I eventyre

av Olav Duun

Lande i eventyre


I.

27Odin måtte gnu auga både lenge og vel om morgonen, før han kom etter kor han var: lofte tett nedpå han, og veggene som såg på han, dei smilte så frammandt til han; dei kjente han, men ikkje han dem; og så denne låta ute, alt dette som skråla og skreik og ikkje gav fred – Kjelvika og sjøfuglen! Ja visst, det var her han var, no hørte han enda klokka, – ho let ikkje så vondt som i gårkveld, det var lyse dagen. Berre han no fekk rava på seg klæane litt svint. For han var borte hoss folk no og var gjætar.

Han gjekk over den tanken litt velare med han klædde på seg. Det var det at dei trong han ikkje heime, for krøtermarka der var inngjerd på alle kantar med skigar og brattfjell; og ho mor var bra glad i gårkveld, at han våga å vera att her. Ho hadde kanskje nemnt det alt, til einkvan, og dei var einig med henne i det at det var mykje av slik ein sju-åring. Og just no tenkte ho på det. Han såg opp og var spilande 28forundra: Ja, det gjorde ho, no med han sat her, no stod ho bortmed kjøkenbenken og kom i hug det! Men så hadde han ikkje tida til å undrast meir på det, for kor var dei, sjølsegfolke? og kvifor hadde dei ikkje vekt han så han kom i veg med krøtera i rett tid? Ho Gurianna var helst i sommarfjøse, var gjerne ferdig der no, for dei hadde berre to kyr som mjølka, og så gjeiteteksene; dei var plassfolk her. Det var berre å jaga buskapen om morgonen, det var i kveldsøkta det var eit grand onnsamt, hadde han Bendek sjøl sagt.

I kjøkene møter han Gurianna, ho kjem inn med mjølkespanne. Ho var like svart som i gårkveld; han tok eit steg attende.

«Æ somna tå æ!» seier han, litt sandut i måle.

«Gi dæ tia, ban!» ho ser på han med små smilande auga, og han stig enda eit føtt attende. «Vi villa da ikkj jaga dæ hu-stups åt gjættmarkja heller. Vil du ha sildroppi?»

«Ja takk!» stotta han. Han skulde ha sagt at ho skulde ikkje vøre å traktere, men det kom bort for han, og straks etter var han levande opp i under:

«Ka det e for slag det da – sildroppi?»

No smilte ho att, han vart berre ein tullvalle for henne; men ho var visst ikkje slik at ho gjorde ein noko. Han fekk ein stor kumme med ferskmjølk i hendene, og eit drikk! attåt som ikkje var å sleppe unna. Her stod han ja og 29visste kva sildrope var, og no kom det opp kva slag krypsyl til gjætar dei hadde fått, for ferskmjølk smakte han ikkje, det vendte seg i han straks han kjente meininga av det. Han syntes han stod der ei levetid, men det var ikkje lang blinka, så hadde han råda i hovude, og ho var god; slik kom ho støtt når det var om å gjera. Eg vil gå utpå dørsteinen og sette meg, sa han. Og rettelig godgjera meg, la han til, for slik sa han farfar somtid. Han tok seg ein munn like vel, så han kunde seie han hadde drukke, grøste all igjenom og tømte resten i hønekoppen som stod der, for den var det mjølk i før. – Så, Odin, no stod du over det der.

Og dagen gjekk i ei einaste solblank undring, frå ting til ting som rann imot han og vart overmanna, eller kom og gjorde seg kjent med han. Først var det alle dei rare små haugane med einer og lyng og ingen skog, og fjelle oppetter, der gjeitene kleiv himmelshøgt i rindane og mekra ned til han, og så var det stranda frammed, med grasslettene og tangbeden og kvitsanden og alt det rare som der fanns, han sprang og fann, sprang og fann, – han fann beine tå ein fisk einstaden! Han fór heim med det med ein gong – hadde dei sett maken? Nei nei, det var ikkje av håkjerringa, men han sette hendene i lomma og slong av nedover med stor ro. For dei var rare, både han Bendek og ho Gurianna, dei lo mest ikkje det grand til han om han kom og var toskut, og spurte han, så svara dei liksom 30han skulde vera eit vaksemenneske. Han var no gjætargut for resten, og sia vart han ein heil kar, det sa Bendek. No tok han fart att, liksom undringa saug han med seg: hadde nokon sett dette her før?

For dette her, det var det han gjekk heime på Vennestad og visste om; det var lande i eventyre! No var han der, og minninga om heimen og den tida var berre som ein lyd langt unna. Han hadde stana og stod blå still med han såg det for seg, og i det same ser han eit vidunder nedpå sjøen. Det bragla tett i tett heile sunde over, sømte og smatt og synte seg fort vekk, sølvfisk og gullfisk og all slag fisk, sjøen var levande alt med seg. Han undrast ikkje, for sjøen han var truande til alt i hop, og der skulde han bli ute for mangt, blinka det gjenom han. Han kom stor og vaksen opp til husa, slik han Bendek vilde ha gjort om han hadde komme ut for einkvart overhendig. Sjå ut! seier han. – No da? Ja, sjøen er full tå fisk, det er så det kokar.

Bendek kom, men han kom ikkje fort: Korhelst da?

Odin peka stort og rundt utover sunde, der sola speila seg i småbåra.

Bendek drog på andlete. Så fortalte han korles det hang i hop. Odin fór det over på nytt, med eine auge halvt i hop. Nei nei; det der var gjerne ikkje fisken, men her var nøgda av han, det kjente han tvert igjenom seg.

31«Han e vel obergeli jup, sjøn?»

«Går over hue på dæg ja,» humra Bendek. Og straks etter la han til: «Du synes her e mangt her, mein æg?»

Det hoppa i Odin. Det var så for utrulig at ein vaksenmann visste det slik og sa det til han; han vart ståande med munnen open, svara ikkje eit ord.

Han var reint oppråd eit tak utover dagen. Her var hundre rare ting, men ikkje ein å komma heim med og fortele om. Han fekk kanskje ta og kalle dem far og mor likevel, for det hadde dei snakka frampå om. For han skulde ha gjort dem glad, det var det. Det var skrot ikkje ei av kyrne hadde gått seg ned i myra, for da kunde han ha – ja, han kunde i alle fall ha sprunge heim og henta hjelp. Eller om det vart ei ulåt nedmed sjøen, og der kom ein sjødevel krypande opp og vilde ta dem, og han Bendek som var så sein til å springe – – så kom han Odin gytande og narra ufreskje etter seg, slik rypemora gjorde her i sta, slik! og så plaga han ut beiste så det sprakk, og så var dei frelst. ÅÅ] rettet fra: A (trykkfeil) ja; det vart alltid ei råd; han kom til å gjera dem ei beine som var noko.

Han kom heim og fortalte den eine hendingen sterkare enn den andre, om eit overhendig molterom oppmillom haugane, om far etter klodyr, og siste gongen om einkvart hunden hadde vorte for oppi marka ein staden, det måtte vera noko utrivelig, for han reiste busta imot sjølve 32berge – kanskje det var bjønn eller bergtroll? Kanskje det vart rettast å ta heim krøtera? – Nei, meinte Bendek. Hunden, den karen han såg mangt slag som ikkje folk kunde sjå; det var ikkje noko å akte på nei.

Da vart klæane kalde på kroppen, for aldri hadde han trudd dei skulde tru på det han kom og fortalte, og var det verkelig så at hunden –? Men munnen fór i veg, i eitt vêr, og det var nær på han gjeispa, slik tok det i han: – Eg såg no snerten i det eg òg, det var til helvten ei kjerring og til helvten som eit dyr, det tenkte seg fram unna storsteinen, men så vart det vâr meg, – det er berre slike som sitt i berge og svarar når vi ropar, la han til, for han vilde ikkje skræme dem.

Bendek stod og lo, da Odin vart vâr han, langt inni seg og humrande godt:

«Du e ein litin skrønmakar, mein æg?»

Odin smilte, såg ned og sparka i jorda med skotåa. Slik leit var det når dei let over seg for kor vakker ein gut han var. Han hadde glømt seg urlite; for han hadde hørt det og kunde det, at han skulde snakke sant. Men det var ikkje farlig. Det vart alltid ei råd med den tingen.

«Du skuld ikkj spøk med det som vi ikkj sjer!» Bendek sa det i ålvor.

«Stand ikkj å skrem guten!» sa Gurianna, ho stod der og skura eit kjørel.

33Var dette treskone han skulde få? Han var over dem i same blinka, og no hadde han dem på, eit par nye ope-tresko som Bendek hadde gjort, berre tresolen å kalle og ei reim over rista. Bendek spurte korles dei kjentes å ha på seg. Det her var karen sin til klæ-plagg! lo han og kuta rundt stua.

Han sprang og snåva i eitt vekk, da han var oppi marka og jaga heim krøtera til kvelds, for dei var fule med det, treskone, at dei stal føtene unna ein rett som det var, og merkelig så stilt som her var i marka, når han først ansa på det, og slike digre storsteinar her låg og såg etter ein, allstads? Men krøtera var gode å ha her, og hunden, – han såg på han og tok som ein takst på han –, dei var visst ikkje huga på hund, bergtrolla og det der som ein ikkje ser? Kan du ikkje gjøy! ropte han til han.

Dertil så song det i han heile tida: «Ette kveldvaren ror vi ut.»

Odin lo da han kjente båten flaut under seg; han lo så det lya over sunde. Han sat på framtofta og stakk med åra si. Tunga vilde ut i eine munnvika, og pannehuda vart stinn, for det var om å gjera at ikkje krabben tok åra, hadde Bendek sagt. Gong for gong var han der og tok i henne, men han var glad han slepte att. Sveitten tyta fram, men så rann òg lande framom dem som det var smurt, og nedi sjøen kom det tangklyser og sandbotn, storstein og svart vatn 34villig vekk, og der tok krabben åra hans for ålvor! Bendek kom ut av takten.

«No sleft’n igjen!» ropte Odin. «Men han var stor

Og der såg han Gurianna oppmed stua, ho stod med handa til spjell over auga og såg etter dem. Ja ja, ho vart ikkje med denne gongen, ho kunde da ikkje vente dei skulde vera tre mann i færingen? Mora kom òg for han i det same: ho vart heller ikkje med i kveld.

Så, no hadde dei agn i sjøen, no kunde det bite kva stund det skulde vera. Odin syntes huva letta seg på hovude. Han dyppa ikkje åra meir. Dei rodde over fisk no, det kjente han. I det same gav det ein liten rist i båten, og Bendek la i og svor. Det hadde vore ein sei i venstre trøa, men han sat ikkje. Da Odin kom seg etter det, seier han ålvorsamt:

«Dokk må ikkj bannast!»

Bendek måtte sjå seg attover aksla: Jaså? Så mumla han, da han var i roinga kommen: – Nei nei, for resten. På landjorda så. Men fiskaren, han får vita anna han.

«Dér! dér!» skreik Odin, og no stod trøa i boge, og fisken og Bendek regjerte med einannan så guten gol høgt. Det var ein diger raudtorsk som hadde hogge på, ein tarejadd dei kalla, og i det same Bendek kleppa han inn, kom Odin stupande attgjenom og greip han med båe hendene.

35Han merka knapt at han vart gripen over nakken og hivd framgjenom båten, men da Bendek snudde seg til han, kraup han i hop som hunden, syntes han vilde komma bort der han sat.

«Fjellfinn!» sa Bendek, men straks etter humra han, og den lyden syntes Odin var det vakraste han hadde hørt. Berre det ikkje vart for lenge til Bendek låg i vatne og drukna og Odin kunde komma og berge han!

Men der var seien, først på den eine trøa og så på alle tre, og no stod sjøen ikring dem i eitt kok.

«Fanken han rett!» sette Odin i.

«Du må ikkj bannast!» åtvara Bendek.

«Nei, på landjorda nei – men skynd Dokk da – dit

Det stod på ei rid, men så var det tverslutt. Odin sat som på glør, for på andre sida skjere, der var han, det var ikkje vandt å kjenne. Men Bendek visste det sjøl, for no la han den vegen, og straks etter var dei borti han att.

Odin undrast ikkje på at fisken var der han trudde. Han fann gjernast det han leita etter, på det vise at han kom dit tingen hadde vore, og så rekte han liksom vegen etter han dit han var. Her var det levande ting å leite etter. Det var rart ein ikkje vakna og berre hadde drømt det.

Inn i denne draumen song måsen og tenna, måsen og tenna, og sjøen kring skjera hadde 36same måle; og blånaen rundt lande song det same han. Det var ikkje til.

Da dei var i heimvegen, datt Odin av tofta utan han merka det, og sov med hovude på tilja til båten tenna frampå i støa. Da skjein alt sola imot han over sjøen, ei stor og raud sol. Det var ikkje å tru på, noko av det ein såg. Om det så var enge oppetter vollen, så smilte det ukjennelig gjenom sømnen og mot solskine, karve og blåbjølle og soløy; han var den første som hadde sett dem. Fjellpyntane var det slikt slag med, og sjøen han skapte seg om berre med ein såg på han, rann ut i raudblankt og mjølkekvitt og all slag fint skimmer. Dagane elles dei var ikkje til.

Han hadde ikkje sovna enda da dei kom og la seg. – Han søv, han, sa Gurianna. – Hå ja ja! gjeispa Bendek. – Kjem for meg det bli ein galant gut. – Å ja da, ja da; kan bli kva du vil; både prest og sjørøvar, han san.

Odin snudde seg, så benken riksa og varskudde. Det var for sant til å ligge og høre pa; og ikkje skulde han lye heller, på dem. Så vildra det litt for han; og så seig han inn i lande sitt for ålvor.

Han låg blå vaken, best det var, kom stupande ut or ein vev med draumar og såg seg i kring. Midt på natta skulde det vera, og lyst som dagen? og klokka ho peka på fem? Han låg still og såg fram for seg. For ho var her; no i sta. Havfrua. Sist han såg henne, var ho 37berre barne, men no var ho vaksi havfrue og kom sømmande til han så det skjein i sølvrist over all hennar kropp. Men same andlete, og same auga, og så smilte ho til han, at her budde ho, og dei to, dei – – –

Borti senga sov dei, jamt og tungt.


II.

Kvar dagen vart eit eventyr. Her var meir enn han vann å undrast over, han hadde nok med å fara over det og vinne på det, nedmed sjøen og oppi marka og kor han snudde seg: stein og byskje låg og gjømte på alt ein ikkje visste om, og han var den einaste som fór her, og åtte det og rådde over det, trollverk og gode ting om ein annan, så hjarte sette i veg og dulpa gong for gong. Og så han far, han Bendek, og ho Gurianna. Dei visste einkvart. Gjekk ikkje an å spøre dem eingong. Han spurte støtt, men aldri om det som det var mest om å gjera med. Som den tingen, at han far banna somtid. Han som visste kor farlig det var. Eller det at han las fadervåre om kvelden og ikkje om morgonen, hadde han vore utsett for einkvart, kanskje, nattens tid? Og kvifor såg ho Gurianna ut liksom ho hadde stole? Ja, og kven var det i grunnen som budde i hus som stod tomme? For dei var der tydelig nok, tett innpå han, helst nedi nauste. Sprang gjorde han ikkje for det. Det var ulovlig.

Ho mor heime på Vennestad, ho hadde 38Vakkermannen med seg; det hadde ein når ein ikkje glømte seg og laug eller banna, og slik vilde han òg bli, sia ein gong.

Odin var ute i Vestmarka etter sauene ein dagen, eit par månar seinare på sommaren. Han sprang ifrå tuve til tuve og rava i moltekart, i stor forundring, for her stod han verkelig denne karten han hadde fortalt om, og no hadde han snart huva si full, og no skulde dei bli flate, dei heime. Men her var for mykje av han, det kunde ikkje henge rett i hop dette her? Det fekk vera som det vilde, ho Gurianna skulde ha han lel; ho kunde ikkje noko råd for ho var så svartherd og kald å sjå til. Her ein dagen hadde ho mest sett blode i han, for da sat ho og røykte da han kom rennande inn. Pipa var som trolla vekk, og han vart ståande i døra ei lang stund. Raka seg gjorde ho òg, hadde han komme etter. Men no skulde ho få molt! Karten voks opp verre og verre, stod og flirte og gjorde seg raud til han all vegen bortetter, og sauene skulde ha vore heime for lenge sia!

«Ja!» sette han i, best det var, for det hadde ropa namne hans nokonstads. Det hadde komme ovant fjelle eller lufta, eit framandt mål. Der! no ropa det att. Han står og ser seg i kring. Da kjem det ein gut opp over haugkanten framfor han, og straks etter ein til frå andre leia, og vegen heim stenger dei for han. No lét han, den eine – no svara den andre – no svara det allstads bortimillom haugane. Det var han 39dei song over, dei hadde han no, for det var deira kart han hadde rava i. No var dei fire, og same stygglåta på dem alle i hop: «Alio-alio-alio-ei!» Skinnhuve på hovude alle fire, og raude undertrøyermar og blåe vestar. Dei hadde vakse opp utor marka her.

Han leita seg ei lang rot-grein og stod med.

«Ka dokk vil?» ropte han.

«Molt-tjyv!» gol dei, og så sette dei i songen sin.

No var dei her, kom sigande inn på han frå alle kantar, og to av dem var større enn han. Det var folk likevel, trudde han, og da måtte det vera lovlig å bruke rudda?

«Molt-tjyv!»

Odin vart heit om øresnippane, tok og tømte huva midt framfor dem – der hadde dei! Å stela var det styggaste han hadde hørt om.

Men dei var like blanke i augekrikene. Da gjekk det opp for han, at her skulde han ha bank. Ja vel, men da vart det lovlig å slå. Han drog til den fremste av dem med sveigja, sprangsprang] rettet fra: spran (trykkfeil) inn på den største og tok ryggetak og gjekk overende med han. Dei andre over han, og no vart det i ein eld med nevedask og støyt og spenn. Odin klara dem tålig ein for ein, og han syntes han klara dem tålig alle i hop. Han sloss så lenge han såg.

Så vart han åleine. Dei hadde sokke ned i marka like uventande som dei kom – det hadde visst ropt paa dem.

40Det tok litt tid å få naseblode til å stane, og auga var ikkje stort til å sjå med, men han kom seg da opp i lia og fekk med seg sauene heim. Her skulde ho mor ha sett ein med blod på, ho som dåna berre ho tenkte på det. Han smiler gong og annan: Slik – slik stod eg, og så beint på dem, he? Det er det likaste eg har vore borti nokon gong.

Men da han fortalte det heime i Kjelvika, fekk dei rukker i panna. – Han måtte da ikkje slåss! sa Gurianna. Bendek sa det same. Da vart han stirøygd:

«Æ forstod det da slik? At det mått te

«Legg dæg alder ut med mang-mann’ nei, med overmakta.» Det var Bendek som sa det. – For Jørnstrand-ungane var eit u-sed til ungar, la han til.

«Va det berre dem da? Skuld æ ha rømt da?»

Dei la ut for han om at slåsting var både stygt og farlig, skikkelig folk heldt seg unna og kom seg pyntelig ifrå det, og Jørnstranda det var ein plass enda lenger vest, under Nesse, og dei derifrå skulde han halde seg langt unna. Odin stod som han hørte på, og prøvde det verkelig alt han var god for; men best det var, datt det ut av han: Eg undres på korles det går næste gong eg. Han vart raud og skjemt, og skyndte seg i veg med: Nei, eg skal springe min veg – eg skal vel klare det!

«Ja, gjer det du, ban!»

41«Æ ska prøv!» Men eit tungt tak måtte det vera.

Seinare på dagen spurte han Bendek om han hadde gjort det nokon gong? Kva for slag? – – Å snu ryggen til dem og springe unna? Bendek sa berre um! og hum!

Da visste Odin det var umulig for seg, enno. Og næste gongen han gjekk seg på dem, bar det i hop med det same. Han fekk enda meir bank enn sist, men han trøsta seg med at han hadde gitt meir òg; og heime skulde dei mest bli like slug, naar han berre vaska seg til gagns.

Gurianna spurte like vel. Han nekta. Det var ikkje stort styggare det enn å gjømme pipa når det kom folk. Straks etter kom Bendek og spurte. Da tilstod han det med ein gong. «Det bar ikkje likar te nei», sa han, og Bendek han måtte le.

«Du ska tru æ smord opp dem! Bevare dæ kar!»

«Skrytlaup!» Bendek gjekk beint ifrå han.

Odin kunde ha gråte. Han, som hadde meint på å ikkje lyge eit ord meir. Styggmannen, som mora hadde fortalt om, var han ikkje stort redd, men det kjentes som han hadde sprunge med nasen imot ein kvist. Skulde det aldri bli siste gongen da? Nå, det skulde alltid bli ei råd. Og elles så skulde dei på seisjøen.

Einkvelden sa Gurianna at han fekk fli seg og vera med bort. Han såg på Bendek, for det var eit sjøvêr som var storveges. Men Gurianna 42sa at det var kvinneforening på Vennestad, og da slokna det over både seisjøen og Kjelvika.

Vennestad hadde vakse, denne tida han hadde vore borte. Hus og allting hadde skapt seg om. Men han vilde ikkje vera der, det var så tomt allstads. Det vart ikkje mange orda mora fekk snakke med han. Ho kom ut i Eilertstua med han var der og såg seg om. – Har de ikkje hund heller her? sa han. – Hund? – Ja, for det har vi, og det er malli til kropp, skal du tru; han ser både det som er og det andre, og ikkje er de på seisjøen heller om natta? Ho måtte smile, og Eilert med, for dette var som å høre han Bendek sjøl.

«Du lika dæ godt i Kjelvikja, mein æ?»

«Ja, better-de, ban, dér – –»

«Nei, men Odin, du må da ikkje bannast!»

«Nei, æ mis-snakka mæ, det va hålade æ skuld ha sagt!»

Mora stivna i andlete og såg på Eilert.

Guten var ute alt. – Det var ein liten snev med juviking i han, smålo Eilert. – Det var det minste eg hadde frykta for, sukka Elen. Men slik måtte det vel bli når han kom ut i villmarka.

Han la i veg føre, da Gurianna kom og skulde heim. Mora ropte etter han, at ho måtte få seie farvel. Han kom og gav henne handa. Da vart han gudnådslig skjeiv i andlete ei blink, berre barne, så ho måtte skynde seg og få det overstått. Da var han Bendek med det same, runda ålbogane, knytte nevane og gjorde ein link med høgre tommelfingeren opp og ut:

43«Du val lava så vel da!»

– – – – Ein dagen sist på sommaren fór han og streppa vestmed strendene og kom dit han aldri hadde vore før. Av og til lya han, for Jørnstrand-ungane vilde han ikkje i kast med oftare, han heldt på og vart eit skikkelig menneske no. Han kom klivande nedover ein haug, skulde ha sett kva som var der bortom før han snudde, det kjentes som det skulde vera einkvart merkelig å finne der. Kanskje det var noko som sjøen hadde komme med. – Der var ei fin vik. Sjøen gjorde ein sving inn, og der skjein kvitsanden med småstein og skjel, og ovanfor der ein liten fin voll. Og der sat det ei lita gjente i sanden og trøydde seg. Hjarte la i veg litt fortare enn vanlig, for det var ikkje sant det han såg, og ikkje var det lovlig å snu heller, han måtte ned til henne.

Ho vart ikkje skræmt. Ho såg berre på han. Nei, ho var ikkje havfrua hans, nei, ikkje fullt det, men ho hadde ein vakker bundi-vest på seg, og raude sokkar, og på hovude der hadde ho ikkje noko. Håre hennar var mørkvore.

Var det kyrne hennar det her? han pekte på nokre skjeler ho hadde.

Ja, og enn han da? kven var han for ein?

Nå, han var no – ja, han var gjætarguten i Kjelvika.

Å, den karen. Ho såg på han eit tak og smilte så halv-veges, og da var det ikkje langt ifrå at ho var havfrua lel. Så reiste ho seg og kosta ruske av skjørte sitt, og lo:

44«Trur sanneli æ får lopp på mæ i sand’ her. – – – Men du må ikkje fara og ta molt på vårt vald,» la ho til. «Gutungan kund skamslå dæ forderva!»

Han såg på henne, litt tom i kjakane: Ho var søstra deira da? Det var ho som heitte Karen-Anna! Ho var ei rar ei, likevel. Det var skrot han ikkje hadde noko å gi henne. Men vilde ho, sa han, så skulde han gjera henne ei tre-ku som kunde både springe og gaule, kva ho sa om det? Ho lysna så vakkert med det same; men så fór det ein ny lått over andlete hennar:

«Jau–visst?»

«Nei, men. Visst æ ha kunna så.»

«Ha du gitt mæ å da?»

«U–betinget!» For det sa han Bendek når han var rettelig stø på einkvart.

Så bar det til å gå kvar sin veg. Men dei gjekk og såg att, alt i eitt. Ho sprang elles, stykkomtil, ho var så glad og så kåt, og der vart ho borte attom haugen.

– – – – Han fann henne der mange gonger. Brørne hennar fekk nysn i det, og etter den dagen vart det meir ugreit, for slåss vilde han ikkje meir, og slett ikkje så ho såg på. Dei fann seg rom for rom, men gutane var etter dem og gygna; dei måtte heilt fram til Kjelviknauste på sisten. Des rarare var det når dei fekk vera i fred ein dag.

Når han var åleine, kom ho alltid for han 45som draumen og havfrua, men først ho var der, så var det berre gapen og trøyheita, for det ikkje ho fann på, det var ikkje til. Han stod og grunda somtid: at han ikkje hadde ansa på det før at det var moro i kvar ein ting! Han hadde da visst der budde einkvart i same kva det var. No vart kvar steinen til eit hus og kvar stubben til ein mann, og med kvart klædde ho seg ut og skapte seg om, det skulde ikkje meir til enn ei garnflære, så var ho ein gudsengel med venger og stell.

Men da retta han seg bein: Ho skulde tru han hadde sett nifske ting her, i nauste og oppi haugen! Ja, hadde ikkje havfrua komme og hjelpt meg, her ein kvelden, så –

«Havfrua du! Din vassadall te kall!» ho skuva han så han trilla, og lo seg mest i hel. Men straks etter bad ho, og da var ho hjartans god: Kan du ikkje lyge i hop einkvart igjen da? Ikkje noko nifst, men –

Da det vart seinhausten og kaldt, fekk dei komma inn i Kjelvika og leike med dei vilde. Karen-Anna skulde bli kona hans. Det sa ho Gurianna, og det var sant. Med tid og stund, sa han. Ho var eit år eldre, og tok til å gå på skolen, og da vart han åleine lange tider, kunde ikkje eingong komma i hug korles ho var. Utan henne kunde han ikkje ha levd denne vinteren i Kjelvika.


III.

46Først grasserte stormen og storsjøen ei lang tid. Da hendte det om kveldane, at Bendek sette seg borti benken og fortalte eventyr. Det fanns ikkje det som utrivelig var i dei eventyra, det var blanke solskine og kvite englane, og slang det ein skarv imillom, så vart han sittande i klemma og fekk det han fór etter. Om dagen var dei ute og leita rak-ved, og da kunde ingen vita kva dei fann. – Da snøen kom, gjorde Bendek han eit par ski. Så dagane var det ikkje farlig med. Om kvelden kunde det vera verre. Han vart vâr himmelen, og den var han redd. Han visste ikkje sjøl kva gale han hadde gjort, men himmelen, kveldens tid, den kunde han ikkje sjå i augesyna. Somtid var han mørkblå og tett nedpå ein, så ein kunde høre stjernene, dei kviskra og trua. Andre kveldar var han gulbleik og høgt høgt over fjelltoppane; og tidomtil stod han med brandgule gloa vest over skjera og stirde hit. Av og til var det hilderstilla i mørkre, og da stod hunden og søkte imot fjæra, busta stod og grøste til vêrs på han. Da vart Bendek ikkje stort meir hell ein gutetrave han heller. – Men oftast var det vind. Han var heller ikkje for god å høre på, han streppa land og strand i kring, og tuta og fortalte gjorde han, og ingen kunde forstå han. Men han var da ein kjenning.

47Så vart det våren att, og så vart det sommaren, og Odin var ein herre i lande sitt som før. No kjente han att seg. Det vart same sommaren ein gong til. Men han hadde fare sin veg før Odin vardest.

Utpå hausten kom silda i sunda. Ho kom som ho var trolla fram. Odin vart ståande og glåme beint fram i vêre eit lite tak: ho hadde stole seg inn på han utan han merka det slag. – Han var med og sette om kvelden, og han var med og tok opp om morgonen før det gråna av dagen, og sia stod han i fjæra og tinte av sild som ein vaksenkar; krøtera fekk andre sørge for. Morgonen var det raraste. Da kom Bendek og vekte han, i kulande mørkre: – Skal du verkelig vera med da? og straks etter var han i klæane og ute, og i veg fór dei på fastande hjarte, med allting sov rundt omkring. Einast nymånen var oppe, som eit tegn på himmelen, og rimfroste lyste nedetter vollen og synte han fram som eit ukjennelig andlet. Morelden gneista unna årane, og båtar kom det stomlande frå alle kantar og leita seg fram til garna sine i gråmørkre. Odin var hol i magen av spaning, når Bendek tok inn hørnsteinen og garna kavla tørt utfor bakskotten. Sild, sild, det var som Bendek velta sølv inn i båten, ein levande, braglande sølvstokk, han Bendek stod der og vart rik! Når det var slutt, syntes Odin han vakna utor den draumen og trong tid før han fekk pusta seg opp.

Spurte dei han korles det gjekk med silda, 48tagde han litt først, og spytta, og så sa han jau takk, det var ikkje kleint heller. Best dei stod og han var åt å gå sin veg, kom det stort og tungt:

«Her e ein vanna med sild!»

Han hadde hørt det ordet av Bendek. Det var gammalt og sterkt.

Men ein og annan morgonen vakna han og såg lyse dagen i vindauga. Bendek hadde fare i veg åleine. – Du måtte få sova ein dag, sa Gurianna. Dei dagane hadde Bendek fått dubbelt så mykje sild, kom han etter, og det merkeligaste var at den silda skulde han ikkje sjå; Bendek stengte naustdøra.

Silda kom bort likså uventande som ho hadde synt seg. Da først mintes han Karen-Anna, – han kjente det på seg at ho hadde venta han fleire dagar. Han fann henne i vika deira. Dei rekte vidt omkring i marka.

Berrfroste stod blankt som isen frå himmelen og ned til jorda, og kvite isgrimene lo ned ifrå brattfjelle, og allstads i kring var det brungrått og klårt og fint, det var høgaste helga; og slik var ho Karen-Anna òg. – Du trur vel ikkje det du, at eg blir rik? – Jau? undrast ho. – Ja, for det er avgjort det. Eg bryd meg ikkje om at eg skjeivar skone mine inn, men det er eit merke på rikdom, du kan spørre han Bendek, – nei men, eg veit det lel òg.

«Han Bendek ja …» sa ho med seg sjøl. 49«Du skuld ikkj vara i Kjelvikja, Odin! Nei, for han bannest, han Bendek,» la ho til.

«Ja men, han les fadervåre ò.»

«Ja men, han stel ò, han stel sild tå garna åt folk.»

Først vart han mållaus, men så kom han seg og sette i:

«Dér lyg du så staurn står ti dæ!»

«Dem veit det all i hop,» svara ho lågt.

«Det e løgn, seie æ, han va ikkj heim eingong den tia, han va i byen!»

«Lyg?» Ho såg forfæld på han. For laug gjorde ho aldri, det visste han, ho var ikkje slik, det kunde einast vera for trøyheit ein gong. Men dette her?

«Du lyg, sei æ, og no ska du ha dengt!» Han reiv seg ein kvist og kom. Han vilde legge henne over knee; men ho vilde ikkje til, og like sterke var dei. Dei stridde hardt og stilt ei lang stund. Da ropar Odin, han er tjukk i måle: «Kan du ikkj ligg still da veikj, med æ får deng dæ!»

Ho slakna og seig i hop millom hendene på han. Men han kom seg ikkje i gang.

«Du val slepp for den her gongjen! Men det sei æ dæ – – –»

Dei vart sittande i lynge. Ho hadde tårane i auga, sat og reiv opp grastuster og mose. Da lova han seg, at henne skulde han vera god med til gagns når dei vart vaksne. – Lyg du aldri 50du da? spurte han. – Nei? – Nei, du som er veikje, veit du. Eg, eg er ein stor skrønemakar! Men eg skal venne meg av med det no heretter, det er ikkje farlig for meg.

Han sat og såg Bendek for seg. Han såg han åleine i mørkre om morgonen bortpå sunde, og i nauste når han stod og salta. Han såg når han skyndte seg heim med rakgods og gjømte det på mørklofte. – Jagu stel han òg! mumla han med seg sjøl. Ho kvakk og såg opp, og no reiste han seg; han syntes han vart høg som ein vaksen ein:

«Visst æ snakka åt ‘om! He?»

Ho lyste av forundring alt med seg. Auga hennar dei rann imot han, syntes han; dei var gråe i letten, men blåe attåt, likna ingen andre sine. – Ja ja, han fekk gå heim no.

Ho trudde det han sa. Da vart det inga anna råd enn å gjera det. Han vilde gjera det, visst sola skjein på stueveggen når han kom heim.

Ho gjorde det. Ho skjein fram om fjellnova over Jørnstranda med det same han kleiv over steingaren. – Kor han far var? vilde han vita. – Oppi haugen og reiv einer.

Han fann Bendek og gav seg til å slite i einen; men einen vilde ikkje opp. Nedover tok dei kvar si bør, og Odin hang tett i hælane på Bendek. Så stod dei på skottgaren heime og kosta av seg moske og skulde inn. Det heldt på og avdagast. Det var underlig tomt og stilt 51i kring dem og all vegen utover. Skjera dei svortna så rart.

Var det noko? spurte Bendek, han stod med brunene høgt opp.

«Dem sei det, folk, at Dokk stel sild, at Dokk fér anns-manns garn – det e løgn, sa æ!»

«Sa du det?»

«Ja, for det e løgn, høyri Dokk! Men kan Dokk ikkj lètt det vara lel da? Hell så reisi æ min veig!»

Han ser Bendek liksom han er langt unna, han står og smiler; han har aldri stått slik før. Odin må ta ein kvist og bite i. Bendek sette seg på sagbukken.

«Det e så med di, Odin,» mumla han. «Ja. Herifrå ja; reis sin veig; det va eit ord for oss bå to. Kjelvikja – dem nemni namne; meir veit dem ikkj om det. Mann’ skapa Kjelvikja. Og Kjelvikja skapa mann’. Det e no mi tru ja. Dem kan var gla som slepp.»

Odin såg ut i vêre. Han Bendek – dei vart ursmå imot han. Hadde dei sitte der på sagbukken og tenkt over det? Og somtid så sat han på ein stein nedi fjæra og tenkte på det. Det visste dei ikkje nei –

«Men ka det ska bli tå dæg, mein du? Å nei, for resten, det e ikkj fali med dæg, Odin. Visst det e oppreisning ti dæg. Fer ein annan ein e det fer seint.» Bendek sukka så tungt som fjelle, syntes Odin.

Så vart han sittande og rugge på seg og 52mumle med seg sjøl. – Mor hans, ho er det ikkje stort med. Bra folk, har vore. Men det er ikkje deira tid no. Men faren, det må ha vore ein å gå i veg med. Så guten han er det ikkje farlig med nei. Det ser eg no, det.

Bendek reiste seg, såg opp og ned over guten.

«Menneskets hjertes tanke er ond fra hans ungdom av – står det orde i bokjen din?»

«Nei?»

«Nei. Mi tru om det san. Kom in da Odin, så går vi te taffels og gasteleri. Det e ærli graut på borde; det kan du lit på.» Han humra som ein blid hest.

Odin låg slik at halvmånen såg inngjenom glase til han. Han låg og såg han beint inn i andlete i kveld. Litt kaldt var det, men det skulde til, for han hadde ikkje noko gale gjort. Og han Bendek og den ting, det stod som i ei skodd for han. Det vart rett alt i hop det han gjorde. For han var av det slage.

Men visst ho mor hadde visst om dette her? Kanskje ho hadde det i seg? og desutan skulde vel ho bli glad ein gong! – Du Odin, du Odin, vilde ho seie.

Nokre dagar etter bar det på skolen med han. Det var trøysamt arbeid å gå der. Heile garen full med ungar, og slike ungar da! det var ikkje manns mål å høre når lærarinna var vekk. Sjøl ruvde han ikkje stort der, det beit han straks, men det var berre første dagen han 53kom i hug det, og dertil så hadde han sitt i bakhanda, som ikkje dei visste om, heime i Kjelvika. Han var frå eit anna land enn dem. Og tusen ting var der å høre, både ute og inne. I timane kunde han knapt sitte still, han skulde ha vore nokon stads og fortalt det, for ikkje visste ho mor det der og slett ikkje dei heime.

I heimvegen kom han gjernast åleine om Vennestad, for dei frå Jørnstranda gaut beinveges over høgda mykje godt. Da hendte det at mora kom ut og snakka eit par ord med han. «Guds fred!» helsa han og strauk seg over panna. Han venta tålmodig med ho spurte om det eller det, og straks ho tagde, var han i fortelinga. Men best det var, kunde han ta att seg i det og ikkje seie eit ord meir, og eit par gonger slo han enda av på det han hadde fortalt: Goliat og denne gjætarguten, dei var ikkje her ifrå lande, når han tenkte seg om, og vikingane åt ikkje folk, beintfram.

«Ka dokk onna med her i gåren?» kunde han spøre. «Og han far min, det va ein som va å gå i veig med; det e oppreisning ti mæg!» sa han ein kvelden, han gjorde som Bendek med tommelfingen att.

Elen kvakk. Han syntes ho slo opp augelokka så det sa smikk i dem. Men så hyfsa han opp bokpakka under armen, sa godnatt og fór sin veg.

Ein kvelden hadde han sitte att på skolen, for det han lo til lærarinna med ho las fadervåre. 54Det var tussgråe skymminga da han kom til Vennestad. Mora vilde han ikkje møte i kveld, han gav seg ikkje om å fortele henne korles det hang i hop. Da hørte han det tusk borti kålåkeren og smått kviskrelo. Det var ungdom som fór der og stal kål, no hørte han enda kor det grøpp, det grøpp i munnen på dem med dei åt. I det same kjem Elen over garen. Da spring det ein av dem på fireføtene framom stallnova og inn i kornåkeren, ein i lysgrå seglduksklæa; han gaula som ein kalv. Elen trur ho har glømt å ta inn kalven, og så stanar ho for og lokkar på han: «Góssó, góssó, kælven!» Det svarar med storflir tre fire stads borti mørkre. Han måtte bite seg i leppa, skulde det ikkje bera i gråten med han. Men no knytte han nevane og banna, høgt så Vårherre òg hørte det, at ho skulde få oppreisning ein gong!

For det første skulde han vera snild gut på skolen. Og eit par dagar etter sa Karen-Anna: Du må ikkje stå og flire oftare på skolen, Odin! For da får du ris. – Ja, ris var han ikkje redd, men. Han skulde til å vera folk like vel; han hadde vorte huga på det.

Ein dagen i næste veka fekk han ris. Dei stod og song sluttningsverse, og dei tok i så overhendig rundt omkring han. – Det her går rennande godt det! tenkte han. Men i same stunda tyta fliren opp i han, og da han såg på lærarinna, vart det enda verre. – Hadde eg vore litt meir redd no! ønska han, for så skulde 55det ha klara seg. I det same sprakk han så låtten kvæste gjenom songen. Lærarinna tok han med seg ut. – Var det til henne han lo? – Ja. – He? – Ja, for du var så hundig bister med du song! – og dermed var han på låtten att.

Det vart ris på berr kropp. Han kom i hug det sia, at dei skar tenner båe to med det stod på. Han hadde aldri fått ris før. Det sat i han heile vinteren, kor umulig det var å kjenne på da det gjekk for seg; og like urimelig var det å samle seg etterpå og vita at dette var han.

Dei andre ungane dansa omkring han ute. Men da lo han med:

«Æ ska fortel dokk ho handsamma mæ! Bli det ikkj folk tå mæ, da bli det ikkj tå nokon.»

Da slakna dei av. Dei let så, nokre av dem, at rikka ho seg og rørte han ein gong til, da, da –

Odin vart stor i bringa ved dei orda. Og straks etter kom Astri Håberg borttil han og seier:

«Vi, Odin, vi e søskjenbonn vi. Veit du det?»

Nei, det hadde han ikkje hørt noko om, og desutan så var det reint for fint ty i henne. Men det var da ei hjelp no med det same.

Og så vart det gjerne ei råd.

Han fortalte mor si hendinga først han råkte henne; det bar ikkje ansles til. Men ho forstod seg visst ikkje stort på det. Ho skulde aldri ha hørt om det.

56Bendek, han var det eit anna mål med. Han lo så det rønn i stua:

«Du val hels a ifrå mæg, at ho skuld ha havt sæg ei smørmark fer det arbee! For du e ein kanali!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om I eventyre

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

I eventyre er fjerde bind i serien. Åsels barnebarn Odin blir som syvåring satt bort til en familie i Kjelvika. I romanen skildres hans oppvekst og barndom.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.