Fred

av Arne Garborg

XIV.

«Du snakkar so mykje um aa fornekta seg sjølv», sagde ho til han ein Kveld, dei hadde lagt seg; «det er rart, at du kan halda paa med dette daa.»

Han skulde høyre det ein Gong! anten det gjekk so eller so. Men daa ho hadde sagt det, trega ho paa det att.

Han tagde lengi. Og det vart so susande stilt. Ho høyrde sine eigne Ord uppatt og uppatt; og dei vart so styvne og stygge. Og der laag han og hadde høyrt deim, og tenkte paa deim. Ho vart sveitt. At ho daa aldri kunde lære aa tegja.

«Du veit vel», kom det endeleg, «kva Gud sa til Adam og Eva: ‘vorder frugtbare og formerer eder’. Og me skal gjera hans Vilje i alt. Me maa berre beda um aa faa gjera det med det rette Sinn og ikkje av nokon Kjøtslyst.»

152– – Ja du tarv kje syte! han hev nok Svar! Og Bibelspraak til alt, um det er aldri so gali …

Um ho vilde segja at ho ikkje stod i det; at han øydelagde henne med Arbeid og Barnsengir … «I Hustruer værer eders Mænd underdanige ligesom Herren»; «hans Kraft er sterk i dei veike» … det vilde regne med Bibelspraak. Og alltid fann han det som høvde etter hans Hovud.

Ho skyna seg kje paa han. Ho totte slett-ikkje han lìvde so plent etter Orde i alle Ting. Han snakka um at me skulde vera audmjuke og smaae i vaare eigne Augo; men dette Smaalæte og Mjuklynde merka ho kje noko til hjaa ‘n sjølv. Alt det han gjorde var rett; kvart Paafynster av ‘n skulde vera Guds Vilje …

Um der stod, at «I Hustruer skal være eders Mænd underdanige,» so stod der likso vel: «I Mænd, elsker eders Hustruer og værer ikke bitre imod dem.» Men det hugsa han aldri. Berre det, som høvde for ‘n sjølv – –

Ikkje den minste Tanken hadde han for henne. Ikkje ein einaste Gong hugsa han etter korleis ho kunde ha det. Dei kunde godt havt Raad til aa lìva som anna Folk; men nei … Det var vel Meiningi hans, at 153han vilde hava Ende paa henne; det var vel det som var. No, daa Arven hennar var gjengin, kunde ho au gaa; han vilde vel heller hava ei ny, som kunde gange ‘n endaa meir under Augo. Han var kannhende ikkje so galin som han saag ut til. Underlegt kor væl denne Heilagdomen hans høvde med det jordiske; det som var Guds Vilje var alltid det som var det billegaste … so nær som dette med dei fatige kannhende. Han skjemdest av aa tilstaa at det var Knipeskap, og so fann han paa at det skulde vera Guds Vilje …

Uff; no fekk ho kje tenkje for stygt. Men jamenn kunde ho bli so forarga stundom; – og berre Gudshug var det ikkje; det skulde ho mest vaaga. Sann Kristindom kunde daa ikkje vera so hard.

Jau, ho skulde visst gange her og gjera seg Samvit, av di ho narra han i sùmt smaatt; naar han var so urimeleg, so fekk han sjølv taka Skaden. Og Borni skulde ho hjelpe so mykje ho kunde; og Maten stellte ho so godt som ho fekk det til. Harmelegt, at ho var so veik; at ho ikkje kunde gjera beintfram Motstand! Det skulde vori ho Inger hans Per …

Ho laag og arga seg til ho fekk ei Skjelterid. Hjelpe henne so sant; ho som so vel 154kunde turve sova. Uh; ho var so trøytt og klar; ho hekk mest ikkje ihop. Kvar Morgo upp i Otta; træle og traave heile Dagen; tusund Ting aa gjera og inga Hjelp; Huse og Fjose, og Barn ved Bryste … Ho Serina var snild, men rokk kje stort meir enn stelle den litle; og Jorina kunde kje so mykje som bøte ein Sokk … Rart Barn; kunde inginting lære. Gjekk berre og snugga seg og klaadde seg i Hovude; ein hadde meir Mas med aa halde henne rein enn ein hadde Gagn av henne; Anna skulde vera so glad ho var fri henne, at –; men det torde ho nok ikkje nemne. Det var slik ei Høgtid med den Ungen, at det var kje Maate paa; hans eigne Born vart reint som Stikborn mot desse Fantungane. Men so gjekk dei han no kje mindre under Augo; det forstod dei seg paa, slikt Fanteherk! Det verste var at ho Jorina fyllte han Gunnar so upp med Sogur og Fesjur at han vart reint tussut av det, myrkrædd og stakkarsleg; ja no hadde han fengi slik Hug paa sovori Tøv, at han brydde seg kje um aa vera i Lag med andre enn desse Fantane, som kunde fortelja han Eventyr og gamalt Kjeringsnakk. Carolus var vel den verste i dette au; men no hadde han fengi slik Magt i Huse … aa! um ho kunde faa noko paa han ein Gong, so 155ho kunde faa han ut. Men aa faa Tak paa ein Fant –; daa fekk ein lettare Tak paa Aalen.

Og her gjekk ho. Ikkje kunde ho hava noko Tilsyn med Borni heller; dei kunde lære alt som stygt var, for den Skuld. Naar skulde vel ho faa ei Fristund? Ho stræva paa Tròt fraa Morgo til Kveld; og um Natti, naar ho skulde sova, var det den litle; eller tunge Tankar som au kunde taka Svevnen; so um ho kunde faa ei Fristund au, so var ho for mødd. Og han –; han, som endaa hadde teki paa seg aa halde Skule for deim; jau det vart Greidur! – Det gjekk som det maatte gaa, naar ein var so strid paa sitt og ikkje vilde høyre paa Fyriteljing. Kva det skulde bli av Borni visste kje ho. Ikkje kunde ho hjelpe deim. Ho maatte gange som Gjente, ho, og vera glad ho fekk fraa seg det som mest turvtest. Og med alt det ho stræva, so vart det kje som det skulde kórso; det vaks uppum henne paa alle Kantar med ugjort og halvgjort; Huse var i Ustell og Borni i Ustell; her saag slik ut ofte at ho reint laut skjemmast. Men – «berre me kann halda Hjarta vaart reint og heilt» – uh.

Og so kunde han kje ein Gong hava det Vite –; so snart det eine var avvant, so var det aa gange med det næste … Og 156so veik som ho vart. Sist hadde ho klara det; men næste Gong? – Ei Braarædsle tok henne. «Aa Gud! lat meg kje faa fleire no … i Jessu Namn Amen!» –

– Nei, nei; ho meinte det ikkje. Ho meinte det ikkje. Ho visste ho maatte kje klaga ho, som hadde so vene og friske Born. Aa nei; ho klaga kje heller. Det var ikkje Meiningi det. Ho maatte nok berre takke til. Tenk um det hadde vanta deim noko; anten paa Kroppen eller paa Vìte; det var nok dei som fekk kjenne kor godt det daa var. Nei; ho skulde ikkje klage. Fekk dei berre vekse upp som det no saag ut, so skulde visst ho vera fornøgd. Det var berre det at ho stundum kunde verta so forharma – –

Ho laag og høyrde paa dei jamne trygge Andedragi fraa Vogga og dei smaae Sengine; lydde til denne søte Firklangen av frisk, lett Svevn, til ho vart roleg. Ein fekk lata Han styre; og lite paa at det gjekk som fyri-sett var. Det kom vel den Dagen daa han Enok fekk trega – – –

Ute hadde Vinden snutt seg paa Sør; ho kunde høyre det paa Tòte. Huse var som ei Vindorge, og kvar Vind hadde sitt Spel; fraa dei høge Yl av Nordvesten til det døyvde, graatande Regngnaale fraa Sør, – ho kjende 157deim alle. Aa ja, ja. Verdi var stormfull og tung. Aah ja. Gud vere med oss.

Med ein djup, trøytt Sukk seig ho i Svevn. Daa han Litle-Paulus vakna noko etter, laut han skrike ei heil Rid fyrr han fekk vekt henne.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.