Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Den smaabytte Garden.

Daa eg foor her paa desse raumsdalske Strender, kom eg til ein Gard innunder ein Haag Nut (her er allestadar haage Nutar) og ned med Sjøen (her liggja dei fleste Gardar ned mot Sjøen, for lenger uppe er det for flogbratt). Han laag so rikt til og koselegt denne Garden, at det maatte hava vorit ein gamal Kongsgard og eit Vikingsæte, som kann verda eit og det sama. Fyrr eg kom inn til denne Landsbyen, møtte eg Hestar og Grisir og Kattar ute paa Bøen med Bodskap etter det gamle Ord fraa Mannen og Kona.

Hesten forteler um Mannens Værd,
og Grisen og Katten um Konas Gjerd.

Det er som i gamle Dagar, daa Dyri kunde tala, sor eg trur det var sama Maalet dei rødde daa. Linaakren og Hagen forteler likeins um Kona og den andre Aakren og Engi um Mannen. Det var ikki gode Bod eg fekk af alle desse Talsmenn for Landsbyens 274Folk. Men dyrkade dei ikki si Jord og helt sine Husdyr godt, so skal Ingen segja, at dei sjølve hadde det stort betre. Husi, som laago klengde inn paa kverandre, vaaro so smaae, at eg mest trur, eg skulde hava tekit deim paa Ryggen, liksom Samson tok Porten i Gaza, og gamle og halvrotne vaaro dei, so dei stodo baadi skakke og skjeive. «Det verdt ingen Folkeskikk paa denne gode væne Garden, fyrr han verdt berre i tvo eller tri Bruk og alle desse Skjærereid afsvidne, og Husi lagde der burte, og denne beste Jord brukad, som no ligger til Unyttes», sagde eg til den eine Mannen. «Dat er Von um Dat», svarade han, men ikki trudde han paa meg, og ikki eg paa honom; og endaa vaaro me so læande og venlege under all denne Mistru. Det var Franskt. Det var «Diplomatisk».

Det var no Gjestgjevaren i dette Humleløbet dette, so han og Huset hans visst var best. Daa me soleides hadde skalkat um Byadarstellet eit Bil, kveikte han Pipa si og lagde seg upp i Sængi etter Dugurdmaal. Snart sov han og raut so det dunde.

Det var Røykstova dette; men ikki rett paa sama Gjerd som dei siste i Thelemork og Sætersdalen f. Ex., for her nord var liksom ein Smidjuavl til Eldstad fram i den eine Kraai, medan det her Sunanfjølls var Aare midt paa Tufti. Ellers var Ljore og Spjeld og Sjaa og Skjaastong og Rond likeins. Og so var her Glas, so den nyare Tid hadde krøkt seg inn med ein luen Krok.

Daa Mannen hadde sovnat, fekk eg Tid til at tala med Kvendi. Dei hadde Guds Skapnad, naar dei fingo tvaa seg, og det vantade ikki paa Vitet. Eg fekk Mat og Drykk, og vaart Samtal var ikki usaltat.

275Naar Grisungen er liten, so er der paa slike Gardar gjerne ein liten Kagg med ein Botn i til den vesle Krypen, som «musicerer» so koseleg der burt i Kraai, og Borni draga og bera paa denne fride (skjønne) Fuglen, liksom eg einstad hever lesit um fine spanske Damur, som endaa skulle taka med seg slike smaa søte Grisungar i Selskap. Det maa vera fraa Vestgotarne dette kjem, um so er til, og daa vaare Forfeder var i Skyldskap langt burte med Vestgotarne, so finna me ei Tydning paa denne sameigde Grisekjærleiken.

Det er tidt, at Grisungen er inne lengi etter at han er so stor, at han kunde berga seg i Uthus. Han ligger daa tidt pustande i Oska liksom Starkad, fyrr han tok ut som den store Kjæmpa. Eg laag tidt ihop med Grisungen soleides pustande eg og, daa eg var liten.

Her paa denne Garden var Grisen alt so stor, at han stod stengd i eit Bur burt i den eine Kraai. Men daa Kona steikte Fleisk aat meg, kjende han Matlukten og braut ned Gjerdet og rusade fram millom skrikande Ungar, som baadi skreik etter Flesk liksom Grisen og af Rædsla for honom. Kona tok til Sopelimen, som er det vanlege Vaapen, og hutade med denne burt baadi den eine og den andre Ungen.

Eg laut hjælpa desse Smaae, eg, som snart vardt kringrend af denne Barneflokken, daa eg kom til Bords. Kver fekk Biten sin. Daa eg drakk Mjølk imillom, kleiv Grisen uppetter meg grymtande, og Kona sagde nokot, som var likt det gamle Ord: «Aa ja, han kjenner atter Koppen sin, Stakkar» eller: «Aa bry deg inkje um Klivingi hans: han kjenner berre atter Koppen sin».

Du maa ikki tru, at desse Folk vaaro lykkelege for 276det, um dei synest liva med smaae Krav til Livet; nei, det var desse vanlege Sukk yvir, at Livet er tungt og trongt. Dei sova no mykit og ero soleides sæle i den Tid, men det andre halve Jamdøger er langt nok for Matsut. Eg kann derfor inkje Framstig til Lykke sjaa i det, at me Alle vorde likeins som desse Folk, soleides som mange Fridomsmenn tykkjast vilja. I ei Krigstid som i gamle Dagar vilde eit slikt Liv vera gildt, for det er ikki dyrt. Det kann koma so upp i eit Kuværd etter ein Medalpris, tenkjer eg, for ero Smaaborn ringare, so ero dei beste Menn nokot dyrare, endaa eg hever høyrt Konur segja, at dei heller vilde hava mist den beste Kyri si enn Mannen sin, men dette er sagt i ein Tone som visar, at Kyri i Grunnen er betre. Eg hever set Konur vera glade, «takka Gud», som dei segja, for dei miste eit fagert litit Barn, men graata for dei miste eit Lamb. Og so er det, at Livet siger i Pris ettersom Gardarne verda smaae til. Ein Gardmann er soleides mykit meir værd enn Husmannen.

Eg veit ei Kone, som tok so stort i som ein Hest, daa ho rødde um, at ein Gardemann var daud. «Jamenn sagde ho det Tone, at ho liksogjerne vilde hava mist Borken sin».

Eg maa her koma med fleire upplysande Rispur.

Olaf var ein rik Mann her fraa Austlandet og gjenger endaa for at vera ein klok Mann.

Eg: Uh, Olaf, eg tykkjer det er leidt at koma ut til han Hans no, daa han hever mist denne siste gilde Sonen sin.

Olaf: Hm, det er ingenting det, for han kann snart faa seg atter ein slik ein. Nei, det hever hendt 277det, som verre er. Det skulde Ingen hava høyrt slik Ulykke.

Eg: Men i Guds Navn! Hever Kona døytt?

Olaf: Hm, det skulde Ingen hava høyrt slikt. Nei men …

Eg: Men … er ho paa Gautstad kanskje?

Olaf: Nei. Det skulde Ingen hava høyrt slikt «Syn».

Eg: Jøses Navn, kvat er det daa. Er han sjuk sjølv, eller daud eller hever han gjort ei Ulykke?

Olaf: Nei, det skulde Ingen hava høyrt slikt. Tenk du, den gilde Hesten hans, som han var boden hundrad Dalar for, fekk Stivkrampe af det han var saumstungen; og ho er ulækjande. Han stender no med Stum i Kjæften.

Og for at visa, at dei meta Liv og Kunskap ut i Mynt, maa eg fortelja dette, som endaa er etter ein af dei beste Gardemenn i mi Heimbygd. Han heiter Olaf og Son hans Olaf, og Fader min Olaf og eg Aasmund. Det var med Fader min han rødde.

Han: Kvat skal eg gjera, Olaf! med han Olaf Son min. Han hever slik ein forbannad Hug til Boki. Det er denne Aasmund’en som siter i Hovudet hans.

Fader: Ja, so lyt du vel lata Guten sleppa til Boki daa. Det gjorde eg med Sonen min.

Han: Nei, eg hever ikki Raad til dess. Det er so dyrt.

Fader: Aa, du eiger slik ein Timbreskog, at det gjerer deg inkje.

Han: Skogen maa løysa ut dei andre Systkyn. Og Olaf maa læra seg til driva Timber. Men 278han seter seg no ned under eit Tre med Boki; han fortener ikki Saltet til Maten sin.

Fader: Lat Guten gjera det stakkar; det er ikki for feitt det for en slik Gardemanns Son det.

Han: Jau, for det kann inkje koma ut af det. Det er so dyrt. Eg hever høyrt, at Aasmunds Hovud vilde koma paa eit Par tusind Dalar, dersom det skulde takast beint fram. Men han Stakkaren hever no slitit seg fram, og derfor verdt det so seint han fær nokot. Eg vil ikki sjaa Son min slik. Men hadde no Cholera tekik han Aasmund, so hadde der ikki vorit atter eit einaste Grand af dei tvo Tusind. Kauper eg derimot ein Gard for tvo Tusind, so stender Garden like god, anten so Fa’en Guten liver heller han døyr.

«Det er dyrt Livet» segier eit gjengjelegt Ord. Og Ordet «dyrt» verdt nettupp tekit i sama Meining daa, som naar me segja Smørmorki er dyr no. Det verdt ikki lagd stor «Romantik» i Livet, men det er «praktisk». Det er ikki lagt for den «sentimentale Poesie». Og den, som kjenner det vil just ikki segja, at det er stygt for dette. Det er klokt og løglegt, og kann godt lærast upp. Derfor kann det ogso verda brukat i Dikt.

Vaar «Paulo Mathias» her i Raumsdalen skal derfor ikki klaga yvir Auktioner paa Fatikfolk. Det er just etter Folkets Tanke det; og um me Bokfolk hava eit og annt at segja paa denne Framferd, so kan det gjelda os det, men ikki deim, som koma til Auktions. Det er derfor «sentimentalt» og endaa mest «upraktisk» at klaga.

279Det er eit hardt Ord, men det lyter ut det og som somange andre slike: «Mannen er god, ettersom han hever Raad til», og «Livet snur seg etter Skillingen». Du skal derfor altid sjaa, at Folk værdsetja Livet, ja endaa Sanning og all Dygd, ettersom dei hava lett for at liva til. Prøv dette paa deg sjølv og alle dine Kjenningar, og du vil lett kunna tyda deg dette Liv, eg her hever maalat og ikki finna det so stygt som det ser ut til; og du vil likeins daa finna, at vaare Tankar ikki ero so mykit større og betre som dei sjaa ut til, – imindsto vil du finna ein Grunn i alt dette, og naar du hever den, kann du berga deg.

Eg bergade meg ikki so godt eg paa denne Garden, for um eg var solten, so hadde eg ingen Hug paa denne Maten og Drykken. Nei, eg var reint utskjemd.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.