Fred

av Arne Garborg

X.

Ho Marta heldt ut til det femte var komi; so reiste ho.

Glad var Enok. Endeleg var han heilt laus ifraa Verdi; no var alt det gamle framfari. Alt hadde vorti nytt; avstengt og fredlyst laag Huse hans der som eit Tempel; no skulde inkje anna høyrest der enn Guds Pris og Lov.

– Og Dagane gjekk, og Enok fekk vera paa Tabor.

Ingin Ufred, inga Sut; trygg som eit Barn fekk han lìva i Naaden. Um han trøytna ein Gong, var det berre aa søkje til Gud; i Bøni eller Orde fann han alltid ny Kraft; og aldri svikta Frelsarhandi. Kvar han gjekk og stod var han i Guds Fang; um han vakte eller sov, livde eller døydde, han visste at han høyrde Herren til; og det fanst ikkje vondt som kunde faa Magt med han. Sjølve Syndi var han fri; han synda nok, og det kvar Stund; men Syndi hadde kje Tak i Hjarta hans; som Paulus 98sagde: det var kje han som synda; det var Syndi som budde i han. Og alt vondt og alt ureint vart dagleg vaska av han i Jesu Blod; han var fri og lett som Fugl paa Kvist, og kunde springe av Frygd som David kring Arken. Verdi brydde han seg inkje um. Han kjende den som var sterkare enn Verdi. Aa store, store ugrunnelege Naade, som kunde gjera ei Sjæl so sterk og so glad, forløyse eit Menneskje som var selt og fordømt, rette upp att alt som Syndi hadde skjemt, binde Sattan og Dauden og alt vondt, so no var han som Adam fyri Syndefalle, og Verdi som eit Paradis, der Gud gjekk um millom Tre og Blom og gledde seg med Borni sine i den solblanke Vaaren.

Ja Vaar, Vaar var det i Hjarta hans no. Det var som etter ein lang, svart Vinter, naar Soli bryt fram og jagar Skyir og Kjøld, tøymer Vêr og Storm, tiner upp Snø og Is, løyser alle Livsens Kimar og Spirur; so sender ho eit linnt, søtt Regn yvi alt som laag døyvt og daudt; med ein Gong skyt Vaaren upp med Blomar og Lauv og fine Angar, og der kjem Glede og Liv yvi all Verdi. So var det med honom. Alt grødde og grodde; der var varmt og frævt og spirande derinne, fullt av Godhug og Medhug og Kjærleiks Kraft; ikkje kjøteleg Kjærleik, som gjorde bløytin og veik, men Kristi Kjærleik, som gav Aalvor og Annhug. 99Ikkje ein Tanke kunde han tola som var Gud imot, ikkje eit Hugsviv eller Hugdrag som var anna enn Bøn og Lov; kvar Synd han kjende var som saag han Orm millom Lauv; velprydt og fagert vilde Hjarta hans vera for Brudgomen sin; det var den einaste Umsuti han no hadde.

Og Gud var i alt. I Luft, i Jord, i Vatn, i Eld, i den sterke Storm og den milde Vind, i Arbeid og Kvile, i Svevn og Vaking; berre søkje han der som han var; han var aldri langt burte. Naar Soli skein var det Auga hans som lyste; Regn og Hagl var Hendane hans; men Stjernune um Natti var Engleaugo, Blinking og Maning fraa dei mangetusund som sveiv ikring Gud og venta paa oss; og dei vakte og varde oss paa alle Vegar, studde oss naar me stod, reiste oss naar me glatt; mang ein Gong naar Vinden blakra um Vangane hans, var det som han kjende Veift av kvite Vengir.

Men i Stormen høyrde han Guds Røyst, og i Havbrak og Toreslaatt og alt som lét; Guds Røyst tona, susa, rulla gjenom Verdi i alle Ævur. Difor skalv dei Gudlause som ikkje hadde Fred; dei ræddast for Far sin, av di dei ikkje kjende han. Det var som med han Gunnar naar han hadde fari gali; han forstod ikkje at Far hans vilde han vel, naar han kom 100med Rise. Med ein Smil tenkte han att-ende til den Tidi daa han sjølv gjekk og var rædd; men det hadde havt sin Grunn; den Herre Sabaots Røyst var i Sanning skræmeleg for hans Uvénir.

So godt fekk han hava det, at han stundom laut undrast. Hekk det rett ihop? Kunde eit Guds Barn hava det soleis i denne Verdi?

Han hadde venta paa Strid og Møde, og so fekk han vera paa Tabor mest jamt. Alt gjekk so lett, so forunderleg lett; Gud verka i han baade aa vilja og aa ut-retta. Vart han kje haldin verdig til ei aalvorsam Prøving? Eller kva meinte han Far, tru?

Alle Guds Mennar tala um Anfektelsar, um Strid og høge Freistingar, um Lutring som i Eld. Og Lars Danielsen hadde beint fram vara han imot aa vera «for sæl»; det kunde vera ei Sattans List, sagde han, til aa gjera han trygg, so han skulde somne av og sidan dess lettare lata seg yvikuve. «Det er som med desse Tre-plantune, han Møller paa Myre set i Glashus: dei renn fort upp dei fysste Aari, og alt ser gildt ut; men dei hev vorti fóse og veike av dei gode Dagane, og so snart som han plantar deim ut, og dei fær freiste Hauststormane og dei kalde Nætane, so folnar dei av og døyr burt, av di dei ikkje hadde Malmen i seg.» Ho Legde-Guri hadde meint 101det same. Sjølv hadde ho det reint hardt ofte med Modløyse og tunge Tankar, men «takka Gud meir for desse myrke Stundine enn for dei søtaste Naadedagar; for naar Herren tukta, so visste ho at han elska.» Skulde kje Gud elske han? Det var Dagar daa dette Spursmaale mest vart ‘n til ei Pine.

Men nei. Det kunde kje vera Sattan, som gjorde han so sæl; det var Synd aa tenkje sovori. Berre gjeva seg i Guds Hand og lata han raade. Han Far visste kva som bata oss best, og kva me tolde av godt og av vondt; han vilde nok sende Tukt, naar han saag at det turvtest.

Enok fekk sjaa i det timelege au at han tente ein god Herre; der var Signing og Drygsel i all Ting; det draup Feitt av alt han rørde ved. Alltid hadde han noko aa vende. Og Gud var god med han, so han fekk dei høgaste Prisane jamt, ja stundom meir enn andre; det var som sjølve Verdensborni heller vilde handle med eit Gudsbarn enn med ein av sine eigne; dei kjende seg vel sjølve, kunde han tru.

Paa ein annan Kant au hadde Gud velsigna han og høyrt Bønine hans: den litle som var komin no var Gut. Var det kje som Herren yvi-dyngde han med Velgjerningar, ja reint lagde seg ut um aa vise, at han var med ‘n? –

102– Det leid til Vaaren; ho Anna spurde korleis han vilde klara Vaarvinna utan Dreng. «Han Far greider det nok», meinte Enok. Og Trui hans vart ikkje skjemd.

Enok hadde gjort Guds Vilje mot Fatigfolk so langt det rakk, og laant deim Matvarur og Fræ naar dei kom og bad; no lønde Gud han for dette. Den eine etter den andre kom og vilde arbeide for det dei hadde laant; og soleis fekk han baade nok Hjelp og billeg Hjelp; for ein slapp alltid best, naar ein ikkje turvte ut med Pengar. Han tok nok ikkje noko av oss for inkje, han Far!

Til Vinnekar fekk han paa denne Maaten Torkjell Tualand, som med sine fire og femti Aar var ein Ardeidskar so det var svært, naar han berre vilde. Og han vilde, naar han arbeidde hjaa Folk som hadde vori gode med ‘n. Ein Leide var det med ‘n Torkjell: han kunde kje styre Munnen sin. Mest alt reiv han ned paa, og helst paa slikt som Gud vilde me skulde hava Vyrdnad fyri. So naar det ikkje hadde vori for Sælebot Skuld, so hadde han Enok heller vilja havt ein annan Mann i sitt Arbeid.

Men Torkjell hadde fengi det trongt paa sine aldrande Aar. Fyrr sat han paa ein av dei likaste Gardane i Bygdi; men so kom han uppi denne Thrane-Røra og gløymde daa burt 103baade Arbeid og alt; kom i Skuld, og vart med Rettens Magt drivin fraa Garden. Lensmann Aase skulde ha fari hardt fram mot han Torkjell den Gongen, sagde dei; men kor som var eller ikkje var, ut maatte han, og laut tilslutt vera glad han fekk setja seg til paa eit Plass sør i Ramstad-Heiî. No livde han mykje av aa arbeide hjaa Folk; og so kunde kje Enok vise han burt, naar han kom og vilde arbeide for det Mjøle han hadde fengi.

– Men Torkjell kunde vera leid.

Det var ein Dag i Vaarvinna. Dei hadde køyrt ut Hævd; sat no med Borde og dugurde. Daa munde Torkjell tykkje det vart for stilt.

«Heh!» skvatra han med sitt snøgge Maal og lagde det lange Bukke-Andlite sitt paa Skakke og blinksa; «eg trur du ser paa Nevane mine, Anna? – Ja ein vert kje kvitare av aa staa i Hævdaløo! Og Sveitten fær ein au ut. Han er kje fjelgare, Mannen din heller.»

«Me skal eta vaart Brø i vaart Ansigtes Sved, veit du.»

«Heh! – han ét kje sitt Brø i sitt Ansigtes Sved, han Lensmann Aase. Han sit inne og røykjer Sigar, han, og gjøder seg med Kalvesteik og Bajas-Øl. Ja-ja. Han hev kje gjort mindre Urett; han kann nok gjø seg!»

– «Ein skal kje banna sitt Folks Øverste, segjer Paulus.»

104«Ja men kva segjer Jessu Syrak: ‘hvo som borttager Næring, han dræber sin Næste, og hvo som berøver en Daglønar si Løn, han udgyder Blod!’ – Jah, so beintfram sa dei Sanningi i den Tidi. – Men so hev dei daa sett Jessu Syrak i Apokryffen au for det sama.»

«Aa, det er vel kje for det?»

«Ja eg veit kje kva det er for; dei gjev kje Grunnar for seg, som Magti hev.»

– «Du skulde no hugsa det, Torkjell, at det er Gud som hev gjeve dei Magti, daa han innsette dei.»

«Ja-ja. Heh! Det var no den gamle Fyllefanten Amtmann Rickert eller Drikkert som dei sae, som sette inn Lensmannen paa Aase.»

«Kanskje det var til Straff. Me skulde umvenda oss og beda til Gud, so gav han oss nok ei god Raadsmagt.»

«Aa … der er mange som bed; og etterpaa ét dei upp Enkers Huse …»

«Me skal vera sanne Kristne, meiner eg.»

«Ja kven er det? Det er vel dei som lìver etter Jessu Ord; men kva sa Jessus? ‘Tag alt ditt Gods og gjev det til dei Fattige’, sa han! Og eg ser kje at dei gjer det, – korkje Presten eller Lars Danielsen.»

Enok vart tagall.

«Ja men daa vart me fatike alle», sagde 105ho Anna, «og so vart det ingin til aa hjelpa dei som leid Naud.»

«Eg trur kje det vart nokor Naud, naar me stelte oss rett. Faa burt all Embættsslarken og alle Prestemagane og all Militærdingelen, so vert det misæl Mat til oss alle ihop. Heh! – rart, um Vaarherre skulde ha skapt fleire enn han kunde føda!»

Det var Uraad aa binne Munnen paa han Torkjell; Enok tagna reint av. –

– Det vart ein kald Vaar, og Folk klaga so smaatt; denne Nordvesten som laag og gnog all Tidi, den sette baade Eng og Aaker tilbake.

Enok forstod at Gud vilde prøve Tòlmode hans, og han fann ei Glede i dette. Kannhende skulde Tukti koma no? – «Takk, Herre, for alt! Um du signar eller refser, – so er du dog mit Hjertes Klippe og min Del evindeleg!»

Men Ordi hans Torkjell Tualand kom for han stundom, og pinte han. Det var sant; det var Jessu Ord. Enn um han tok endaa eit Fatigbarn i Huse? Det gjekk so godt med henne Jorina, at han kunde sjaa det var Guds Vilje.

– Han kom heim ein Dag med ein lang raudhærd Gut, ein med Hovudskurv; han heitte Lukas. Anna tok imot han med ein 106Sukk; det fekk gange so lengi det kunde. Og Enok totte strakst han fekk Fred i Hjarta sitt.

Lukas heldt ut til Hausten. Han hadde berre eitt Lyte; men det var stort: han var matvand. Og Enok vilde kje brigde paa Husskikken sin for hans Skuld. So fall dei ut. Ein Dag daa Enok vilde bruka Magt: anten skulde Lukas eta salt Makrel, eller han fekk gange matlaus til Kvelds! – reiste Lukas seg fraa Borde og klædde paa seg og takka for seg. Enok harma seg yvi dette.

Fjortan Dagar etter hadde han eit nytt Jesusbarn. Det var ein tjukk bleik Slaap som heitte Haavar; han var Son av ein Farre som budde i eit Jordhus nedi Heialandsmyri ein Stad; Haave maatte for honom vera som Himilrike mot ein Potetkjeldar.

Og matvand var han ikkje. Han aat alt det han fekk og vel det. Men naar han ikkje aat, so sov han. Og ein Dag utpaa Vinteren kom Anna etter at han stal.

Ho hadde lagt Merke til at det kom burt meir i Matbui, enn Gunnar aaleine kunde ha greidt; ho fekk daa Mistankar, og kom paa Resten yvi han Haavar der ute. So gjekk ho til Enok med ein Gong. Og denne hadde vorti so leid av Letingen no, at Haavar maatte fraa Huse med same.

107Etter dette gjekk Enok med Hugverk ei Stund, og visste kje kva han skulde tenkje. Selja alt sitt og gjeva det til dei fatige – –

– Tilslutt forstod han kva det var. Han hadde havt Gud imot seg denne Gongen av di han hadde teki seg fram sjølv og ikkje venta paa Herrens Time. No skulde han vera tòlmodig; ikkje taka nokon i Huse fyrr han fekk ein sendande fraa Gud. Men Huse skulde staa opi for kvar som kom og bad; daa vilde kje Gud krevja meir av han. Det kunde daa kje vera Meiningi at han skulde selja Garden og gange paa Fantestig sjølv … Han vilde spyrja Presten ein Gong um dette Orde, som han fyrr aldri hadde komi til aa tenkje paa.

– Endelaus vart denne Vinteren og. Det som hjelpte henne Anna var, at ho hadde so mykje aa gjera fraa Morgon til Kveld; ho fekk kje Stundir til aa tenkje.

Det var kje nok med det vanlege Husstelle; det andre han drog innyvi henne vart verre enn alt. Ho stod mang ein Gong mest uppraadd.

Huse hadde etterkvart vorti eit reint Fantebøle. Det hadde spurst etter Vegane at Enok heldt opi Hus for kven som helst, og so kom dei berre i Flokkar. Bygdefant og Langfant, alt det Vrak og Herk som etter Vegane rak, her skulde dei inn; det var Dagar 108ho lite fekk anna gjera enn gange og stulle for Fanten.

Verst var det med deim som skulde hava Hus. Skitne og fæle kom dei og fulle av Uty; leggje deim i Seng var kje tenkjande paa, og i Løo var det kje heller huglegt aa ha deim; so laut ho reide upp paa Golve aat deim, inne i Stogo. Uhuglegt var det, og stundom heilt-upp fælslegt, aa hava ein Flokk lange Fantar liggjande burtetter Golve; ingin visste kva slike kunde finne paa. So var det um Morgonen aa gjera reint etter deim; det var og fyse Arbeid. Ho tenkte tidt med seg sjølv, at skulde han Enok hava alt dette paa seg, so vart han visst ikkje fullt so snar til aa segja ja til alle. Men snakke til honom kunde lite nytte.

Han totte dette gjekk godt, han. «Sjaa no, um det ikkje greider seg aa vera gjentelaus!» sagde han ein Dag; «berre me lìver etter Guds Ord og stend tidleg upp –.» Daa visste ho kje anten ho skulde læ eller graate.

Det som hjelpte so vidt at Huse ikkje gjekk reint yvi av Fant, det var at Enok heldt Styr paa deim, so dei ikkje fekk fara aat som dei vilde. Det spurdest etter Vegane, at ein maatte høyre paa Bønir hjaa han Enok, 109og staa tidleg upp; og dette lika kje Fanten. Det vart daa meir nokre visse som kom til aa halde seg her, og det helst sovorne som vilde høyre til likaste Slage. Av dei rette Fantane var det berre ein som heldt ut til jamt med Fylgje sitt paa Haave. Det var han Fante-Tomas.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.