Fred

av Arne Garborg

XII.

Det tok til aa skùmast. Enok sat med Borde og aat.

Inn kom Fantane ein for ein, helsa og søkte aat Omnskraai. Sistpaa kom Tomas. «Godkveld, og Gud signe Spissen,» helsa han vyrdsamt.

Han var smaavaksin og mjukléma, og mjuk og slengjeleg i Gang og heile Ferd, lik ein Villmann som er ukjend med Tungarbeid. Det var som han leika med Lémine sine naar han gjekk, lagde dei hit og dit og kor han vilde; det vesle Hovude laag og svinga paa sin magre brune, frambøygde Stylk til Hals og lagde seg fraa den eine Aksli til den andre liksom kjælande. Andlite, som i Grunnen var godslegt, hadde Tatersvipen, dette snikjande, lausvorne, uvederheftige, snart og lett skiftande fraa heilagt Skalke-Aalvor til villt Løgje; men naar Tomas rødde med godt Folk, saag han 125høgtidsam ut, liksom han og var høgtidsam i sin Tale.

Han sette seg paa Stolen framanfor Omnen; tok so til aa tala, i Høgtidstone og lange Drag. Kor han vilde av var vandt aa gjéta; han tok til med Vêre og Guds Forunderlegheitir i Naturens Bok. Mæle var mjukt som heile Mannen, syngjande upp og ned etter ein urimeleg høg Skala i utrulege Tonefall. Ein kunde høyre at han var fornøgd baade med seg sjølv og med Tala si; og han gjorde seg fyri med aa tala utsøkt og fint, og sputta brunt naar han hadde sagt noko vigtigt; for Tomas togg Tòbakk som ein Geitebukk. Han lika godt aa antrast um høge Ting; og Hovude reiste seg paa Stylken som eit tomt Aks, og han slog med Nakken og Augo spéla; Andlite strama seg upp og vart strengt, og Talen forunderleg tilgjord. For sine mange kloke Tankar og Fyrisyningar hadde han funni Ord, som tidt ingin utan han sjølv kunde greide; og han hadde sett mang ein klok Mann fast, ja mang ein Prest med, baade i Lovi og i Bibelen, og elles i mange Anskuelsar og Aspektir.

Enok svara ha og ja. Han kunde kje med Fantane. Dei var kje som anna Folk. Dei hadde noko med seg baade i Ham og Haatt, som var so reint serskilt ulidande. Noko laust og sleipt og brunt og glatt, noko 126av Orm og noko av Aal, ja stundom beint ut noko djevelsk. Ikkje ein ærleg Tone var der i deim, og ikkje eit sætande Ord; alt var falskt og lygnskt og løynskt; og det fylgde ein Udaam med deim, ein Tev av dyriske og fælslege Lystir og Syndir, liksom dei paa ein serskild Maate var i Pakt med Satan. Tomas var langt ifraa av dei verste; men Lage var der; denne glatte Tunga kunde aldri segja anna enn lause Ord. Det var reint stygt naar han kom inn paa aalvorsame Ting; i Fantemunn vart alt vanheilagt. Stundom tenkte Enok at Fantane kunde kje hava Sjæl; dei var kje Folk men forklædde Dyr, Apekattar og Revar i Folkeham, Halvmennar, Halvdyr or myrkare Heimar; so kunde dei kje heller tala som Folk; ein kunde skilja dei ut, berre dei opna Munnen. Og kva dei kunde hava for seg, naar dei tok til aa javle paa sitt rette Fantemaal, det visste vel Hinmannen; eitkvart stygt laut det vera.

Tomas hadde bukta og krøkt seg so lengi og sløgt, at han var komin til den store Aspekti um Uppstòda.

«– Og no vil eg gje Dykk ein Spurna, Enok, um De ikkje vil ta meg det ille upp. Det er ein forunderleg og djup Ting, som eg ofte hev tenkt paa.

«Det stend i Orde paa mange Stadir, at 127me skal staa upp or Gravine paa den ytste Dagen slik som me no stend og gjeng, i alle Delar og Maatar og med kvar Léd og Lém. Det er noko me ikkje kann koma ifraa det, min kjære og gudsfrygtige Mann Enok.

«Men so seier Jesus tydeleg paa ein annan Stad, att i Uppstandelsen skal me kje gjeva til Ægte eller taka til Ægte; men me skal alle vera som Brørar og Systrar. No kjem Funderingi. Me skal ha alle vaare Lémir i Uppstandelsen; men skal me og ha dei ægteskapelege Lémir, naar me etter Jesu eigne Ord ikkje skal gifta oss? Kann De greida meg den Floken, Enok?»

Han sputta og saag listig ut. Fantane i Omnskroken hadde Stræv med aa halde seg aalvorlege.

«Den Floken greider Vaarherre,» meinte Enok stutt. «Men du, som vil vera so kjend i Bibelen, du skulde heller tenkja paa eit anna Ord: at den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje æde.»

Her rende Enok seg fast. Tomas kunde med Sanning segja, og alle dei andre Fantane song upp med han, at nett no kom han fraa sitt ærlege Blekksmed-Arbeid. Og fyrr Tomas visste av det, hadde han her funni ein so god Beinveg aat Maalemne sitt, at han kunde lata dei andre Aspektine liggje so lengi.

128«Me arbeider nok, me og, i all Ydmygheit og Simpelheit,» sa han, «og vilde gjerne arbeida meir, um gode Folk kunde bruka oss til det. Men no, min snilde og høgvyrdslege Enok, vilde eg fysst av alt faa beda for ein liten Son, eg hev …»

Med mange søte Ord og i utruleg vrìdne og vrange Bugtir og Krokar fekk han tilslutt fram det han vilde um Carolus Magnus, «som ikkje hadde Hovud for den høge Lærdomen, Presten hadde etla aat han,» og som «i si Ydmygheit aldri hadde sigta so høgt heller;» men som «bad kvar Kveld paa sine berre Kne, at det maatte forlenast han aa koma til ein god og høgverdig Guds Mann som han Enok Haave,» so han kunde faa «læra aa arbeida paa Jordi og tena sitt Brø i sitt Ansiktes Sved etter Guds Ord og Bod i fysste Mosebok det andre Kapitel.»

No song Gunhild upp. Og det regnde med Kyt og hagla med Ros, so yvi Enok og so yvi Guten; og Mæle steig og vart heitare og heitare, og Kyte steig og vart meir og meir grovt …

Enok høyrde kje etter lenger. Han sat og leitte etter eit Gudsord eller eit anna sterkt Spraak, som han kunde døyve deim med og so gange sin Veg; men med ein Gong kjende han Anden vitne i sitt Hjarta.

129Her var Jesusbarne. Dette var det Offere som Gud kravde av han. Nettupp dette, det verste han kunde tenkje, det alra suraste og sværaste for Kjøt og Blod, nett det var det han Far kravde.

Han reiste seg fraa Borde. Daa han fekk Ord for seg sagde han fast og stutt: «Gud vil at eg skal hjelpa denne Guten. Men kjem han hit, so fær han fylgja Husens Skikk, og venja seg til Orden og Arbeid; nokon Letingskap vil eg kje vita av, og ikkje andre Fante-Notur heller. Vil han paa dei Vilkaari, so send han hit. So fær me sjaa kor langt Gud vil hjelpa oss.»

Han skunda seg ut. Fantane tok til aa yvihylja han med Takking og Smeikjing. –

– Tvo Dagar etter kom Tomas og Gunhild med Carolus Magnus.

Det var ein litin mager og mjaa ein, med smaae myrke, urolege Augo og snare, snøgge Rørslur, lett og lealaus som ein Hallingmann. Naar han gjekk, saag det ut som der ikkje var Vegt i han; han kunde kje fyljast med Foreldri sine; dei gjekk for smaatt for han. Men i det vesle runde brune Andlite var der, naar det galdt paa, eit Aalvor og ei Høgtid so ein kunde læ; det var Fante-Tomas sjølv, berre mindre. Og slik ein vaksin og klok Maate hadde han til aa tala og føre seg paa, at ho 130Anna mest vart bljug for han. Han var so reint annleis enn andre Born. Men frisk maatte han vera. Ein kunde sjaa at han var vaksin upp ute som ein Fugl eller eit Dyr; mange Ættlédirs Sol og Luft hadde brygt hans Blod; han var kvìk som ein Oter. Jamsides Carolus saag Gunnar helst bleik ut, endaa han var førare og fastare.

Høgtidsleg helsa han paa Anna, si «nye Mor»; han skulde «med Guds Hjelp stella seg slik, at ho ikkje skulde trega sin Godvilje mot han.» Fante-Arti, Fante-Arti; denne søte Munnen og glatte Tunga; – Anna vreid seg for aa taka han i Handi og segja «velkomin hit.» Og uff! for ei lita blaut, veik Jomfruhand.

Ikkje mindre høgtidsleg helsa Carolus paa den nye «Far» sin. Han kunde med Sanning segja at Viljen hans var god; «og so fær De heller bera yvi med meg, um eg ikkje evler so mykje enno.» – «Kann du læra aa søkja Herren i din Ungdom, Carolus, og beda til han, so greider nok det andre seg,» svara Enok.

So tala Fante-Tomas, og tilslutt ho Gunhild. Endelause Fyriteljingar for Guten og endelaus Ros yvi desse «fromme og velbòrne Folk» … Mæli skreik seg upp, so ein helst vilde halde seg for Øyro. Dei smaae Augo 131glyrde og stakk. Um Munnen laag Fantedrage heile Tidi: ein laus, løynsk Smil, noko-so-nær ned-duld; Tala slutta med nokre Ord i Fantemaal, som kom i same strenge, manande Tonelag som alt det andre: «og so vonar eg til Gud, Carolus, at du vil ascha ein hortaForfatternote: horta: ægte. RomanisælForfatternote: Romanisæl kallar Tateren seg sjølv. og ikkje lata BuroenForfatternote: Buro: Bonde. stultraForfatternote: Stultra: narre. deroForfatternote: Dero: du, deg. eller bokkaForfatternote: Bokka: svelte. dero eller dabbaForfatternote: Dabba: slaa. dero; men kammarForfatternote: Kamma: hava. dero kje latjot,Forfatternote: Latjot: godt. so nascharForfatternote: Nascha: røme. dero og avarForfatternote: Ava: koma. til DadenForfatternote: Dad: Far. deros og DeiaForfatternote: Deia: Mor. deros i Jessu Kristi Namn. Og so maa du liva vel daa.»

Det var stridt aa halde ut. Men ein Ting sagde Tomas, som Enok lagde Merke til.

«Kanskje kunde det heppast so vel,» sa Tomas, «at eg og kunde koma ut av Umstripparlive paa mine gamle Dagar. Lengi hev det vore min Ynskjan og Forlengsel; og no i Vinter snakka eg med sjølve Presten Meier um det; og han sa det, beintfram dei Ordi brùka han: ‘Kann du faa en Mand som Enok Haave med paa det, so er det slettesikkje umulegt,’ sa Presten; ‘for Enok Haave,’ sa han, ‘det er den Mannen næst meg sjølv, som hev mest aa segja i Fatig-Kommissjonen.’» 132Gunhild blinka til Mannen sin: den er god! – «Nei det kunde daa kje Presten segja,» varde Enok seg bljugt. «Dei Ordi brùka han; eg er kje den Mann som fèr med Lygn og Vas; for eg veit kva der stend: du skal ikke sige falsk Vidnesbyrd mod din Næste.» Enok vart forundra av aa høyre slik Ros, og det fraa sjølve Presten. Ja-ja; Meier var ein snild Mann. Daa han fekk Greide paa Saki, lova han aa hjelpe Tomas med dette so vidt det stod i hans Magt; kannhende Gud her vilde nytte han. Fantane gjekk med Signingar og Bønir og Sekken full, og Enok kjende seg reint styrkt av den nye Gjerningi som var ‘n paalagd. –

– At Gud var med no, viste seg snart. Carolus var so lydig og snild at det var reint hùglegt; han kunde heiltupp vera eit Mynster for denne stakkars Gunnar’en, som daa og jamt og samt fekk høyre det. « Spegla deg i han Carolus du!» maatte Enok altfor ofte segja til han.

Det var rart med han Gunnar. Han som hadde vori saa kvìk og snild fyrr, – var det kje som han hadde vorti umskapt paa desse tvo Vintrane. Motstand og Rangvilje i smaatt som i stort, Uhug og Mothug, ja mest som Hat; og so tver og trùmpen gjekk han der, at det var mest ikkje Svar aa faa, um ein tala 133til han. Den som kunde skỳna slikt! Det var vel Djevelen i Guten som reiste seg no, daa Gud kom so nære; det var som med Djevlane i Evangelie, det; dei rasa alltid verst naar Jesus stod framfor deim.

Carolus var anna til Kar. Alt gjekk viljugt og lett; og so kvìk og snild var han i sine Svar, at det var reint ei Glede aa røda med han. Og han kom med Spursmaal sjølv au; ja han kunde tala um aandelege Ting so Enok stundom laut tenkje paa Jesus i Temple. Det var vel so at Fante-Arti ofte stakk fram; men han hadde daa vori so mykje hjaa Folk, at han var fri det verste.

Noko Arbeidslag var der kje enno; han lika best aa gjæte eller gaa Ærend og anna slikt smaatt. Men so var det daa nett Arbeid og Arbeidshug han vilde lære her. Og naar Viljen var til det og Gud var med, so skulde det nok gange. Enok bad um Visdom og Tòlmod til aa fullføre dette vandesame Verke, so at alt som var att i Guten av Fantehaatt og Slarvehug, det kunde verte utreinska og utbrent.

Han torde kje vera streng mot Carolus fraa fyssto. Det galdt aa lempe seg fram med smaae Stìg. Tok ein han hardt, so rømde han vel berre. Som vel var kunde Gunnar no spenne meir i; og so fekk me sjaa um 134ikkje Ærekjensla vilde vakna i Carolus, so han ikkje lét Gunnar, som var yngre, gjera Skam paa seg.

So vart han Enok endaa strengare mot Gunnar enn fyrr. Alt skulde Gunnar gjera: «du Gunnar kann maaka Fjose;» «du Gunnar kann bera inn Torv.» Men til Fanten heitte det so fjaagt: «og kanskje du Carolus er so glup at du hjelper han Gunnar litegrand?» «Og kanskje du Carolus gjeng av og ser etter Øykine, du?» Uh! det var ufysi; Gunnar sputta. Denne søtblide Tonen; denne Høgtidi, der skulde vera –; det var so forluktande! Og denne Fanten. I Fysstningi hadde Gunnar vori rædd han; Fantane var Heidningar, hadde ho Jorina sagt. Men no vart det Hat og. Slik som Carolus gjekk og sleikte og smeikte for han Far, og snakka so søtt, ja gudelegt – uff! og laug, so det rann or han; men so snart han var ute or Augnesyni hans Far, so berre gjekk han og spanta med Hendane i Broki og plistra! Og aldri at han fekk Skjenn; neidaa. Og Ris – haa. Fanteguten Ris! Nei, berre eit Par søte Ord i denne Bløytetonen –: «det var daa leidt, at du ikkje vart ferdig, Carolus, du, som er slik ein glup Kar. Han Gunnar fær hjelpa deg litegrand daa.» Ja tenk-kjeForfatternote: tenk-ikkje: «naturligvis»; kvifor ikkje. 135han Gunnar! Han Gunnar var god til alt. Ikkje turvte Fanten gaa i Skinnbrók heller. –

Ungen gjekk og arga seg som ein vaksin; den einaste han fann rimeleg var ho Mor. Ho heldt litegrand med han stundom. Og hjelpte han naar ho saag seg Raad. Noko anna var og komi upp i det seinste. Naar han Far var i Byn, og ho Mor bad Gunnar gaa til Landhandlaren paa Aase med ei Mark Smør eller slikt, som han skulde faa Kringlur og Kaffi fyri, so gjekk Gunnar gjerne; han visste han fekk ei Kringle sjølv, naar han kom heim att. Ei serskild Glede hadde han i slike Tilfelle av aa ljuge for Fanteguten; for Carolus maatte kje heller vita noko um dette.

Men ein Dag utpaa Hausten hende det noko uventande.

Gunnar hadde vori hjaa Landhandlaren. Daa han kom aat Matbui og skulde ha Kringla si, stod Carolus derinne. Gunnar til Mor si: «han Carolus er i Matbui; han hev teke ei Kringla!» Men ho Mor berre hyssa paa han; ja ho var mest vond. «Du er so forhatig paa han Carolus, du, men Carolus hev vori glup i Dag. Berre gakk inn til han du; so skal du og faa Kringla.» Kviskrande lagde ho til: «og so skal du vera snild med han Carolus.» 136Gunnar stod som torefortenkt.Forfatternote: torefortenkt: naamen av Forundring. Dette kunde han ikkje skỳna. Skjemd og forundra drog han seg uti Matbui att; – «no, kva fekk du for BesingiForfatternote: Besing: Fisling. di?» spurde Carolus.

Etterpaa vart Ungeflokken styrd aat Løo; dei skulde faa leike seg i Dag, daa her var «fritt». Dette var Gunnar so glad for, at han tok alt for godt.

Og det viste seg i Dag, at Carolus kunde vera løgin.Forfatternote: løgin: morosam. Skulde aldri ha set so rart som han kunde skapa seg til. Han var «vill Mann» og fekk deim til aa læ mest meir enn dei hadde godt av. Sidan fortalde han Eventyr for deim; og Sogune hans var mykje gildare enn Jorina sine. Tvo Eventyr fortalde han; so var han leid. Det kunde mest vera verdt aa gjera seg Godvenir med Fanten, so fortalde han vel fleire.

– «No vil eg vera Prest!» sa Carolus.

Det var Gjentungane med paa. Han fekk Understakken hennar Jorina til Prestekjole; tok so til aa preike. I Fysstningi var han aalvorleg; «mine kjære Medforløste,» sa han, «me maa ikkje vera so letsindige; me maa huske paa at me skal dø;» – men snart slog han yvi i Galinskap. «Fyrr me døyr maa me gifta oss,» meinte han; «og korleis skal et sant Guds Barn faa seg ei Kona? Jau det 137skal eg syna dykk.» Han «gjekk paa Friarføter» til henne Serina og apa og skapa seg so dei maatte læ; endaa Gunnar lika kje dette. Men Serina lika det visst; for ho kniste og lo so det var svært. «No maa du segja Ja!» sa Carolus; «det høyrer til!» – «Ja-ja daa!» sa Serina og lo. «Men kva skal eit sant Guds Barn gjera med Kona si?» spurde Presten. «Jau det skal eg au syna dykk.» Han vilde taka Serina um Halsen. Men daa skreik ho og rømde.

Anna kom og skulde vondle; ho stod og høyrde paa dette litegrand. «Carolus!» – Ho gjekk fram; Ungarne kvakk, so dei sprang kvar til sin Kant. «Naar Rett var skulde eg segja dette til Far dykkar,» sagde Anna aalvorleg. Daa gjekk Carolus burttil henne og sagde med sitt blidaste Mæle: «aa nei; det er vel kje verdt at han Far fær vìta for mykje um det som gjeng for seg her i Huse naar han er burte?» Daa saag ho Mor stygt paa Carolus. Og det kvakk i Gunnar; no skyna han alt. «Det fær gaa for denne Gongen,» sagde ho Mor og gjekk fraa deim.

– Men Gunnar gjorde seg Godvenir med Fanten so fort som han kunde.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.