Fred

av Arne Garborg

XIII.

Lufti bleikna og Aakeren skjerna.Forfatternote: skjerna (um Aaker): verte skjer (mogin). Eplekaale misste sine vene blaaskjengjute eller rjomegule Blomar og sette Topp-Eple. Viba tagna, flokka seg og vart burte. Paa bleike avslegne Engir heldt Staren sine Stor-møte med eit Skravl og eit Kvirl, so det høyrdest langan Veg. So sette Flokken til Vêrs med eit Sus som ein Stormvind, slog seg ned i eit Raunbertre og fekk seg Mat.

Snart var Skurden i Gang, og Laatepipur lét rundt alle Aakrar. So kom den siste store Basken med aa faa Epli upp; og daa det var gjort, saadde dei Rugen.

So var Sùmaren til Endes for i Aar. Dei berga i Hus Arbeidsgognir og Køyregreiur og drog inn Ledstengsle og Grindar. Enno var Kyrne ute her og der, gjekk og trødde i Heimehagane og gnog paa den siste Haavoni. Men helst søkte dei Live att-under Gjerde og Husveggir; 139der stod dei og smaakulsa; lengta i Hus dei med; drøymde um Vinterfred og logne Baasar.

Regnvinden saug og taut i Nòv og i Vegg; no hadde han fengi Haustgraaten i seg. Og Himilen hekk modlaus og graa og vaska og trafsa med tunge Flóir.

– Enok var den einaste som ikkje hadde fengi Epli upp; han dreiv med so lite Folk at han alltid vart seint ferdug. Men no var der berre att ein Teig utpaa Aarvollen, og den var so litin, at Gunnar og Carolus kunde klara han aaleine til Nons. So kunde Enok faa pløgja litegrand, og ho Jorina kunde faa hjelpe henne Anna med aa kinne.

Gunnar og Carolus stræva det dei vann; «ikkje eit Ord no!» – det skulde vera so gildt aa bli ferdig med Haust-stræve. Men Epleteigen vart drjugare enn dei hadde tenkt; og Carolus tok seg ender og daa ei Kvilestund.

«Ufyse Stræv,» knurra Gunnar; han grov i den vaate Moldi med Hendar so raude som Humrakløar.

«Aa ja,» sa Carolus. «Eg trur nok eg kjem til aa fara til Sjøs likevel, eg.»

«Ja det trur eg vel. Det vil eg au; men du maa kje segja noko.» – «Ikkje du heller.» – «Langtifraa».

140– – «Hyss, kva er det?»

Stygge, haase Skrik høyrdest; eit villt, fælt Skravl av rædde Maal høgt uppe i Lufti; – det var Graagjæsane.

Kavande i Vinden, i stor, uroleg Trikant, stemnde dei mot Sør.

«Aa tenk, no fèr dei. Kor tru dei fèr av?»

«Dei fèr til Arabia!» sa Carolus.

«Aa, den som kunde vera med.» – «Skapa seg um til Fugl og vera med, ja!» –

Dei stirde lengi etter Fugleflokken, som smaatt i Senn graana burt i Skyine og kvarv.

«Kor ligg Arabia?» spurde Gunnar.

«Arabia?» – Carolus vart høgtidsam, so han liktest Far sin. «Arabia», song han upp, «ligg sju Gongir sju Dagsreisir sunnanfor oss; sunnanfor Have og sunnanfor Flandern og sunnanfor Spania og Keisaren og Paven, ja sunnanfor der Blaamennane bur.»

«Aa – aa. Det maa vera langt.»

«Og Kongen der er den store Kaliffen Hadonald Raskji; og han bur i eit Slott av drìvi Gull. Men Sulane i Slotte er av Marmor og Filsbein. Og Dronningi og alle Hoffolki er klædde i Silke og Purpurduk; og midt i Slotte er der eit Springvatn av Jaspis og Smaragd; men det spring kje med Vatn; det spring med berre straalande Perlur. Og Hadonald Raskji 141sjølv sit paa ei høg Trune av skirt Gull med ein Kongs-stav av Diamant og Jaspis og Ametyst, og skin som Soli yvi sitt Rike.»

Carolus hadde gløymt alt ikring seg; dei myrke Augo lyste i Draum.

«– Der skulde me vera,» mulla Gunnar.

«Eg skulde ynskja eg var den simplaste Slaven der,» sagde Carolus; «for den simplaste Slaven er der gildare enn ein … Amtmann her; og han hev kje anna aa gjera enn svinge Røykverk for Hadonald Raskji og spela paa Luth og bera Silkeslæpe aat Dronningi; men det maa der vera 500 Slavar til; for Slæpe er so langt som herifraa og til Ramstad.»

«Aa –!»

«Og kvar Slave hev eit Slavekvende, som er ungt og vent som den venaste Rosa og skin som Soli og hev Augo som Stjernur; for berre dei som er so fagre som Prinsessur fær vera i slikt eit Slott. Og dei syng vene Songar og dansar og spelar paa Luth og Sitterspel; og um Natti svarmar dei um i dei store Hagane under høge Palmetre og Sedrar fraa Libanon kvar med sin Vén og elskar kvarandre og kyssest. Men naar dei hev svarma lengi nok, gjeng dei inn i Slotte og legg seg paa mjuke Silkesengir og søv hjaa kvarandre, til Hadonald Raskji stend upp og ringjer paa den store Klokka som vert høyrd yvi heile Arabia.»

142«Det vilde eg kje vera med paa,» knurra Gunnar; han lika kje sovori.

«Nei du kann vita ein er kje nøydd til!» –

«Skal me draga?» spurde Gunnar.

«Ja dit skal me eingong; men det er langt. Daa maa me fysst yvi Sjøen; og so upp Rinflodi mange hundra Mil; so kjem me til Flandern og Burgundien, og so til den romerske Keisaren; og so maa me gjenom Pavedøme, og so gjenom Tyrkelande.»

«Der dei ét Mannakjøt?»

«Ja; men me skal gje os ut for Pilegrimar som gjeng til den helage Gravi; daa rører dei oss ikkje.»

«Hu; eg vert visst rædd.»

«Nei du tarv kje vera rædd; for dei hev daa so mykje Samvit i seg, at dei drèp kje anna enn Riddarar og Krigsmennar.»

Carolus spadde litegrand; men han var so burtkomin i Draumane sine, at det vart kje noko av det.

– – «Kunde me kje ryma?» spurde Gunnar.

«Jau; ei myrk Natt, naar alle søv og ingin veit um det, daa stend me upp og tek med oss det me treng, Klæde og Mat og Gull og Sylv, og rymer Heiane nedyvi til Sjøen.»

Med ein Gong fekk Carolus det annvint og gav seg til aa spada so Moldi flaug. «Far din kjem,» kviskra han; «driv paa –.

143«Ja men kven var det,» heldt han fram svært høgt, «som lìvde i firti Dagar og firti Nætar og ikkje fekk Mat? kann du segja meg det daa? – – Aah! der kjem han Far!» ropa han forundra med sit gladaste Mæle.

«Ja De maa kje bli vond, Far,» heldt han fram; «men eg kom til aa bespyrja meg med han Gunnar i Bibelhistoria, og det vart so gildt at me gløymde – –»

«Eg fær hjelpa dykk,» sa Enok stutt. «Alt til si Tid, Carolus!» –

– Det hadde vorti likare for han Gunnar i fleire Maatar no; Carolus var so glup til aa stelle med han Far, at dei mest alltid fekk det som dei vilde. Det vart gjerne so at Gunnar og Carolus fekk vera saman paa huglegare Arbeid, og at Maaking og anna slikt leidt vart lempa yvi paa henne Jorina.

Og um Arbeide i seg sjølv ikkje var gildt, som naar dei laut røyte Skind eller staa i Barkekjere, so gjekk det alltid noko so-nær naar Carolus var med; for han fortalde Sogur eller fann paa Drøs, so Tidi gjekk snøggare enn Von var. Ofte vart det Gunnar som laut gjera det meste Arbeide; men det brydde han seg mindre um.

Anna saag snart at Gunnar hadde fengi Hjelpesmann i Matbui; tilslutt laut ho læse ned det meste. Serleg Smøre laut ho gøyme, 144so det berre var att litegrand aat dei tvo; daa hjelpte dei seg med det, og Stuldine synte kje so mykje. Undrast Enok stundom paa at det vart lite Smør i Aar, so skulda ho paa Høye; det vart so utvaska og armt i slike regnfulle Sùmrar, sa ho. Enok riste paa Hovude; det var kje Høye som gjorde det, men Guds Signing; her var vel kje nokon som … var for lang paa Fingrane no? – «Nei eg trur slettikkje det; eg hev havt Auga med baade Carolus og Jorina; men dei er visst trugne nok paa den Maaten.» Anna var raud. «Ja Gudskjelov for det,» sagde Enok. –

Ymse Slag Forteljarløn laut Gunnar ut med; Carolus fekk han til aa gjeva seg «Foræringar», eller bytte til seg Eignalutir for Vas og Inginting. Soleis bytte Gunnar burt Kniven sin for eit fint Penneskaft og eit Papper med Jomfru Maria paa; det trega han hardt sidan. Men verre vart det daa han kom til aa gjeva Carolus ein av dei gamle Gullringane hennar Mor, ein av deim som laag i Skatolklaffen. Daa vart han rædd. Han kom graatande til Carolus og bad um aa faa Ringen att; for elles maatte han segja det. Carolus lo. «Du kann vita det var berre mitt Narri dette,» sa han: «eg vil visst ikkje ha noko av deg, som du ikkje kann gje meg med god Hug;» og Gunnar fekk Ringen. Etter dette 145trudde han Carolus svært godt. Dei var uti Skatole og saag paa den gamle Stasen ofte; slike Ting var so vene, totte Carolus.

Men full Venskap vart det kje millom Gutane, fyrr dei hadde røynt kvarandre i eit Aalvors Tak.

Gunnar aatte ein Ting som han gøymde for Carolus, og det var ein liten Pung med Skjelingar i. Heile 12½ Skjeling var der i Pungen; og Gunnar var rædd, at fekk Carolus sjaa dette, vilde han faa Hug paa Skatten hans. So gøymde han Pungen i Ledikken i den blaae Kista hennar Mor uti Buakammerse.

Men dermed gløymde han Pungen.

So var det ein Sundag Ettermiddag, Carolus og han kom der ut som Kista stod. «Kva er der i den Kista?» spurde Carolus. «Det er berre Klæde i den,» sa Gunnar og lét upp; hugsa paa inginting. Carolus til paa sin Maate og rote og grava; daa Gunnar hugsa seg var det alt for seint; Carolus hadde funni Pungen.

«Kva er det? ein Pung … med Skjelingar i; er det din?» – Gunnar freista aa faa Pungen ifraa han. «Ja; eg hev fengi dei av han Trond Maalar og skal ha dei til aa kjøpa meg Luve for …» – «Ikkje ver rædd; eg tek dei kje fraa deg!» lo Carolus. «Ein–tvo–tri–tolv, halv trettande Skjeling; ha, ha; 146trur du du fær Luve for det? – Aa nei, Far. Men Mor mi skal skaffa deg Luve; ei flunkende ny og fin ei, med Gullsnor paa og Fjør i; ei som ho skal faa heim alt ifraa Sverig, ser du; skal eg gje henne dei Pengane? so fær du Luva til Vaaren, du!» – Enden vart, at Carolus fekk Pungen.

Men so kom det ein Mann ein Dag og skulde hava Pengar av han Far; og det viste seg at der vart 8 Skjeling for lite. Daa segjer ho Anna: «kann kje du Gunnar laana Far din dei Skjelingane dine so lengje?»

Gunnar kolna der han sat. Carolus var ute, og Gunnar hadde ingin Draum um kor Pungen var. «Ja det er sant,» sagde Enok. «Pungen er uti Ledikken i den blaae Kista mi,» sagde ho Anna; Enok gjekk ut og skulde finne ‘n.

Stogo tok til aa svive for han Gunnar. Han skyna kva Veg det no bar. Den store Tyngdi lagde seg for Bringa hans, og han fekk Hug til aa graate. Far hans kom inn: «de fær finna Pungen de, som veit kor han er,» sagde han. Ho Anna sat og gav Vesle-Paulus Bryst, so ho kunde kje gaa; «men du veit daa kor Pungen er, du Gunnar?» – «Ja fort no, Gunnar,» sagde Enok.

Gunnar hadde rekna ut, at laug han so fekk han Ris; men sagde han sant fekk han likso 147vel Ris; og dessutan vart han daa Uvenir med Carolus. Han sat millom Eldar tvo. Men det beste vart aa ljuge. «No?!» egste Far hans. Gunnar mulla med Munnen, men fekk kje upp Mæle … «Kva er det du segjer?» spurde Far hans. «Eg veit kje – kor Pungen er.» – «Veit du kje, kor han er, segjer du?» Enok stirde so det kolna i Gunnar.

Det vart sendt Bod paa Garden etter aatte Skjeling; so lengi den Framande var her, kunde Gunnar vera trygg. Han sat paa Benken ved Matborde blaanande bleik som han venta paa Dauden. Det susa for Øyro hans. Aa, berre han Carolus kom; berre han Carolus kom. Aa, gjev dei maatte gaa til Storbrekke etter Skjelingane; so kom han Carolus att … Nei; der var ho Serina. Og Skjelingane hadde ho. Mannen fekk sine Pengar; so gjekk han. Inga Raad; inga Raad …

Han Far kom. Stogo gav seg; seig i den eine Sida … Gunnar klara det kje lenger; Graaten tok ‘n.

«No fær du fortelja meg korleis det er med denne Pungen, Gunnar.» Far hans stelte seg upp framanfor Borde midt uppyvi han. Gunnar kava og vilde svara. «Naah? – Naah?!» – «Eg hev mist Pungen!» skreik Gunnar yvi seg i vill Graat.

148«Men Gud bevare deg, Gunnar,» jamra Mor hans. «Hev du misst han?» ropa Far hans. «Korleis bar det til?» Uff, no skulde han finne paa noko um det att. «Kor var det du misste ‘n?» Enok var skræmeleg aalvorleg. – «I – Løo.» – «Kor kunde Pungen koma aat Løo, naar han laag i Kisteledikken?» – Gunnar grét og tenkte, tenkte og grét; – «eg vilde … m-u-u, m-u-u …» – «Naa?» Enok bøygde seg og tok han i Aksli. «Eg vilde … sjaa paa Skjelingane, m-u-u, u-uh …» – «Og so tok du Pungen or Kista?» – «M-ja, u-u …» – «Og sat og dyrka dei stakkars Skjelingane som ein Avgud, ja. Og so la du Pungen i Lomma og gjekk aat Løo med han.» – «M-ja; m-u-u, u-uh …» – «Og der slarva du han burt. Og etterpaa alt gjeng du og tier og løyner det burt for oss. Ja no fær eg lære deg Aalvor daa, at det ikkje skal gaa med meg som det gjekk med Ypperstepresten Eli …»

Og Gunnar vart so syndleg uppstròkin som han aldri hadde vorti fyrr. Fysst ein Bask; so ein til med same; han vreid seg som han vilde smjuge ut or sitt Skind, og skreik gjenom sin snørde Strupe so der var kje Menneskjelaat i det lenger. Ho Anna gjorde seg hard; han hadde fortent Stryk no; tenk kaste burt Pengar … men det vart for fælt; han 149drap Ungen; «aa nei, Enok! Herre Gud, Enok!» Men i denne Vargestogo kunde ho kje høyre sitt eigi Maal. Endeleg slapp Ungen ut or Kløane paa Far sin; krabba burt yvi Golve paa firefotom, skjelvande, hikstande, mest maallaus, sanselaus … Anna skalv; «du skulde daa brùka Vite!» – «Det er betre at eg tuktar han,» svara Enok, «enn at han skal falla i Hendane paa den levande Gud!»

Gunnar drog upp Skinnbroki si og berga seg ut Kammersvegen, gjenom Kjøken og Bakdøri, yvi Tune aat Løo, kavande heile Tidi med Graaten, som ikkje maatte høyrast for mykje; kjende seg kje trygg her heller; rømde aat Smalagarden; der gøymde han seg burt i den myrkaste Kroken og lét Graaten faa sin Vilje. Aa Gud! kor det sveid i Enden hans. Han grét og grét til han mest vart rædd sjølv.

Carolus kom drivande upp Storækra med Hendane i Broki, plistra og tenkte paa inginting. Daa han kom upp-mot Løo, høyrde han gjenom Vindsusen slik ei underleg Uling; kva kunde det vera? Han stana og lydde; kunde det vera Folk? – Lydde og leitte; kom tilslutt aat Smalagarden; der fann han Gunnar. Og fekk vita alt.

Daa vart hans lette Fantehjarta so kløkt, at han med ein einaste Gong flaug inn etter Pungen. Og kom og gav Gunnar han att. 150«Stakkars deg, at du skulde lida so vondt for mi Skuld! Aa nei, at eg ikkje var heime!» Han klappa Gunnar paa Kinne og trøysta han. «So ja, Gunnar; ikkje graat no lenger. Du skal faa den vene Luva endaa; eg skal snakka vel med Mor mi. Og kann kje ho skaffa deg Luva, so skal du faa ei av meg, naar eg vert stor; det er kje so mange Aari til dess, veit du. Aa nei at du var so trufast imot meg, at du ikkje blanda meg inn i dette. Det var godt gjort det Gunnar. So; kom no, so skal me gaa inn; du tarv kje vera rædd, naar eg er med.»

Gunnar kom seg smaatt i senn. «Og no skal du kje segja Far din at du hev fengi att Pungen din; so kann du sidan kjøpa deg kva du vil for dei Pengane. Er kje det sant?»

«J–jau,» hiksta Gunnar; han smilte gjenom Graatkrampen.

I den Stundi gløymde han at Carolus var Fant. Carolus var den gildaste Guten paa Jordi.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.