Fred

av Arne Garborg

III.

Ljos var innsette paa dei lange Bordi i Bryllaupsstogo; for det var alt Kveld.

Ved den nedre Bordenden sat ein Flokk eldre Mennar med Kritpipur og Ølkrus i koselegt Drøs; lenger uppe sat eit anna Lag og spìla Kort; men uti BuiForfatternote: Bui: Bestestova. gjekk Dansen med Feleskratt og Rop og Braak og Staak, so det song gjenom Huse. Helge Haave heldt Bryllaup for yngste Dotter si; og so laut det vera eit Lag, som kunde baade høyrast og spyrjast.

Øle var sterkt og godt, og det fløymde med Brennevin. Nils Ramstad spìla, og alt var paa si Høgd. Heile Grannelage var bedi, og Skyldfolk og Kjenningar; og Huse stima fullt av ein glad Svarm, som lova seg tri sutalause Dagar.

Enok var næmaste Grannen og kunde kje anna enn vera med; men han lika seg ikkje. Han sat inni Stova med dei gamle og høyrde 16paa Staake, og totte han var i ein Sattans Synagoge. Der var sjeldan ein Smil aa sjaa paa Andlite hans; og dei graae Augo var uglade. Han drakk naar han vart tildrukkin, og svara naar han vart spurd; men elles berre sat han der og hekk, framand og still, liksom trolltekin i sine eigne Tankar.

Det var spøkjelegt aa sjaa paa alt dette Folke som gjekk her og susa og svarma og tente Djevelen; i næste Minutten kunde dei staa for sin Domar, og kor gjekk det dei daa? – Jamvel dei gamle, som visste at dei ikkje hadde langt att, dei tente Sattan so trutt som dei skulde vera forsvorne. Drakk og lo og skravla laust; tenkte minst paa, at dei ein Gong skulde døy. Og so alt det stygge her var aa høyre; denne fæle Banningi rundt ikring –; der var ein som bad Djevelen ta seg, og der ein som ynskte seg ein «pine»-full «Død»; upp i Kortlage sat Napolon Storbrekke og staaka og svor so det berre lyste um han. Og dette lo Folk aat. Di meir han staaka, di meir Laatt vart der. Like til smaae Gutungar so laag dei uppetter Bordkanten og lo; det var nok ingin, som hugsa Orde um Mylnesteinen. Enok stirde og stirde og vart stundom heilt rar. Det kom for han at det var Lik han saag, paaklædde Beinrangel som gjekk her og dingla; og naar dei gapte og lo med sine kvite Tanngardar var det so det 17gjekk i han. Dei skulde vita kven det var som sat attum deim og kvesste sine Kløar, so lo dei nok ikkje! Og dei unge der ute som sjaua og dansa, fjasa med Kvinnfolki og velte seg i Synd, kva tru dei vilde svara um Brudgomen kom? – Men ikkje ein Tanke, ikkje ein Tanke … Og endaa var der dei som nyleg hadde stadi til Konfirmasjon. Ja, Sattans Hus var dette, og Helvites Port; han vilde berre sitja ei Stund, so vidt han kunde segja han hadde vori her; so vilde han heim att.

Fela der ute ljoma og lét; ei underleg Djevelsmagt var der i det Spele. Han maatte høyre paa det anten han vilde eller ei. Det var vent paa ein Maate; altfor vent; stundom kunde ein mest tru det var noko godt; men so kom Djevlearti. Lokking og Laatt, Hildring og Vildring, Helvites Magt som drog Sjæli i Ørske burt ifraa Gud og inn i Synd og Vellyst og æveleg Anger.

– «Her hjelper ingen verdslig Magt!» staaka Napolon Storbrekke uppi Kortlage; han slog i Borde so det small. «Her er Majestæten sjølv; kom so med Drammen!» – Banning og Laatt. «Skaal Kjeften min; eg veit du likar det!» Napolon drakk. So reiste han seg og gjekk fram. «No hev eg vunni so lengi at eg er lei av det,» sa han. Han var alt noko paa ‘an; dei smaae blaakalde Rovfugl-Augo 18stirde; det lyste av Krok-nasen, og heile det skarpe, storbygde Andlite var raudt og heitt. «D’er kje noko Hugna aa spela med dykk,» kytte han; «det er som eg skulde spela med Ungane. Er de kje likare Karar, so neigu um de skulde bjoa til med han Napolon Storbrekke! – Koss gjeng det her?» helsa han paa dei gamle; «– ja kva seier no de um denne Ungdomen, som veks upp? – Peinadø um eg vilde reisa meg upp for dei, um eg so sat paa ei Rullehorv! Ikkje kann dei dansa og ikkje kann dei drikka, og ikkje kann dei spela Kort og ikkje kann dei slaast; kann der verta noko Liv i eit Bryllaupslag paa den Maaten?» – Dundrande Laatt.

Napolon fekk Øl; sette seg so til aa skrøyte. Det gjekk med Sogur fraa den Tidi daa han handla med Kretur. Den eine Rispa kom, galnare enn den andre, helst um kor godt han hadde snytt denne Skarven og Hestehandlaren Per Rudlevig. «Jagu fortente han det han fekk; kann eg lura han eingong til, skal eg gjera det; ja det skal eg. Skulde ein kje lura ein Kjeltring, naar ein kann koma til? Jau det gjer no eg. Eg veit kje, kva dé tykkjer!»

«Eg tykkjer du er strid med han Per Rudlevig eg,» sa Enok aalvorsam. «Eg er rædd at naar du tenkjer deg um, so kann du og ha dine Lyte.»

19«Det var peinadø eit sant Ord, Enok! Skaal, min gamle Ven og Lesarkamerat; du er grei, du, som ikkje stikk noko under Stolen. – Aa ja. Eg seier som eg plar seia. Han Per Rudlevig putlar og stél, og eg putlar og drikk; kjem han Per Rudlevig til Himmerik, so kjem eg der au; ja det gjer eg.»

Det vart slik Laatt, at Enok ikkje vart høyrd med sine Aalvorsord. –

Um han ikkje snart kunde gange no, tru? – Her sat han i Syndar-Lag og i Spottar-Sæte, drakk med dei ugudelege og høyrde paa styggt Snakk; um han vart burtkalla i Natt, so vilde han vera ille fyribudd. Han kjende seg reint som tilsulka av Syndi rundt ikring seg. Aa høyre og sjaa paa slikt og ikkje hindre det, det var aa gjera seg «delagtig i fremmede Synder» – –

– – «Jamenn fær du smaka paa Øle, Enok; eg trur det skal vera godt!»

Det var han Helge sjølv som kom, Far aat Bruri. Han hadde ein liten Lette, men ikkje meir enn rimelegt; no sette han seg hjaa han Enok og gav seg i Drøs. «Idag gifter eg burt den siste av Døtrane mine, so eg kjem kje til aa beda deg til Bryllaups meir eg,» sa han. «Og me hev alltid vori gode Grannar me, so du ska gjera litegrand Æra paa meg denne Gongen. Og henne Berta Maria, hu som Brur 20er, henne hev du no kjent fraa ho var lito. No drikk eg deg til, Enok, og no skal du drikka ut; det er vel kje noko du er tykkjen fyre, med di du sit her so uhugleg?»

«Nei, nei!» braadde Enok i; han drakk. Det var nok gali av han, dette; han fór visst reint ufolkelegt aat. Naar ein var ute, so fekk ein vera som hitt Folke; dei kunde taka det gali upp, um han sat her som ein Sytekrok. Helge var ein godsleg, snild Mann, som Enok lika godt; bein og grei hadde han alltid vori. Og um han var glad i Dag, og gjerne vilde sjaa andre glade med seg, det var kje meir enn ventande. «Drikk ut no,» sa Helge, «so skal du faa noko friskt; det smakar alltid best med same det kjem or Tunna.»

Dei tvo Grannane sette seg til og samrødde. Enok maatte vise at han ikkje var tykkin; han fylgdest med Helge baade i Drykk og Drøs. Rett som det var kom Brudgomen. Han hadde Flaske og Glas og skjenkte ein Dram.

«No skal du sandeleg drikka med meg au, Enok, paa min Hædersdag! – Du hugsar vel, at eg hev gjengi i Skule for deg? – Du hev vore so fin paa det i Dag og aldri vilja havt noko; men du fær daa gjera so mykje Æra paa baade meg og Varune vaare, at du smakar litegrand paa det vesle me hev. No drikk eg deg til; Skaal, Enok!»

21Ja der var kje Raad med det. Enok smaka paa Drammen. Og han slapp kje med det; han maatte drikke or. Brudgomen var so reint svært hyggjeleg og snild; og so var det no kje verre; ein tolde alltid ein Dram. Han rødde eit Bìl med Brudgomen um gamle Dagar; sette seg so til att med han Helge. «Det er visst ein gild Mann, Dotter di fær,» sa Enok. «Ja eg trur kje han er so galen,» sa Helge. «Og Garden er kje kleinare enn eg tenkjer han greier seg.»

Det var som Enok med ein Gong fekk dei tunge Tankane fraa seg. Han saag seg um med friare Augo; og her var kje so fælt heller. Noko Umvending vart det no kje av i Kveld kor som var, so han kunde likso godt vera med so lengi. Vaarherre kunde vel kje hava noko større imot at han sat her i eit vanlegt folkelegt Drøs utan baade Banning og anna stygt. Han saag korleis det var, og at han ikkje vel kunde fara annleis aat enn han gjorde. Um ein synda eitgrand meir eller mindre, det var no slik Slag au, so lengi ein ikkje var umvend. Øle var og ei Guds Gaave; og han Helge var ein hyggjeleg Mann. Berre agte seg, so ein passa Maaten …

Smaatt um senn glødde det upp i Augo hans, og den bleike klaare Panna vart liksom varmare. Ho Anna var i Døri eingong og kikka inn; ho vart reint glad av aa sjaa Mannen sin som anna Folk. Han hadde vori so underleg 22i den siste Tidi, at ho stundom ikkje hadde visst kva ho skulde tenkje.

Enok Haave var ein Mann paa ikring firti. Han saag godt ut. Andlite var klaart og klokt med store, reine Drag; det vart godslegt og mest barnslegt naar han lo; og han tok seg daa gjerne um Hoka med den eine Handi. Haare hans var so svart, at det mest blaana i det; Luggen vilde gjerne fram i Panna. Fraa Øyro ned under Hoka vaks eit tett, brunraudt Skjeggeband, som saman med det svarte Haare la liksom ei Raame um det opne, aalvorsame Andlite. Han var i blaa Klædes Rundtrøye og svart, blank Overlastings Vest; um Halsen med den kvitstrokne Halsskjorta hadde han eit svart Silkeplagg med fin Knute, Snippane stukne godt innunder Vesten. Med sitt strenge myrke Hovud paa dei faste, velbygde Aksline saag han annleis ut enn dei andre, mest framandsleg; det var mange som totte at det stod liksom ein Kaldhjelm av han.

– – Rart med slik ein Dram. Han vermde og gjorde godt; no kjende kje Enok det Slag av denne Otten for Bringa. Ein Dram var kje noko gali; det var, naar der kom fleire …

Underlegt med det, at alt som var gali, det skulde vera so kjært for Kjøt og Blod. Godt Lag og god Drykk og Felelaat og Sus og Dus … Øienslyst, Kjødslyst og eit overdaadigt 23Levnet … det var nok so han vilde ha det, den gamle Adam.

Napolon var alt so full at han song:

«Kan det vel være, at hele Landet,
var bedre tjænt, om man blot drak Vandet?
– Nei!
Saa skjenk i Glasset ….»

Stakkars Napolon; altid skulde han hengje so uti dette Brennevine.

Fela var det som drog mest. Det var ein Laat og ein Ljom som gjekk so reint forunderleg til Hjarta, ein Undertone liksom, ein Medklang, noko, som ikkje kunde koma berre fraa Strengine … var det Djevelen det? – Dei var kje beint fram lettlynde heller, desse Tonane; likso snart kunde ein kalle deim tunglynde; det var ei underleg Blanding av Glede og Graat, ør, heiltupp tryllande. Og der fylgde so mange Minne med, slikt som ein helst skulde gløyme; heile Ungdomslive; dei kunde berre klunke paa Fela, so song det upp um gamle, galne Ting, Innbillningar og Paafynster i Ungdomens Dagar … i den Tidi daa han sjølv dansa og tumla og fór med Gjentefjas … berre so smaatt daa. Han hugsa so vel dette Bryllaupe paa Ramstad, der ho var med, denne – som dei hadde erta han so for ei Tid … greid Gjente, ikkje for det; men –. Berre Armod og Vesalldom; so det kunde kje verte noko. Men ei hamsleg, gild 24Gjente. Og dei dansa og fjasa; var endaa burti Løo … aa du Ungdoms Daarskap og Tankeløyse. Det var kje noko aa tenkje paa no; det var burte og gløymt, som vel var; det var berre denne Fela. «Han er god til aa spela, han Nils!» – «Ja, han er det. Han er rigtigt god til aa spela. Det er han.» – Dei vart so fagre dei gamle Dagane. Han minntest kor vent det kunde vera stundom, meir daa enn no, med Solsteik og lang Blaaning og varmt i Bakkane. Og det anga so godt av Blomar og Høy. Og Viba skreik og Raudstelken slog, og Aakerhøna riksa i Engine, naar dei stundom møttest i svale Kveldstundir … Tull og Tøv og forargeleg Synd; men endaa fylgde det som ei Sorg med det.

Jamenn strauk Nils upp med den gamle Springaren … nett den som Enok og Kjistina hadde dansa paa Ramstad for tjuge Aar sidan. Enok reiste seg og gjekk ut, vilde «lufte seg eitgrand»; stana fysst i Gangen og saag paa Dansen; gjekk so ut i Bislage. Der stod han og lydde paa Fela lengi.

Kunde der vera so mykje Synd i Fela, tru? – Nei, som han Nils strauk upp. Det oma og ljoma gjenom heile Huse. Og dei stræva og dansa som dei skulde staa paa Laaven. Karane hadde endaa kasta Trøya; Gjentune var so varme og raude at det skein av 25deim. Narreverk, Djevelskap; danse paa ein Avgrunn …

Folk dreiv ut og inn; Svall og Laatt og Song og Sus kor ein snudde seg. Ein Sjøgut fraa Byn hadde ei ny Vise, som alle skulde lære; det var um ei Jomfru burti Engeland; ho var so fælande rik:

«Hendes I–ndtægter om Aa–ret
seks hundrede tusinde var …»

So var det ein Matros som fridde; og ho hadde kje meir Vit enn ho vilde hava’n; men dette brydde kje Faren seg um, som rimelegt var, og det vart svært til Ugreide. Men so tok denne Matrosen Mod til seg og tala beint ut til Rikingen; det var gali aa tru paa Gods og Gull; han fekk alltid nok for sin Part; det jordiske var kje noko aa lite paa; han fekk kje noko med seg av det kor som var –:

«Thi saa faar du ikke mer paa sidste Dagen,
du blir lagt i den sortaste Muld!»

… Fælt, at dei kunde gaa og syngje paa slikt i Fjas og Fyll. Hadde dei daa kje den alra minste Ettertanke – – –

I det same gjorde han ei Overhaling; han maatte taka seg Tak og halde seg fast, hadde so nær tumla utfor Steintroppi. Daa kvakk han, so Hovude hans vart klaart med eingong. Han hadde vori drukkin.

26Rædsla tok han. Burt, burt fraa dette Syndehus … Han staka avstad med strævande Stìg vest gjenom Geilane og heim; gav seg kje Stundir dessmeir til aa gaa inn etter Hatten.

Dette var Verdi og Verdi si Lyst. Drikkarar og Horkarlar rangla remjande fram-etter Vegen til Helvite; Djevelen dansa ikring deim og lo; Fela skratta Takten; det ville Staake stod til Himilen som eit Skrik; berge seg, berge seg fyrr det var for seint; Gud! riv meg kje burt midt i mine Synder …

Han berga seg inn Bakdøri, kveikte Ljos og skunda seg i Seng. Daa ho Anna kom heim, laag han og sov, bleik og sveitt, med «De Bedendes aandelige Kjæde» millom Hendane.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.