Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

Eit godt Støvleskaft.

Her nord i Innherad er det ikki so snaudt og nordlandsk som sud ikring Throndheim, men her er Trevokster og Lundar og Lende som Sunnanfjølls. Vegen nordigjenom Indreøyi og Sparebu til Steinkjer er paa mange Stadar som at fara inn med Vorma og lenger ut med Glauma. Det er leikande at fara der paa vestre Sida af Borgenfjorden og sjaa austyvir til Mære Kyrkje og derikringum i Sparebu. Eg kom vel ihug dei mange Stevnemøti af dei stride Innherdingar paa Mære, bland andre daa dei nøydde Haakon den Gode til at eta Hesteliver, men eg tenkte endaa meir paa all den Magt og Velstand, som der maatte koma, dersom Folk kunde slaa seg saman og skjera upp den mest ei halv Mil lange og ikring ein Fjordung breide Mære243myr, som ligger der lik ei Fleskeskinke ovanfyre og sunnanfyre Mære der paa Haugen. Det er ein Botn, som Borgenfjorden smaatt i Senn hever sigit ifraa. Det er det gamle men ikki gode Jordbruk at klora og grava og sparka upp i Bakkar og Haugar og Hamrar og lata slike Myrar liggja, endaa det knapt finnst Maken til ei slik Myr i heile Landet, for her er det straks ned paa Leir og Skjel. Sjøen maatte standa yvir her, daa Indreøyi fekk Navnet sit, for Eidet millom Beitstadfjorden og Borgenfjorden, der Skipskjølar ero fundne, ligger høgre. Indreøyi er soleides ikki lenger Øy.

Steinkjer, som ligger ei Mils Veg lenger nord, er endaa mindre enn Livanger; men der verdt utført meir Trelast, som kjem ned igjenom Vasdraget fraa Stod og nordetter mot Naumdalsgrensa. Der Byen ligger og austetter er ei Aurslett, men vestanfyre er gode væne Gardar, og mest sjaaleg af desse ligger den gamle Eggi paa ein kvass Rygg eller ei Egg fram mot Fjorden, so Navnet er etter Skapnaden. Det var, som dei Fleste maa vita, her Ølvir og sidan Kalf Arnason, som fekk Ekkja hans, budde, desse gode Mønstermenn bland dei harde Halsarne, som vilde vera Bygdarkongar og Vikingar og Sjølvstyringar, og soleides sette seg imot alt Stræv for at faa til eit alle desse Smaariki, som laag og bikkjebeit kverandre. Bonden tenkte ikki paa det heile Riket, men berre paa at grava til Bygdi si. Harald Haarfager og Olaf’arne og Haakon’arne o. s. fr. saago vel ikki klaart den store historiske Tanken i Strævet sit etter at faa Riket til eit, for han var blandat upp med formange andre Tankar; men dei saago og kjende, at det gamle Lag var utole244legt og at all den Vikingferd og Hernad paa Frihaand maatte enda. Kristendom og Regjeringskunst var alt daa komen so langt. Det var tvo Tidarskifte, som baaro ihop med Brak, og desse gamle sterke, store, urædde Ættirne

Det var, som Ingen kunde fanga
og slaa deim endefram i Slag,
men at til Grunns dei maatte ganga
som for Guds eiget Andardrag.

Husestaden her paa Eggi ligger midt uppaa denne Knivsegg, so det var berre ovanfraa nedetter Eggi Fienden lett kunde koma fram og brenna Mannen inne og gjera slike gamle Aatgjerdir i alle desse gamle Bygdarstridar og Grannetrættur. Hustrælarne kunde derfor lettare varna kring ein slik Gard enn ein paa Flatlende. Derfor sjaa me ogso slike gamle Gardar bygde paa Bergkullar liksom andre Festningar til Tyngsel for all Drift og Unytte for Hevd. Og so var det no og for det, at dei Gamle vaaro rædde Vaatlende som Katten og mest likso litit som han kunde grava Veitur.

Det er gamle Thingstadar med Steinringar der lenger uppaa Eggi inn i skuggefulle Ospelundar. Det ligger vel laglegt her til at hava vorit Samlingsstaden for det nørdre Innherad og her stender ogso no ei Kyrkje som vanlegt der dei gamle Hov (Offer- og Thingstadar) stodo. Den nye Samlingsstaden kom paa den gamle. Ned i Bakken stender ein Minnestein paa Skjekke, truleg reist ned i Fjøra, men no er han langt upp i Bakken. Du skulde aldri sjaa vænare Gard enn 245Eggi med Utsyn utyvir Beitstadfjorden og vest til Beitstadbygdirne og aust til Steinkjer og mange gilde Gardar.

Ein Fjordungs Veg lenger nord inn under ei bratt Lid og inn med ein liten Foss ligger den store Garden Bø, som vist er ein af dei største Gardarne her nord, og vist den som er best upphusat og med den gildaste Hagen, som finns i Landet paa ein vanleg Gard. Der var Blomar og Ber og Dammar med Springvatn, og Gangar og Løynvegir, so det var reint utruleg. Eg trudde mest, at eg var i India eller der sud paa og ikki her under 64 Nordgrad. Er det ikki rart med det at det skal vera meir Blomar, til lenger nord du kjem. Eg fann mykit meir Blomar her nord enn sunnanfjølls, og daa eg fortalde dette til ein Mann, som kom fraa Trumsøy, svarade han: «Nei du skulde hava vorit i Trumsøy! Der var Blomar for Karl, der. Det er ingenting her i det Throndheimske mot der». Ja so, sagde eg, helder det paa slikt nordigjenom, maa Nordtappen af Jordi vera ei Bomsterseng og ikki Is, som Folk tala um.

Tvert yvir Dalen her er Moræne paa Moræneihopstuvade Grushaugar af Isen i eldgamle Dagar, som Jordkunnige tru. som Aai hever gravet seg eit Skard igjenom, og den største ligger som ein Rygg mot Nordanvinden for Steinkjer, mest paa vestre Aabred. Her maatte vera nokot at læra for Jordkunnige, so her er mykit at merkja seg baadi fyrr her kom Folk og etter den Tid. Midt imillom desse tvo Tidarskifti maa vel dei store Bautastei246narne paa Garden Helge vera uppreiste for dei sjaa ut som Jøtulsverk.

Eg saag burt til ein Gard i Sparebu, som heiter Holberg. Sume tru, at det er fraa denne Garden Godfader til vaar navngjetne Holberg var komen: men dei Lærde taka ikki dette for vist. Det er daa med Holberg som med mange af dei eldre største Menn, at Ingen veit der han er komen ifraa. Det skulde vera sjau Byar som vilde gjera Homer til sin, og solengi han livde vilde vist ingen af deim vita nokot af honom. – Var eg Innherding, so vilde eg granska i denne Saki for at visa, at daa ein stor Mann i den nyare Tid var komen af dette store Folk fraa gamle Dagar, og at det ikki var gamle Støvleskoft allesaman, som maa faa Forføting forat faa Folkeskikk paa seg, endaa Moderfolket til Holberg var komet fraa Bergen, soat den Ætt og hadde fengit seg nye Solar iminsto.

Me komo kjøyrande fram ikring ein væn Gard med gilde Hus. Her bur daa vel ikki nokot Støvleskaft, meinte eg til Kjenningen min. Ret som det var, rullade Vogni ned Bakken mot Ledgrindi, som her er so endelaust mange af, at det er reint ein Toll for den Kjøyrande at kasta Skillingen til den svarte halvnakne Ungen, som leter upp. Dette er rett til at gjera Herke-(Pøbel-)Ungar af deim. Det hjælper inkje denne Skillingen, og baadi Store og Smaae skulde hava den Folkeskikk, at dei leto upp Grindi for den Vegfarende for inkje annat enn Tak. No, ja, daa me komo her til Ledgrindi, var just ein Hest med Kjerre komen igjenom og den eine Mannen og, medan den andre Mannen, som der var med, let atter Grindi, daa han saag os, for at ein 247af os skulde umaka seg af og lata upp. «Hadde du ikki vorit ein Fant», sagde eg og smurde Svipa etter honom, «so hadde du letit Grindi standa».

Dette var Eigaren til den store Garden. Han helt «Friskytten», som mange andre af hans Likemenn der, og han var vist bondebyrg yvir det, at han var slik Mann, at han ikki turvte gjera nokot Aatvik for slike «fintklædde Karlar, som fara drustande og kjøyrande». Eg kjende Tanken, eg, og dette gjorde meg skamfull for dei gamle Innherdingar, som vist kunde vera ville i mange Ting, men det var endaa Gentlemen og ikki slik arm Raaskap. Det er sagt i eit gamalt Ord: «Det kjem Øydare etter Avlare; det kjem Bikkje i Bonde-Stad».


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.