Fagartiklar og tittelregister

Norske mellomalderballadar

Forord

Dette bandet av Norske mellomalderballadar – Tekstar inneheld ei edisjonsfilologisk innleiing, eit tittelregister, og tre fagartiklar om dei norske mellomalderballadane.

I utgåva er balladane grupperte etter den såkalla TSB-katalogen (jf. Edisjonsprinsipper). Kvart band har sitt eige innhaldsregister, der balladetypane er sorterte etter nummer frå TSB-katalogen. Dette bandet inneheld eit samla, alfabetisk tittelregister over balladane, uavhengig av TSB-nummer. Standardtitlane er dei mest brukte titlane på dei enkelte balladetypane, men vi har òg teke med utbreidde alternative titlar: «Per spelemann», til dømes, finn ein òg under «Ola Bondsen» og «Nils Bådsmann». Balladetypar med fleire standardtitlar finn ein sjølvsagt oppført under alle desse.

I den edisjonsfilologiske innleiinga skriv Ellen Nessheim Wiger om prosjektet og om retningsliner for utval og transkripsjon. Ho forklarer korleis utgåveteksten er oppbygd og kva kjelder som er lagde til grunn.

Olav Solbergs artikkel «Den norske balladen» er ei generell innleiing til dei norske balladetekstane. Tema som sjanger, metrikk, innhald og stil, opphav, utvikling og innsamling, blir der grundig behandla frå ein litteraturhistorisk synsvinkel.

Folkloristen Velle Espeland har skrive om munnleg overlevering i artikkelen «Viser i munnleg tradisjon». Der tek han for seg teoriar om korleis visene oppsto og gjev eit oversyn over synet på den munnlege overleveringa, frå tidleg folkeminneforsking på 1800-talet og fram til i dag.

I den engelskspråklege artikkelen «… all for his maiden fair» forklarar Velle Espeland den overordna typeinndelinga, avgrensar sjangeren og set balladane i Noreg i ein vidare, skandinavisk kontekst. Han drøfter også tilknytinga til mellomalderen og presenterer ulike teoriar kring dette. Til slutt skriv han om kva som skjedde med balladane etter at dei vart innsamla, og om korleis dei blir brukte i dag.

I tillegg til dei generelle fagartiklane har Velle Espeland og Olav Solberg skrive kortare tekstar om balladetypane. Desse står som innleiingar til kvar enkelt balladetype i tekstbanda (Naturmytiske ballader, Legendeballader, Historiske ballader, Ridderballadar 1, Ridderballadar 2, Kjempe- og trollballadar og Skjemteballadar).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fagartiklar og tittelregister

Dette bandet av Norske mellomalderballadar – Tekstar inneheld ei edisjonsfilologisk innleiing, eit tittelregister, og tre fagartiklar om dei norske mellomalderballadane.

I tillegg til dei generelle fagartiklane har Velle Espeland og Olav Solberg skrive kortare tekstar om balladetypane. Desse står som innleiingar til kvar enkelt balladetype i tekstbanda: Naturmytiske ballader, Legendeballader, Historiske ballader, Ridderballadar 1, Ridderballadar 2, Kjempe- og trollballadar og Skjemteballadar

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.