Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Fra Halsen og der nordetter.

Det verdt ein liten By Halsen eigong, naar no alt fær retta sig. Det er no ein liten Strandstad med Landhandlarar og Smaahus ikring. Det er so stort eit Uppland, at det krever ein liten By nordigjenom Stjordalen og uppetter Meraker. Her er some gilde Garder i Stjordalen og some af desse ero alt godt uppdyrkade og drivne paa ein viis Maate. Og ingenstad hever eg set det so vel som i Thrøndelag, og mest her i nørdre, at dei Gardarne vaaro best drivne, som Folk, komne fraa andre Bygdir, bygde og budde paa. Det var mest Folk Sunnanfjølls fraa, dei beste Jordbrukarar og duglegaste Menn her. Det var so takande paa dette, at kver maatte sjaa det. Og var der nokon Heimføding god, so var for det meste Ætti hans innflutt so og so mange Mannsaldrar sidan.

Det er gjerne likeins mange andre Stadar og, for Folk, som vide vanka og fraa Fødeheimen fara, er gjerne dei duglegaste, iminsto er det gjerne Folk, som hava lotit læra af Livsens Lagnad og Armod. Men, som alt sagt, det gamle store Thrøndeslag synest meir enn det gamle Slaget i andre norske Bygdir at vera afættat og forfarit, som ogso er høyrande paa Tungemaalet. Ikki for det, at det er Bygdarmaal her i Landet meir utskjemde enn det throndheimske, men det er Danskens Inngang i Bygdir kring Byar og paa store 230Flatbygdir, som hever gjort dette, medan sjølve det gamle Maalet her er forfarit og utarmat, so det snart ingen Folkeskikk er paa det. At prenta dette Maalet beint fram vilde vera som daa dei Engelske i Medalalderen skreiv ned sit afstytte og skamførde Maal fraa den forvillade og uvitande Tid. Det er eit stort Skalkestrik af Historia at gjera dette Maal so aalmennt for Heimsens Folk, med si Uttale som likeins minner um Villmannen. Det maa vera gjort dette for at hava Gaman med den menneskelege Villa, liksom daa dei grekiske Gudar saato paa Olympen og med Laatt og Løgi fortalde um Daarskapen vaar. Heimsens Histori er ein stor Skalk. Det er tidt du maa læ med hena.

Det er ellers betre, syntest meg, med Skipnaden i nørdre Thrøndelagen, og dette maa vel, um det so i Sanning er, koma af det, at her er fleire større Gardar og Jordi for det meste betre, iminsto var det betre nordigjenom til Verdalen og Indreøyi, der Bergi paa mange Stadar hava Kalk; og Kalkmjøl skavit af nærliggjande Berg er kjennande paa all den Hestehoven (tussilago), du seer ikring Vegen der nordetter.

Naar du fraa Stjordalen ferer nordigjenom, og kjem paa Kleivarne nord mot Aasenfjorden, hever du eit Utsyn, som ikki mange Stadar er Makjen til, med di du seer vest ned paa det rike Frosta, dragande seg fram sudetter millom Aasenfjorden og den vestre Storfjorden. Tautra («Tuterø») ligger ytst ut paa Odden med eit litit smalt Sund, fullt af Ædfugl, skild fraa Frostaland. Dei gule Aakrarne paa Frosta skein liksom Maanen. Beint nedanfyr meg laag Steinviksholmen ned i Aasenfjorden tett inn med Land. 231Det var og eit Paafund af Olaf Engelbretson at gjera denne Holmen til ein Festning! Langs nordetter Aasenfjorden er bratte Kleivar, som snart skulo verda umlagde, og haage Bergufsir, for Fjollveggir kann det ikki vel kallast, paa høgre Haand, og til vinstre den blaae Fjorden. Er du frisk og ellers inkje vantar, maa du kveda som Fuglen paa denne Vegen, naar Vedret er godt. Likar du det Ville, so kann du sjaa up i Bergi og nedikring deg, og likar du det Blide, maa du sjaa vest til Frosta yvir Fjorden. Liksom ned under Føterne dine seer du Maake og Ædfugl ned paa Ryggen, og Merki paa det rike Sildfiske, som tidt er her inn i denne tronge Fjorden, der Sildi er stengd som inn i ein Baas. Nørdst i Fjordenden ferer Vegen gjenom eit djupt trongt Skard bergemillom med eit so folkelegt Navn, at det er vel ikki værdt at setja det paa Prent. Eg kjende mit Folk atter paa sine gode Likninger her og. Det er Gutar det, som ikki ganga langt etter sine Billæti.

Naar du kjem nord paa Bakkarne i Skaun, fær du eit endaa vidare og rikare men knapt yndigare Utsyn enn sud paa Brautirne til Aasenfjord. Her er store Gardar ikring deg; Ytreøyi og Indreøyi er vest burt i Fjorden og Verdalen i Nord: du kjøyrer framikring Pollen til Livanger og segjer andpustande: «nei dette er daa reint det gildeste Nordanfjølls, ja her er det betre enn sjølve Mjøslandet, for her er denne velsignade kolblaae Fjorden som ein Knipling i denne Kragen med Blomar».

Livangeranger = ei Bukt, Vik, ein Trong. er ein liten nett By ned paa Sletti 232mot Fjordarmen. Det maa vera den meir og meir nedminkande Pollen, som i gamle Dagar het Lifanger. Byen ligger no fram med den vesle Straumen, som renner ut og inn ettersom det er Flod og Fjøre til. Naar Jarnvegen verdt lagd austigjenom Verdalen til Sverike, maa Byen, som eg meinte, verda flutt nord til Verdalsøyri, for her er ikki mykit at hava By etter, daa her ikki kann vera nokon nævnande Upplagsstad for Fisk eller Trelast, ja vel ikki eigong for Korn, som anten verdt ført til Throndheim eller og uppkaupt og tuskat i Smaatt af Fiskarar ut med Havkanten. Og Marknaden med Jamtarne løgje likeins betre nord paa Verdalsøyri. Det er berre liksom ein større Landhandlare, denne Byen. Dette fagre Land verdt vel rikare og rikare, ettersom det dyrkast upp til, som det ogso no gjenger godt med iminsto her ikring Byen; og naar Landet verdt rikare, og betre Sans for Upplysing og Folkeskikk kjem bland Gardmennerne, so vilja ogso mange af deim senda Borni sine her inn paa Skulen, so her daa kann koma Magt til ein skikkeleg Bogarskule. Det er armt og uvitande, at fraa eit so rikt Land, som herikring synest vera, ikki betre Menns Born skulo strøyma inn paa Skulen. Det spaar ikki stor Framgang for denne næraste Mannsaldren dette.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.