Historiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB C 22 Margjit Runarborgi


Innleiing

Den norske kongen Eirik Magnusson sender dotter si, Margrete, over havet for å vere dronning i eit anna land. Stormannen Audun Hugleiksson og Ingebjørg Erlingsdotter, søster til jarlen Alv Erlingsson, følgjer med henne. Skipet blir liggjande og drive i skodde, men til slutt når det land i Tyskland. Audun og Ingebjørg røvar ei vakker tysk kvinne, Katrin keypmannsdóttir, og tek henne med på skipet. Dei avtalar dessutan å selje Margrete til greven av Blåland og segler dit. Greven betaler Margretes vekt i gull for henne. Deretter tek Audun og Ingebjørg livet av Katrin keypmannsdóttir og segler til Noreg, der dei påstår overfor kong Eirik at det er den døde dotter hans dei har med seg på skipet. Til å byrje med trur ikkje kongen dette, men når tolv mann gjer eid på at den døde kvinna er Margrete, gjev han etter. Same natt blir kongen sjuk og døyr, og det blir sendt bod til tronfølgjaren, Håkon Magnusson, bror til kongen. Før han døyr, seier Eirik at om det er så at Margrete lever og kjem til landet, skal ho arve halve riket.

I Blåland har Margrete drøymt vonde draumar om at far hennar er død, og ho gjer i stand eit skip og segler til Bergen, den norske hovudstaden. Her går ho fram for kong Håkon og fortel kven ho er. Kongen krev at ho skal skaffe vitne, og Margretes fosterfar vitnar at ho talar sant. Men det gjer ikkje fostermor hennar, som er kjøpt og betalt av Ingebjørg Erlingsdotter. Kongen gjev ordre om at Margrete skal brennast på Nordnes. Jamvel om tre tjøretønner blir sett på bålet, har Margrete kraft til å tale. Ho spår at det skal gå Ingebjørg Erlingsdotter ille, ein spådom som seinare slår til, og ho ber kong Håkon reise ei kyrkje på bålstaden. Gjer han ikkje det, skal han miste vitet tre gonger før han døyr. Margrete viser seg i draume for sonen sin i Blåland. Han rustar ut ein flåte på femten skip og segler av stad for å ta hemn. Men Margrete ønskjer ikkje å hemnast og ber Gud om at skipa må gå under og sjelene frelsast. Dette skjer.

Handlingsreferatet byggjer på den færøyske forma av balladen om Margrete Eiriksdotter: «Margretu kvæði». Det er ei lang vise på 166 strofer, som kan ordnast i åtte sekvensar. Av den norske balladen er det dessverre ikkje mykje att. Johannes Skar skreiv opp to-tre strofer frå to setesdalssongarar, med prosatillegg som gjer det klart at den norske tradisjonen kring 1900, og ikkje minst eit par generasjonar tidlegare, kjende visa i meir fullstendig form. Folk mintest at det var ei lang vise. Og visa var så «syndleg» [syrgjeleg], «det var mange som gret, fyrst dei kom dei syndlege versi» (Liestøl 1941: 170). Eit par stev i Landstads Norske Folkeviser kan vere reststrofer frå balladen om Margrete (Solberg 2003: 185–187).

Truleg er det dansefunksjonen som har halde liv i visa på Færøyane så lenge. For dette er ein gammal ballade, etter alt å døme dikta meir eller mindre samstundes med dei hendingane som visa fortel om. Bakgrunnen er ekteskapspolitikken som vart driven ved det norske hoffet på slutten av 1200-talet. Margrete, dotter til Eirik Magnusson og den skotske kongsdottera Margrete Aleksandersdotter, vart godkjend som skotsk dronning og arving og skulle gifte seg med den engelske tronarvingen Edvard. I 1290 vart Margrete send over havet, men ho døydde på Orknøyane. Det vart altså ikkje noko av det planlagde og politisk motiverte ekteskapet.

Men i året 1300 kom det ei kvinne til Bergen frå Tyskland som påstod at ho var Margrete. Dette er dokumetert i dei islandske Flatøy-annalane, der det heiter:

Da kom frå Tyskland den kvinna som seier at ho er dotter til kong Eirik og Margrete, dotter til kong Aleksander av Skottland. Ho seier at ho har vore seld av Ingebjørg Erlingsdotter. (Solberg 2003: 174)

Dei norske styresmaktene trudde ikkje noko på dette, og kvinna vart dømd til døden, slik det står i Flatøy-annalane for året etter:

Da vart den same kvinna brend, ho som sa at ho var dotter til kong Eirik, og mannen hennes vart halshoggen (Solberg 2003: 174).

Dermed kunne saka vore ute av verda, men folk trudde på det kvinna hadde sagt. Ho var inga falsk Margrete slik styresmaktene påstod, men den verkelege, sanne Margrete! Det hjelpte ikkje at Bergens-biskopen let lese opp brev i alle kyrkjer i byen med åtvaring mot å dyrke den brende kvinna. Avrettinga vart, som Svale Solheim skriv, «utgangspunkt for ei folkeleg protest-rørsle mot hoffet og styresmaktene» (Solheim 1973: 107). Sidan Margrete hadde lide martyrdøden på bålet, vart det reist ei kyrkje på Nordnes til ære for henne. Det var nok inga stor kyrkje, kanskje eit trekapell, men ho stod i alle fall til 1500-talet. Absalon Pederssøn Beyer nemner kyrkja og visa.

Det er enkelt i ettertid å trekkje på skuldrene av folk som trur at ei eldre kvinne, grå og kvit i håret, kunne vere dotter til den unge kong Eirik – når den verkelege Margrete vitterleg hadde døydd på Orknøyane seinhaustes 1290, mellom hendene på biskop Narve, og den døde lekamen seinare hadde vorte granska av faren og gode menn i Bergen. Men bålet, brannen og den grufulle avrettinga har sett kjenslene i sving. Folk hadde sine mistankar til styresmaktene, og dei trudde det dei ville tru. Ein inspirert diktar skreiv visa om dei dramatiske hendingane og om elden som til sist slukte Margrete:

Tað var frúgvin Margreta,
riður fram undir bý,
eld sá hon á Norðnesi
og logan undir ský.

Eld sá hon i Norðnesi
og logan undir ský:
«Gud náði hesi beinini,
sum har skulu hvíla í!»
(CCF III: 195).

Utsyn 183
CCF 77




Oppskrift A

TSB C 22: Margjit Runarborgi

Oppskrift: Udatert av Johannes Skar etter ukjend songar, Austad, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS Johs. Skar 1, s. 21–22

Oppgjeven tittel: Margit Runarborginn.

*

1. De va Augunn aa Yngjebjør.
Dai truddi me addre besté.
Men de heve mé i Draumo bori:
Dai svike meg addre mesté.

2. Eg ha tenkt, at mi Dotter ha gulare Haar.

3. Hu hev so lengi i Sjoè driviAlternativ lesemåte: drevi,
Aa myrkna heve hennis Haar.Etter lina står det: (Austad)

4. Aa de va Margit Runarborgjæ
Hu treffte so vond ai Boye.Etter lina står det: (Bygand.)

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

I margen ved tittelen står det: Bugge nr. 11 og Visen om Fru Margrete.

Under oppskrifta står det: Visen skal have fortalt om, at Margit blev ført over Havet og solgt. Man dræbte hendes Terne; førte Liget tilbage til Kongen, Margits Far, og foregav at det var Liget av hans Datter som skulde have druknet. – Andre sige at Margit døde, da hun havde født Tvillinger. – «Dai ha vori paa Sjøe, va de likt ti; der seldi dai Margit. So draape dai Terna hennis aa ha Liki haim, aa sa de va Liki aa Margit; hu ha ha døyt, sa dai. Daa sa Fairen, han ha tenkt hu ha gulare Haar. – Hu ero so syndlege denni Visa. De va mange som grete fyst dai kome dai syndlege Versæ.»

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Historiske balladar

Dei norske mellomalderballadane er forteljande viser med opphav i mellomalderen. Denne boka inneheld dei historiske balladane (TSB C-gruppa).

Dei historiske balladane handlar om historiske personar, eller dei har tilknyting til historiske hendingar, som eit brurerov, eit bryllaup, eit drap, ei krigshandling. Men historiske i eigentleg forstand er desse balladane likevel ikkje. Derimot har dei i emneval og tematikk mykje til felles med riddarballadane.

Dei fleste av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.