Fred

av Arne Garborg

VII.

Aldri hadde han trutt at Live i Gud var so sælt, ikkje um heile Verdi hadde sagt det.

Han hadde lesi um Freden som gjekk yvi all Forstand; men det hadde for han vori Ord utan Meining. Aa vera vakt, det hadde han helst tenkt var eit Stræv, ein lagde paa seg til aa sleppe Helvite; den Gleda dei snakka um, denne Vissa og himilske Kvila, det maatte meir vera som ein Draum, noko, dei fekk seg til aa tru, liksom til Trøyst for alt det gode dei laut gjeva upp her i Verdi.

Aa, at han ikkje hadde havt betre Vìt. Aa, at han hadde kunna vera so vond med seg sjølv; at han hadde stengt seg ute i so lang ei Tid fraa denne forunderlege Sæla!

– No fekk han kjenne og sjaa. Det han ikkje hadde trutt, det fekk han sjølv lìva.

Det var større Ting enn han hadde høyrt av nokon Munn eller lesi i nokor Bok; det var det som ikkje lét seg utsegja. Han var alt i Himilen. Han hadde ikkje berre Trui paa 61aa vera frelst; han var frelst. All hans Synd var kasta i Have. Aldri skulde ho koma for Dagen meir. Han var som den kvite Ull og den skinande Snø; Jesu Reinleike var hans; Djevelen kunde kje røre han med ein Finger. Og det fylgde ei Glede med, ein Lyst og ein Jubel, og ei unemneleg Trygd; inkje noko i Verdi var so trygt som dette. Alt anna kunde ljuge; alt anna kunde vera Draum; men i dette var der korkje Draum eller Lygn; det var livande Liv; det var Ja og Amen.

Her stod han sjølv eit nytt Menneskje, umskapt ved Guds Almagt mot sin eigin Forstand. Det som fyrr var hans Lyst, baud han no imot; det som fyrr syntest Daarskap, var no hans Liv; og istadenfor den Otten og Ufreden, han med si eigi Magt aldri hadde raadt med, kjende han no heile Hjarta sitt fullt av Ljos, Varme, Glede, Kjærleik, Kraft; og kor skulde alt dette vera komi fraa, daa han sjølv ikkje ein Gong kunde ha tenkt det, ja ikkje forstod det enno!

Aa Glede yvi Glede, aa himilske Ljos og Trygd! – gjenom Sjæli hans gjekk som Lovsongar. Aa du Daude, kor er Odden din no? Du arme Djevel, kor er no ditt Mod? du hev nok funni den, som kann taumkøyre deg no? – Ja no kann du liggje der og vride deg, du gamle Eiterorm.

62Ein brennande Hug til Orde og Bøni fyllte han; aldri kunde han bli trøytt av aa umgangast Gud; Bøni var hans Andedraatt og Orde hans Mat; hans Mat og Drykk og Leik og Lyst; hans Lengt og stendige Traadom. I Orde var Livsens Ande og Guds Munns Kyss; der fann Sjæli sin Brudgom i Kjærleiks Eld; dei tvo heldt Bryllaup der og vart eitt i brennande Umarming.

Fyrr var han utanfyri, naar Velsigningi vart lyst; naar Herren tala til sine, var det aldri til han Enok. No skulde han kje lenger staa utanfyri. No høyrde han til Guds Flokk og kunde taka Orde til seg som dei andre. Alt det fagre og ljose, alt det høge og herlege, alle dei store Signingar og alle søte Kjærleiksord, det var alt til honom. Men Dómar og Vaabønir stod han utanfyri no. Han var kje under Vaabøni lenger, men under Naaden. Aa Jubel; aa Triumf! Og kor vilde kje Orde meir og meir opne seg for han i alle sine Søtleikar og Rikdomar, i alle sine sæle Gaatur og all sin løynde Glans! Han vilde faa symja i Ljos og Liv, kjæte seg i Varme og Sol, svelja og svarme i Guds gode Ting; og han vilde finne Raadir og Hjelp i alle Mot, Trøyst i all Sorg, Lækjedom mot alle Mein, Upplysning i all Tvil, Bot mot all Brest, Kvild for alt Kav, Livd mot alle Stormar. Guds Ord var hans Heim, hans Bu 63og hans Borg, hans Tempel og Tun, hans Lysthus og Paradis. Men naar dei vonde Dagane kom og Sattan sette inn, daa vilde Orde vera hans Vaapenbu og Festning. Der vilde han finne baade Sverd og Skjold, baade Boge og Pil, og Styrken med; men fysst og sist vilde han finne det som heldt naar alt glapp: den sterke Handi med Naglegape.

Og slik ein barnsleg Hug han hadde fengi til aa gjera Guds Vilje! Det hadde vorti hans Liv no; han kunde kje trivast utan det. Han fortente kje noko med det, men likevel –; um han so skulde koma til Helvite for det, han vilde gjera Guds Vilje endaa. I smaatt som i stort; i kvar ringaste Ting. Han tenkte kje paa anna no enn aa finne ut kva han Far der uppe helst kunde vilja.

Han stod upp um Morgonen Klokka fem; me skulde kje leta oss og kjæle for Kjøte. Gunnar au maatte upp, med alt det han grét og ille lét, og endaa Mor hans bad for han; inga Avgudsdyrking no; og inga Kjæling og Bløyting! – Men Serina hadde fengi Kregda,Forfatternote: Kregda: Krilla (Meslinger). so ho slapp; alltid skulde det gange so godt for henne. So vart Dagen vigd med Song og Bøn. Drengen og Gjenta laut og vera med; Enok var Husfar og andsvarleg for deim alle. Men han fekk dei kje til aa leggje seg paa Kne. 64Ho Anna slapp au; ho var so langt paa Vegen med det femte. Men Gunnar maatte til, endaa han vreid seg stygt. So las Enok Bøni av den «aandelige Kjæde.»

Etter Bøni fekk dei seg Mat. Og ved Matborde skulde det vera stilt; me skulde hava Vyrdnad for Gud og Gaavune hans. Og me skulde tenkje paa, at Gud sjølv var tilstades, so me ikkje vanhelga Maaltidi hans med Tøv og Tattl.Forfatternote: Tattl: Tullesnakk, «Vrøvl». Fyri og etter Maten Bøn og eit Salmevers.

So gjekk Enok til Arbeide sitt full av AnnhugForfatternote: Annhug: «Iver». og Glede.

Arbeide hadde vorti som nytt for han no. Det var kje lenger Trældom og Slit og Sut for Mammon; det var Gudsteneste.

For Livsens Naudturft vilde Herren syte. Ikkje for den Skuld arbeidde me. Me arbeidde fordi Gud vilde at me skulde arbeide.

Ein herleg Tanke var dette: at me i sjølve vaart Kvardagsstræv kunde dyrke Gud. Enok var Guds Tenar, um han so stod i Mỳkdungen. Det ringaste Arbeide var likso heilagt som Bøn og Song; Gud hadde fyrisett oss det; det var hans Arbeid. Og no tvìla kje Enok um Signingi lenger; skulde kje Gud vilja signe sitt eigi Verk?

Ein Morgon gjekk han rundt i Løu og 65Fjos, i Kjeldar og paa Loft og all Stad, og heldt for seg sjølv ei serskild Høgtid.

Aandi hadde lært han aa sjaa, at det var ikkje hans, det som her var. Eigaren var han Far i Himilen. Og han sagde fraa seg i sitt Hjarta Eigedomen til alt. «Deg, Herre, høyrer Jorden til, og all dens Fylde!»

Sjølv var han berre Brukar, Laanar, Forvaltar. Og han bad um Naade til aa faa vera ein trugin Forvaltar. «Lat Sattan aldri faa forføre meg, so eg segjer noko av dette aa vera mitt eige! Lat meg brùka det alt etter din Vilje og til di Ære, so at du ein Gong kann segja til meg: ‘Du gode og trugne Tenar, du hev vori tro over lidet; eg vil sætte deg over meget; gak ind til din Herres Glæde!’»

Men enno var han kje ferdig. Det sværaste var att. Stod der kje at me skulde forsaka «alt det som var oss kjært i Verdi,» so Guds Vilje kunde hava Framgang i oss?

Han sagde fraa seg Kone, Born, Skyldfolk, Venir; ingin annan Kjærleik vilde han hava til deim enn den som Jesus kravde, den aandelege Kjærleiken, som berre tenkte paa aa frelse Sjæline.

So randsaka han seg sjølv og sitt Hus, kva meir der kunde vera aa ofre.

Han fann Tòbakkje; det kasta han paa Elden. Men der maatte vera meir.

66Han forsvor alle Gjestebod og all Moro; aldri vilde han smaka ein Dram, aldri høyre Felelaat, aldri tala med Folk utan um Aalvors Ting, og aldri lesa verdslege Bøkar.

Forteljingar og Skildringar fraa Ferdir og framande Land, det hadde fyrr vori hans beste Tidtrøyt. Baade Kveldar og Sundagar hadde han sìti med slikt Vas, og Djevelen hadde havt ei god Hjelp i denne Lestren til aa halde han burte fraa Herren. Han granska Bokhylla si og fann tvo Bøkar fraa si Skulemeistartid, som skulde paa Elden: «Erindringer fra en Reise i Sibirien», og «Snorre Sturlesøns norske Kongers Sagaer». So fann han «Gjest Baardsøns Levnetsbeskrivelse»; ja; den handla um ein Syndar som var komin til Ettertanke; – den fekk han vel spara. Ein Aargang av «Almuvennen»; paa Elden med den. «Skilling-Magazin» … den høyrde Boksamlingi til, og skulde dit inn att, so snart det vart Preike. Sistpaa fann han nokre Avisblad fraa seinare Tid; dei sende han til han Per der nord med den Fraasegni, at han vilde kje hava Bladi lenger.

Bøkane bar han aat Kjøken og vilde leggje dei paa Skorsteinen. Anna kvakk; «vil du brenna dei dyre Bøkane?» – Ho hadde sét paa Mannen sin med halvrædde Augo i heile Dag. Daa var det som han umraadde seg. 67Det vart til det at han gjekk paa Lofte med Bøkane og hivde dei ned i Rapekista.

Paa Lofte hekk nokre gamle Skinnklæde som han fekk Auga paa; daa vakna ein ny Tanke i han.

Han saag nedetter seg: desse Klædi han gjekk i, dei var mest nye. Alltid hadde han havt det med det; innbilte seg, at han var ein berleg Kar; vilde gjerne gange hamslegt klædd, sjaa godt ut; – Øienslyst, Faafengd, den gamle Adam. Burt med slikt Fjas og syndig Lyst. Han skifte paa seg Skinnklædi.

Brøkane var uppkròpne og stutte med store Krokekne; Kufta for lita og bøtt og skral; men det skulde kannhende ikkje vera godt nok aat denne Syndelìkam? Ei lita rund Skinnluve med Skyggje og svart Saudskinnskant fann han og sette paa Hovude. Ned i Gangen stod eit Par Tresko; dei kunde kje heller freiste til Faafengd, tenkte han. Og han bytte dei paa seg.

Daa kjende han seg so god og glad. I desse Klædi var han liksom endaa meir trygg mot Sattans Aalaup.

Ho Anna kom or Kjøken i det same; kvakk so ho kvitna; kva var dette for ein Fant? – So var det han Enok. «Men i Jøssu Nam, kva er det, du finn paa?!» – «Du skal ikke tage Herrens din Guds Navn forfængelig,» sagde han.

68«Du vil vel kje gaa ut i den Bunaden der?» – «Veit du kje at Gud gjorde Adam og hans Hustru Kjortler av Skinn og iførte dem? – so er vel Skinn godt nok aat oss au, tenkjer eg.» Han klakka i Veg paa sine Treskor, og det frasa og skraava i dei gamle Skinnbrøkane. Var han galin? – –

– Heile Huse vart umstellt. Anna maatte gjeva etter, Stìg for Stìg. Kvart Paafynster han kom med var «Guds Vilje»; og til alle Motlegg svara han med Bibelspraak. Det hadde alltid fylgt Age med han Enok; men no vart det meir: det vart Rædsle. Ho kunde kje hjelpe det; ho var rædd han. Han var som forgjord. Det han sagde kom som or ei onnor Verd; vanleg Tale og Manns Meining kunde kje naa han lenger. Og under hans kvite Augo og stive kalde Andlit vart ho som klumsa, magtlaus og raadlaus som ho skulde tala til ein Vegg. Stundom gav ho seg yvi og grét; men Graat beit kje paa han meir enn Grunnar.

«Denne Graaten din,» sa han, «viser nettupp at Gud vil det so. Naar Gud vil noko, so græt alltid Kjøte. ‘Kjødets Sans er Fiendskap mot Gud’. ‘Aanden begjærer imot Kjødet og Kjødet imot Aanden.’»

Han blanda seg inn i dei argaste Smaating. For Gud gjaldt kje vaart «stort» og 69«smaatt»; alt var smaatt for honom; og alt kunde vera stort; han spurde berre etter Hjarta vaart, han; «skikker eder ikkje lige med denne Verden.» Og i Striden mot Djevelen galdt det kje minst aa gjeva Agt paa dei «smaae Ting».

Alt skulde gange ut paa aa «fornegte oss sjølve». «Korsfæste Kjødet med Lyster og Begjæringar.» Agta oss for «Fraadseri og Drukkenskap»; segja fraa oss alt som høyrde til «Øienslyst, Kjødslyst og eit hoffærdigt Levnet». Aldri gjøde oss med feit eller sterk Mat, og ikkje eggje Gomane vaare med mange Slag eller med kunstig Tillaging. Det skrinnaste og magraste som Gud gav, var endaa for godt aat denne Ormeposen vaar, dette Syndebøle, som me kalla Kroppen. Helse og Kraft vilde Gud gjeva oss naar me bad; me skulde kje ha Magti i Matfate liksom Grisen. Varm Mat skulde det vera ein Gong um Dagen, men um Sundagen ingin Gong; det skulde vera Kviledag daa, i Kjøken som i Stogo.

Og so skulde me vera nøgde med det som Gud gav oss. Det som vaks paa vaar eigin Grunn skulde vera oss baade nok og godt nok. Aldri kjæle for Kjøte med Kaupemat. Og denne Kaffidrikkingi som Folk tok til med i seinare Tid skulde me serleg halde oss ifraa. Hadde det vori Guds Vilje at me skulde drikke 70Kaffi, so hadde han lati Kaffien vekse i vaart eigi Land.

I Klæde og Husbunad skulde me brùka same Maaten. Kaupety var Faafengd og Augnelyst. Likso gali var det aa setja Fargar paa Ty eller Ting; dei Lìtine Gud hadde sett, skulde vera oss vene nok, og me skulde kje vilja rette paa hans Arbeid. Vilde me kje gange kvitklædde, so kunde me halde svarte Sauir og veva Ty av den Ulli som dei gav. Og elles kunde me gange i Skinn, som var den Bunaden Gud serleg hadde gjort aat oss.

I Huse skulde me halde Orden og god Skikk; Gud var ein Ordens Gud og lika kje Sumling. Mat millom Maali vilde han kje vìta av; Borni skulde kje heller eta til andre Tidir enn dei vanlege. Dei skulde hava Vyrdnad for Guds Gaavur, dei au. Med Sanning og i alle Maatar vilde Enok kunne segja som Gideon: «Eg og mitt Hus, me vil tjene Herren!» –

Ho Anna gav upp aa stridast med han. Det kunde ikkje nytte; den Ridi han no hadde fengi, maatte gange yvi av seg sjølv. Ho fekk heller freiste aa jamne paa det verste i Løyndom; den fekk brùka Vìt som Vìte hadde. Endaa godt, so lengi han ikkje læste ned for henne og tok Lyklane …

71Det skulde nokon ha sagt henne dette, daa ho flutte til Haave Gardmannskòne i Ungdomens Tid! Aa ja, ja; Verdi hadde nok for oss alle. Berre det ikkje gjekk gali med Vìte hans Enok!

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.