Fred

av Arne Garborg

V.

Enok gjekk beint aat Stallen. Der kraup han uppi Baasen til den brune Merri og lagde seg til og bad.

Gud hadde tala Aalvor no; ein fekk sjaa aa faa det avgjort. For smaatt og for veikt hadde han i desse Dagane banka paa Naadens Dør. Det galdt aa brùka Magt. Trengje seg inn. Det kunde snart vera stengt; – han hadde sjølv vori full i dette Bryllaupe.

Han bad um Anger, um rett, sann Anger; tigga og bad. Han var nok i Sjælenaud. Men det var berre Rædsla for Guds Dom. Og den hjelpte kje stort. Rædsla hadde Judas og havt; Rædsla havde sjølve Djevelen. Angeren, Angeren var det, som maatte vakne, den djupe Hjartesorg, at han hadde gjort Gud imot. «Aa Gud, skap eit nytt Hjarta i meg!» –

Og han rota og grov i sitt framfarne Liv etter Synd, prøvde si Ferd etter Guds Bud og fann, at han hadde broti deim alle; og det 37ikkje ein Gong eller sju Gongir, men kvar Time og Stund, gjenom heile sitt Liv, i Vrangskap eller Veikleik, i Tankar og Gjerningar.

Kunde der vera ein verre Avgudsdyrkar enn han? Avgudar hadde han havt fleire enn han kunde minnast og upprekna. Men den han hadde dyrka mest og lengst, var Mammon. Det var Jordi, han hadde sett sitt Hjarte til. Jordi beintfram; Garden hadde vori hans Eitt og Alt, hans Elsk og stendige Tanke. Utan den hadde han kje visst korkje godt eller gildt; like ved den hadde han kje havt Lyst til noko paa Jordi. Den hadde han tenkt paa i Ungdomens Tid; daa han vart Skulemeistar var det kje av di han vilde lære Ungdomen Gudsord; det var berre dei tjuge Dalane um Aare han tenkte paa, so han kunde tena noko til Gardsdrifti. Samstundes hadde han handla med Smale, snytt til seg Pengar baade med Lygn og List – Synd mot det sjuande Bud –; og daa det drygde noko lengi fyrr han fekk taka imot, hadde han, Gud hjelpe oss, halvt um halvt ynskt Helsa av sin eigin Far – Synd mot det fjorde og femte Bud –, berre av Elsk til denne Garden. Og sidan hadde han broti og baska og bygt og grust og ikkje havt ein Tanke utanum dette Mammonstræve; daa so Litle-Gunnar kom, hadde han der fengi seg ein ny Avgud, som hadde bundi Hjarta hans endaa 38fastare til Verdi; den sanne Gud hadde han haldi seg ifraa som eitkvart vondt.

Og kor ofte hadde han ikkje misbruka Guds Namn, vanvyrdt Kviledagen, arga sine Foreldre, ynskt vondt yvi Næsten; og naar han kom til det sette Bud, kva skulde han daa segja, og kva skulde han daa forsvara seg med? Han var kje stort anna enn Gutungen, daa han tok til med slikt Vas og Fjas; det var baade skamlegt og stygt aa tenkje paa; og han elska Syndi og søkte Syndi, alt til dess Foreldri hans kom under med det og jaga Kvinnfolke or Tenesta. Og sidan dette med den andre, som au ei Tid hadde vori Avguden hans, so han ikkje tenkte paa anna korkje Dag eller Natt; og so alle dei som han i Ungdomens Aar hadde «set paa» til aa «begjæra dei» … aa, dei var nok uppskrivne! Ei heil Myr av Ureinskap laag det her; aa fy aa fy, for ein Syndar han var; ikkje ein rein Flekk fraa Fot-Solen og inntil Hoved-Issen. Og endaa angra han ikkje; gjekk berre aa skalv for den Straffi, han hadde fortent; «aa Gud ver meg naadig; aa Gud! ver meg naadig!»

Men alt det han bad, fekk han ikkje noko Svar, inga Kjenning av, at Gud hadde høyrt han. Hadde han kannhende sett ut og sett ut so lengi no, at Gud ikkje brydde seg um han lenger? – Nei, nei; han maatte ha Hjelp.

39Han freista aa tenkje paa Guds Kjærleik. Han rekna upp for seg sjølv alt det gode han hadde fraa Gud, Liv, Helse, Mat og Drykk, Vit og Forstand, alt det han trong til Lìkam og Sjæl; og det endaa han sjølv ikkje hadde tenkt paa anna enn vondt … Kvar Minutt hadde han fortent Helvite; men Gud hadde spart han; spart han og uppehaldi han, vakta og vârt han; ja det som meir var, han hadde sendt sin eigin Son, at der skulde vera Frelse for han aa faa, naar han ein Gong vakna upp. Og han hadde lati han bli fødd i eit kriste Land, der Vegen til Naadestolen var opin og fri, og hadde upplyst han med sine Gaavur og stadi med utbreidde Armar og venta paa han i firti Aar; berre kjærlegt og godt til Svar paa alt vrangt og alt vondt; han tenkte seg inn i dette til han totte han var ein Hund og ein Skarv; men endaa vilde kje Syndegraaten koma.

Han gjekk inn; fekk upp Ljos og sette seg til aa lesa i Lars Linderoth. Kannhende det der kunde finnast eit sterkt Ord til aa krasa hans harde Hjarta. Sidan tok han Johan Arndt, og tilslutt Bibelen. Daa det leid til Sengetid, las han Bøni, den gode gamle Bøni etter Salmeboki hans Far.

Men han laut leggje seg utan Naade.

Han laag og skalv for Dauden og Helvite og fekk ikkje Svevn; torde kje sova; tenk um 40Gud kom. Han bad, ja mest gret av Angest; men inkje noko Teikn fekk han, som kunde tyde paa Bønhøyring. Ho Anna laag og lydde paa han lange Stundir og fælte.

Utimot Morgonen sovna han, men sov urolegt. Han totte han gjekk paa ein Veg i regnmyrkt Vêr. Det var døyne og tungt i Lufti, og han gjekk med Bringa full av Otte. Daa saag han ein Mann koma hit yvi ei Hei; Mannen hadde ei svart Hundskindsluve paa Hovude. Og i Andlite var han upptrutna og raud. Han stana og stirde paa Enok, lét upp Munnen og vilde tala, men kunde ikkje; det vart berre Gauling og Vavl. So vart han som sjuk og datt ned; der lagde han seg til aa spy; men det han spydde var berre osende Eldslògen. Daa stivna Enok av Rædsle; no forstod han, kven det var. –

I slike Draumar kava han, til han stod upp. Han klædde paa seg som i ei Ørske, gjekk sidan og vavra ut og inn som han ikkje hadde Fred; kunde kje koma seg til med noko Arbeid heller. Ho Anna maatte tala til han tilslutt: «var det kje i Dag, du skulde aat Kverni og mala?»

Langt um lengi kom han avstad. Ho Anna gjekk etter heime med ein tung Otte for Bringa; Gud hjelpe og trøyste oss, skulde han Enok koma ut i Gruvlingar.

41– Haavegarden laag uppaa øvste Rygningen av ei Bakkehøgd, som lyfte seg fraa dei vide Flòtine i Vest og Sør som ei rund, roleg Bylgje.

Tri Mann budde paa Garden i laage einhøgdes Hus. Enok budde vest-lengst; Husi hans var nye og tjørubreidde. Bygdevegen strauk mest like framum Vindaugo hans; paa hi Sida Vegen, rett imot Stoguglasi, var «Hagen»: nokre gamle Tre, mest Rogn, og ei svær, gamal Selje, som tok av mot Nordvesten.

Nedyvi Bakkedrage, i Sørhalle, laag Bøane, Aakrar og Vollar og vene Kjelvur, sundbytte med Steingjerde paa langs og paa tvers. Bøane naadde aat Elvi og Torvmyri; sunnan-um denne tøygde Ramstadheiî seg vid og svart so langt ein kunde øygne.

Nedyvi Brekkehøgdine i Aust kom Skare-Aai dragande i kvite Stròk med sterk Sus, dreiv Kvernar og eit Stampeverk og bøygde so i still Straum hit gjenom Myri heilt innunder Haavebøane. So fylgde ho Bakkedraget i stor Sving. Her strøymde ho noko meir paa, sovidt at Haavemennane kunde faa Kvernefall. Enok hadde sitt Kvernhus langt nordi Utmarki si, ved Enden av ein Dam, som det maatte ha kosta eit heilt Sùmarsarbeid aa grava.

Der laag han i Dag og turka og mól.

Det var øyde Vêr; eit hardt, tungt Regn blanda med Snøslette. Kvernhuse laag einslegt 42og hustre til. I Lyngheiî rundt um var smaae, runde Haugar; lenger nede og nord Heialandsmyri og Heialandsvatne med sitt stride, lange Sev. Eit Stykkje nedanfor det, midt paa Flata, laag Heialandsgarden gamall og graa; det var som han vilde krjupe i Jordi under sine mange laage Torvtak; der skulde det ha spøkt i gamall Tid, etter ein Mann som hadde hengt seg. Elles var inkje anna aa sjaa enn Hei og Myr, Myr og Hei; og so her og der ein Huskrull stikkande fram attum ein Haug liksom han helst vilde gøyme seg. Gjenom Regnskodda skimta ein i Aust og Nord Aasegardane og den kaldkvite Kyrkja.

Det lettna mot Kvelden; i Himilen og Lufti kom ein staalgraa, kald Klaarleik; kòlblaae Skyir laag og dreiv upp-yvi Have i Vest. Ein sterk Aa-Sus stod gjenom Lufti.

Enok kjende seg veik; Tanken paa Napolon hadde fylgt han heile Dagen. Han bad og bad, men utan Hjelp; Bøni sprengdest kvar Stund av framande Tankar. No laag Napolon i Helvite og brann; kannhende bad han Abraham um Lov til aa gange heim att og vitne for sine Kjenningar; og tenk um han fekk Lov. Me var so syndetrygge og likesæle, at det kunde nok turvast. Det var imot Orde; men tenk um han kom likevel. Um han no med ein Gong stod der i Kvernhusdøri ….

43Enok stengde; so kveikte han Ljos i Lykti og freista aa gjeva seg Gud i Vald. «Aa, berre du vilda vera med meg! – so var det nok ingin Faare.»

Det var eit stort Kvernhus, skift i tvo med ein Vegg; i det indre Rome var Tussa,Forfatternote: Tussa: Turkegreida. i det ytre Kverni. Enok heldt seg i det indre. Kvar Gong han skulde ut aat Kverni, i det kalde mjølkvite Rome med dei rare Skuggane naar Ljose kom, – var det so det kulsa i han. Tenk, um det sat ein der no paa Kanten av Mjølkista!

Utanfor gjekk det. Han høyrde tydeleg at det gjekk. Kven kunde det vera? Han venta og venta; men ingin kom. So hadde det vel kje vore noko. «Kjære Herre Gud, ver hjaa meg; vakta meg mot alt vondt» … Nei, der gjekk det att. Tydelege, tunge Stìg. Han torde kje anna enn sjaa ut; tok Lykti og glytte paa Ytredøri. Nei. Der var ingin. Berre Aasusen stod imot han som eit Rop, ei gnell, lang Varsling. Han slog Døri att og berga seg inn; dette skulde han kje gjera meir. Men utanfor gjekk det og gjekk det.

Det var inginting! han dryfte Korn av all si Magt; vilde kje høyre etter lenger. «Den Gud vil bevare er uden Fare.» Var det Djevelen som gjekk og lurde paa han? Den Vonde 44var kannhende rædd at Enok skulde faa rive seg laus no, og so vilde han ta han, med’ Tid var …

Tussa knirka og knaka, smaatt og tòlmodigt; det høyrdest som ho ynka seg: «aah, oi»; «aah, oi» … Kva var tids med Kverni, tru; ho skrapa og skreik som ho skulde gaa i Stein; han laut ut aa sjaa etter. Nei; det var kje noko. Han kunde kannhende sleppe litegrand meir Korn paa; ho svelgde det nok. Men Mjølkista tok til aa fyllast; han fekk ause or litegrand. «Aah, oi», «aah, oi.» Underlegt med alt ein kunde høyre, naar ein var so aaleine. Der gjekk det att. Ikkje høyre paa det. Var det Folk, so kom det, og var det noko anna, so var det magtlaust … «Fader vaar, du som er i Himmelen, helliget vorde dit Navn, tilkomme dit Rige …»

Daa skar Kverni i og song gjenom Sus og Staak med sitt harde Steinmaal: «i Helvites Pøl»; «i Helvites Pøl»; han høyrde det tydeleg. Og Tussa der inne ynka seg og ynka seg, kvævt og stilt: «aah, oi», «aah, oi» … «i Helvites Pøl», «aah, oi», «i Helvites Pøl», «aah, oi» … Rædsla tok han; Kaldsveitten braut fram; uviljande og uvitande fekk han Tak i Stemma og stemde Kverni.

Men daa vart det so fælskeleg stilt. Som nokon skulde vera braad-daud her. Han berga 45seg inn aat Tussa og stengde Døri. Skræmeleg stilt. Det laag Lik der inne. Men her laag Sjæli i Hèten og vreid seg –: aah, oi, aah, oi … Han stod kje i det lenger. Stemde Tussa; berga Korne i skjelvande Hast; treiv Lykti, sette paa Dør … fekk kje Magt med seg sjølv att, fyrr han var komin so langt heim at han saag Bøane.

Der fekk han med ein Gong slik ein inderleg Lengt etter Gud. Som eit Barn, naar det er ute aaleine, og hev misst Vegen, og Myrkre fell, og det gjev upp alt og berre græt, græt etter han Far, – soleis vart alt i Verdi Myrkr og Fælske, og Sjæli hans grét, grét etter Gud, etter han Far der uppe i Himilen. Han lagde seg paa Kne attum eit Gjerde: «aa eg er so sorgfull, for eg ikkje fær koma til deg. Aa kjære, opna di Naadedør, at eg kann sleppe inn og faa Fred … og Forladelse for alle mine Syndir. Aa kjære ver god med meg, og lat meg kje staa for lengi utanfyri. Du ser eg er veik; gløym alt det vonde eg hev gjort, og lat meg faa sleppa inn; aa kjære Herre Jesus!» –

Han vart rolegare og gjekk heim. Men noko Svar fraa Gud fekk han ikkje.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.