Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Garden med alle dei Føderaad.

Det var mange Føderaad paa denne Garden. Den ville Mannen likjest Dyret i det og, at han legger seg til at sova, naar han er mett, og ikki tenkjer paa næste Maalet, fyrr han soltnar. Men da er han vel um seg, rivande og slitande. Til lenger Folk koma frametter i Kunskap og Umtanke, til meir tenkja dei fraa det eine Maalet til det andre, og laga seg so, at det «rekker ihop». Ja, dei tenkja lenger: fraa Ungdom til Alderdom, og fraa Alderdom til næste Ungdom og alt fraa denne framigjenom til det Endelause, solengi Ætti kann liva. Livet verdt eit endelaust Lekke med den eine Mannsaldren som den eine Leden. So tenkjer den beste og mest upplyste Mannen og liver etter dette, so godt 248han kann, og vrakar det, som kunde vera Vinning for honom sjølv, men Skade for deim, som etter koma.

Og umsnutt: til mindre og verre Mannen verdt, til stytre og stytre verdt dette Livslekki (Lenke), alt til han berre tenkjer paa seg sjølv; men dette er og nokot, naar han tenkjer fraa Ungdom til Alderdom, endaa dette og er berre at vere eit gjævare Dyr. Lægre Dyr tenkja berre fraa Maal til Maal og dei lægste leggja seg til at sova, naar dei ero mette.

For det finnst ogso Dyr, som tenkja frametter og det langt fram, ja endaa solangt dei kunde liva og vel so det. Eg minnest just no Reven paa Alfstad, som var tamd og livde i Huset som ein Katt. Han stelte seg so vel i Garden og saag so sedleg ut, at Alle trudde honom det bedste. Han gjekk millom Høns og Ændar og Gjæs og Alt med Fjør Paa, som Reven er so galen etter, og rørde ikki eit Liv. Men lenger burt i Bygdi kom burt Fugl etter Fugl, og Ingen kunde gjeta, kvar all denne Fuglen vardt af. Det var Mange, som mistenkte denne Reven, men daa inkje kom burt paa Garden, der han var eller nærast derikring, so kom denne Mistanken burt. Og Reven sat og høyrde paa all denne Røda og gat ikki eit Ord, men gjorde Skalkeandlitet sit so aalvorsamt, som det er mogelegt for Reven. Han kjende del Hartegnag, som ein Kjennare kunde sjaa idet han drog Halen lægre, naar der kom ei Kone til Gards og gret for den gode Eggehøna si, men han var ein so forhærdig Syndare, at han slog alt burt og fylgde si vonde Lyst. Til Slut bar der til at lukta i Garden, og daa det vardt leitat etter der det kom ifraa, fannst det ei Holu ut ifraa ein Haug og inn i Kjel249laren, som var full af Fugl. Han hadde ikki havt Salt den Stakkaren, so Maten hans tok Usmak; men so klok hadde han vorit, at han hadde lagt det yngste inst inne og det eldste ytst ute, so han aat den gamle ule Ma ten og let den nye verda gamal, som alle sparsame Gaardmannsfolk paa Landet, for Maten er drygre, daa han er traa og ul. Det var somykit, at han kunde hava havt Suvl all sin Dag, so det var Gut, som tenkte fraa det eine Matmaalet til det andre, ja paa Alderdomen med, og det um han hadde Kosten og fritt Hus dihelder. Det er mykit faa Menn der i Bygdi, som er betre enn denne Reven. Dei fleste hava sama Haatten som han, men ero ikki so vise, og derfor draga dei heller ikki somykit ihop.

Det vardt nokot langt utifraa Vegen min med denne Revarispa, men eg laut visa, at some Dyr er meir langtenkte enn mange Folk, som ikki ero somykit betre enn mange Dyr, som dei tru. Kjenner du ikki Mange ikring deg, som ikki tenkja fraa Maal til Maal?

Ja, sjølv den Guten f. Ex. som sagde: var eg Konge, so vilde eg ikki gjera annat enn liggja i Høyløda og eta «Risengrynsgrød», han stod lægre i Folkeskikk (Cultur) enn denne Reven. Og slike som denne Guten er fleire Folk i Landet, enn Nokon trur.

Det er ein aalgjengjeleg Tanke det, at det er den største Lykka, naar Ein slepper at gjera nokot og endaa fær Maten, «Herregud han liver godt han; arbeida tarv han ikki det minste og endaa kann hava den beste Maten». «No hever han tent somykit, at han kann sluta med alt Arbeid». «Det er berre af Girugskap, at denne rike Mannen arbeider, for han kunde so godt 250sleppa; den som berre var so sæl». «At han, som er so rik og barnlaus attaat, vil slita med Gardsbruket! nei var eg i Staden hans, so skulde Andre faa Lov til at gjera det. Eg skulde sova og eta og liva som Kon gen». «Ja, det er Mann, som liver godt det: han kann liggja til Dugurds kver Dag, og leggja seg so tidleg han vil». «Det maa vera gamle Syndir, som gnaga og grava og driva denne Mannen til Verksemd». Slike Talemaatar fær du høyra nok af, og desse maala Folkets Villmannsliv og Dyretilstand meir enn nokot annat. Og i Føderaadsvæsenet kjem dette klaaraste fram i Gjerning.

Peter Olivarius og Oline, eit Par barnlause Folk ikring fyrti Aar, aatte denne Garden, som er fraatalat. Men daa dei soleides ikki hadde «nokon at arbeida for», sagde Oline ein Dag, ho var trøytt: «Olivarius, me ero nokre Galningar, som liggja og slita med denne Garden, me, som kunde liva so godt og sutlaust». «Det var sannt det, Oline», svarade Olivarius, «det kan Andre, som meir trengja til det, slita med Gardsbruket og husa upp og brjota Skjer or Aakren. Tomlongius Broderson min og Seriane, Kona hans, Systerdatter di, koma so til at erva os, korsom er; det er derfor best at dei faa Garden liksogodt no med det sa ma, og so taka me os Fjerdeparten af Gardens reine Afdraatt i Føderaad, so kunna me liva som Haukar, sitjande paa Krakken».

So fekk Tomlongius Garden. Han sat der i Armod med det store Føderaad og mange Born, so han ikki braut mange Skjer or Aakren eller snuggadeaf fnugga, stella, pynta. stort 251med Husi; han sleit og beit seg fram, og ynskte inkje heller enn at desse velsignade Føderaadsfolki maatte døy; so det var ikki mange Aari han var taksam for Garden, skulde eg tru. Det kom endaa til Sak imillom desse eldre og yngre Folk. Det stod i Føderaadsbrevet, at det gamle ogso kunde hava ein Stovugris, men daa Grisen stundom var ute paa Roting og ikki aljamt inne med Husbonden pustande i Oska, so meinte Tomlongius, at han, som gav so stort Føderaad, ikki vilde have denne Grisen rotande i Garden. I det gode gamle Ord Stovugris ligger, at han aljamt skal vera inne med Folki som Barn i Huset; medan Olivarius trudde, at Ordet ikki vilde segja meir, enn at Grisen var inne og laag i Aaren, daa han var mindre, men at han maatte ut for det meste, da han vardt større, for so koseleg som Grisen er at hava inne hjaa seg, naar han er liten, so verdt han heller usnyrtensnyrten – proper. i Stova, naar han vekser til, endaa Skorsteinen dreger no til seg det meste, det er ikki for det; men han kann ikki vera fødd med berre Mannamat heller, naar han verdt vaksen. Og eg trur at Retten kom til det Utslag, at Ordet Stovugris maatte tydast paa denne Maaten. Sakførarne skreiv mange gode Innleg um Meiningi af dette Ordet, so det vardt ein dyr Gris baadi for Olivarius og Tomlongius, daa Saki var so tvilsam, at kver af deim laut svara Kostnaden sin.

Det var stor Trætte um Veden og, endaa det kom ikki til Sak um det, og so var det no heller ikki solangt etter Veden som sumestadar paa Mjøslandet. Der 252er det tidt Syndehus med Føderaadsfolki um Veden, som ofte maa kjøyrast fleire Mil til desse stakkars Gamle i den kalde Føderaadsstova si.

Daa Tomlongius hadde setit paa Garden tolv Aar, var Olinus den eldste Sonen hans tjuge Aar, for «han var aatte Aar fjortan Dagar etter Jonsok det Aaret me toko mot Garden», sagde Seriane, «og Thorine var seks Aar aatte Dagar fyri Jol, og Petronius, som heiter etter han gamle Peter, fire Aar nettupp Vetredagjen; og Oliane, som heiter etter hena gamla Oline, tvau Aar tri Dagar fyri Olafsok. Me reiste uppatter desse Gamle med desse tvau Borni, for me hadde alt Von um at faa Garden so tidleg».

Olinus tok alt til at tenkja paa Giftarmaal han, endaa det saag ikki godt ut til at gifta seg med dei gamle Føderaadsfolki paa Garden og Foreldri enno unge – ikring ei femti Aar – og seks Systkyn at løysa ut. Men «Olinus var klok han», sagde Seriane, Moder hans, «som tok den gamle Ekkja med seks hundrad Daler, for so kunde han løysa ut Systkyni sine og taka mot Garden, som Tomlongius og eg alt lengi sidan vaaro trøytte af. Me kunde no faa det maklegare og taka so stort Føderaad, at me kunde føda upp dei tvau minste Borni og».

Men denne gamle Ekkja, som no vardt den «unge Kona», var ikki naadig mot desse tvau PorFleertal af Par. uttalast mest som Paar med eit Ljod af o, liksom alle slike Neutra. Føderaadsfolk, for det var som ho sagde til Mannen sin: «me hava Fortenesta af Arbeidet, og dei Gamle sitja 253paa Krakken etande upp Aarhagen. Og dei ero ikki eldre dei enn eg og friskare til. Ja eg fekk Gard for mine seks hundrad blanke Dalarar! Olinus stakkar, han maatte lova Kona si at lata dei Gamle faa Lettekorn og vatsfulle Jordepli, og kjøyra ut Hesten, fyrr dei fingo honom. Sjølv stod ho for det, at dei Ungnaut, som dei Gamle fingo, vardt lagde undan dei klenaste Mjolkekyr, og Lombi undan dei klenaste Saudirne; og dei Kyr, som Garden skulde føda for dei Gamle, svelte ho mykit meir enn sine eigne. Det vardt Trætte og Graat og Laat. Og desse tvo Føderaadsfolk vordo no Venir og slogo seg saman mot den sams Fiende. Seriane og gamle Oline, som hadde trættat so mangein god Dag um dette sama, vaaro no samtykte i at bannstøyta den unge Kona; og gamle Olivarius og Tomlongius, som ellers altid for det meste hadde haldit ihop mot Konurne sine, dei sagde: «ja, det fær Mannen for det han leter Borni sine faa, at dei stunda Livet or honom».

Gamle Olivarius, som spurde meg til Raads um eit og annat, gav seg so smaatt ogso for meg, som berre gav honom dei Rettarbøter: «Du fortener alt det du fær og vel so det, for du gav upp Garden i dine beste Dagar. At de aldri skal kunna læra! Du skulde hava sagt som Mannen til Son sin: «Du fær vel Garden min, men det sker ikki solengi Nasabeinet mit stender i Vedret».

Og all denne velsignade Uppgjeving af Gardarne fører likeins det med seg, at desse unge Vimringarne af stakkars Odalsmenn laupa burt og gifta seg, fyrr dei ero Manns Menn, so det verdt Faakunna og Synde254skap og Armodsdom heile Horgi. Du, som aatte Gar den din og var i Velstand, du skulde hava dyrkat honom upp, og letit ei slik Gjerning hava vorit det beste Barnet etter deg; du tenkte berre paa deg sjølv, tenkte berre paa at eta og sova, som det daarlegaste Dyr, og derfor kann korkje Gud heller Mann tenka paa deg med Miskun».


Ja denne Uskikken med Føderaad er driven rett vidt her nord; eg tenkjer mest likso vidt som mangestadar paa Upplandet og mest ikring Mjøsen. Upp i Fjølldalarne og desse mest gamaldagse Bygdir hever ikki eg funnit det fullt so ille, for den gamle Skikken var der mykit likt den gamle «germanske» og no mest den «engelske», at Mannen sat i lengste Laget med Garden sin, og daa let den eldste Sonen faa honom for eit ringt Verd, so han kunde sitja som Mann haldende eit Hus etter Garden, og hava ein Heim for dei andre Systkyn, som inkje fingo for seg sjølve. Men ei nyare Tid totte, at dette var Urett, og anten bytte sunder Garden eller let den eldste Sonen gjeva somykit for honom, at han sat i Skuld og Armod all sin Dag. Me faa no sjaa, kvat Riket er best tent med i Lengdi. Og at vaare Bondestorthingsmenn hava vorit med til dette visar iminsto, at dei ikki tenkja paa stor politisk Magt for fine Etterkomarar.

Eg hever inkje imot, at Gardarne verda bytte, naar kver Lut verdt so stor, at Mannen kann liva af honom med stort Hus utan at slita so for Føda, at 255han korkje hever Raad eller Tid til at læra nokot. Her er til all Lykke mange Gardar, som enno godt tola at verde kløyvde baadi i tvo og tri Lutar. Dette store rike Austland verdt vist ikki dyrkat rett upp fyrr. Eg kjenner endaa Gardar, der det no verdt avlat meir paa Helvti enn fyrr paa det Heile, og at hi Helvti kunde verda likso god, er likeins vist. Saki er at finna den rette Grensa, og den finner ingen betre enn Folket sjølv i kver Bygd, naar det meir og meir verdt upplyst.

Eg torer ikki fullvissa, at denne Gardeutbyting og dyre Løysing for Sonen beint fram henger ihop med denne Mengd af Føderaad, endaa eg trur so, naar det Eine verdt liknad isaman med det andre i sama Bygdirne. Baadi det Eine og det Andre af dette og baade ihoplagde er store Ting for Rikslæraren og Riksstellaren at tenkja paa.

Det er endaa eit, som henger ihop med desse Ting, og som kan ættleidast fraa den sama Blanding af Nyt og Gamalt, Fritt og Ufritt, By og Land, franske Læresætningar og gamalt Riksstell, Landadel og Bypøbel, og dette er – so rart det enn kan synast for Mange – dei nyare rare og mange og ihopherkte Novn. Du skal altid høyra i slike Bygdir Gunnerius, Thorenius (af Gunnar og Thor) og slike lange Reglur som Hans Carl Petter Fredrik Anton Fleskesen (dette er lært af dei eldre Embættesmenn), og Gjentenovn som Indiane (Forældri maatte hava lesit um Tristan og den væne Indiana), Olivia og Oline (af Olaf). Nei dei setja endaa Novn ihop af Karl og Kvende sosom Kariole (uttalast Kariol) af Kari og Ole, eit Navn, som narrade meg godt, for eg tenkte at eg skulde sleppa dei stygge 256Skranglekjerrurne, daa dei skreik paa Kariol, og just var det den fillutte Skytsguten! Det er reint skrøpelegt med alle desse Novn her nord, ja det gjenger endaa mest so vidt som med den gamle Kanalgravaren, daa han for at hava eit Afminne etter Opningsdagen af Kanalen sin, kristnade Dotterdotter st med Kanalia.

Og slike Novn skulde eg høyra somange af her ikring denne gamle storslegne

Trondheimsfjorden!

«Det er ein makalaus Fjord med eit fagert og rikt Land kransat ikringum seg», sagde eg paa Eimbaatsdekket til ein Kringil af Folk, som eg stod og rødde med. «Aa ja, men det er eit armt Land», svarade ein eldre Storthingsmann derifraa. «Ja de (I) er arme», svarade eg harmfull, «men Landet er rikt; her er langtifraa gjort somykit, som eit slikt Land fortener, for vel saag eg Framstig paa mange Stadar, men eg hever set det i den Vegen mykit betre i mykit armare Bygdir. Og dette visar seg og paa det, at her, som maatte kunna fara tri fire, berre ferer ein Eimbaat, som endaa attaat er lovad Hjælp af Rikskassa! Men», lagde eg aatløgjandespasande, Aatløgi, baade subjectivt det, som fær Folk til at læ, og objectivt; aatløgjen. til, «naar no du, som ein af Landsens Utvalde kjemer atter til os, og er den Skapnaden, som eg her fann mest af bland desse gamle Ættingarne, so er det vel, at me kjenna Landet og kunna svara deg».

Ja, det var ein Fjord for Vikingar dette med alle Sund og Vikar og Knipplingar og alle desse Fjordarne 257med ein annan Vind etter Daladraget! Og so svint at samla heile Folket fraa desse Oddar og Øyar og Kvelvar! Dei Gamle visste vel, kvat dei gjorde, daa Innherad og derikring var Landsens Kjerne. Det kunde i some Ting nokot so nær vera det enno, helst dersom Jarnvegen kom her austigjenom Verdalen til Sverike, endaa Landsens Læge og nyare Skipnad gjerer, at desse Bygdir berre kunna koma upp til andre eller tridje Rang, for her er ikki Skog nok og store lange Vatsdrog,Flertal af Drag. som samla Magti kring Osen sin. Men her maa verda jamt og jamrikt og mest makalaust yndefullt, for vel er her ikki altid som no – daa vilde det vera eit Neapel – nei her stormar og regnslær ukjent for os Sunnanfjølls fraa, det kjende eg, daa eg foor ut Throndheims-Leidi; men her inne kann du sjaa paa Trevokstren, at det ligger meir i Logn og Livd.

Den, som ferer her den fyrste Gongi, kann knapt lata vera at drøyma um alle desse gamle Minni fraa det og det Landet, den og den Garden og Viki og Odden og Fjorden. Er daa Fjorden, som naar eg foor der innan fraa til Throndheim stavende still glimande i Soli med denne underleg lette nordlege Luft um seg, Aakrarne ikring mogne og Marki kaalende grøn, so er det ei Fred, som du ikki lett skal gjera Maten til. Daa me komo framikring Frosta, laag Throndheim gjøymd der sud i Røykjen sin. Der i Sundet millom Landet og Tautra med sine Lundar og Merki etter det gamle Kloster maatte eg syngja um hena

258Thurid paa Tautra.

Thurid Dotter var til Olaf Kosi,
som var Thrøndelagens største Mann,
og fraa Hrafnista, der upp ved Snosi,
Wttartalet fraa det fyrste rann,
dette Jøtulsblod,
som i Magt og Mod
knapt bland norske Ættir Liken fann.

Kristendomen kom, men endaa lengi
varte gamle ville Vikingtid.
For um Folket Daapen hadde fengit
ikke Aandi kom som Duva blid.
For den gamle Tru
er so sein at snu:
Lengi sitja gamle Røter i.

Olaf kvert eit Aar i Viking vankad’
– her var Vikingstraumens Utfalls-Os –.
Um det meinkat var, so endaa sankad’
han med det sin Rikdom og sin Ros.
Prydnad Thurid fekk,
so at gild ho gjekk
der i Bygdi som ei Bedle-Dros.

Alt det gilde Gjentur skulde læra
lærde Thurid og litt meire til.
«Af mi eine Dotter hava Æra»
sagde Olaf, «eg ved Odin vil.
Ho er ingen Mann.
259so ho strida kann,
men so skal ho læra Strengespil».

For sin Fader og dei andre Gubbar
syng og spilar Thurid mangei Gong.
Ville Viking blidt i Draumar dubbar,
naar han høyrer elskhugsfulle Song
um den Riddarsmann,
naar si Møy han fann,
men at Vegjen vardt til Sæla trong.

«Du meg fyller upp med mange Tankar»,
sagde Olaf til si Dotter daa;
«naar du synger slikt mit Hjarta bankar,
for det er so ofta me faa sjaa:
Den, som mest er snild,
hæv og gjæv og gild
sjeldan me i Lengdi njota faa.

Derfor vil eg at du skal deg gifta,
og du skal han Sigurd Sundnes faa.
Han er sterk og tunge Hogg kan skifta;
brotnar Sverdet, kan han svimeslaa.
Rik han er og stor,
og i Ætt med Thor.
Slik ein Thingmann skuld’ du aldri sjaa.

Fader hans og eg me so det gjorde,
at af dikkor skulde verda Par.
Gamle kloke Feder aldri torde
260lata Gjenta velja sjølv sin Karl:
Beste Gjenta tidt,
saag me breidt og vidt,
til at kjosa Mann ein Daare var».

«Takk for Guten, som du vil meg gjeva»,
sagde Thurid, «men for ung eg er;
og so maa eg sauma meir og veva,
fyrr slik Mann og Gard og Heim eg fær.
Gjenta altid maa,
fyrr ho Mann kann faa,
hava lært til Gangs all Gjentegjerd».

Men ho hadde, det var rette Grunnen,
til ein Annan fyrste Hugen lagt.
Henar rette Mønstermann var funnen;
og det fyrste dyre Ja var sagt.
Og eit slikt eit Ord,
som den Unge svor,
løyser ikki sjølve Faders Magt.

Men til Fader sin ho ikki trudde
det var enno værdt at segja fraa;
naar ho leikad’ fint og smaat det snudde,
skulde han med andre Augo sjaa
henar Festarmann
og vist tru, at han
var den beste, som ho kunde faa.

«Det er sannt, han er i Valland tekin,
daa min Fader tok hans Faders Borg;
261sannt, or Laget stødt han ut verdt rekin
som ein Træl paa Tilje og paa Torg.
Men so viis som han
finnst her ingen Mann
i vaar heile ville Viking-Horg.

Og i Ætt han kan paa alle vinna,
so det er ei Synd at han er Træl.
Dette sama Fader min maa finna,
naar med honom eg fær tala vel;
vist han mjuknar daa
og maa vilja sjaa
meg, si moderlause Dotter, sæl.

Fader min maa likeins eigong sanna,
her er annat Gjævt enn Vikingmod,
og at dette Liv er skapt til annat
en at verda blandat upp med Blod.
Han vil læra vist,
at den kvite Christ
fram um Andre var so mild og god».

Men den stride Olaf ikki kunde
stiga som ein umvend Mann i Grav.
No, som daa han yngre var, han undeaf una, sinna Ro i, hyggja seg.
i den Tru, som honom Styrken gav.
Burt kom Thurids Træl:
Ingen viste vel,
kvar den arme Gut var vorden af.

262«Høyr no Fader, du», daa Thurid sagde:
«me er baade sterke kver for seg.
Liksom du min Gut i Gravi lagde,
legg i Gravi eg meg sjølv for deg.
Som somangei Møy
ut paa Tautraøy,
uspurt deg, i Klostret gjenger eg».

Dit ho gjekk og song og bad og trudde,
at ho hadde valt for Sæla best.
Der ho kvitklædd gjekk og heime budde,
og var Christi Brud ug Herrens Gjæst.
Men vaart Livsens Mod,
og det unge Blod
krever meir enn Bønebok og Prest.

Der dei Soli saag i Fjorden glodde
Kvelds og Morgons i eit Hav af Eld.
Der ikring dei millom Sjøfugl rodde,
og saag kring seg desse fagre Gjeld;
song i Baat paa Fjord,
plukkad’ Blom paa Jord,
til det ringde inn aat Bøn mot Kveld

Men det Gode litit godt vil vera,
naar eg ikki sjølv er god i meg.
Skal det Fagre ljos og let deg gjera,
maa du vera ljos og lett i deg.
Alt det Store maa,
um du skal det sjaa,
i dit klaare Djup faa spegla seg.

263Er du aud paa Kunskap og paa Tankar,
so er likeins alt ikring deg audt.
Er du daud i deg, det Liv som bankar
ungt ikring deg, daa er bleikt og daudt.
Er du snaud for Godt
– paa deg sjølv ein Spott –
Livsens Blomsterliv er svart og snaudt.

Vilhelm, Trælen, fort som Fuglen rømde,
daa han saag, det beint paa Livet bar.
Heim han kom, og Folk til honom dømde
Fad’rens Adelskap og store Gard.
Men si Thurid daa
stødt han tenkte paa;
fekk seg Skip og siglde dit ho var.

Brud til Brudlaups var ‘ki lett at taka.
Heller som til Likferd kom han hit.
Men han Klostret fann, for han seg rakad’
og som Munkebroder kom han dit.
Varmt han Thurid bad
fylgja seg af Stad,
og paa Gud og honom setja Lit.

«Sud med Nidaros der Skip os venta
– snart me smetta gjenom Gjerdeled –
Folk og Flote fekk eg for at henta
deg aat meg til fagre Valland ned.
Eg og du skal der
gløyma Motgang her,
liva sælt og døy i Herrens Fred».

264Just som Baaten han fekk løyst fraa Bandet,
komo Klosterfolket etter daa,
som i Myrkret stakk so kvast fraa Landet,
at der ingi Frelse var at sjaa.
Daa det ute var,
tok han Thurid snar
med dei Ord: «eg sial deg endaa faa».

Brudarsængi dei paa Botnen reidde.
Bylgja Brudarsongen var for deim.
Skum paa Sængi seg som Lakan breidde.
Tang og Tare prydde deira Heim.
Ned det sokk og seig,
men mot Himlen steig
deira Aand fraa Fjorden som ein Eim.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.