Et frit Forhold

av Hulda Garborg

Innleiing


Om romanen

Våren 1892 sende Arne Garborg eit usignert manuskript til forleggaren sin i Bergen, Mons Litleré, med spørsmål om han kunne tenkje seg å gje det ut. Svaret kom raskt:

«Et frit forhold» las eg gjennom igaar. Eg fekk hug på boki; men det er visst best aa drygja med prentingi til hausten, og so maa eg faa vita forfattaren. Der stend ikkje paa mskr., kven det er av.Mons Litleré til Arne Garborg 27.05.1892, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140.

Pennen bak det anonyme manuskriptet tilhøyrde kona til Arne, Hulda Garborg.


Hulda Garborg f. Bergersen

Karen Hulda Bergersen vart fødd på Stange i Hedmark 22. februar 1862 som tredje dottera til Christian Fredrik og Marie Petrine Bergesen.Dei biografiske opplysningane i det følgjande baserer seg på Skre 2011: 12–49. Faren var utdanna jurist og hadde på få år arbeidd seg opp til å bli ein framgangsrik sakførar og storbonde. Livet på toppen vart likevel ikkje langvarig. Ein uheldig kombinasjon av økonomiske nedgangstider, ureieleg sakførarverksemd og ein noko grenselaus livsførsel sende han sjølv og familien nedover den sosiale og økonomiske rangstigen. Han mista sakførarbevillinga og gjekk konkurs, og då Hulda var eitt år gamal, skilde foreldra seg. Etter skilmissa vart familien splitta; Hulda vart buande på Hamar saman med mor si, medan dei to eldre søstrene flytte med faren til Kristiania. Etter kvart kom også Hulda og mora til Kristiania, og 17 år gamal fekk Hulda jobb som butikkjomfru i konfeksjonsbutikken til Brødrene Dobloug i Storgata.


Moraldebatten på 1880-talet

Det var arbeidsgjevaren hennar, den politisk radikale Mikkel Dobloug, som introduserte Hulda til Kristiania Arbeidersamfund.Skre 2011: 49. Foreininga var både ein sosial møteplass og ein viktig diskusjonsarena i hovudstaden, og her vart butikkjomfru Bergersen eit ivrig medlem i dei følgjande åra.

På byrjinga av 1880-talet duka Kristiania Arbeidersamfund til ei møterekkje over eit av samtidas heitaste tema, prostitusjonen. Stortinget hadde forbode prostitusjon i 1842, men sidan dette var vanskeleg å få gjennomført i praksis, hadde politiet i Kristiania omtrent samstundes innført jamnlege legekontrollar av dei prostituerte for å kontrollere spreiinga av kjønssjukdommar. Problemet med dette var at offentlege styresmakter tilsynelatande sette eit godkjentstempel på ein aktivitet som var forbode av dei same styresmaktene. Samstundes la dei ansvaret kun på kvinnene og ikkje dei som kjøpte tenestane. Det er på denne møterekkja i Kristiania Arbeidersamfund at Hans Jæger gjorde ein pangdebut i det offentlege ordskiftet. Han hadde nemleg ei løysing på prostitusjonsproblemet, og det var å erstatte ekteskapet med frie forhold der begge partar var økonomisk sjølvstendige. Dermed ville grunnlaget for prostitusjon ikkje lenger vere til stades. Det er usikkert om Hulda Bergersen var til stades under akkurat denne møterekkja, men den store moraldebatten om prostitusjon, seksualmoral og kvinnefrigjering som varte ved store delar av 1880-talet, fekk ho sjølvsagt med seg.


Et frit Forhold

Då Hulda Garborg nokre år seinare sette seg ned for å skrive sin første roman, tok ho utgangspunkt i miljøet og samfunnsdebatten som ho kjende frå åra som butikkjomfru på 1880-talet. Reiskapane ho trong til å fortelje historia, fann ho likeeins i den rådande kunstretninga på denne tida: Naturalismen.

I boka følgjer vi Dina Halvorsen som kjem frå småbyen Sandefjord til Kristiania for å jobbe i konfeksjonsbutikken Jensen & Co. I byrjinga er frøken Halvorsen svært bevisst at ho må oppføre seg anstendig og er var for alt «som det ikkje gik an for Damer at snakke om» (s. 148). Samstundes er ho nyfiken og fascinert av det forbudte, «en blanding som ikke lover godt for henne», som Hareide skriv.Hareide 1993: 152.

Tittelen på boka er heile tida med som ein ironisk kommentar til handlinga. Og den fremste talsmannen for frie forhold, Hans Jæger, dukkar sjølv opp utanfor butikkvindauga til Jensen ein dag, mest som eit frampeik om kva som kjem til å skje (s. 24–25).

Etter ei stund med målretta kurtise frå sjefen, den allereie gifte herr Jensen, innleier han og frøken Halvorsen eit forhold. Og sjølv om frøken Halvorsen går inn i dette forholdet utan baktankar, ho er rett og slett stormande forelska, så innser ho snart at den makta ho får over herr Jensen kan gjere livet hennar meir komfortabelt. Og i frøken Halvorsens liv er komfort ganske så fråverande på dette tidspunktet. Ho har nemleg ei løn som det ikkje går an å leve av. Kvar krone av månadsløna går med til å betale for kost og losji, som begge er av heller dårleg kvalitet. Den einaste måten å få tilværet til å gå så nokolunde i hop på blir dermed å ta opp diverse smålån, som ho i praksis ikkje har moglegheit til å betale tilbake. Som herr Jensens elskerinne tar livet ei meir behageleg vending for frøken Halvorsen, i alle fall i første omgang:

Sine Pengebekymringer var hun kvit, og det var en ubeskrivelig Lettelse. Hun fik betalt sin Smaagjæld, kunde spise og drikke hvad hun vilde, og klæde sig som hun vilde. Det at spise fin Mad og drikke god Vin var en større Nydelse end hun havde havt Anelse om, og hun hengav sig til den af ganske Hjerte.Side 59.

Då frøken Halvorsen ikkje uventa blir gravid, får ho innvilga ferie og reiser på landet for å føde barnet. Det blir ordna med bortsetting av barnet, og den vesle jenta hamnar hjå ei kone i eit av dei aller fattigaste områda av Kristiania, Vaterland. Skildringa av korleis barnet blir vanskjøtta av fostermora og til slutt døyr kan kanskje virke som litt for mykje av det elendige for dagens lesarar. Det er likevel meir enn eit litterært verkemiddel. Barnedødelegheita var generelt høg på denne tida, og skyhøg for barn av ugifte foreldre. Årsaka var først og fremst at bortsette barn var særleg utsette for svolt og vanskjøtsel. Saman med Danmark var Noreg det landet i Europa med størst forskjell i dødelegheit mellom ektefødde og uektefødde barn.Aftenposten 25.02.2011, «Christiania. De elendiges hovedstad».

Etter at barnet døyr utviklar frøken Halvorsen og herr Jensen eit svært dysfunksjonelt forhold. Det blir ein maktkamp mellom dei som får fram dei minst sympatiske sidene til begge, og i denne kampen er det kanskje litt overraskande herr Jensen som tapar mest. Frie forhold hadde allereie vore emne i mange romanar, og då var det gjerne kvinna som vart skildra som den som betalte den høgaste prisen og vart talerøyr for minussidene ved eit slikt arrangement. Slik som i til dømes Arne Garborgs Mannfolk (1886) og Amalie Skrams Lucie (1888). I Et frit Forhold lar Hulda Garborg herr Jensen bere fram den sterkaste motargumentasjonen, og det blir til tider underhaldande ironi ut av det når herr Jensen tar på seg offerrolla som den som tar den største sosiale risikoen ved å ha dette forholdet (s. 106), eller klandrar frøken Halvorsen for å ha prostituert han (s. 141). Slik vrir Hulda Garborg lett elegant på eit vanleg motiv i problemdiktinga, nemleg den forførte uskuld som går til grunne som ein konsekvens av samfunnsforholda generelt og mennenes ansvarsfråskriving spesielt. Frøken Halvorsen har godt med eigenvilje, og ho tar i bruk dei midlane som trengst for å tryggje sine eigne interesser, sjølv om det går på bekostning av elskaren sin. Det frie forholdet blir etter kvart ubehageleg ufritt for herr Jensen:

(…) at være gift var sku ikke saa farligt; det var et Paradis af Frihed alligevel det, mod et Forhold som dette! Det maatte være et uhyre upraktisk Menneske, som ikke kunde skaffe sig lidt Frihed, om han var gift; men kom man først ind i et saakaldt frit Forhold, saa sad man sku der, trods al Overlegenhed, det skjønte han nu.Side 108–109.


Røyndomslitteratur?

Det er sjølvsagt blitt spekulert i kor mykje av verkelege hendingar Hulda Garborg har lagt inn i forteljinga. Men det er vanskeleg å få auge på noko anna sjølvbiografisk i debutromanen enn ramma, altså at handlinga utspelar seg rundt ei butikkjomfru i ei tekstilforretning på midten av 1880-talet. I tillegg hadde Hulda Garborg andre erfaringar i 1892 som ho kunne dra nytte av i skrivinga. Ho hadde fødd eit barn, og ho hadde opplevd å bli gravid før ho og Arne Garborg gifta seg. Forfattaren kunne såleis skildre både stoffrullar og strekkmerker med autoritet.

Hulda Garborg var elles ikkje spesielt forsiktig med å nytte eigne erfaringar litterært. Hjaa ho Mor (1890) av Arne Garborg og sitt eige drama Edderkoppen (1904) vitnar heller om det motsette. Dei baserer seg begge på dei meir ugreie delane av Huldas familie- og barndomshistorie.Skre 2011: 395–396. Forklaringa er nok heller den at hennar eigne erfaringar som butikkjomfru ikkje eigna seg som stoff til ein naturalistisk roman. Sjølv om jobben hos Brødrene Dobloug var eit slit, så var dette i det store og heile gode år for Hulda der ho gjorde val som var utviklande og positive for henne.Obrestad 1992: 37–51 og Skre 2011: 48–93. Frøken Halvorsen derimot, kan ikkje gjere like gode val om det skal bli god problemdikting ut av historia. Hennar valfridom begrensar seg til å karre til seg god vin, delikatessar og fine kjolar på vegen. Noko ho også blir svært god til etter kvart.


Mottakinga av romanen

Et frit Forhold kom ut i slutten av september, og responsen på romanen var nokså bra blant lesarane, i alle fall selde boka forholdsvis godt. Hulda Garborg skal ha tent 400 kroner på romanen, noko som utgjorde omtrent ei årsløn for ei butikkekspeditrise på denne tida.Hareide 1993: 162. Allereie 5. oktober skreiv forleggaren til Hulda Garborg at han hadde seld 700 eksemplar av boka og spekulerte på om han skulle trykkje eit opplag til.Mons Litleré til Hulda Garborg 05.10.1892, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140. Og i slutten av november kunne Litleré opplyse forfattaren om at andre opplag var på veg: «’Et frit Forhold’ er i dag send i prenting paa nytt lag. Aviserne hev voret laake, men boki hev gjenget lell.»Mons Litleré til Hulda Garborg 22.11.1892, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140. Og i januar året etter kunne forleggaren igjen koma med gode nyheiter, denne gongen i brev til Arne Garborg: «De fær helsa Hulda med, at boki hennar sig framleis. Eg er nok alt i stor skuld til ho.»Mons Litleré til Arne Garborg, 12.01.1893, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140. Arne Garborg sjølv omtala romanen som «ei merkjeleg god Bok».Arne Garborg til Mons Litleré, 05.10.1892, Universitetsbiblioteket i Bergen, Ms. 1005/1.

Meldarane stod likevel ikkje i kø. Dei meldingane som kom, var, som Litleré oppsummerte det, stort sett «laake». I Dagbladet vart boka meld 30. oktober, og meldaren er tydeleg lei heile naturalismen:

Skildringen viser nu konsekvent, hvorledes et saadant Forhold blir det modsatte af «frit». Forsaavidt er der Ironi over det hele, og dette virker ganske befriende. Ti sandt at sige, trænger man lidt til en saadan Fornemmelse under Læsningen; der findes ellers saa lidet oplivende netop i kunstnerisk Forstand. Vi har nemlig at gjøre med den mest koldblodige Nøgternhed den hele Tid.

Familievenene Rasmus Steinsvik og Heinrich Hart leverte atskilleg meir positive omtalar av boka i sine respektive radikale kanalar, sjølv om ingen av dei kan reknast som nøytrale i denne samanhangen. Dei gode meldingane i avisa Firda og tidsskriftet Freie Bühne karakteriserte Hulda Garborg som høvesvis «svært snil» og «udmærkede».Hulda Garborg til Mons Litleré 02.11.1892 og 10.05.1893, Universitetsbiblioteket i Bergen, Ms. 1005/1. Steinsviks melding stod i landsmålsavisa Firda, der Mons Litleré var redaktør, 26.10.1892. Harts melding stod truleg på trykk våren 1893. Eit omsett utdrag av meldinga vart trykt i Indherredsposten 16.07.1893 under overskrifta «Norsk Literatur i Udlandet».

Hulda Garborg var truleg litt seint ute for å få den fulle merksemda til litteraturmeldarane då ho sende ut ein naturalistisk roman i 1892. Den samfunnsengasjerte problemdiktinga var i ferd med å bli erstatta av ein meir psykologisk retta litteratur. Og sjølv om det kan diskuterast kor vidt 1890-talslitteraturen innebar eit brot eller ei med problemdiktinga som hadde rådd grunnen i eit par tiår, var frie forhold ikkje eit like spenstig tema i 1892 som det hadde vore nokre år tidlegare.Sjå til dømes Norges litteraturhistorie, bind 4: 39–43 og Andersen 2001: 282–283.


Første og andre opplag

Grunnlaget for tekstopprettinga til denne utgåva var ei skanna og ocr-lesen fil av romanen frå Nasjonalbiblioteket. Då den digitaliserte teksten vart kollasjonert mot ei papirutgåve av romanen, viste det seg snart ein del uventa avvik mellom dei to. Dette var avvik som var av ein annan art enn det ein vil forvente av ei ocr-lesen fil, slik som at bokstaven l blir lesen som talet 1 og liknande. I dette tilfellet var pagineringa mellom dei to annleis, namnet på trykkeriet mangla i papirutgåva, og utover i boka var det ei mengd stader der den digitaliserte teksten hadde forkortinga «Frk.» medan det i papireksemplaret stod «Frøken». Det var dessutan ein del avvik i teiknsetjinga og ved stor bokstav ved substantiv med meir. Nokre tilfelle av meir meiningsberande forskjellar dukka også opp. Til dømes då herr Jensen på siste side styrtar frå eit opprivande møte med frøken Halvorsen og ropar «Til Heiberg!». I den ocr-lesne teksten ville han «Til Bøhn!».

Forklaringa viste seg å vere at grunnlaget for ocr-fila var eit eksemplar av andre opplag, medan papirutgåva var frå første opplag. Ulike opplag av ein tekst vil vanlegvis vere trykt frå same satsen og difor kun ha marginale avvik. Men ei systematisk samanlikning mellom dei to opplaga av Et frit Forhold avdekka om lag 220 forskjellar. Dei aller fleste avvika gjeld teiknsetjing, forkortingar og rettskriving og er ikkje meiningsberande. Figuren under syner korleis avvika fordeler seg i teksten reint kvantitativt. Den mest openberre tendensen er at avvika blir fleire utover i teksten.Ein tabell som syner dei einskilde avvika mellom dei to opplaga er tilgjengeleg i arkivet til Det norske språk- og litteraturselskap.

EFF_innleiing_figur1

Eit brev frå forleggaren, Mons Litleré, til Arne Garborg kan forklare kva som har skjedd:

Eg var noko missfornøgd med prentingi av boki. Grieg hev greidur, so han kann levera det finaste arbeid, men han hev denne gongen voret sluskutt – kor det no hev seg. Og so hev han gløymt aa setja namnet sitt til!Mons Litleré til Arne Garborg 05.10.1892, Nasjonalbiblioteket, Brevs. 140.

Det er difor truleg at forleggaren har bede Grieg forlag om at boka vart sett på ny då han bestemte seg for eit nytt opplag. Det kan dermed argumenterast for at andre opplag av Et frit Forhold eigentleg er ein ny variant av teksten, altså ei ny utgåve, meir enn eit nytt opplag. Johnny Kondrup omtalar dette som radierande tekstar, det vil seia utgåver som har grunnlag i same trykkmanuskriptetKondrup 2011: 123n.. Med grunnlag i det bevarte brevmaterialet mellom Hulda Garborg og Mons Litleré er det ikkje noko som tyder på at forfattaren reviderte manuskriptet før andre opplag gjekk i trykken.


Om utgåva


Tekstgrunnlag og tekstgjengiving

Denne utgåva av Et frit Forhold er laga etter prinsippa i den tyske, historisk-kritiske edisjonsfilologien, som kort fortalt går ut på å attskape den opprinnelege teksten så autentisk som råd.Sjå til dømes Kondrup 2011: 48–53. I praksis betyr det at førsteutgåva er foretrukken som tekstgrunnlag, at ein ikkje normaliserer språk, ortografi eller teiknsetting og er generelt svært varsam med å rette i teksten. Det reint grafiske tekstbildet søkjer ein å ta vare på ved å behalde kapittelinndeling, avsnitt, skillestrekar med meir.

Et frit Forhold kom ut i to opplag hausten 1892, og boka vart ikkje utgitt fleire gonger i Hulda Garborgs levetid.I 1993 gav Spartacus Forlag ut romanen på ny med etterord av Jorunn Hareide. Trykkmanuskriptet er ikkje bevart. Den einaste moglege grunnteksten for denne utgåva er difor førstetrykket frå 1892. Av dei to opplaga av førstetrykket er vidare første opplag valgt. Første opplag er sannsynlegvis eit dårlegare tekstvitne enn andre opplag til det manuskriptet som Hulda Garborg sende frå seg hausten 1892, jamfør ovanfor. Det er likevel denne teksten som først vart presentert for lesarar og kritikarar, og dette omsynet har vore avgjerande for valet av første opplag som grunntekst.

Eksemplaret som er brukt, er eigd av utgjevar. Dette eksemplaret er hefta, forsidebladet er laust og baksidebladet manglar heilt. Nasjonalbibliotekets digitale eksemplar med dokument-id 87GA94768 er brukt som tekstvitne til andre opplag.

I denne utgåva er sidetal i førsteutgåva markert i skarpe klammar i den fortløpande teksten. Retoriske uthevingar som i førsteutgåva er markerte med sperra skrift, blir i denne utgåva gjengitt med kursiv. Bruk av tankestrek, bindestrek, hermeteikn og pauseteikn i form av fleire punktum følgjer også grunnteksten og ikkje dagens reglar. Ellers er teksten reprodusert så nøyaktig som råd. Det er gjort greie for rettingane under.


Rettingar

Grammatikk, ortografi og teiknsetting i romanen er ikkje konsekvent, dette gjeld begge opplaga, jamfør også ovanfor om første og andre opplag. Denne utgåva forsøkjer ikkje å rette opp i avvika eller forbetre teksten. Men ved ca. ti tekststader, der det ikkje rår tvil om at det faktisk er feil i teksten som forvanskar lesinga, er teksten retta. Samtlege rettingar gjeld trykkfeil/settarfeil eller lakunar og er retta etter teksten i andre opplag. Alle rettingar er gjort greie for i noteapparatet.


Ord- og sakkommentarar

Kommentarane er meint å skulle lette lesinga og forståinga av teksten. I hovudsak er det difor forklart ord og uttrykk som ikkje lenger er i vanleg bruk, eller som har endra meining. Ortografiske utfordringar som følgje av eldre skrivemåte, slik som jaloux, Vox og Chef, er av praktiske omsyn ikkje kommenterte.

Det er vidare lagt vekt på å forklare referansar til det konkrete miljøet som romanen er lagt til. Tivoli-området på Klingenberg, bøkene som ligg på stovebordet hjå Hegels og «fyren med lorgnett» som går forbi butikkvindauga til Jensen & Co., var truleg meir direkte forståelege for lesaren i 1892 enn i dag. Sakkommentarane er difor laga med tanke på å gi dagens lesar ein idé om den realistiske ramma for handlinga i romanen. Det er ikkje gjort greie for gatenamn som framleis er i bruk i Oslo.

I arbeidet med ord- og sakkommentar er desse oppslagsverka og nettstadene nytta:

Nynorsk- og bokmålsordboka

Norsk Ordbok

Ordbog over det danske Sprog

Svenska Akademiens ordbok

Oslo byleksikon

Store norske leksikon

Norsk biografisk leksikon

Kristiania adressebok

Norway-Heritage


Kjelder


Arkivmateriale og aviser

Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevs. 140.

Universitetsbiblioteket i Bergen, Ms. 1005/1.

Aftenposten, 25.02.2011, «Christiania. De elendiges hovedstad».

Dagbladet, 30.10.1892, «Literatur-Tidende».

Firda, 26.10.1892, «Et frit Forhold».

Indherredsposten, 16.07.1893, «Norsk Literatur i Udlandet».


Litteraturliste

Andersen, Per Thomas 2001. Norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget.

Beyer, Edvard (red.) 1975. Norges litteraturhistorie 1–8. Oslo: J. W. Cappelsens forlag.

Garborg, Hulda 1892. Et frit Forhold (1. opplag). Bergen: Mons Litleré.

Garborg, Hulda 1892. Et frit Forhold (2. opplag). Bergen: Mons Litleré.

Hareide, Jorunn 1993. Etterord til Et frit Forhold. Oslo: Spartacus Forlag.

Kondrup, Johnny 2011. Editionsfilologi. København: Museum Tusculanums Forlag og Johnny Kondrup.

Obrestad, Tor 1992. Hulda. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Skre, Arnhild 2011. Hulda Garborg : Nasjonal strateg. Oslo: Det Norske Samlaget.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Et frit Forhold

Romanen Et frit Forhold ble utgitt i 1892 og var Hulda Garborgs debut som forfatter.

Skildringen av Dina er naturalistisk, men i motsetning til det som ofte er tilfellet i naturalismen, er ikke Dina bare et stakkarslig offer for ytre forhold. Hun tar regien over sitt eget liv og viser seg som en sterk og handlekraftig kvinne – en kvinnetype som man finner igjen i mange av Hulda Garborgs senere verker.

Romanens hovedperson, Dina Halvorsen fra Sandefjord, kommer til Kristiania og får jobb i en manufakturforretning. Snart innleder hun et forhold til sjefen, og det er forholdet mellom dem romanen handler om. I utgangspunktet er det et såkalt «fritt forhold», men det hele utvikler seg raskt til en maktkamp. Garborg ironiserer over hvor «fritt» et bohemisk parforhold blir i lengden, og boken kan dermed leses som et innlegg i datidens debatt om kjønnsroller, ekteskap og seksualmoral.

Åshild Haugsland har utstyrt teksten med innledning, sakkommentarer og variantapparat.

Se faksimiler av 2. opplag fra 1892 (nb.no)

Les mer..

Om Hulda Garborg

Hulda Garborg er i en viss grad en glemt forfatter i dag. Vi kjenner henne mest som kulturpersonlighet og forkjemper for bygdekultur. Hun engasjerte seg sterkt i kvinnekampen og i kultur- og samfunnsdebatten. I samtiden var hun imidlertid også en viktig stemme i litteraturen.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.