Fred

av Arne Garborg

VI.

Det var i Dag, dei skulde bera han Napolon.

Vêre var stormande og tungt, halvt Vinter og halvt Haust; men endaa støla Folk til Likferdsgarden fraa alle Kantar. Han Napolon hadde vori vida kjend. Og alle totte dei maatte ha set han.

Kannhende vilde dei og gjerne vita han av Garde. Han hadde tyngt som ei Rædsle yvi Bygdi i denne Tid. Det vilde liksom lette aa faa han gøymd; det som var i Kyrkjegarden var or Vegen.

Enok hadde tenkt aa ikkje vera med. Han var rædd det skulde gange for hardt innpaa han. Vera med og halde Gjestebod for ein usæl Mann totte han og var fælt. Men daa Likferdsdagen kom, skifte han Tankar.

Det kunde just høve for han no aa gange av aa sjaa, korleis ein Mann saag ut, naar han 47var komin til Helvite. For no visste Enok, at det var dit han skulde sjølv.

Gud vilde kje hava’n. Faafengd var Venting og faafengd var Bøn. Inga Hjelp kom; det vart heller verre. Og kva vilde han anna vente; han hadde gjort den Syndi som der ikkje er Naade for. «Synden til Døden.» Det var komi so tydeleg for han ein Dag, at der var kje Tvil lenger.

Ho Anna hadde spurt han um dei ikkje skulde gange til Alters snart. «Kunde kje det vera godt for deg no,» – hadde ho sagt i si gode Meining.

Det kvakk i han. Gange til Alters, naar ein ikkje var umvend? Eta og drikke seg sjølv til Dóms? Kunde nokon vaage slikt? – Han hadde sagt nei so hardt og stutt, at ho Anna berre hadde set paa han og tagna.

Men i det same hadde det liksom vorti sagt til han: det hev du sjølv gjort, Enok … so mange, mange Gongir.

Daa var det som han stivna der han stod. Det tok til aa ringje for Øyro hans: «eta og drikke seg sjølv til Dóms; eta og drikke seg sjølv til Dóms» …

Sidan hadde Enok vimra um som i ei Ørske. Korkje i Bibelen eller nokon Stad kunde han finne noko um, at der var Naade for dette gaatefulle; men i Salma stod 48der um den som hadde noti Guds Lìkam uverdeleg:

«Han skyldig er i Jesu Mord;
hans Blod er paa hans Hoved!»

Der var kje Tvil. Der var kje Tvil!

Han gjekk som sjuk. Hadde Kalde-Ridir og Sveittetak; Kneî svikta under han; og ein Kveld han stod ned i Kjeldaren og gløymde seg sjølv i Gruvling yvi si blodige Synd, vart det sagt i han, so tydeleg som han skulde høyrt det: «dette er det, som er Bespottelse imod Aanden.»

– – Ja, han vilde sjaa han Napolon Storbrekke no.

Han fekk det som ei Rid, reiv Klædi paa seg og reid av Garde; ho Anna visste kje kva ho skulde tru. Men det var daa vel godt, at han kom ut og fekk sjaa Folk.

Til Likferds kom han i siste Liten. Maten var komin av Borde; berre Klokkaren sat att og aat; han var nettupp komin. Gamle-Salomon, Far til Like, gjekk uppaat han stundom og bad han forsyne seg. Der var inginting aa sjaa paa Salomon; han var den han hadde vori. Stakkars gamle Uvyrda; naar ikkje dette ein Gong kunde vekkje han –.

Elles var det stilt i Stogo. Kyrkjestilt. Alle Hovud bøygdest i tunge Tankar; ender og daa 49steig ein Sukk. Ein tung, kvævin Daam stod gjenom Huse, Matlukt, Liklukt, Eim av brent Lakk. Spegilen og alt som kunde blenkje var paa vanleg Vis umbundi med kvit Duk; yvi Dukane Kransar av Mellebærlauv. Stoguklokka var stansa. Kona hans Napolon sat med nokre Kvinnfolk uti Stogukammerse; Enok tottest stundom høyre Graat derifraa. Han hadde funni seg ein Sess ved den nedre Bordenden; der sat han med Hovude mot Handi og stirde. Dei vilde hava han uppaat Borde og gjeva han Mat, men han neita stutt. Mat vilde han ikkje hava, og her vilde han sitja. Um han kannhende ikkje var frisk? – «Nei.» – «Nei du ser puskin ut, Enok!»

– Klokkaren var ferdig. Ein Mann kom inn med tvo Skamlar, som han sette paa Golve noko ifraa kvarandre; yvi Skamlane vart breidt eit Lakan. Enok kjende seg tyngd og rædd; det susa for Øyro, og han saag svarte Flekkir. Ut i Bui høyrdest døyvt Staak, tunge, ustøde Stig; – no kom dei med ‘n.

Den lange svarte Kista vart innbòri av seks Mann og sett paa Skamlane som paa eit Fotstykke.

Lòke vart avlyft. Eit Kvinnfolk tok Lik-Klæde burt fraa Andlit og Hendar. Fleire vaaga seg burtaat Kista; der høyrdest Mulling og Sukkar. Enok torde kje sjaa dit.

50Var her Svaavel-Lukt? – Det svimra for han. Han trudde det maatte slaa Logar upp um Like, smaae gule Kvervlar um Andlit og Haar … Han visste kje rett av, so var Augo hans burtved Kista. – Der laag Napolon.

Han saag ut som andre Lik. Innfallin og avfallin, urimeleg lang; Handledine smale som Pipestylkir. Andlite blaaflekkut, den store Nasen større enn fyrr, men sterkt bøygd. I Andlite var korkje Rædsle eller Ro; der var inginting; han saag styvin ut. Taapin, tankelaus; laag der som inginting var. Enok lyfte paa seg og vilde sjaa betre etter. Men i det same vart Like yvibreidt og Lòke paasett. Godt at dei daude ikkje kunde skrike …

Handfast dùna Hamarslagi gjenom Huse med sin serskilde, tunge Ljod. Tvo brennande Ljos vart sette paa Kista. Klokkaren, ein ung, strak Kar i Ridestyvlar og lang Overfrakke stelte seg upp ved Hovude av Like med Hatten i den eine Handi og Salmeboki i den andre; han var stram og høgtidsam. «I Jesu Namn.»

So kom denne kjende Salmen paa Allehelgensdag, som vart bruka i Likferdir so ofte, daa ho var so ven. Tonen og var forunderleg: sorgsam og klagande, men endaa so mild; trøysterik og trygg, søkjande Gud i Bøn; full av hugmjuk Tillit.

51«O kjære Sjæl, frygt aldri mer,
om alting surt i Verden ser,
og Herrens store Domme
for Syndens Skyld vil falde ind …»

Ute braka det og blés. Mot Vindaugo slog lange tunge Regndròpar mengde med Hagl. Himilen myrkna, so det vart skomt; Ljosi paa Kistelòke brann gulbleikt og dauvlegt.

«Jeg gruer ei, om end jeg saa,
al Verden skulde undergaa,
og ei om Himlens Vrede
i Luft og Hav og Jorden skjød
Fordærvelser og giftig Død;
min Jesus skal dog lede
mig ud og for mig bede.»

Seint og høgtidsam drog Salma fram i sin mjuke, æoliske Tonegang, og kvart Vers vart mildare, venare, meir og meir fullt av Von, til dess alt samla seg i dragande Himildraum.

«Min Sjæl alt fuld af Længsel er
og længes, mens jeg lever her,
o Jesus, til den Glæde,
hvor alle Helgen tjene dig
udi dit søde Himmerig;
o, naar vil du tilstede
mig didhen op at træde?»

Det høyrdest som ei Stynjing ved den nedre Bordenden; mange saag paa han Enok Haave; han var so kvit. Og det svarte Haare hans klabba seg sveitt og vaatt framyvi Panna.

52– Ljosi vart burttekne. Seks Mann tok Kista. Klokkaren sette Hatten paa Hovude og skreid syngjande ut gjenom Døri. Kista vart bòri etter; so kom Likferdsfolke smaatt i Senn.

Enok sat still og gøymde Andlite i Hendane til alle var ute. Dei milde Himiltankane og den vonsæle Bøni hadde gjengi han so til Hjarta at han grét.

Burt gjenom Bakkane snigla Likferdi seg lang og svart i det tunge Vêre; Klokkaren fyri paa sin blakke Hest. Den gnelle Tenoren hans blanda seg skjerande i Vinden, som bar Gravsalmetonane sundrìvne og sorgtunge yvi Myr og Heiar.

Og det gav seg til aa stridregne. –

– Det var same Kvelden.

Vinden fossa tungt um Nòvine, i stigande og fallande Sjoing som Sjøen um ein Skipsbaug. Og det dunka og braka i Veggir og Raust.

«Ja no er det nok Vinteren som bryt inn,» meinte ho Anna.

Dei var innkomne or Fjose og hadde silt og stelt; no sat dei ved KòlaForfatternote: Kòla: Tranlampe. og spann, baade Kona og Gjenta. Men Kòla blakra og blekkte som ho kunde gaa ut.

«I Kveld er det godt aa vera paa Landjordi,» sa ho Marta.

53«Ja det vilde kje vera fyse aa ha nokon paa Sjøen i Kveld.»

Ho Serina, eit ljost, vent Gjentebarn paa aatte Aar, sat paa ein Skammel attmed Mor si og kara; Anna og Rakel, dei tvo minste, laag paa Golve og krabba med sine rolege Barnespel. Men han Gunnar sat tett innunder Kòla og smiddeForfatternote:Smida: gjera Smedarbeid; arbeide med Kniv. paa noko som skulde verte Karjolsæte.

«Hyss, der kjem han Far,» sa han.

«Han gjer visst det,» svara Anna letta. «Det var kje fortidleg. Du fær gaa ut og sjaa um Grauten no.»

«Eg fær vel det,» sa Marta.

«Og so segjer du meg til, naar Eplegryta er ferdig.»

«Ja.» Marta sette Rokken fraa seg og rusla aat Kjøken.

Smaagjentune stiltra seg etter. Dei var som rædde Far sin i seinare Tid. Stakkars Enok. Gud gjev han hadde fengi snakka med Presten i Dag. Skulde det halde paa lengi som det hadde vori no eit Bìl, kunde det snart gaa gali med han.

Gangdøri gjekk upp; Yling og Smelling gjenom heile Huse. Snart steig Enok inn. Tungt og seint; men rolegt. Gudskelov; det 54var visst likare i Kveld. Han hadde vel raaka Presten. «Naa; du vart lengi,» sa ho.

Han svara kje større. Gjekk burt aat Borde og sette seg; var vel trøytt. «Svært so stormande han er med Vêre,» prøvde ho Anna. – «Guds Vreide …» sagde han. So vart han sitjande der, still og fortenkt, reint som burtdrøymd. Gud hjelpe oss; det saag kje rart ut enno. Tru ho skulde vaage seg til aa segja noko?

Fyrr ho kom seg til med det, reiste han seg og tok til aa skifte Klæde. Men daa Ytreplaggi og Styvlane var av viste det seg, at han vilde leggje seg. Det var eit godt Merke; Anna roa seg att. Gjev han no berre fekk sova.

«Vreden din afvend, Herre Gud af Naade!» – sette han i, so ho reint kvakk. Men so hadde han seg uppi Sengi. Som vanleg naar han vilde sova, drog han Dyna yvi Hovude; men ho høyrde at han ynka seg og sukka svært tungt. Ho vaaga seg burt og spurde, um det var noko; spurde ein Gong til, heller høgt. – «Ikkje paa Lìkamen,» mumla det under Dyna. Ho sette seg att; det vart stillare med han.

Marta kom med Bòd at EpliForfatternote: Eple (Jordeple): Potetur var ferdige; og Anna maatte aat Kjøken. Gunnar tok ho med; han var so glup til aa flysja.Forfatternote: Flysja: «skrælle».

55– Men Enok laag og vreid seg under Dyna og hadde vondt i Sjæli.

Han hadde tala med Presten, og det hadde hjelpt for ei Stund. Men paa Heimvegen hadde det vorti verre att. «Han skyldig er i Jesu Mord; hans Blod er paa hans Hoved …» Der var noko med den Syndi til Dauden, som dei ikkje hadde fullt klaart. Dette Orde: «den skal aldrig forlades – hverken i denne Verden eller i den tilkomande,» det var eit Ord, som der maatte vera ei reint serskild Meining med. Presten forklara det nok paa sin Maate; men –. Dessutan, kva Sæt var der paa ein Prest som berre tala av Lærdomen, men ikkje av Anden.

Angesten kom i Ridir so harde at han sveita. Den som kunde røma, gøyme seg! «Bjerge falder over os, og Høie skjuler os! – for Lammet og hans Vrede!» – Men rundt um var Gud; og kor ein kom var Gud; stengt, stengt til alle Kantar av Gud; um han kunde fara so snøgt som ein Tanke og gøyme seg ved Enden av Verdi; ja um han vilde røma aat hi Verdi; um han vilde reide si Seng i det utarste Helvite, – – Gud var der, Gud var der; ingin Utveg, ingin einaste trygg Flekk. Napolon laag kje trongare i Kista si enn Enok her; han hivde og kasta seg og totte stundom han maatte kovne.

56Av djupaste Naud ropa han til Gud: um der ikkje endaa kunde vera ei Redning for han? Um ikkje Jesus vilde forbarme seg og gaa i Bøn for han? Han skulde kje beda um aa koma i Himilen. Han venta seg kje Plass i Guds Helgenflokk; berre han fekk staa nedmed Døri ein Stad, berre han fekk gøyme seg burt i ei Kraa, der han var trygg; ja berre Gud vilde taka Blodskuldi fraa han, letta han for denne svære Syndetyngdi, gjeva’n Ro i hans Sjæl og taka burt Angesten, – so fekk han sidan gjera med han kva han vilde. Han skulde vera fornøgd med alt. Men hjelp meg, hjelp meg; lat meg kje gaa under; Herre frels meg, eg forgaar! –

– – Det vart so forunderlegt for han; um han var i Lìkamen eller utanfor Lìkamen, det visste han ikkje; men vakin var han. Og han saag – saag ….

Himilen var svart som Jord. Djupt der nede susa Have. Alle Skip og Farty vart kasta i Land og sundslegne. Leviatan tumla seg som ein stor Kval, og det stod Eld av Augo hans, og Røyk or Gape. Og ei Røyst utanum og attanum Verdi sagde: «Det er fullbragt.»

Daa slog ein svær, tung Eldsloge ut av Himilen i Nord. Og Have koka upp i gul Foss med eit Brak som av mange Tordøn. 57Han vart rædd og snudde seg burt; daa slog det Logar ut i Austhimilen og i Fjelli. Vaadalskula brann; Skarefjelle brann; Fjell etter Fjell tok Eld og sprang sund, og ut av botnlause Rìvur og Hòl slog digre gule Logar. Endaa ein Gong snudde han seg burt; daa saag han med vitlaus Rædsle, at det stod Røyk av Have. Ein tett svart Røyk; som naar Raa-Lyng brenn. So slog det ut i ein forfælande Loge, som velte seg mot Skyine som eit ut-rullande Segl. I same Stundi rivna Himilen. Og Jordi vart burte under Føtane hans; men Logane slog ihop yvi han fraa alle Leidir …

Han seig ihop i Inkjevetta og gav eit langt, langt Skrik. Gjenom Eldhave kom Djevelen symjande som ein brun Kval og gapte, gapte. Daa fekk Enok Magt til aa rope paa Jesus. Og i det same hadde han Tak i ei Hand. Det var liksom berre ei Hand. Men i den Handi var der eit Gap som etter ein Nagle. –

– Ute i Kjøken høyrde ho Anna eit Skrik so fælt, at kvar Blodsdrope rann i henne … Og Knéi vart so veike, at ho vilde sige ned. Fleire Rop kom; ho vann seg yvi og kava seg inn; – endaa laag han under Dyna og stunde. Han maatte ha havt ein skræmeleg Draum. Men no var det som det 58stilna av att. Ho stod yvi Sengi stiv og rædd; fekk kje upp Mæle; lydde lengi; so forstod ho, at han hadde roa seg til. Ho gjekk ut att. Marta og dei smaae hadde klyngt seg ihop i Stogudøri. «Er han Far sjuk?» spurde Gunnar. – «Eg trur kje det var noko … med Guds Hjelp.» – Dei gjekk aat Kjøken att, men lét Døri stande. Ho Anna fekk ei Skjelte-Rid og maatte setja seg.

Enok laag inne og fekk Naade til aa beda. Han bad paa ein annan Maate enn fyrr. Og han fylltest av eit Von sterkare enn all Djevelens Magt; for no hadde han set Naglegape.

Endeleg hadde Gud forbarma seg. No hadde han fengi Svar! – eit Teikn so visst, at han aldri turvte tvìla. Ein uendeleg Fred strøymde inn i hans pinte Bryst. Heile Hugen glødde i Bøn; alt, som i han var, loga i Bøn; Synd, Angest, Tvil og Naud braana og brann upp i denne Straum av Eld; han bad kje med Ord; han bad med sjølve sitt Hjarta.

Anden var det som bad i han no, Bøne-Anden, som Gud sende; og det vart ljost i han, og reint, og Hjarta i han mjukna og tinte. Han skaptest um, føddest um; Djevelen slepte Tak etter Tak; Syndi tærdest burt Flekk etter Flekk; den gamle Adam dovna og døydde. Forunderleg godt og trygt fekk han halde fast i den 59Frelserhandi som han enno tottest sjaa; og fraa Naglegape strøymde det inn i hans letnande Hjarta eit Hav, eit Djup av Kjærleik og Forsoning.

Daa han hadde slutta denne si sæle Bøn, den fysste rette Bøni han nokon Gong hadde bedi, – daa vart det sagt i han so visst og fast som berre ein kann segja eit slikt Ord:

«Vær frimodig, min Søn, dine Synder ere dig forladte.»

Enok stod upp.

Det var fullbragt. I ein Augneblink so lang som eit heilt Liv var det hendt; det store Under var hendt: han var umvend.

Fortumla og ør, men so glad som han aldri hadde tenkt han kunde bli, la han seg paa Kne ved Kòla og song. Det var Brorsons Jubelsalme:

«Nu har jeg fundet det, jeg grunder
mit Salighedens Anker paa…»

– Ho Anna stirde halvrædd paa Mannen sin. Han var svært bleik, og Andlite hadde noko ho ikkje rett vilde kjennast med, – ein underleg stiv, liksom burt-rykt Smil; men paa Augo og Kinnar viste det seg at han hadde graati.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.