Fred

av Arne Garborg

I.

Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand.

Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dỳn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.

Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt, graatt Land med lyngbrune Bakkar og bleike Myrar, yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt; avstengt mot Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaus synest den nakne Hei. Men her og der blaanar ei einsleg Tjønn, som ligg og gror att, eller eit stort stilt Vatn. Her 2susar Vinden Dag og Natt. Og Graa-vêre ligg laagt yver Viddi, der Haren rømer fraa Stein til Stein og allslags brun og spettut og vill Fugl ligg i løynde Reir og blinkar og blundar.

Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser, – det einaste ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augo kvar ein gjeng. Full av Skyir og Storm heng han mest alltid. Stundom sig han aat Jordi og sveiper Lande i Regn og Skodd som i ein Duk. Og det rigner og rigner til Lande fløymer.

Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng som Øyar i Lyngviddi; kvar Bìte og kvar Lepp er avstengd og innlødd med Steingjerde som lange Røysir.

I desse Heimane bur Folke.

Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom Live med Gruvling og Slit, putlar med Jordi og granskar Skrifti, piner Korn av Aur’en og Von av sine Draumar, trur paa Skjelingen og trøyster seg til Gud.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.