Fred

av Arne Garborg

XI.

Det var den fysste fullfine Dagen dei hadde havt; men so var det au ein Dag so det var kje Raad aa vera inne.

Lind og blaa kvelvde Himilen seg yvi Jordi som ein ljos Draum. Det fløymde med Sol gjenom den vide Verd og straala og tindra paa alle Leite; mjuk, salt Havluft fraa Vest mengde seg med lett, frisk Fjell-luft fraa Aust; alle tusund Angar av Sevje og Saft og frisk Gjødsle blanda seg inn; det vart so sælt og godt aa draga Ande. Og Lufti smøygde seg um Lémine som eit svalt Bad. Fraa solvarme Bakkar og bleike Engir steig Lerka tirlande mot Høgd og Sol og fyllte Blaakvelven med Jubel og Klang som av Sylvklokkur.

Frametter Steingjerde og Vegkantar og i Solbakkane tok det til aa grønke med friske Straa og gulne og gløda med nyfødd Hesteblom og Tiritunge. Smørblid Vatsblom lyste i Myrhol og Bekkjefar; ungt Lauv spratt og 111sprang ut og hengde sitt lette Flor um livnande Lundar. Pors og Vier og frisk Lyng tippa og toppa i Myr og Mark med heit, bìter Kryddedaam. Men rundt ikring leika Fuglen. Fugl i Par og Fugl i Flokk, graa Fugl og brun Fugl, gul og spettutt og kvit Fugl, hoppande glad, yrjande kvìk; og dei nebbast og slogst og skvatra og lo, kaate av Elskhug, drukne av Solskin; det glima i Vengir og kvite Bryst og spradda og spratt av Letthug og Vaarsæle. Høgt uppi Lufti ender aa daa ein Maake eller tvo, som rodde i svevnuge Tak utyvi til Havs, med smaae, glade Godvêrsskrik; so var det eit Par Efuglar eller Endar, eller ein Lóm, eit Hegrepar, ein Flokk Villgjæsar, framande, fornæme Fuglar som hasta med lange lengtande Halsar mot Nord, til løynde, logne Holmar og Vatn, langt burt, langt burt, dit ingin kunde fylgje.

Yvi Myrane tumla Viba i kvasse Kast med eldfulle, glødande Skrik som Tonar fraa ein Felekvint. Og det skimta i kvite Silkebryst og rikta og lét av breide Vengir. Paa einslege Tuvur i Lyngheiane sat Heluna brun og graa med fløyelssvart Bringe og lokka med klaare klagande Fløyte-Ljod; Snipur og Raudstelk og annan Myrfugl sprang nette og lette paa raude Føtar og ropa til kvarandre; og for fysste Gongen i Aar høyrdest Gauken i Lundane ovanum Storbrekke.

112I Aust stod Fjellgarden blaa og fin, prydd som til Helg, ny-tvegin. Flatlande breidde seg utyvi og nedyvi i lange Drag, brunt og varmt, innhildra i linn mjuk Vaar-eim. Ytst ute Have som eit skinande bleikt blaatt Band.

Og det gjekk som ein Sukk gjenom Skapningen, at no var det Vaaren! No skulde me faa lìva endaa ei Stund, lìva og leike, lìva og stræve, ei lang Stund, ei lang Stund, so lengi me kunde, alt til Vinters.

– Gunnar og Jorina gjekk i Kuhagen og rudde Engi. Han Far var paa Aase i eit Møte og ikkje heimventande fyrr til Nóns; og Arbeide var lett og Dagen fin; dei var i eit Godlag, so dei kjende seg kje sjølve.

Soli kosa deim i Ryggen og kitla deim i Halsen, og heile Verdi var ljos og varm. So stygt dei elles totte her var, idag var her mest fagert. Fraa Eng og Myr steig Angar so ljuve og varme at dei kom som i ein linn, lat Rus. Og dei var huglege mot kvarandre, og drøsande. Ho Jorina lærde han Gunnar eit nytt Maal.

Ja heitte Jedeva, Nei Nedevei; Hedevaavedeve var det same som Haave. Gunnar øvde seg og prøvde seg og kunde snart segja heile Setningar. Og no skulde dei snart kunne segja kva dei vilde, um so han Far stod og høyrde paa det.

113Men Jorina var rædd han vilde spyrja kva dei sagde; «og daa er det kje godt aa ljuga so der vert Meining i det.» Det var altfor sant. Det hadde kje han Gunnar tenkt paa.

Han laag paa Knéi og prikka upp Smaastein med ein Trepinne; «den som kunde gjera seg usynleg», ynskte han.

Jorina stod med Riva og raka Rusk og Bos, som ho hadde uppi eit Trog til Burtbering; «det er berre dei underjordiske som kann det», sagde ho.

Dei kom i Drøs um dei underjordiske, som Gunnar ikkje kjende noko vidare til fyrr, og det gjekk smaatt med Arbeide.

«Kvifor kann dei underjordiske gjera seg usynlege og ikkje me?» – «Ja du maa seia det. Det hadde nok vore gildt.» – «Ja; og godt au, stundom.»

«Kann Lygtemannen gjera seg usynleg?» – «Ja han er usynleg, han. Det er berre Ljose, me ser; og ikkje det heller alltid.» – «Hev du set han?» – «Ja. Um Kveldane, naar det er myrkt, gjeng han ofte og flakkar ned i Heialandsmyrane. Det skal vera ein stor Skatt nedgravin der, segjer dei. Men det trur kje ho Mor. Ho trur at det er drepi eit Menneskje der, og nedgravi. For dei drepne spøkjer, naar det ikkje er kome upp kven som hev drepe dei.»

114Um dette fortalde ho Jorina ei grysjeleg Sogu. Dei gløymde Arbeide baae tvo. Jorina raka berre paa liksom; dei smaae sjøgrøne Augo stirde drøymande ut som i andre Heimar.

«– – Men kor det var og ikkje var, han Morbror Aasmund vart so syvjin og rar med ein Gong, at han gløymde aa lesa Fadervaare. Men ikkje so han sovna; han laag berre som i ein Dus. Daa det leid noko utpaa, saag han tydeleg at Døri gjekk upp; men der høyrdest kje Ljod; og inn kom noko høgt, langt, i eit kvitt Lakan.»

«Huff.»

«Han vart ikkje rædd, for han hadde kje vondt gjort; reiste seg i Sengi og saag paa Skrymte. Og derav kann ein vita, at han var vakin.»

«Ja.»

«Han kunde kje skilja korkje Augo eller Andlit; men Skrymte kom glidande inn yvi Golve utan Ljod; so stana det og vinka. Aasmund torde kje anna fylgja det; han skyna at det vilde syna han einkvart; og Skrymte fyri og han etter, ut gjenom Kjøken og ned i Kjeldaren. Der stana det lengst inn-i ei Kraa og peika paa Golve. Sae inginting, berre peika. So vart det burte; han Aasmund høyrde berre liksom ein Sukk. Men daa tok Rædsla han, og han lagde til Sprangs; han veit med Naudi 115korleis han kom aat Sengi att. Men um Morgonen hadde han enno Merke i Handi si etter ein Spikar, han hadde rivi seg so vondt i um Natti. Og sidan veit han at det maa vera ein Mann drepin i det Huse, og at Like er nedgravi i Kjeldaren, der Skrymte peika. Men no maa me arbeida, Gunnar!»

Dei arbeidde ei Stund, tegjande og fordrøymde. Viba svinga og skreik: i–reh! i–reh! Tiu! tiu! slog Raudstelken. Erla hoppa og smaakvitra rundt ikring; Steindilpa sat og skvatra og nikka paa eit Steingjerde. Lufti var full av Piping og Klang. Men yvi alt svimra Lerkejubelen.

Og snart var Jorina inne i ei Sogu att. «Ho Mor fortalde ein Gong noko som ho hadde høyrt av han gamle Vidkunn i Ramstad-Træe.Forfatternote: Træe: Trø. Det kom eit stort Fantefylgje dit ein Gong; i det Fylgje var der ei gamal Kjering; ei utgamal ei, so skrukki og gul som Hodn. Denne Kjeringi sat paa ein Stol i ei Kraa og sukka so tungt; «aa ja – ja», sa ho; «aa ja – ja.» «Kva er det du sukkar so tungt for du daa?» spurde Kona i Huse. «Aa», sagde Kjeringi, «den dreg Anden djupt, som snart skal Anden sleppa.» Same Kvelden drog Fantefylgje yvi Heiane. Ingin saag noko til dei fyrr Dagen etter; daa var dei innum paa Vea langt nord 116i Nes Sokn. Men daa hadde dei ingi Kjering med.»

«Kanskje det er ho som ligg i Heialandsmyri? – Men Fantane kunde daa ikkje drepa henne. Hadde dei kje fengi Straff daa?»

«Det er ingin som hev Greie paa Fantane. Han Morbror Aasmund segjer at dei grev gamle Folk ned levande, naar dei er leie av dei. Det er vel med Fantane som med Frimaurane; dei gjer kva dei vil. Dei hev selt seg til Hin-mannen; og so kann ingin naa dei.»

Ei Huing høyrdest; det var ho Serina som ropa heim til Nóns. Dei saag paa kvarandre; Gunnar bleikna. So lite hadde dei gjort i heile Dag. Kva skulde dei no segja naar han Far spurde? –

Ei Glede venta dei heime: han Far var kje attkomin. Men paa Vollen millom Heimehuse og Løo laag der eit Fantefylgje. «So kann det gjerne henda han Far gløymer aa spyrja etter um Arbeide vaart au!» meinte Gunnar; – det var hus-kjende Folk, desse Fantane her.

– Han den vesle blaaklædde med det bìksvarte Tjafsehaare og det lange, gulbrune Andlite, og so Augo som glyrde so rart, og som ein sjelden fekk sjaa, det var han Tomas, Fante-Tomas, Hovdingen for Fylgje. Han sat og hamra paa eit Blekkspand, so Dusken dansa i Toppluva hans.

117Dei andre tok det i Mak. Ho Gunhild, Kjeringi, sat paa ein Skammel midt imot Tomas og røykte paa ei Kritpipe; jamsides henne, paa Marki, sat eit yngre fregnutt Kvinnfolk med eit Spøt.Forfatternote: Spøt: Bunding. Store svarte Olaves Didriksen, Bror hennar Gunhild, laag so lang han var burtetter Vollen og lèta seg; ein Flokk Ungar flaug rundt og gjorde gildt,Forfatternote: Gjera gildt: leike. ylande av Glede som smaae Vargar.

Tomas var Kam-makar og Blekksmed og kunde binde Vevskeîir og gjera Fiskekrokar; og han tente so mykje med Arbeide sitt, at med det til som Kjeringi og dei andre tagg ihop, kunde Flokken klara seg utan Spaning.Forfatternote: Spaning (Tatermaal): Steling (= Spaneba)

Og det var det beste i fleire Maatar, meinte Tomas. For det fysste var Lensmennane svært gløgge i denne Tid, so det var vandt aa sleppe ifraa eit Spaneba med det gode; og for det andre var Tomas ein boklærd og klok Mann som ikkje vilde ha noko Tjuveord paa seg. Det skulde ingin segja at Tomas Fredriksen stal seg fram; og ingin skulde stengje Husi sine for Fylgje hans, av di dei fælte for Sylvskeiîne sine. So skulde og hans kjære Son Carolus Magnus aldri turve skjemmast av Far sin for den Skuld; um nokon sagde til han: «Far din er Fant», so skulde han kunne upplyfte 118sitt Hovud og svara med Sannings Ord og Resón: «men Far min er ærleg.»

Tomas var ein merkeleg Fant.

Han hadde lesi alle gode gamle Lærdomsbøkar, Sakso Grammatikkus, Olger Danske, Karl Magnus og andre, og so Bibelen, Lars Linderoth og Knud Spødervoll.Forfatternote: Knud Spödervoll: Ein Bonde paa Vestlande som høyrde til dei sterkt-truande og skreiv Bøkar til Forsvar for denne Sekti. Han var konfirmera med god Kristendomskunskap paa Tukthuse i Kristianssand; dei hadde tenkt paa aa døype han au, men ikkje vaaga det, daa det var rimelegt at han var barnedøypt ein Stad uppi Sætesdalen. Paa Tukthuse var det han fekk Sans for aa lesa og tenkje; og sidan hadde han baade lesi og tenkt, og hadde funni ut mange merkelege Ting paa sine lange Vandringar. Han var ein av dei faae som tilgagns forstod Profetane, og han var kannhende den einaste som visste, kva Syndi mot Anden var; men det torde han ikkje segja.

Fante-Tomas hadde i det heile Greide paa dei fleste Ting, og serleg paa alt som var løynt eller gaatefullt. Læra um dei Underjordiske eller Tussefolke grunna han paa det Gudsorde i 1ste Moseb. 2, 23, der Adam segjer um Eva: «denne Gang er det Kjød av mit Kjød og Ben av mine Ben.» Kvi sagde Adam «denne 119Gang»? Jau; han hadde havt ei Kòne fyrr. Men denne Kòna hadde vori av eit anna Slag enn Adam, og so hadde Gud set at det nok ikkje vilde gange godt millom dei tvo. Daa støytte han henne og Borni hennar ned i Jordi; og der hadde dei livt sidan som ei Ætt for seg sjølv. Dette hadde hendt fyri Syndefalle; dermed kunde me vìta, at Tussefolke var frie for Synd. Av det kom det au at dei kunde gjera seg usynlege. Det var fleire av dei enn me trudde, og mang ein Gong vanka dei midt imillom oss. Dei hadde sine Kyrkjur og Prestar liksom me; men daa dei var syndefrie, turvte dei berre det gamle Testamente.

Mange underlege og utrulege Ting hadde hendt i Verdsens Tidir, og dei vart ikkje mindre forunderlege, naar Tomas fortalde deim. Fleire Sogur i Karolus Magnus hadde han vori i Tvil um han skulde tru; han totte dei vilde koma i Strid noko med Guds Forsyn og Bestemmelse. Men han var komin til det at han laut tru deim likevel. Det som hadde ført han til denne Tankegangen var Slutningsordi i Boki. Desse Slutningsordi lydde so: «hvo dette tror eller ikke tror, han synder ikke derved.» Men dei Ordi kunde kje staa, dersom noko i Boki var Lygn. For trur du ikkje at du syndar, naar du trur noko som ikkje er sant? – meinte Fante-Tomas.

120Han visste um dei fem Jordbolkane Auropa, Asien, Amerika, Ægypten, Oranien eller Ny-Holland. Han hadde høyrt gjeti at Jordi skulde vera rund, men det trudde han ikkje. Han kunde kje faa det til aa høve med Guds Ord, og ikkje med den naturlege Tankegangen heller. So sagde au Knud Spødervoll at Jordi var flat, og like eins Luther, som daa var ein høgt upplyst Mann i alle Guds Forunderlegheitir. Um Sol- og Maanemyrkjingar visste Tomas god Greide. Derimot forstod han ikkje at Maanen vaks og tok av. Dette var ein av dei store Løyndomane som det ikkje var oss Syndarar forlenet aa skyna. Men eit av dei største Syntom eller Forestillingar av Guds Visdom, det var, at naar ein saag vel paa Maaneskiva, so vilde ein der sjaa Adam og Eva med Kunskapstrêe imillom seg; dei var sette der upp etter Dauden til aa minne alle Folk til alle Tidir um det store Syndefall. Guds Visdom hadde set, at Menniskens Børn hadde godt av aa hava denne Avmindelsen for Augo, serleg um Nætane, daa den gamle Adam var verst. –

– Men Tomas var i serskilde Anfektelsar i Dag. Det galdt hans kjære Son Carolus Magnus.

Denne hadde ervt etter Far sin eit flytendes Talent og eit høgt Sjeni; og han skulde 121bli Folk og slutte med Fantelive. Det vart daarlege Tidir for dei Reisande no; so at den som kunde koma fram paa skikkeleg Vis, so var det baade betre og tryggare. Fysst hadde Carolus vori hjaa Simon Ramstad og gjætt. Der hadde han idagelagt slikt eit Talent i Boki og Lærdomen, at Presten Meier sjølv hadde teki han til seg. Og Guten vart komformera daa han var trettan og eit halvt Aar.

Presten vilde gjera noko stort av han. Men han visste, at her i Lande vilde Ætti staa i Vegen for Guten; og so hadde han beslutta, at Carolus skulde bli Missionær og fara til Sululand. «Just han! Just han!» – sagde Presten Meier. Og han tok til aa undervise ‘n baade i Bibelen og i Kyrkjehistoria. Men Guten hadde kje Bidlund og Bestandigheit til slik Lærdom; hans Meining og Fyresviv var, at han vilde til Sjøs naar han vart so stor. Dermed var han komin attende til Simon Ramstad; men det var kje Bruk for han der no; og so kom den store Funderingi eller Anfektelsen, kor me daa skulde gjera av han.

Daa hadde hans Medledsagerske, ho Gunhild, fengi ein glupandes Teori: me skulde prøve han Enok Haave med Guten.

Enok var heilag; han kunde kje segja Nei, dersom han vilde lìva etter Lærdomen. 122Og um han vart leid mot Guten, so var nok ikkje Carolus den som lét seg flaa! Det kunde vera mangt aa pumpe hjaa han Enok, lét Gunhild; «veit du kje, din Trave, at der er Smaa-Rakli’erForfatternote: Rakli: Gjente. der? – det kann bli BlaviForfatternote: Blavi: Bryllaup. og LokkiForfatternote: Lokki: Barnseng. det, Far! F. slipe meg, hev kje so gali hendt fyrr! – slik ein kvantForfatternote: kvant: ven; framifraa. og væl-likandes ein som Carolus er. Naar Mormor di fekk ein Gardmannsson fraa Vardal, so kann liksosnart Son din faa ei Gardmannsdotter fraa Haave, Far!» Fante-Tomas maatte læ og prise dei djupe Innsiktir hjaa Kjeringi si; og han var komin til den Avgjørelsen, at han vilde prøve med ‘n Enok.

No galdt det aa taka Enok paa den rette Maaten. For Bonden var kautare enn Presten, og Enok var stivare Mann enn Ramstad’en. Det vart det beste aa brùka Klokskapens og Lærdomens Umsvævelser her; for Enok var sjølv ein klok Mann. Og naar han saag at Fanten var likso bevandra i Skriftine som han sjølv og meir til – for Tomas skulde nok finne ei Aspekt til aa setja han fast i–, so kom han til aa faa andre Tankar um Tomas og Ætti hans, og gjera seg ein betre Teori um Carolus.

Og so hadde Tomas noko tilslutt som han visste skulde slaa, noko, som Presten Meier 123hadde sagt: at med Guds Hjelp, og etter Eilert Sundts djupe Raadslagningar, so kunde der bli Hus og Heim aa faa for ‘n Tomas au, dersom han vilde. «Det kann kje bli so lengi fyrr eg sìt paa eit Stykkje Jord eg au, um det er det som skal skilja millom Fant og Folk i denne Verdi!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.