Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Glauma og derikring.

65Alt ifraa Kongsvinger og upp til Aamot i Øysterdalen er Landet seg mykit likt alle Stader, berre Dalen verdt trengre, og Glauma gjenger ikki so stor og still i sine tankefulle og seg sjølve altid like Slengingar, til lenger ein kjem Nordetter. Det er med Glauma som det er med os fleste, at ho ikki kann fara beint fram, men maa slaa Krokar for dei Berg og slikt nokot, som liggja i Vegen og ikki kunna sprengjast. Det er Faae paa Jordi, som kunna naa sit Maal paa den beinaste Vegen; og naar ikki eigong Glauma kann gjera det, so skal ikki Smaabekkirne vera arge for sine Vegamein, um dei tidt maa mest ganga tilbake i seg sjølve. Eg lærde mykit af Glauma; at ho gjekk af Vegen for eit Berg og eit Fjøll var inkje at takka hena for, men ho gjorde dette tidt for berre Jordbankar og Sandøyrar; men so grunngrov ho sløgt og umerkjelegt desse Meinskrokarne, og tok Beinvegen sin, fyrr Nokon visste af det. Derfor sagde ogso Folk: «det er Ingen, som veit kvar han hever Glauma; ho er so sløg» (slu). Soleides tala Folk um Visdomen, som ikki stangar Hovudet mot Steinen, men segjer med Holberg, daa ein Mann stengde Vegen for honom og sagde, at han ikki vilde vikja for eit Narr: «Ja gjenger ikki du af Vegen for eit Narr, so gjerer somen eg det.» – Holberg var som Glauma, han. Som me Alle gjera, legger ogso Glauma sjølv dei fleste Mein i Vegen sin: ho skyler og grutar upp Sandbankar, af sit eiget Djup, og so maa ho sidan undergrava og ganga af Vegen for sine eigne Meinsbragd. Det er af dette Sume tru, at Soløyr hever 66sit Navn; og det er dette, som gjerer det so vaalyndt med den Eimbaaten, som er tenkt at skulle koma i Gang uppigjenom alt til Aasnes. Der foro Vatsbyggjarar (Hydrografer) i Sumar og loddade upp Straumar og mælte Fossar. «Ja,» sagde ein Mana i Grue, «dei lodda og mæla; men Glauma lær aat all Lodding: der dei sigla i Aar kann vera turt Land aat Aare.»

Naar desse Øyrarne verda nokot gamle, skogganga dei og liggja som eit fagert og godt Slaatteland; og naar det daa er Flaum, standa Lundarne liksom i ein Sjø og stinga sine grøne Toppar upp af Havet. Naar daa dei fagre Gardarne liggja ikring, og dei myrke Skogarne uppetter Lidarne, so er det eit Syn, som ikki er gløymande. Vaarflaumen var minkat, daa eg foor der, men endaa var det ein unevneleg Hugnad at siga og driva ned igjenom svarte Straumen. Der vaaro fagre Gjentur med i Baaten, og me sungo og spraakade. Ein Gondolfart i Venedig kann ikki vera meir leikande. Timberstokkarne seig ned mot Havet fraa sine svarte Skogar paa denne Landsens største Livaader. «Der er til ein ny Silkekjole,» sagde eg til ei Gjente, og visade paa nokre store Timberstokkar, som drogo afstad so vyrnadsfulle, liksom dei vel visste, kvat dei vaaro for gjæve Karlar.

«Er det ikki Synd,» sagde ein Mann i Baaten til meg daa, «at me skulle kaupa burt vaart malmgode Timber i Silke og slik Stas»?

«Nei,» svarade eg, «Skogen er skapt til at gjera vaart Liv hugsamt og fagert. Skogens Andir maa no hoppa af Glede, for dei kunna skapa all denne Upplysning og Folkeskikk ikring seg, og desse Skogarne trjota 67ikki, fyrr Glauma turkar, naar de hogga med Folkevit, og setja Skogar under Tilsyn.»

«Du vil altso hava Tilsyn, som her no verdt talat somykit um,» sagde han.

«Ja Øydeleggjaren maa likesovel i dette Stykke, som i mange andre gjerast umyndug,» svarade eg, «dersom det kunde lykkast at finna den rette Maaten med det. At selja til Uthogst f. Ex. burde vera forbodit. Skogen er korkje min elder din, um me aatte aldri somykit; men det er Landet, det er den heile Mannaætt, som eiger honom, og me skulle forvalta honom so, at Folk ogso kunna liva etter os, og gjera me ikki det, so maa Riket triva Øksi af Handi vaar, lilsom Kniven af Barnets. At tala um ein Eignedomsrett, som skulde naa lenger, naa til Afgrunns, er Barnetala. Me ero eit fritt Folk, men Fridomens fyrste Dygd er at leggja Klokskapsband paa seg sjølv.»

Folk segja, at desse store Skogarne med sine slette Furumoar imillom ero so dauvlege; men eg tykkjest, det er gildt at fara i ei lang bein Geil (Veg) liksom igjenom ein Kjæmpe-Rugaaker, so Ein seer berre ei smal Stripe af Himilen, og Furuleggirne blenkja raude liksom friske vederbitne Kinnbein. Og so hoppar der eit Ikorn yvir Vegen og springer smattande uppetter eit Tre og hoppar yvir Geili uppyvir Hovudet burt i den andre Fura. Det dalar paa denne tolv seksten Alnir lange Luftferd, so at, um det hoppar mest ifraa Toppen paa den eine Sida, so kjem det heisande ned mot Midten inn i Greinerne paa det andre Tre. Det hender ogso, at Reven stryker yvir Geili; men dette merkjer vondt, sagde ein Skytsgut meg; er det attanfor Ein, 68so hender Ulykka der, han kom ifraa, og er det framanfyri Ein, so hender det vonde der, han kjem fram. Der sprang ein gild Rev yvir Geili framfyre meg paa dei milelange og snorbeine Skogmoar millom Aasnes og Elverum der igjenom Vaaler; men eg spurde inkje annat enn vel, daa eg kom fram, endaa der kunde vera hendt ei Ulykke for den Skuld, um ikki eg fekk vita det.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.