Einer Tambeskielver

av Johan Nordahl Brun

Forord ved Olav Solberg

Da Johan Nordahl Brun i 1772 skreiv og gav ut tragedien Einer Tambeskielver, var han inspirert av eit verk som aldri heilt hadde vore gløymt sidan mellomalderen – Snorres Heimskringla. Humanistane hadde brukt Snorre som underlag for krønikene sine, og Snorres kongesoger hadde vore omsette av Peder Claussøn Friis. Sjølv bygde Brun mellom anna på Snorres Norgeshistorie, og Einer Tambeskielver skulle i neste omgang vere med på å gjere Snorre kjend for eit større publikum.

Men inspirasjonen frå Snorre var kanskje eit tveeggja sverd. Snorres skildring av Einar Tambarskjelve i sogene om Olav Trygvason og Harald hardråde høyrer til det beste han har skrive. Ingen av Bruns tragediereplikkar er på høgd med dei replikkane Snorre tillegg Einar: «Noreg or hendene dine, konge», «For veik, for veik er kongens boge», eller «Mørkt er i kongens mål-stove». Brun kunne heller ikkje vite at den genren som han sjølv la grunnen til på norsk jord, det nasjonalhistoriske dramaet, skulle bli ført vidare av Bjørnson og Ibsen, og at deira innsats skulle setje han sjølv i skuggen.

Likevel fortener Bruns Einer Tambeskielver å bli vurdert på eigne premissar, som eit fransk-klassisistisk drama, og som vårt første drama om eit nasjonalhistorisk emne. I tråd med tradisjonen er stykket skrive på aleksandrinarar. Det har fem akter og respekterer stort sett kravet om einskap i handling, tid og stad. Eit fransk-klassisistisk drama skal ha ein tragisk helt, velmeinande, men med ein viss veikskap i karakteren. Helten skal kome i klemme mellom dei krav som stillest til han av andre, og hans eiga oppfatning av plikt og ære. I Bruns drama blir helten Einer stilt overfor kong Harrald haardraades ynske om krig med Danmark, mens han sjølv er overtydd om at fred og respekt for lovene er det beste. Enklare blir ikkje valet at sonen Endre og kona Bergliod også har klare – og til dels motstridande – oppfatningar av kva som er rett. Einer Tambeskielver endar med døden både for Einer og sonen hans, men kongen viser seg å vere ein edel motstandar og i det Einer rykker pila or brystet og døyr, lovar han å halde fred.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Einer Tambeskielver

Einer Tambeskielver ble utgitt i 1772 og var den andre tragedien Brun skrev. Stykket er skrevet etter fransk-klassisistisk mønster, men emnet er hentet fra norsk historie.

Handlingen er lagt til Trondheim en stund etter Olav (den hellige) Haraldssons død i slaget ved Stiklestad 1030 og handler om konflikten mellom Einar Tambarskjelver og kongen Harald (Hardråde) Sigurdsson.

I motsetning til Bruns første skuespill, Zarine, som oppnådde stor suksess på scenen i København, ble ikke Einer Tambeskielver godt mottatt. Skuespillet ble oppfattet som for nasjonalistisk og som en trussel mot det danske eneveldet. Stykket ble derfor ikke oppført før drøyt tjue år senere, i 1793.

Les Ellen Nessheim Wigers innledning og kommentarer

Les mer..

Om Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun utga verk innenfor ulike sjangere (skuespill, dikt, salmer og viser). Mest kjent er han for påskesalmen «Jesus lever, Graven brast», for den patriotiske drikkevisen «For Norge, Kiempers Fødeland» og Bergens bysang «Udsigter fra Ulriken» (bedre kjent som «Jeg tog min nystemte...»).

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.