Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Aust mot Gudbrandsdalen.

Eg møtte Køyrarar med TakBjørkenæver til at tekkja med. og Tjøru fraa Leskjeskogen, som foor nedigjenom Raumsdalen og komo atter med Sild og Salt og Turfisk. Her paa denne sokallade Lesjaskog er magert og snaudt, men endaa bu Folk reint og nett. Det er annan Sveip med alting, naar du kjem fraa Raumsdalen og fram i Gudbrandsdalen, og her paa Lesjaskogen er ikki betre Land enn i Raumsdalen, knapt so godt heller; men fram i det beste Lesjagjeld og nedigjenom verdt det vel nokot større og betre, men so hava dei ikki Sjøen atter. Det skulde vera lærerikt at finna dei rette Grunnar til, at Folk liggja so tilbake i mange Ting der i Vestfjordarne, anten det er eit laakare Folkeferd, eller det er Fisket, eller 290der i Landsstyret fyrr kann vera gjordt nokon Skilnad, eller der kann hava vorit daarlegare Embættesmenn, eller kvat det i all Verdi kann vera, som gjerer denne merkjelege Skilnaden i Jordbruk og Husstell og heile Maate at liva paa. Det skulde vera trulegt, at Sjøen nettupp maatte hava snutt dette um, for Havet sjaa me er gierne den lettaste Vegen til Upplysning og Folkeskikk og all Framgang; derfor stevnde ogso alle gamle Folkeslog dit liksom for at tvaa af seg all Armodsdomen etter dei lange Ferdir gjenom Fastlandet. Daa det traut med Vikingferdirne, ser det rett ut som alle desse Fjordbygdir – kring Throndheimsfjorden og – sovnade burt, magtlause til Odling af Folkeskikk og Framferd, alt til eit nytt Pust kom fraa Byar og Innvandringar. Soleides hava dei som Kvernekallen svivit rund ikring og ikki komit af Flekken desse Aarhundrad, berre der den nyare Drivkraft kom til Hardanger er, sovidt eg kjenner det, den einaste Fjorden med eit Folk, som kann meta seg med Grannarne austum Fjøllet. Men dette kann koma af Bergensfarten og det at «Hardingen er Allestad at finna», som Thelen segjer. Men mange andre Fjordar liggja likso godt til som Hardangerfjorden, og der er ikki store Jordvegirne der heller. Daa skulde Voss standa endaa hægre, men det er langt ifraa. Ikring Throndheimsfjorden skulde det for den Skuld standa hægst, og det gjerer det no og i Innherad paa ein Maate; men der er innflutte Ættir so kjennande, at Uppgjerdi likeins der verdt ugreid for sjølve det gamle Folket.

Dette fær nu vera som der vil og kann for meg, som ikki kann gjera meir enn koma med mine eigne 291Tankar, som eg tidt tvilar paa sjølv. Men tverr er Skilnaden millom Vestfjordarne og Gudbrandsdalen. Og skulde det vera Hovudvegen til Throndheim, som hadde gjort dette, so maatte denne likeins hava gjort Umskapnad i det Throndheimske. Men det slepper du fint for. Gjenom Lesja i det vestlegare Dalføre og Vaage og Lom gjekk heller ikki den gamle Hovudvegen, men der er det likeins. Nei det er ei sjølvstandande og langsam veksande Sedhevd (Cultur), som hever frambildat seg der, og i sama men mindre Mun i Numedal og Thelemork. Dette er og kjennande paa det, at Gardarne ikke ere so sunderrivne, og paa Husebygnader og mest paa Tungemaalet, som i desse Strok kvert paa si Vis er likso godt og gamalt som her vest i Fjordarne. Hever det mist nokot paa ein Kant, so er det mjukare paa den andre. Men eg hever vankat for litit i Bergenhus til at tala med Kjenskap vidare um desse Ting; kanskje eg alt hever talat formykit; men eg ventar, at den som betre veit, vil tala meir um denne samanliknande (comparative) Kjenskap til Landet vaart.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.