Fred

av Arne Garborg

XXVII.

Vaabøni, Vaabøni …

Slag i Slag, Slag i Slag. Lém etter Lém; Bein etter Bein; han skulde lìva og sjaa sin eigin Undergang Stykke for Stykke og Stìg for Stìg; og naar han hadde lìdi alt som lidast kunde, vilde Gud setja ‘n Foten paa Nakken og traa ‘n sund som ein Orm; og so til Helvite og lide Resten.

Skræmeleg, skræmeleg var Guds Visdom; rettvis og usvikeleg var den Herre Sebaot! Han slog der det sveid, han; slog, der det sveid … Fysst den gjævaste Avguden: Gunnar; so «Lukketrée» som folna fraa Rot til Topp; so Ervesylve, hans Skatt og løynlege Liggjandefe; hah! og han, som hadde læst Skatolskuffa. «No skal du sjaa, kva eg bryr meg um Laasi dine, og kva Avgudane dine er tess!» Herren lo aat han, og den som er i det høge spotta han; smikk … smikk …

302Alt saag Enok no; so Helvites, Helvites klaart. Han hadde elska Verdi; elska og dyrka Verdi; all Tid, all Tid. Gud hadde sagt: du skal selja alt ditt og gjeva det til dei fatige; men Enok hadde meint Nei. VandareForfatternote: (ikkje)vandare i: slik Slag; like godt. i kva Gud sagde; Enok hadde meint sitt, han. Forherda seg hadde han; forherda seg som Farao. Snakka seg i LognForfatternote: Logn: Ro. med Prestetøv; kjent Anden vitne i Hjarta sitt, men gjort seg tjukkøyrd og dauv; synda med Vilje, synda med Vilje; «Synden til Døden» heitte det i Guds Ord … Hah! – prøvt aa kaupe seg fri med Smaa-Offer, med «Jesusborn» og Tattl og Tøv; ei Skjeppe Mjøl her og der, som han tok seg godtgjord for i Arbeid; æh! Enok grein med Andlìte og saag ut som daaresjuk.

No kom Gud Herren og lo aat han: «det du neita meg godviljugt, det tek eg no med Magt! Eg var hungrig og du gav meg kje Mat; eg var tysst og du gav meg kje Drykk; gakk burt, du bann-støytte, i den evige Ild, som er beredt Djevelen og hans Englar!»

Enok fekk ei fæl Tid. Domen var fallin. Orde hadde inga Trøyst for han lenger, berre Dom. «Thi synde vi med Vilje efterat have annammet Sandhedens Erkjendelse, da er der ikke Offer for Synden … Thi det er umuligt, at de, som engang har smagt den himmelske 303Gave –;» umuligt, umuligt; «de skulle kastes i Ildsøen, som brænder med Ild og Svovl; og de skulle tygge deres Tunger av Pine; og deres Pines Røg opstiger i al Evighed»; i al Evighed, i al Evighed, i al E–vighed …

Det folna gjenom han. Han valna i Fingrane og visna i Knéi; og det gjekk som Svimringar gjenom Hovude hans.

For seint, for seint; no var det for seint. So lengi hadde han forherda seg, at no forherda Gud han. Han prøvde seg sjølv: han vilde kje gjera Guds Vilje lenger. Kunde kje vilja; vilde ikkje. Um det kom ein Engel fraa Himilen og sagde: «sælg alt dit Gods og gjev det til dei fattige,» – han vilde kje; vilde ikkje; kunde kje vilja, kunde kje vilja … «Og Gud forhærdede Faraos Hjerte;» smikk … smikk …

Og tenk; denne brennande, svidande Spott, at det just skulde vera hans eige «Jesusbarn»; og Tomas –; æh! Naar Gud spotta so hadde det Klem. Og ingin Naade, inga Letting; dei andre fekk att det som stoli var; men Sylvstasen hans Enok, den var burte og vart burte.

– Fraa Carolus kom det eit langt Brev fullt av Anger og gudelege Talemaatar; Enok kunde kje lesa det. Det var so ulidande. Han hoppa yvi til Slutten; der stod: «Men eg kann aldri fulltakka» o. s. fr.; «han Far og eg hev for vaar store Angers og ærlege Tilstandings 304Skuld fengi Tukthuse umbytt med Botsfengsel; og det lovar eg høgt og dyrt baade for Gud og Dykk, at naar eg kjem ut derifraa, so skal eit nytt Liv byrja …» «Skit!» sagde Enok; «Skit» …

Fredlaus hasta han fraa Stad til Stad, utan BidlundForfatternote: Bidlund: Tòlmod; «Udholdenhed». til aa arbeide, utan Ro til aa kvile. Att og fram, att og fram; best som han var i Kjeldaren høyrde dei han paa Lofte, og best som han gjekk i Dørom og sveiv, var han inginstad aa finne. Han gløymde kva han gjekk etter og kvar han vilde av; tok i eit Arbeid og lagde det fraa seg att; alting var gagnlaust og vonlaust. Han rømde og rømde i Uro so Sveiten stod i Kalddropar um Augo hans; ofte gløymde han seg burt; seig av i Tankar; vart standande som trollbundin midt paa ein Veg, midt i ei Tropp; smikka, smikka; mumla Ord utan Meining, fælslege Ting; skvatt so i Veg att som skræmd; i Veg, i Veg utan Maal eller Méd, utan Rast eller Ro; ei Uhyggje for heile Huse.

Stundom hadde han kje Fred til aa sitja til Bords dessmeir. Slengde seg ned; lét eit Barn lesa Bøni; reiv i seg nokre Bìtar og flaug; det var eit Under kva han livde av slike Dagar. «Eg tore kje eta», egste han; «Maten er forbanna; forbanna» …

305Han fann fram sine gamle Skinnklæde og spjaaka seg til att med deim; slik ein Helvites Brand og vanheilag Kropp skulde kje sjaa ut likare. «Du kunde daa klæ deg som Folk!» skjende Anna; han svara med eit braadt villt Maal, ho ikkje kjende: «eg vert kje venare, naar eg kjem paa Legd!» Dei verste Paafynster i Matvegen kom upp att, men villare og utan Samanheng: «rid den Vonde deg? kjem du med Smør? Takka til, so lengje me hev turre Brøe!»

Bøni las han Morgon og Kveld, men paa ein Maate so det vart reint stygt stundom. Alt vént og trøystefullt sprang han yvi eller rengde um; det var som det ikkje skulde gjelde for honom. Men kom det noko fælt, um Synd og Fordøming og Daude og Straff, daa sette han i so høgt og villt, og med slik ei tydeleg Tilmaating aat seg sjølv, at ein kunde skræmast.

Han hadde det so vondt, so vondt. Den gamle Otten for Bringa var komin att, men verre; kaldare, djupare, lenger inn; laag og tyngde som ein Daudkalde. Det var den, som ikkje gav han Fred; og so Tankane, alle desse ville, rædde Tankane, som gnog og gnog ustanseleg. Fæle Tankar, fulle av Gudsspott; skræmeleg Gudsspott, so han rømde for seg sjølv; Ljone maatte slaa ned; Jordi maatte opne seg …

306Naar han endaa hadde kunne sova! Men han torde ikkje. Angesten vart so vid, so vakin –; det vakna og vakte rundt ikring han med dimm, stirande Rædsle og store, skræmde Augo; i det same han skulde sovne skvatt han høgt upp; fann seg att i den tunge Sengi sveitt og skjelvande.

Sjeldan fekk han Svevn fyrr utpaa Morgonstundi; men daa tok Draumane han. Han hekk og svimra paa Toppen av Kyrkjetaarn; laag og krabba paa høge bratte Hustak utan Fotfeste; maatte glide, glide … men gleid ikkje; eller han sat og køyrde nedyvi svære Brekkur som vart brattare og brattare, brattare og brattare; tilslutt var det nakne Bergstupe djupt ned, djupt ned … men ned skulde han. Eller han hadde gjort noko vondt; hadde drepi; gjekk no og rømde for Lensmannen; stundom var han dømd og skulde rettast; heile Draumen gjekk ut paa at han skulde rettast; men so kom det noko i Vegen; alltid noko i Vegen; han stod under Galgen; stod og saag paa Bile og Blokk; men det drog ut, drog ut, vart ei einaste lang Daudrædsle. Ein Gong drøymde han at han var ned-i ein vid stor Kjeldar; og den Kjeldaren var Helvite. Der stod han og slagta Sauir; slog og stakk, Sau etter Sau; men ei Rædsle var yvi han, liksom det var noko fælslegt, det han gjorde. Daa han skulde sjaa seg til, var 307det kje Sauir han hadde slagta, men sine eigne Born. Kropp ved Kropp laag dei burtetter Golve; lengst burte ho Anna med den minste ved Bryste; Gunnar lyfte sin stive Arm, som var flaadd … Han jamra seg i Svevnen so ho Anna laut vekkje ‘n.

Presten var der ein Gong, men kom ingin Veg. «Thi det er umuligt; umuligt –!» Anna freista den Raadi som hadde hjelpt so godt ein Gong fyrr: sende Bod etter Lars Danielsen. Men denne Gongen nytta det mindre. Lars sat og arbeidde med Enok ein heil Ettermiddag, men kom ingin Veg. Lagde seg paa Kne og bad for han; men «der er en Synd til Døden», sagde Enok, «og for den skulle I ikke bede.» «Det er ei Djevelens Innbilning, Enok! du maa daa forstaa, at det er ei Djevelens Innbilning, som han vil fanga deg i!» – «Thi det er umuligt –; thi synde vi med Vilje efterat have annammet Sandhedens Erkjendelse, da er der ikke Offer for Synden; der er kje Offer, Lars!!» Enok skreik. Lars gav seg ikkje; han kom med alle dei sterke Ord um Soning og Naade som fanst i Bibel og Salmebok; – Anna sat ut i Kammerse med Døri paa Glytt, og det var so vent at ho grét; men Enok forherda seg. «Ein lydende Malm og en klingende Bjelde … er det for meg no», sagde han. «Det gjeng inni det eine Øyra og ut or det andre; det er 308kje til meg.» – «Det er Djevelen, Enok», bad Lars, han vart sjølv rædd. «Du vil daa kje høyra meir paa Djevelen enn paa din eigin Frelsar?» – «Det er kje til meg; det er kje til meg.» – «Men du hev daa Lengsla? Du vil daa gjerne ha det godt med Frelsaren din?» – – «Eg vilde nok gjerne … ha det godt.» «– med Frelsaren din ja; ja ser du det! Du maa kje gje deg yvi Enok; du maa kje gje deg yvi; Trui er i den Lengsla, og Gud vil kje slukke den rygende Hør; det veit du!»

Han tok Johan Arndt og las høgt for Enok um «de høie aandelige Fristelser».

«Først skal man vide, at Sjælens Bedrøvelse kommer fra Gud; thi 1 Sam. 2, 6 staar der: Herren er den, som døder og gjør levende, som nedfører til Helvede og fører op igjen. Dette Helvede, hvorudi Gud fører et Menneske, er fornemmelig den aandelige Bedrøvelse og Sjælens Trøstesløshed. – I saadan Nød bliver et Menneske saa dybt nedstyrtet i Vantro, at det ikke kan blive sin Tro var; al Troens Kraft sammendrages da ligesom i en Prik og i et usigeligt Suk, hvori dog Troen selv uvidende er skjult og forborgen. – Og omendskjønt et Menneske i slig Angest, Pinsel, Marter og Forskrækkelse ofte er utaalmodigt, ja vel taler eller tænker det, som er for Gud bespotteligt og uværdigt, saa tilregner Gud det dog ikke; 309thi det sker imod ens Vilje og er den høieste Prøve, hvorved Gud renser og lutrer os …»

«Ja desse Ordi hev vori meg til Hjelp so mang ein Gong i dei siste Aari», braut Enok av; «men no er det berre Snakk. Kling og Klang og ei lydende Bjelde.»

Lars tigga og bad han, at han ikkje maatte gjeva upp; tigga og bad til han fekk Graat i Augo. Og han ropa til Gud for denne haardt prøvede Broder so ho Anna der ute grét høgt. Reiste seg sistpaa og sagde Velsignelsen yvi han Enok.

«Herren velsigne og bevare dig. Herren lade lyse sit Ansigt over dig, og være dig naadig! Herren løfte sit Aasyn over dig og give dig Fred!»

Tomt og tankelaust, berre liksom til aa bli ferdig, lova Enok aa «bia etter Herren» endaa ei Tid; og med dette laut Lars gange. –

– Endaa ein Gong kom Vaaren. Ein sur, blaasande, seig Vaar, som aldri vilde bli Sùmar. Nordvesten taut Dag og Natt; det fraus um Pintsenatti og snødde Jonsokkveld; skulde Ljose ikkje vinne paa Myrkre denne Gongen?

Enok gjekk og tutla og vavra og var mest som burte. Underleg haalausForfatternote: haalaus: slø; ørskin. og viljelaus vart han; det var Dagar, daa ho Anna laut segja han fyri kva han skulde gjera, mest som han 310skulde vera eit Barn. Jamt gnaala han um at han vilde døy. Det same kven som tok han, berre han slapp burt. «So kom han Gunnar heim, og so fekk dé det godt alle.» Ein vart baade leid og yvigjevin.

«Hev du aldri tenkt paa aa snakka med Dokteren?» spurde Anna ein Dag; han gjekk og tumla og flakka og var so reint forkomin.

Han stod med Ryggen til henne og smikka med Fingrane. «Dokteren?» braut det laust; «kva er det for noko Djevlesnakk?»

«Ja eg for min Part trur no det at du er sjuk. Kunde du faa ei Raad, so du fekk sova betre –»

«Sova? Eg tor ikkje sova. Eg tykkjer endaa eg kann klara Djevelen paa ein Maate, naar eg er vakin.»

«Men du kann daa skỳna at det gjeng gale med deg, naar du ikkje fær sova!»

Han snudde seg til henne. Andlìte var tilgrott med Skjeggestubb og stivt og forvrengt; Augo steig kvite og harde ut av sine Hol; ingin skulde tru, at dette var han Enok Haave.

«Bitterdø!» braadde han i; det var som han hadde fengi ein Tanke; «veit du ein Dokter som ikkje trur paa Gud?»

Ho bleikna burt, der ho stod; no kom det, no kom det; – «kva segjer du?!»

Han stilna av att og vart modlaus. «Fanst 311det berre eit Menneskje paa Jordi … som kunde faa meg til aa tru at der ikkje er nokon Gud.»

«Du skulde skjemmast, Enok!»

«Den som var Fant. Fantane hev det godt; dei trur kje paa nokon Ting. Berre einkvan kunde ta Gud ifraa meg.»

Han braasnudde og rømde; stana att –:

«Tru det kunde hjelpa um eg gav meg til aa drikka?»

Ho gjekk ifraa han. So fortryllt hadde ho kje set han fyrr.

Han flakka av Stad att.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.