Historiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB C 12/13 Alv ligg i Øresund


Innleiing

Den norske adelsmannen og sjørøvaren Alv Erlingsson legg til havs med ein skipsflåte. Han segler sørover, og utanfor København oppdagar han ni tyske koggar. Alv tek sjansen på å ro aleine i ein liten skipsbåt mot koggane. Han praiar dei og spør kva mannskapet har i sinne. Dei svarar at dei er på leiting etter herr Alv. «Kva vil de gje den som kan vise dykk kvar herr Alv held til?» spør han og får til svar at vedkomande kan vente seg både gull, sølv og annan rikdom i løn; men Alv og mennene hans vil det gå ille med, seier dei. Då fortel Alv kven han eigentleg er, og saman med soldatane sine, går han laus på fienden:

Herr Alff hand hug, til hand vaar mod:
hand stod i Femtan Ridders Blod
(DgF III: 434).

Herr Alv tek alle dei ni koggane, og i Rostock må enkjer og farlause gråte over lagnaden til dei falne tyske sjømennene.

Alv Erlingsson (den yngre) var ein norsk stormann, baron og jarl, som spela ei sentral rolle i utanrikspolitikken i 1280-åra. I ein konflikt mellom norske styresmakter og nordtyske handelsmenn, stod han i spissen for ein dristig konfrontasjonspolitikk og dreiv kaperkrig og rein sjørøvarverksemd mot tyske handelsskip; men då han vende våpna mot sine eigne og herja i Oslo, kom han naturleg nok på kant med hertug Håkon Magnusson og vart lyst fredlaus. I 1290 fall han i danskanes hender og vart avretta, deretter i vanære lagd på stegl og hjul utanfor København.

Denne historiske balladen vart skriven opp etter ei ukjend kjelde i Andebu i Vestfold, og etter Talleiv Olsson Rui (1840–1919) frå Fyresdal i Telemark. Begge desse versjonane går tilbake på den såkalla Kjempeviseboka til Peder Syv.

Peder Syv bygde si utgåve på It Hundrede vduaalde Danske Viser ved Anders Sørensen Vedel. Denne samlinga kom ut første gongen i 1591. I føreordet til visa om Alv Erlingsson seier Vedel at han trykkjer visa – og ei anna vise om Alv Erlingsson – slik som «wi haffue dennem funden for oss». Vedel siterer dessutan ei einskildstrofe frå ei tredje vise om Alv Erlingsson:

Oc Sønden seyle de Tydske Mend
alt baade met Meel oc Malt:
Men Alff hand ligger i Øresund,
hand tager det fra dennem alt
DgF III: 433).

Denne strofa har Vedel etter alt å døme frå Bergens-humanisten Absalon Pedersøn Beyers historieskrift Om Norgis Rige (1567). Skriftet vart rett nok ikkje trykt før på slutten av 1700-talet, men Vedel kan ha sett ei avskrift eller kanskje fått visa tilsend. I Absalons skrift blir Alv Erlingsson kalla ein modig sjøkrigar som særleg dreiv piratverksemd i Øresund. I Landstads vise «Hermoð ille» finn vi elles den same strofa, noko som tyder på at den tredje visa om Alv Erlingsson har vore velkjend i Telemark tidlegare:

Tyrkin kem i söndri sjö
han förer rug og malt,
men etter kem han Ille Hermoð,
han teke deð af ‘an alt
(Landstad [1853] 1968: 199).

I balladediktinga blir Alv Erlingsson gjerne kalla mindre Alv. Epitetet mindre er ei omsynging av milde, ein heidrande og heroiserande karakteristikk som vart bruka om stormenn i mellomalderen.

Utsyn 188
DgF 150




Oppskrift A

TSB C 12/13: Alv ligg i Øresund

Oppskrift: Kjempeviseboka IV, nr. 13.

Oppgjeven tittel: Minder Herr Alf, Greve af Tunsberg, steylet for Helsingborg.

*

1. Herr Alf han er en Edeling,
baade til Stevne og saa til Ting
– Kiende I Alf. –

2. Herr Alf han lader en Snekke bo,
han vil baade røve og roe.

3. Hr. Alf han lader de Snekker giøre,
han vil en Søerøvere være.

4. Han skrev Kredsen paa den Sand,
og saa sprang han i fremmer Stafn.

5. Alf han staaer i fremmer Stafn,
han seer de Kogger for Kiøbenhavn.

6. Alf han seer udi Søen saa vide,
han veed de Stie som Skibene monne skride.

7. Hilset seer jeg de Kogger ni,
det bliver mit Gods som der er udi.

8. Han sætte sig alleene i Baad,
og saa roer han de Kogger imod.

9. Vel mødt, vel mødt raske Hofmænd,
hvor ville I udi Havne ind.

10. Vi seyle os til den Havn ind,
som vi kunde genisten.

11. Hvad ville I da give den Mand,
som eder Hr Alf vise kand.

12. Vi ville give hannem Guld og Sølv,
Pendinge, saa mange han have vil.

13. Ad Gave og Skienck skal han ey lede,
Sneken med all sin gandske Rede.

14. Kiere Hofmænd, hvad ville I Alf giøre,
om I kunde hannem opspøre.

15. Hans Svenne dem ville vi hugge og slaa,
hannem legger vi selv den Bolte paa.

16. Her skulle I Minder Alf finde,
saa liden Seyr I af mig vinde.

17. Vel op, vel op, I raske Drenge,
I hugge sønder baade Tov og Strenge.

18. Herr Alf han hug til han var mod,
han stod i femten Ridders Blod.

19. Saa tog han alle de Kogger ni,
og seylede dermed til Danmark fri.

20. Og der kom Tidend til Rostock ind,
der blegnet saa mangt et Rosens Kind.

21. Der græde Enker og der græde Børn,
dem havde giort fattig denne skadelig Ørn.

22. Dog de maatte lide denne Harm og Meen,
deres Bøn falt ikke paa Stok eller Steen.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

I viseboka står det ei innleiing med historiske fakta.




Oppskrift B

TSB C 12/13: Alv ligg i Øresund

Oppskrift: 1913 av Aasmund T. Rui (for Rikard Berge) etter Talleiv Olsson Rui, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCCVI, s. 170–173

Oppgjeven tittel: Mindre Alv.

*

1. Hr Alv han lader de snekker jøre
for han vil en sjørøver være.
– Kjender i Alv. –

2. Hr Alv han lader de snekker bo
for han vil baade røve og ro.

3. Hr Alv han ser sig ud saa vide
han ser de skibe frem monne skride.

4. Hr Alv han sprang i fremre stavn
han ser de skibe fra København.

5. Hiset ser jeg de kogger ni
det blir mit gods som er deri

6. Hr Alv han sprang i en liden baat
saa rode han de kogger i mot.

7. Godmorgen godag i raske mænd
og hvor agter i i hovmen ind.

8. Vi agter oss i den havnen ind
hvor vi allerhelst kan Mindre Alv finde.

9. Hvad vilde i Mindre Alv jøre
Alt om i kunde han op søge.

10. Hans svende ville vi hugge og slaa
og han selv legge vi boldterne paa.

11. Hvad vilde i give den mand
som eder kan vise Mindre Alv.

12. Og han vil vi give guld og sølv
og peng saa mange han have vil

13. Ja her skulde i Mindre Alv finde.
Saa liden seier i av mig skal vinde

14. Her op Her op i raske drenge
i hugger sønder baade taug og strenge.

15. Hr Alv han hogge til han var mo
han sto i femten Kjempers blo

16. Der kåm tidend til Rostok ind
der bleknad so mangt et Rosenskind

17. Der gret ekjar aa der gret born
dei ha bliv tugtet av den skadelig ørn.

*

Strofene er unummererte av samlaren.

Teksten ligg saman med eit brev til Rikard Berge utan underskrift. Under teksten står det: Dette her er alt det far kan av denne visa.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Historiske balladar

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Denne boka inneheld dei historiske balladane (TSB C-gruppa).

Dei historiske balladane handlar om historiske personar, eller dei har tilknyting til historiske hendingar, som eit brurerov, eit bryllaup, eit drap, ei krigshandling. Men historiske i eigentleg forstand er desse balladane likevel ikkje. Derimot har dei i emneval og tematikk mykje til felles med riddarballadane.

Dei fleste av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.