Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

av Aasmund Olavsson Vinje

7. årgang (1869)






04.04.1869 (Nr. 1)

Bladsjaa.

(Framhald fraa fyrre No.)

Det er ikke litet latterlegt at sjaa Morgenbladet fara afstad i denne sin «moralske Indignation» mot Aftenbladet, og det mest komiske er det endaa, naar det talar om denne Aftenbladsmannen og Brevskrivaren til Aftonbladet som ein udugeleg og upaaliteleg Mann, so det mest maa vera ein Spott for Landet, at han skal tala i dets Navn til eit annat Folk. Dølen er som ofte visad ingen Ven af Aftenbladet og denne dets Brevskrivare: men han maa daa for alt i Verdi vera ein sann Gudsfugl imot Morgenbladet og dets Redaktør. Han er ein anstendig Literat, han, og med anstendige Kunskaper; han er, som eg eingong sagde, til og med «habil». Men Morgenbladets Redaktør? Kven vaagar seg no til paa Prent at taka den Mannen i Forsvar eller tala om Dugleiken hans til annat en til at renna ikring paa Gata og «praie» Folk? Det er i den Grad under all Kritik, at det, som Tysken segje, ligg nede i den sekstande Kjellaren. Og ned paa Byens lesande Børs eller Athenæet er og Morgenbladet, sovidt eg kan sjaa, det mindst agtad af dei mange aandelege Værdpapir der, som just ikke alle er mange Penge værd.

Det forstend seg, der er nokso velskrivne Stykke imillom af utanblads Folk; men desse ero og no tingad til at vera af denne Politikken, som vil staa stil eller hopa seg (gaa baklengs). Det kan nok trengas til ein slik Politik, det er ikke for annat, men Bladets Stilling er klaar og greid. Det ventar paa Atterslaget og liver i den Tru. Men imidlertid koma vist Aften- og Dagbladet so langt fram, at Morgenbladet misser sit gamle Fotfeste, og so nyttigt som det kan vera til sit Bruk, at det procederer paa Reactionen, so unyttigt er det vist for Bladet sjølv. Her kjem nok eit litet Atterslag, dersom det verdt drivet formyket paa med desse «Stemmeretsgreider»; men denne verdt altid inringad til so faae Folk, at Morgenbladet, som er so stort vant, aldri kan vera tent med at vera eit Blad for den vesle Fylking. Det verdt some austlendske Bygder og ikke fullt ut dei heller, og so some større Byfolk og Embættesmenn. Det verdt eit Slags Aristokrati, om just ikke i Lærdom og Forstand so daa likevel i Velstand. Og var eg Politiker,Politiker] retta frå Politik so vilde eg ikke støyta fraa meg desse Folk heller, men lata «Stemmeretten» kvila no ei Stund og liksom sova paa aarlege Storthing. Denne Rettarbot om kommunal Stemmeret verdt ikke sanktionerad, er det sagt, og so verdt det so greidt at pusta litt i Bakken med den Sak.

Aftenbladet kjem seg. Der er tidt myket Mat i det, om denne ikke altid kan vera af den beste. Det verdt no kravt af eit Blad, at der skal vera stor Vombfyll i det, og det er Vanten paa denne, som gjere, at Dagbladet, som og kjem seg, ikke enno kan vera nokot aalmennt Blad. Det maa Hava sit Publikum, nemleg det politiske, liksom Aftenposten heve sit, nemleg nærast det forvitne. Aftenposten heve updregjet eit vist Publikum, og det er hans Ros og Magt, og at han som no stundom kjem med rett gode politiske Stykke, det høver ikke med i Stilen.




02.05.1869 (Nr. 5)

Bladsjaa.

Det var seg eingang eg tok fyre meg nokre Blad af Friskytten og talde etter dei Injurier,Injurier] retta frå Injurien eller Æreskjenningar, eg fann ut, at Mannen maatte samlagt hava fengjet livsvarigt «Vand og Brød,» om alle skulde hava voret paatalad og straffad.

Likeins er det no med Morgenbladet. Der er vel ikke mange juridiske Injurier, men so er der somyket fleire moralske. Naar det kjem in paa Storthinget og dei raadande Menn der, so er det so det yr og det kryr med moralske Injurier. Det er Kjeltringspak og ureine Motiver allesammen. Det er som det skulde vera eit Selskap af det fælaste Pakk, som fannst paa Guds grøne Jord. Den amerikanske Congres maa vera ein sann Gudsfugl imot Storthingsmajoriteten vaar. Det er Handel og Vandel med Overbevisningar. Og so verdt desse Handelsmenn snytte for Kaupet, sosom her i denne Rettarbot om Lofotfisket. Naar du er i eit Fanteselskap, maa du venta deg slikt.

Og so er der den literære Faakunna liksom i Friskytten. I dette Mønsterstykket: «Er Storthingsmann RichterRichter] Ole Richter, jurist og politikar enen] retta frå ein alvorlig Mann?» der vardt f. Ex. Ordet «Adept» brukad i motsett Meining, og so det barnagtig-kjøbenhavnske Ordspil «Tugtens og Opsigtens Velde.» Det skulde nemlig vittigt uttrykkja, at Hr. Richter stod under O. VeldesO. Veldes] Ole Sivert Welde, gardbrukar og stortingsmann Tugt og Upsigt.

Det er inkje Under det synes vera ei aalmenn Meining her inne, at FrieleFriele] Christian Friele, redaktør er førd til Gaustad. Idetmindste er eg af og til spurd om det. Det var soleids ein Skolelærer her ein Kvelden, som sagde, at han hadde høyrt det i Skolelærerforeningen, og so spurde de meg der paa Gata, om det var sannt.

«Fa’n heller,» svarad eg, «han strauk netup no der over Gata; men, det er god Tid enno.»

Ja, Apotheker ThoulowsThoulows] Harald Conrad Thaulow, apotekar og kjemikar Uprop til Folket om ikke at halda Morgenbladet hadde sin beste Grunn, naar der kunde vera alvorlig Tale om slikein Ting. Men Bladet er no so til Laatt og Løgje, at det ikke lenger trengst til Aalvor. Det kan imidlertid enno blandt faakunnige Folk gjera sin Skade, og so fell der eit Ansvar paa dei uplyste, som enno halda det. Det kan vera Moro at grina og læ, men du maa ikke gjera Skade med det, og det vilde du gjera her, om du for din eigen Kommers understyttad eit for Faakunningen so forargeligt Blad.

Friele er no ikke meir en eit Menneske han heller. Det han jafsar og gjøyr kan ikke forslaa stort til eit slikt Dagblad. Det er sannt, ein einaste Mann kan «gjera stygge Historier,» om Bladet er aldri so stort. Men, det er tydelegt, at Bladet er ein Samlingstad for mange Ulykkelege, liksom naar Flaumen jagar in paa hægste Skjer Mus og Lemen og Ormar og alt det som krabbande og fælt er. Dei liva for ei Stund inbyrdes fredelege der paa Skjeret i Fælska for den sams Fiende, nemlig Flaumen.

Af desse Dyr paa det snart overfløymde morgenbladiske Skjer kan du tydeleg kjenna gamle Skandinavister, og Samrøringar, og hatefulle Folk mot ein national Literatur, og Tilhengarar af det gamle Ministerium og det gamle Stell i Administrationen med Budgetoverskridelser og slikt nokot, og so dei mange Sorgfulle over, at Storthinget ikke lenger er den gamle polske Riksdag, der den eine vil hit og den andre dit, so det er magtlaust. Denne Sorg finn sit morgenbladeske Uttrykk i Ordet: «den SverdrupskeSverdrupske] Johan Sverdrup, jurist og politikar Klique.»

Det er, om du vil, den gamle Kultur dette, det er antediluvianskeantediluvianske] retta frå antidiluvianske Dyr, som krabba up paa dette Skjer. Det er fæle Kjeftar dei hava. For ein Jordbotten, for ei Luft og Gjørme det maatte vera dei vardt upfødde og livde i! Det er so du kan bli rædd ved at tenkja paa det. Det var godt, der kom ei Flod til at slaa sine Bylgjor over all den Styggedomen, og so laga til eit nytt Liv.




13.06.1869 (Nr. 11)

Bladsjaa.

Det er mange Folk og helst Kvendfolk, som snart sagt aldri kunna opna Munnen sin i daglegt Lag, men som bli reint veltalande, sosnart dei bli sinnad. Det gjeng da som Bekk og Aa. Eit Glas gjere og godt til at faa Tunga paa Glid, og det er Mange, som maa taka mange Glas for at koma up paa Samtalepunktet. Det er liksom at leggja i Ovnen. Men dette at drikka seg varm og veltalande er altid baade dyrt og usunnt. Betre og billigare er det, naar det kjem af Sinne, og er det so lagad, at du jamleg kan vera sinna, so gjeng du med ein stadig Eld paa Tunga.

Ei slik Kjelda til «Begeistring» synes Morgonbladet at hava no. Det gjeng vist mangt imot det, og det treffer inderlig leide Folk, so det stødt kan hava Dampen uppe, og det er reint utruleg for Veltalenheit der kan fløyma ifraa det, naar det slikt rett heve ertad seg up. Eit merkjelegt Døme eller Exempel paa dette var no denne Refsetala til «Norsk Folkeblad.» Der var virkeleg «rhetorisk» Sving, reint «Indignationspoesi.» Harmen var likso heit som dydig. «Eg synes eg er eit overjordisk Væsen, naar eg gjeng i Rusen,» sagde Alfred de Musset,Alfred de Musset] Alfred de Musset, fransk diktar og Morgenbladet maa segja: «eg skriv godt, naar eg er sinnad.» Daa heve det funnet sit Specialtalent. Det skulde stadig ganga og skjera Tenner og bita seg i Lippa. Eg las dette Stykke tvo Gonger og lo, so det huskad i meg. Eg syntes at sjaa Skribenten framfyre meg. Det var virkeleg godt. Det var greidt, at Mannen hadde funnet sit Midtpunkt, si Ide, var komen paa Hylla si. Han maa vera som skapt for Bladet i denne dets Motgangstid. Der heve i Vinter og Vaar voret reine Mønsterstykke – Bravournumre – i denne Lemænstilen mot Storthing og dets raadande Menn.

Dølen kan ikke her inlata seg paa at forsvara korkje «Folkebladet» eller ein og annan af desse so medfarne Thingmenn. Han tek denne Sak her reint kunstnerisk eller artistisk og seer berre paa Stilen.

Ja, Folkebladet fortener ærlegt eit godt Sinne af Morgenbladet. Det er so utbreidt, at ikke Morgenbladet paa langt nær kjem til Somange, og det virkar paa deim, som tala med Folk om Politik og hava stor Magt ved Tillagning af Thingval. Og denne Folkebladets Politik er beint imot Morgenbladets. Dei hava soleids f. Ex. kver sit Ministerium at halda paa, og om Morgenbladets enno siter inne med Magta,at halda paa, og om Morgenbladets enno siter inne med Magta] mangelfullt trykk i originalen: […]t halda […]aa, og om Morgenbladets enno siter inne m[…] Magta so veit Ingen heller, naar Folkebladets kan koma in. Denne Revisionsak kan koma til at gjera store Ting ogso i den «personlege Politik.» Og det er ingen Politik, som biter so saart som den. Desse «ledige Politikere,» som Morgenbladet i dette Mønsterstykket sit talad om, det var netup desse Herrar, som nok ein Dag kunna koma til at taka Styret fraa dets Folk. Det er «Administration»Administration] retta frå Admiministration og «Opposition» netup i engelsk Meining. Det er Ministerkandidater og Ministerar med sine Organer, som her staa mot kverandre. Og daa tvo slike Parti altid ero nyttige for Landet, so bør det halda Livet i desse tvo «Organer,» og lata dei slaast, so det ryk og det fyk.

So dei kverandre i Flettune sleit.
Sigrid laut sleppa, naar Sæbyggja beit.

Ja Folkebladet fortener ærlegt Morgenbladets Harme. «Eg dømer mi Magt etter Harmen imot meg», sagde ein Politikus, og det er ingen daarleg Gradestokk dette. Den vilde soleids f. Ex. passa godt paa Morgenbladets Hat og Sinne mot Sverdrup.Sverdrup] Johan Sverdrup, jurist og politikar Han maa og vera leid for dets kjære Parti.

Det er no ikke at taka alt i den beste Meining, at tala so som eg gjere her heller. Kvi kan ikke Morgenbladet og vera dydigt, og sjaa burt fraa «Personer», naar det talar med slik moralsk Harme? Ja, seg det! Det trur vist sjølv, at det er den reine Dygd, som driv det. Men her kjem so mange Ting til, at det vist undskylder meg, om eg her tek dette paa denne Maaten.

Kven vil forsvara Folkebladets Framferd i desse Pengesaker? Men kven vil heller forsvara Morgenbladets Aatferd med at driva dette store Blad so paa Rov og taka in alle Penge for det? Det er og ein Svindel og nokot «umoralsk», men under andre Former. Fraa den «moralske» Side kan det vel vera ytt som bytt med desse tvo Blad; men juridisk tapar Folkebladet, det er greidt nok. Morgenbladet svindlar paa Folks Hang ved nokot tilvant, paa «Træghedsmomentet»Træghedsmomentet] retta frå Træghedsmonumentet i Nationen, som Physikeren vilde kalla det. Det gjev Folket Stein istadenfor Braud og Orm for Fisk, medan Folkebladet svindlar paa Folks Tiltru til nokot Nytt. Det eine dreg sine Ryttervekslar paa den svundne Tid, og det andre paa den komande. Grammatikalsk talad stend det eine i Imperfektum og det andre i Futurum. Der er ingen af deim i Præsens med sin Valuta.

Tru det derfor ikke vilde vera best, at desse tvo Blad ikke taka Ordet «moralsk» faafengt, og halda seg til det Skjemtefulle liksom Dølen? Lat Andre tala om det, som hava større Rett til det. Eg kan heller aldri tru, at Folkebladet i sit Svar kjem med dette Ord. Det verdt vel stortraavande og soleids skjemtefullt paa den Maaten, men knapt moralsk.

Ja, her er mange skjemtefulle (og mange vil vel og segja «moralske») Ting ved denne Sak. Ut paa Laugedagen, daa eg undrad meg, kvi Folkebladet ikke kom ut, saag eg Skillingmagazinet ganga paa Gata med Bogtrykkaren og ein Morgenbladsmann, og eg forstod snart Samanhengen. Det er sagt, at Skillingmagazinet gjekk den Dagen som i ei Høgtid og liksom «takkad Gud for sine Fienders Fall». Folkebladet er nemlig likso atalt eller inderleg leidt mot Skillingmagazinet som mot Morgenbladet. Det er ein Kappare eller Koncurrent, og det nett ein faarleg ein. Magazinet hadde derfor den beste Grunn til at koma i Sundagsklædom, naar Folkebladet ikke kom ut. Og Morgenbladet rækker det og ei hjelpsam Haand. Det er eit agtad og hæderlegt Blad det, som Folkebladet ved sine Svindlerier trampar ned. Eg undras no, om det ikke vilde vera best, at lata dei «moralske Begreber» her og vera utanfor Striden? Skillingmagazinet heve sit Lotteri, og det er vel ikke værdt at blanda Moralen in i det, om so Politiet er med under Dragninga ut af Lodder. Det er Spekulation, godt og vel, som naar Morgenbladet stend i Imperfektum og Folkebladet i Futurum.

Ja ja, her er Strid i denne Verda. Den Maten, den Maten!

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Bladsjå. Dølen om pressa 1858–1870

Spalten «Bladsjaa» dukket opp for første gang i det tredje nummeret av Vinjes avis Dølen (07.11.1858), og for siste gang i nummer seks av den siste årgangen (06.02.1869). Disse tekstene var kommentarartikler som tok for seg aviser og avisdebatter. Som både redaktør og journalist for ukeavisen Dølen (1858-1870) fulgte Vinje med på både den nasjonale og den internasjonale pressen i samtiden.

I denne tekstkritiske utgaven blir alle bladsjå-artiklene for første gang utgitt samlet, redigert av Kristian Lødemel Sandberg, og utstyrt med innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og navnekommentarer.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap, med støtte fra Norsk kulturråd.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.