje nummeret av Vinjes avis Dølen (07.11.1858), og for siste gang i nummer seks av den siste årgangen (06.02.1869). Disse tekstene var kommentarartikler som tok for seg aviser og avisdebatter. Som både redaktør og journalist for ukeavisen Dølen (1858-1870) fulgte Vinje med på både den nasjonale og den internasjonale pressen i samtiden.

I denne tekstkritiske utgaven blir alle bladsjå-artiklene for første gang utgitt samlet, redigert av Kristian Lødemel Sandberg, og utstyrt med innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og navnekommentarer.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap, med støtte fra Norsk kulturråd.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.