Fred

av Arne Garborg

XXVIII.

Straalande fin Sundagsmorgon.

Soli tek til aa spela seg paa Veggen uppmed Bokhylla. Den glade kvite Solflekken dansar att og fram.

Ute blæs ein lett, svævande Sùmarvind. I den voggar Tréi der ute sitt unge Lauv og den bannstøytte Selja dei Greinine, som enno lìver.

Lerke og Stare og annan Smaafugl kvitrar og kved, so glade at det er som dei smaae Bringune kunde sprengjast av Morgonjubel. Kvitt, kvitt; kvitt! titt, titt, titt, ti–it! ti–it! tirli-tirli-tirli-ti!

Inne sìt dei ved Borde og fær seg Mat. Enok riv i seg ein Bìte so daa og daa; gløymer seg av; sit og stirer og glor med svevnstive Augo.

Hev kje Hug paa Mat. Likar kje Mat. Kva skal han føde paa denne Kroppen etter? 313Den som var stød nok … kunde berre svelte seg ihel.

Ikkje vanvyrde Guds Gaavur; – han gjev Fenden i Guds Gaavur. Det gjorde godt. Slik ein heit, djevelsk Tanke: eg gjev Fenden i Guds Gaavur … aah; det gjorde rivande godt.

Noko anna au kvìknar derinne; noko endaa heitare, endaa meir djevelsk; han vilde gjerne tenkje det; brenn av Hug til aa tenkje det; høgt; høgt; beint upp i Augo paa Han –; segja det, skrike det; men han torer ikkje. Ljone kunde slaa ned. Han ser berre Tanken langt burte; det er ein framand Tanke; ein Tanke som gjeng laus; ei Geit, ein Tankebukk, ein Bukketanke; ein Sattan av ein Tanke som gjeng og hoppar og lær og sparkar mot Himilen og gjer Faktir …

Enok reiser seg fraa Borde so braadt at alle kvekk. Gjeng fram aat Spegilen og speglar seg. Skjekkjer og grin. Jau; det er Fenden. Det er Fenden. Ingin annan er det som stirer ut or desse Augo, og geiper og rengjer i desse fælslege Andlìtsdrag. Smikk … smikk; han hastar ut. Dei høyrer han gjeng aat Bui. Tru han skal aat Skatole att, og staa der og stire og mulle yvi den tome Sylvskuffa?

Men Enok gjeng aat Bua-Spegilen. Han 314grin til seg sjølv. «Dette var det, ho saag! Dette var det, ho saag! Den gamle Legdehurpa hadde nok kje venta aa sjaa Fenden i Augo hans Enok Haave.»

Forgjord! – forgjord er det han er. Djevlesett som dei galne i Evangelie. «Kom Jesus, so vilde eg au rasa og banne og segja gakk din Veg. Jesus? – Same Slage. Var det sant Helvti av det som stend, so kunde han ha frelst meg au, daa eg bad han um det. Dei lovar stort, men held ein L–. Ja sjaa der! sjaa der! er det kje Dævelen? er det kje Dævelen?»

Han gjeng nokre Stig; vert standande midt paa Golve. Smikkar, mullar; smikkar, mullar …

Kvitt-kvitt-kvi–itt! titt-titt-ti–itt! Tirli-tirli-tirli-tih! «Minst fyri for Fuglane; dei hev inga Sjæl, dei …

– – «Men eg er kje rædd deg.» Smikk, smikk. «Eg er kje rædd deg. Du er ærleg du. Du er ærleg du. Du vil daa ha meg du!» – smikk; smikk.

«Deres Pines Røg … opstiger i al Evighed. De skulle tygge sine Tunger af Pine, tygge sine Tunger af Pine … i al Evighed, i-al-Evighed-i-al-Evighed-i-al-E–vighed! – Naar du visste at eg skulde dit, kvi skapte du meg daa?! – Hyss; Dævelen, Dævelen …»

Han laugar seg i Helvites-Tankar, ørskar 315og svirer i Svovelsynir og Eld. Grev seg djupare og djupare; drøymer seg inn i Logane livs livande; det fræser og sleikjer uppetter hans nakne Bringe; um Armane; um Halsen; det rỳs i han; ein forvillande Tanke kjem; det maa vera godt. Godt! Hi! – brennande Risling upp-etter Ryggen. Hih. Det maa svide godt. Det maa svide brennande.

Halvt i Herota les han upp for seg sjølv Helvit-Verse or den «aandelige Kjæde»:

«Hvo vil beskrive mig de store Helveds Piner,
hvor Djævle-Hylen er som Hunde tuder, hviner;
der den fordømte Flok den Helved-Lue rød
af Munden gnistrer ud med Svovel-heede Glød’;
der Halsen Skorsteen er, hvorgiennem Luen brænder;
der Kiødet Føden er, som Helveds Orme skjænder;
der Aaren aaben staar paa hvert fordømte Lem.
Der pines, plages hart, og Døden slider dem.
De tygger Tungerne, de skjær med gløde Tænder;
de Lænke-bundne er paa Lemmer, Fødder, Hænder;
der staar af deres Kiød en evig Damp og Røg …»

– «Uh, Steikjelukt! Steikjelukt … Og so veit ein daa, at det vert ikkje verre …

– «Gjera det i Dag? I Kveld, naar det vert myrkt? So er det gjort! Og so veit eg daa, at det vert ikkje verre.» Smikk …

– Ho Anna stakk Hovude inn; kremta lindt, so han ikkje skulde støkkje: «hm. Vil du kje lesa Bøni, Enok?»

316Busande villt brast det utav han: «Helvite vert heitt nok aat meg, um eg ikkje les fleire Bønir.»

«Skjemmest du kje, Enok? – Du er daa kje galnare enn du veit, kva du segjer og gjer. Sjaa um du kann kje aga deg, naar her er framande Folk! Eg vil kje høyra slikt meir; so mykje du veit det. Det er so fælt at eg hev reint vondt av det. Borni skulde du au tenkja paa, – korleis det maa vera for deim aa høyra og sjaa paa slikt. – Vil du kje til Kyrkja heller?»

Rolegare, modlaust svara han: «naar Hunden kjem i Kyrkja, vert han utjaga.»

«– – Eg tykkjer kje du skulde gjeva so reint upp alt, Enok. Du er daa so klok –: du veit betre enn du steller deg til. Kom no og hald Bøni; og sansa deg litegrand. Du kann daa vìta det gjeng gali, naar du gjev deg yvi.»

«Aa ja du hev Rett, Anna. Du hev Rett;» han slog yvi i Graatemaal.

Litegrand etter gjekk han inn aat Stogo og fann fram Salmebøkane.

Sette seg ved Leseborde og bledde lengi. Salma paa Dagen lika han ikkje. Fann kje noko som han lika; bledde att og fram. Dei andre sat stille og venta. Tikk–tikk; tikk–tikk, sagde Stoguklokka seint og tòlmodigt.

317Kvitt-kvitt-kvi–itt! Titt-titt-ti–iti! ti–itt! – Ja dei kann nok syngje, som ikkje skal liva æveleg …

Endeleg sagde han dei fekk slaa upp No. 230.

Hardt og stygt sette han i:

«Hjertelig mig nu længes
efter en … End’!»

– «salig» sprang han yvi. Villare og villare hasta han i Veg:

«Thi ynkelig jeg trænges
af Drøvelse og Elend.
At vandre er-jeg-rede!
fra Verden-med-en-Fart!!
Til – – – –;
kom, –, kom nu snart!»

«Himmeriges Glæde» og «Jesus» sprang han yvi. Det var skræmelegt aa sitja aa høyre paa.

Sidan laut dei syngje aaleine for det meste.

Kvitare og kvitare skein Soli; gladare og gladare spela Solflekken seg. Dansa paa Veggir og Golv; lyste paa Stakken hennar Anna; leika i det sveitte Haare hans Enok; skvatt so uppi Róte,Forfatternote: Rót: Loftgolve yvi Stogurome. der Flugur i tusundtal krauma og kraup. Skuggen av den gamle Raunen som svinga der ute i Sumarvinden, vogga seg 318paa Veggen ved Klokkehuse og paa det brune gamle Sengje-Umhenge; alt var Sol og Sùmar. Og endaa var det som dei skulde sitja i ei Lik-stogu.

Salmen drog seg utyvi til Verse: «Du arme, bedrøvede Enke, mistrøste dig ei saa;» daa kom ho Anna paa Graaten. Enok ramsa upp Bøni i ei Hast og gjekk ut; dei saag han kje att fyrr utpaa Kveldsida. –

– Oftare og oftare lét han vera aa halde Bøn; og det var so fælt, totte ho Anna; det var som han gav upp si siste Von. Men det verste var, at han gav seg til aa røde um aa gjera Ende paa seg.

Anna gjekk med ein Verk for Bryste kvar Dag, og var stundom so sjuk at ho helst skulde ha lagt seg; men ho torde ikkje; ho var nøydd til aa halde seg uppe. Hadde det ikkje vori han Torkjell Tualand, so hadde ho aldri haldi ut. Men han tok alt paa sin Maate han, og hjelpte henne au til aa bera det lettare.

«Heh! – dei drep seg kje dei som snakkar um det; du tarv kje vera rædd. Og no skal du sjaa at han sveitar av seg den fæle Gudsfrygti au, so det kann verta likare sidan att.»

Det vart Torkjell, som styrde Garden; naar Enok hadde sine verste Ridir, brydde han seg kje um nokon Ting. Og Torkjell fekk ei 319Magt yvi han, som gjorde han godt. «No skal du kje fara med slikt Tattl,» sa Torkjell lognt; «no skal me ut og høya.» Enok vart rolegare; «den som kunde vera som du!» – «Ja kvi kann du kje det?» meinte Torkjell; «du hev same Guden du som eg.» – «Han høyrer kje meg lenger, Torkjell.» – «Aa, du fær skrika.» – «Eg hev baade skrìki og ropt; eg hev legi paa mine Kne og tigga som eit Barn; men det hjelper ikkje.» – «Eg var tilfreds um du hadde stae paa Hovude! Du er for snar til aa gje deg, Enok; med store Herrar maa ein gjeva Tòl.» – «Naar eg berre hadde ditt Huglynde.» – «Ja du tek deg Verdi for tungt Enok.» – «Men det var vel just i vaar Sorg og Naud … at Gud skulde hjelpa oss!» – «Hjelp deg sjølv, Enok. Slaa Tankane fraa deg og legg deg i Arbeide, og ver som du var fyrr; so fær du sova au, og so jamnar det seg. Berre ein hev Helsa, so –. Helsa gjev Mod, og Mod ber Mann yvi Bekk.»

– Sùmaren vart varm, døynevarm; dei vonde Ridine gjekk ofte paa, og full Kar var Enok aldri.

Han kjende so mykje rart vondt; vondt, som ikkje var noko vondt; som han ikkje kunde gjeva Greide paa, og som ingin kunde skỳna; Sjæle-Talm som tok paa Kroppen; Brenningar som iste; Isingar som brann; Flòg 320i Hovud og Prikking i Hud; Sòg og Slìt og Kaldkitling i Magen; Tyngd og Magtløyse; snøgge, forvillande Svimringar; sviktande, veike Kne; men alt ihop var det eine og same: Angesten, den kalde, svarte Angesten som laag for Bringa og saug som ei Natt, som eit Gap, ein Svelg, tom og djup og utan Vìt, utan Grunn eller Grense.

So snart den gav seg, letna det med alt; han totte kje det vanta han noko vidare. Han kunde jamvel stundom sukke til Gud. Men berre det hende den minste Ting; um ein Kalv vart sjuk; um ho Rakel slog sund ein Kopp; um Litle-Paulus fekk Hol paa Skorne sine, ja ofte utan nokon Grunn, – kom Angesten veltande som ei Myrkeskodd av Have. Og strakst misste han Take i seg sjølv; dreiv for kvar farande Tanke viljelaus og ør; han var som ein Kork i Dragsug.

Han hadde Ridir, daa han ikkje fritt fekk draga Anden; var som innestengd; hadde Kjenningar som han var lìvande lagd i Kiste; eller liksom av store, dimme Taake-Augo, som glodde paa han; og Bryste snørde seg, so Andedragi vart til tunge, djupe Hjartesukk. Stundom vart alt ikring han so framandt. Det drog seg ifraa han, kom han kje ved; han gjekk inne i eit vidt, tomt Rom aaleine med seg sjølv og noko stygt han ikkje saag; men utanum Trollringen 321stod hi Verdi og glodde og fælte; og han var rædd at alt som ikring han var skulde setja i og skrike, villskrike, remja i med Graat, himlende vill Angestgraat …

Vatn, Vatn; sløkkje all denne Brand og Pine i eit djupt, djupt Vatn … Gud frelse meg!!

Den som endaa hadde havt nokon aa røde med; aa jamre seg fyri! Aa, um han kunde vinne att Borni sine. Det kunde vera det same med Gud; berre han kunde faa att Borni. Tenk um han Gunnar kom heim, og vart glad i Far sin att, som han var daa han var litin! Slike Tankar kunde faa Enok paa Graaten mest.

– Noko fælt leidt hende. Dei laut byte Gjente midt i Aare; ho Maren, det Slarvetinge, hadde vorti med Barn. Den Ukjura han Helmik Heialand skulde vera Skuldi; han slepte seg nok reint yvi,Forfatternote: sleppe seg yvi: gjeva seg upp; «forfalde.» det Menneskje no. «Vaabøni! Vaabøni!» braaka han Enok; «for mi Skuld kastar Gud Vanære yvi heile mitt Hus. Kvi Fenden gjeng eg her? kvi gjer eg kje Ende paa meg, so Guds Vreide kunde venda seg!»

Det sveiv rundt i Hovude hans, sleit og vreid, til det verkte og glødde under Pannekvelven. Det kom ei Prikking inni Heilen; ein linn, pinande Klaae; ei Kjensle som um 322Heilen svall upp og vart for stor og laag og kitla og kitla mot Beinverke; underlege Paafynster kom; han fekk Hug til aa staa paa Hovude; til aa stupe Kraake. Tankane gjekk som i Ring, heitare og heitara, ræddare og ræddare; han skvatt upp og jaga deim, men kunde kje vera deim forutan heller; det vart so tomt og utrygt daa; alt gleid burt og han sjølv med; so gav han seg yvi att, og lét Tankane tumle som dei vilde.

Men stundom gjekk dei burt av sjølve-seg; drogst av ei framand Magt ut i svimrande Natt, i det ævige Myrkre; han stod etter burtgløymd og burtkomin med fiktande Hendar og ørskande Minur, mullande Ord han ikkje forstod, Banningar, Bønir, meiningslaust Tull; det høyrdest i Herota for han som ein annan skulde røde.

– Det var ein Kveld Djevelen elte han framifraa.

So fortumla var han, at han visste kje kvar han gjekk; hugsa kje til seg, var som fraa Samlingi; men kvar han gjekk og ikkje gjekk, so kom han Gong etter Gong til Heialandsvatne; like innunder den vesle Hamaren, der Vatne var so djupt.

For tridje Gongen stod han der no i den myrknande Kvelden.

Vilde Gud det?! vilde han tillata det? 323Gav han Djevelen fritt Spel! Enok kasta seg aa Gruve i Lynge; tok Tak med baae Hendane; heldt seg fast; Skjelvingar og Rykkjingar gjekk ‘n gjenom Kroppen; men Djevelen drog og drog, nærare og nærare; nærare og nærare … og Vatne der nede lokka og lokka, sutla og skvala, so koseleg og so smaatt …

«Gud i Himilen; dette vil du kje; dette vil du kje!!» – Kor lengi han laag der og stridde for sitt Liv, det visste han ikkje; tilslutt hadde han krabba seg eit Stykke upp etter att; men Djevelen drog, og Vatne lokka.

Daa var det eit hardt, sterkt Maal i Heiî sunnanum Vatne som sette i og song. Det var han Tønes Tualand, Skulemeistaren.

«Ein Lyktemann i Kvelden sviv,
ein fredlaus Gut;
so blæs det upp, og burt han driv
og sloknar ut.»

Dei sorgtunge Tonane dreiv vidt yvi Heiî i Nattstilla; der døydde dei utan Svar. Men for Enok kom dei som ei Svaling.

«Han kvervdest burt i Skoddeflaum,
i Regnhjelm graa;
men dette var hans beste Draum:
aa slokne faa.

«Av Myr og Eim han sjuk var fødd
til Natteferd;
ein heimvill Draug, av Live mødd
han vanka her.»

324Songen drog sør-yvi, lenger og lenger burt; siste Verse kunde Enok so vidt skilja.

«Som Ljose hev den eine Draum:
aa brenne ned, –
han helsa glad den Skoddeflaum,
som gav han Fred.»

Ei Viba flaksa rundt i Lufti og tagde. Døyvd Aa-sus skar hit fraa Brekkehøgdom. Langs-etter Strendine steig Kviteimen varm og mjuk og breidde seg yvi Sev og Steinar.

Enok laag i Lynge og grét. «Du hev frelst meg! Store Gud, du hev frelst meg! og høyrt mi Bøn! Store, kjære Herre Gud, du hev høyrt mi Bøn og frelst meg!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.