Fred

av Arne Garborg

XXII.

Vaaren var komin; Nordvesten tok si tyngjande Hand burt ifraa Lande, og alt livna upp.

Lynge friska paa seg og Myrane grønka. Hesteblomane glødde i Bakkane som brennande Ljos. Stykmorblomen slog upp sine blaae Augo, bljuge, bedande Barneaugo. Knoppar svall og sprang; Fuglar lokka og leika. Borni kom heim fraa Mark og Myr so glade, at dei lo: «Vibo er kòmo! Mor, Vibo er kòmo!»

Istadenfor Nordvesten med sitt tunge Aalvor og sin seige Stødleik kom den linne lettlynde Vaarvinden som blistra og blakra fraa alle Kantar og spela seg med alt, med Bylgje og Blom, med Lauv og Lyng, med Presteskjegg og med Gjentelokk, med Gravkransar og med Brurstas. I denne fjasande Vaarhæsen turka dei vaataste Fæn. Og alt som kunde gro grodde, og alt som kunde æse æste; men det som var sjukt blautna og svall og avla i seg sjølv 235Spirur og Kimar i Mylr og Mengd til sin eigin Undergang.

– Enok stridde den gode Strid. Berre han fekk tru at Gud ikkje reint hadde stengt si Naadedør, var han so glad som han kunde vera.

Lars Danielsen og Legde-Guri fortalde han, at no fysst hadde han vorti ein rett kristin; for no hadde han fengi Mjuklynde. Og dei totte han skulde vera fegin, ja byrg, at Gud hadde funni han verdig til aa verte røynd i dei store Eldane.

Det var Enok au. Berre han kunde vera trygg. Men han visste sjølv best kor det stod til i Hjarta hans; og han gjekk i ein Otte som talma han jamt, at han ikkje skulde faa Naade til aa stride den gode Striden til Endes.

Denne Otten kalla Lars «den aandelege Aarvaagenhed»; Gud gjeve det var so. Ja det var vel so. Men Freden? Det var det som var so vondt, at han aldri meir fekk kjenne Freden.

Ei underleg Uro var komi yvi ‘n; han fór fraa det eine til det andre; søkte nytt og nytt ustanseleg, liksom rømande for Tankane sine. Det klaare Vitnemaale i seg sjølv um Guds Vilje og Guds Meining hadde han kje lenger; berre Orde maatte han halde seg til. Men Orde var rikt, og hans aandelege Syn dimt; 236gjorde han det eine, so var der eit Spraak for det, og gjorde han det andre, so syntest der vera eit Spraak for det; det var ofte so han tottest gange reint i Blindo.

Han freista med den evangeliske Fridomen, som han Lars tala um; lagde kje noko Lag lenger paa dei ytre Smaating. Anna fekk stelle som ho vilde; dei skikka seg likt med Verdi baade i eitt og anna. Men han totte han hadde kjent seg tryggare fyrr, daa han berre beint fram fylgde Andens Vitnemaal i Hjarta sitt.

Hans gamle faste Borg mot Djevelens Lokkingar, Orde um aa ikkje syrgje, hadde dei og teki fraa han. «Sørger ikke for i Morgen» var kje det same som «tenkje kje paa i Morgen»; me skulde nok tenkje fram, meinte Lars; me skulde berre ikkje tenkje med «Sorg». Dette var visst rett. Og det var ei Letting for Samvite au; Enok hadde sjølv sét at det ikkje var Raad aa lìva utan Umtanke. Men utryggare hadde han vorti likevel, og veikare; aa skilja millom Umtanke og «Sorg» var kje alltid so greidt; han fann seg nedtyngd av jordiske Sutir ofte. Og tenk daa um Brudgomen kom og fann han sovande – –

Utrygg, utrygg var det, han var; utrygg og liksom so aaleine. Kor skulde det gange um Djevelen sette inn paa han no; han hadde liksom ingin Rygg. Ei Trøyst var det at Lars 237vanka her; og Enok negta han kje lenger Hus til Uppbyggelsar. Men endaa den beste Menneskehjelp, kva var den tess naar det galdt?

Men det var so me skulde hava det. Han kunde kje vente aa faa det annleis enn andre Guds Born. Ja det var faarlegt, sagde Presten, aa vilja gange i denne søte Kjensla av Fred jamt, og i Andens Forvisning. Sjaa no denne Søren Soma, som fekk slikt Tilheng burtpaa Aase i seinare Tid, og uppi Fjellbygdine; tala kje han og um Aandens Forvisning. Og endaa var det ein Djevelens Profet av verste Slag. Forkasta Barnedaapen, fornegta dei kristelege gode Gjerningar, spaadde Domedag til den og den visse Tid beint imot Guds Ord; fór endaatil med dette aandelege Ægteskape, som nok var lite aandelegt mang ein Gong. Men «Freden» hadde han! og «Aandens Vidnesbyrd»! Nei; me fekk nok halde oss til Orde, og til Andens Vitnemaal i Kyrkja.

Og so fekk me setja vaar Lit til Gud. Halde oss fast i Frelsarhandi, um det vart aldri so myrkt baade i oss og ikring oss. Det var vel det, Gud hadde vilja vise han hin fysste Kvelden og, med det forunderleg store Naadeteikne sitt. Lite paa Gud og ikkje gruvle. Halde seg i Einfald og Tru til Barnelærdomen og Naaderaadine, og ikkje so mykje 238som høyre paa Djevelen. Berre læ aat Djevelen; berre vise han paa Dør. «Sætter Satan an paa mig, som mit Skjold jeg viser dig, dine Saar og Blodestrømme; strax maa han tilbage rømme.»

En annan vigtig Ting var det aa arbeide. Ikkje Gruvlarar og Sjukingar vilde Gud hava, men friske, glade Arbeidsmennar. Gagns Verk kravde han av sine Born; Trui maatte vise seg i Gjerningar. I yrkjande Kjærleike hadde Trui sitt Liv; me skulde vera gode Kyrkjemennar, gode Borgarar og gode Kallsarbeidarar. Med friskt Arbeid fordreiv ein Djevelen betre enn med Bøn, som Luther sagde; Lediggonge var i alle Meiningar Satans Hovudgjerd.

– Enok arbeidde.

Presten, som med sann Kristinkjærleik var like blid, endaa Enok stod imot han i Leseboksaki, fekk han til aa halde Missjonssamlingar rundt um paa Gardane; der sat han kvar Sundag Ettermiddag og las «Missionstidende» og samla Skjelingar til det heilage Verk. I det borgarlege fekk han og Arbeid nok; han kom inn i Heradsstyre og i alle Slag Kommissjonar.

Ikkje mindre arbeidde han i sitt jordiske Kall. Han tok til att med Nybròtsarbeide paa Aarvollen; hadde mistydt Guds Vilje, daa han 239slutta med det au. Saman med Presten og Lensmann Aase tok han til aa halde eit Jordbruksblad; og her fekk han sjaa at han i mange Maatar hadde drìvi si Jord soleis, at Gud ikkje kunde faa signe Arbeide hans, um han vilde. Og Enok kaupte nymotens Plogar og Horvir og tok til med Beinmjøl og mangt slikt som han fyrr hadde fordømt; for me skulde brùka dei Raadine som Gud gav oss.

– Det vart ein god Somar med høvelegt Regn og varm Sol.

Kannhende Gud vilde trøyste han etter den strenge Tukti i desse siste tvo Aari. «No, daa du trur paa meg um du ikkje ser meg, no vil eg nettupp vise deg, at eg er deg nære.»

Godvere heldt seg. Det var reint ein Hugnad aa gange ute og sjaa paa Aaker og Eng.

Fløyelsbrun og blank bylgja den unge Rugaakeren i Sumarvinden. Havren, som ikkje hadde ekst seg enno, stod tung i Straae so han lagde seg mest, saftig og djupt grøn so han mest blaana. Men Tjukk-Engi breidde seg med Punt og Syre og Bivregras som ein fin, raudskjengjut Silkeduk, her og der med Flekkir av svingande Blaaklokkur eller Karve og smellande snøkvit Baliblom.

Fin og mjuk som Bomull kvitna Myrfivelen utyvi alt Vaatlende, blanda med skirt, florlett kvitt og raudspettut blaatt fraa Blomane av 240tusund Millionar Bukkeblad; ja sjølve Aai grønka med sitt lange Leagras og Sèv, og paa Hyljane saam gul og kvit Nykkjablom millom breide Blad, og det grodde og blømde alt; Jordi var som eit Moderfang, fræva og fyllt av den skapande Allmagt.

I denne Tidi var det godt aa røme den kvæve Stogo med all Flugesurren og faa koma ut; endaa um Sundagen hende det, at Enok lagde Tekstboki ihop og gjekk ut til aa «dyrka Gud i Naturen». Og Aakerhøna skrata i alle Engir, og Steindilpa smatta og Erla skvatt; alt Slag Fugl peip og lét; Heimen var som ei Kyrkje full av Song; alt kvitra og kvad til Guds Ære. Og han freista aa sjaa Gud i alt. «Forunderlege er dine Gjerningar, Herre, og du gjorde dem alle viseleg.»

Denne Jordflekken elska han, av di han hadde fengi ‘n av Gud. «Det er kje min, det er kje min,» mulla han for seg sjølv; «d’er han Far sin.» Um Gud kravde at han skulde selja alt og – –. Stilt og snøgt skunda han seg framum den Tanken.

So kom Kvelden sigande med mjuke Lìtir yvi Bakkar og Bròt. Fraa Havryggen glima Soli inn yvi Lande og spegla seg i alle Glas; det lyste uppetter Heiane som av Demantar. Men Glansen slokna naar Soli gjekk. Og Lande seig inn i ein Fred so djup som alt 241skulde vera trollsvævt. Han høyrde alle Bekkir susa; han høyrde sitt eigi Hjarta slaa. Kvite Eimar steig; breidde seg yvi Myrane som Draumsjøar. Eit einslegt rolegt Vibeskrik her og der. Eit Myrfuglpip langt burte. Lammebækting fraa Vollane som ein søt, linn Graat. Laagt gjenom Lufti eit Par pilande Ændar.

Fred, Fred. Ein uendeleg Fred. Berre i Hjarta hans Enok var der Uro.

Det kom yvi han stundom at han var so framand; utstøytt og burtstøytt vandra han her; fredlaus paa fredsæl Jord mest som Kain. Kvar han tenkte og kvar han vilde gange, ingin aa kvile hjaa, ingin aa hyggje seg til. Framand var han i sitt eigi Hus. Ingin fylgde han naar han gjekk; ingin venta paa han naar han kom. Dei drog seg burt naar han kom; det var som dei var rædde. Ikkje av sine eigne Born dessmeir kunde han faa eit venlegt Ord; nei ikkje um han vilde leggje seg paa Kne for deim og beda um det. Um han tala blidt til deim, ja tala med deim um verdslege Ting, um Tøv og Tattl som han tenkte dei kunde like, – det same var det. Det var som dei vart bljuge; dei skjemdest; kvart stakkars Nei og Ja maatte han som hala fram; dei forstod ikkje at han søkte deim og trong til deim. Og han hadde daa berre lìvt etter Orde: «hvo som ikke 242fornegter Fader og Moder og Hustru og Børn og tilmed sit eige Liv» …

Og ho Anna, stakkar. Han hadde nok ikkje fari rett fram mot henne heller. Undrast paa um det kunde ha vori betre, dersom han hadde vori gift med henne som han hadde til Avgud ei Tid? – Aa for noko Tøv. Aa du mangfaldige Djevel. –

– Det var ein Sundag ut i Slaatten. Enok var komin fraa Kyrkja og hadde Hug til aa sitja inne ei Stund og kvile og drøse som i gamall Tid; men alle var kalde og sturne. Borni saag rang-øygde paa han og undrast um han ikkje snart vilde gange ut. Enok fekk slik ei vond Kjensle; han var berre i Vegen. Han saag seg ikring med Augo som bad; men alt var kaldt og stengt; ingin hadde Bruk for han inne. Daa vart han so umbrigd i Andlite sitt. Han reiste seg og tok Sydvesten og gjekk. Knapt var han utanfor Døri, so tok Borni til aa læ der inne.

Aah ja, ja.

Han gjekk ut. Og gjekk og gjekk. Att og fram; rundt og rundt. Saag inginting; alt vart so vondt og tungt for han.

Idag hadde Gunnar endaa-til fengi vori heime fraa Kyrkja. Men det var Takken. Det hjelpte kje kor snild han vilde vera. Ikkje um han gjorde Gud sjølv imot for deira 243Skuld. Dei hata han. Det var han sjølv som var i Vegen for deim.

Der var Skyflokar paa Himilen her og der, og Skuggar av Skyir dreiv etter Heiane som flakkande, drivande Øyar av Natt; som myrke, vonde Tankar. Timane gjekk; Enok flakka i Markir og Myrar og gaadde det ikkje. Tilslutt stod han ved Heialandsvatne. Han kvakk; kva var det for ein vond Tanke som hadde dregi han her ned? Hastande snudde han uppyvi att. Det tok til aa kvelde. Men han hadde ingin Hug til aa gange heim.

Rundt i Heiane peip Heiloî med sin einslege Tone. Ei Vibe vart uppskræmd her og der; flaug tagall ikring med riktande Vengir; no og daa gjorde ho eit Braakast ned-um Nakken hans, vilde skræme han burt. Det gav ein hard, hastig Ljod, som det kunde vera Vengtak av vonde Aandir.

I Nord, i Aust, allstad og inginstad, usynleg og gaatefull, mekra Røssegauken sin hole, kalde Laatt. Ein Draugelaatt, som døydde av inn-i Himilnatti. Fraa Heialandsvatne ropa Lomen sitt varslande Rop. Og framande Fuglar ein aldri fekk sjaa, høyrdest med sine høge, rædde Rop ut i Holmar og Heiar.

Var det dømde Aandir som maatte flakke so? – og varsle um Daude og Dom med sine Draugerop i svevntunge Nætar?

244Men desse store svarte Fuglane som flaug so tungt og tagde so sturt … det laut vera Sjælir som ikkje hadde kunna rive seg lause fraa det jordiske. Mammonsdyrkarar som no vart refste med dette tunge Kav, og laut vasse um i Myr og Fæn og draga til Reirs Makk og Mold og Lyng og Straa og alt det Skrap som til var, liksom dei aldri hadde fengi nok av jordiske Ting her i Live. Kannhende alle Fuglane var Aandir? Heluna, som sat so aaleine og pipta paa Lyngtuva si … det kunde vera ei Sjæl som hadde svarma paa Jordi i Elskhugs Synd, og no laut svive her i Einsemd og Fredløyse for di ho hadde gjort eit Menneskje so reint til sin Gud; men Vibune kunde vera Mødrar som hadde elska Borni sine for mykje, og som no laut flakse um til Domedag og skrike og graate for desse Eggi som Smaagutane tok ifraa deim. – Tull. Det var minst fyri naar Helvite ikkje var heitare! Verre, verre fekk dei nok svide, alle Jordtrælar og Avgudsdyrkarar …

Soli var nede. Ein lang Eldhale laag etter henne i Nord. I Vest laag spreidde blaae Kveldskyir og kvilte, faste og klaare som Øyar i det grønljose Himilhav. Yvi Heiane i Sør steig ei lett, graa Tòkehildring.

245Daa kveiktest laagt i Sudaust eit einslegt raudt Ljos. Det gløste fram gjenom Skysløre dauvt og stivt som eit sjukt Auga.

Ei Blodstjerne! – Krig; Pest; ein uforvarande, hastig og bratt Død … Gud vere oss naadig i Jesu Namn!

Enok skunda seg heim. Fredlaus, fredlaus ute som inne …

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.