Juvikingar

av Olav Duun

Frå gammalt av.

5Den første juvikingen dei veit å fortele om, var kommen sunnant, ifrå Sparbun eller Stoe eller kor det no var. Han heitte Per.

Han hadde vore gift, vart det sagt, og havt gar og grunn, og mor si hadde han med seg. Kva som hadde jaga han ut, det visste Vårherre. Han bygsla seg ein plass under Lines. – Ein dagen kom Lines’n og krevde han etter meir pliktarbeid enn dei var forlikte om. Per såg berre på han. Kom gjorde han ikkje. Utpå kvelden hinka gamle mora hans oppover til garen, vilde råke matmora sjøl. Veit du kva dem forteler borti garane? sa ho. Dei seier det, at rakkjin min skal ha gullbane ditt, – forlate meg synda seier dei så ja. På Lines hadde dei berre ei dotter. Dagen etter kom Lines’n og sa dem ut; han var grov i måle åt dem. Per vart med han oppetter, og i bjørkeholte straks nedanfor garen tok han på husbonden sin, han knegjekk han og han saumfór han så det var ei synd. Lines’n tagde og tok med, han var ikkje kleinare kar; han drog seg heim med blodvegen etter seg, Dei hadde eit herm etter Per 6frå den gongen: «Æg tok borti’om urliti; æg va ikkj god-te anna.» Lines’n skikka kona si ned med bud, at ho Mærit kunde han få, når det stod til som det gjorde. Per sa nei takk, han skulde ikkje ha. Mærit sjøl var nedover, og kom gråtande att; men Per skipa skrape sitt i båten og rodde. Han var ingen husmanns-larv, vilde dei vita det!

Han slo seg ned i Juvika. Det hadde vore ein husmannsplass der ifrå gammalt, og den kjøpte han til eigandes rom av Ommunstrand-mannen, på det vise at han sette opp ny stue til han, hogg tømmere og drog det fram eine vinteren, og tømra den andre. Dei sa det mann for mann bygda bortgjenom, at dei hadde ikkje set folk arbeide før. I Juvika kom det og opp nye hus, og jorda folka seg til litt medkvart, av seg sjøl liksom.

Juvika ligg ytterst ute i fjorden, men ho ligg lognt til, imot aust og unna have og vere. Det var ingen som hadde vorte vâr det før, at ho låg der, og langt mindre at ho låg slik.

Ein vakker dag kom Mærit dit med guten, og ho vart verande. Du lyt vel slå deg for da, skal han ha sagt, du får ta romme etter ho mor, ho sturta her i fjor. Det hadde ingen hørt – når vart ho førdForfatternote: førd ɔ: ført til kirkegaren. da? – Førd? Nei ho ligg nedi bakken her. Bedre jord å ligge i er her vandt om. – Gifta seg gjorde dei ikkje, men han og Mærit levde lenge og vel og fekk mange born. 7Ingen gjekk dem for nær, og aldri la dei seg innpå nokon heller.

Eldste sonen tok garen, men elles veit dei lite om han. Dei var heime alle gutane, og rudde opp Juvika heilt frå haugane og ned til sjøen.

Ein av dei næste juvikingane heitte Anders. Dei heitte Per og Anders der mann om mann nedetter. Han vart heitande Bjønn-Anders. Bjønnen tok til og regjorde så, aust i Mofjella. Anders kom ditt med bila si, forteler dei, og sette til skogs. Det var i svartaste haustmørkre, og han la seg mo åleine attmed åte, – det var enda kua til ei plasskjerring, bjønnen hadde slege henne i myra. To nætter låg han der og bia. Tredje dagen kom han til bygds med bjønnhuda over aksla, og sea heitte han Bjønn-Anders. Dei vilde vita korles det gjekk, – for Anders var ein godslig ein å snakke til. Jau, sa Anders, og tok seg på tak: «Han kom, og så slo æg ihjel ‘n.» Det vart ingen småting å få ta i bjønnøksa hans, når han sette henne ifrå seg i våbenhuse ved kirka. Dei var elles så sjeldsynte ved kirka, juvikingane; det var eit visst ord i bygda, at gudsord og finngann beit ikkje på dem.

Sonen til Bjønn-Anders heitte Stor-Per. Om han er det fortalt, at ein dagen han var i skogen, kjørte Ommundstrand-mannen seg ned på Finnstad-vatne. Per kjente det på seg og sprang dit. Han drog opp både mann og hest. For det fekk han dotra hans, og så mykje mark og 8skog som han berre vilde gå seg ut; og juvikingane vilde helst ha mykje. Dei fortake det elles på kvar sitt vis. Ommundstrand-mannen fortalte det slik: «Det der va eit tak, Per. Vil du ha dotra mi, hell vil du ikkj?» Per lo når han hørte det: «A nei, æg mått’ no døyp ‘om både ein og to gong’,før’n baka mjukt åt mæg.» Elles trudde folk det dei helst vilde: at Per hadde kjørt både hest og mann i hole; han var ingen juviking elles. – Men kor som er: juvikingane vart eit anna folk etter den dagen. Det vart halde slikt eit storbryllop at det var vondt om dem som ikkje vart med; for Ommundstrand-folke var skyld med dei likaste ættene på båe sider fjorden; og nye hus var det i Juvika, og fullt opp av alle slag, der var ei matmagt og ei velmagt som bad folk stane; det spurtes om herligheita både vidt og breit.

Og det spurtes etter juvikingane same kor dei fór. Dei var mange, og dei var kjempekarar mest alle saman. Dei heldt i hop som klungerkjerre. Staute karar å sjå til, men kor det no kom seg: dei vart mykje godt gåande ugifte, omframt den eldste, og han fór gjerne på lengda etter den han skulde ha. Helst tok han henne med magt og hard framferd; det gjekk mange segner om det.

Blå-Per var ein av dei siste av gammalkarane. Han seglde heilt sør til Trondheims-kantane etter kjerringemne. Ho skulde vera av stort folk, og med godom hadde han knapt fått henne. 9Han var mest den einaste av dem som dreiv sjøen noko større; han seglde lande til endes, og handel og slikt fór han òg med. Han var ikkje den eldste, det var vel det. Men så døde broren, og Per fekk garen. Da vart han knipen og blå av seg, rettelig ein Blå-Per; han vart full og rik etterkvart. Om han forteler dei, at han stal både sildgarn og sild på fjorden, han tok det som flaut, vart det sagt, men på landjorda var han så ærlig som mann kunde bli. Da han vart gammal, tok han til og gar-fór frammed fjorden: Han bar heim det han hadde stole. Det vart ikkje fred å få – i nauste, sa han; og ditt skal vera ditt og ikkje mitt. Han vart ikkje halden for mindre mann etter den dag. For det var ingen som trudde han var mørkrædd; det var visst ikkje i nauste at ufreden var. Og tjuvbøra er tung, når ein skal bera ho attende. Javisst spøkte det i Juvika som andre stader, det var ikkje for trivelig å vera tenarar der alltid; men han Per og dei andre karane dei lest aldri som dei merka nokon ting; det var eit kaldt folk.

Sonen hans heitte Anders. Han fór meir stilt enn juvik-karane pla gjera. Han var likså gammal da han tok til, syntes folk, som faren da han slutta. Men det var ein mild og klok mann, og tunghendt i arbeide. Han gjekk opp merka millom Ommundstranda og Juvika, og sette opp valdskift – gar, så han eigna til seg heile halvøya tvert over og heilt ut, og sette ned ei 10fjøld med husmenner. Brørne sine løyste han ut med store pengar, og dei fór ut til andre bygder.

Anders hadde berre ein son, og han heitte Per Anders. Det var den sprækaste karen av dem alle, og ein villstyring med han var ung. Det var han som tråssa finngann. Det fór ein gannfinn i garane, som heitte Nils Fykom. Folk var so rædd han, dei gav han det likaste dei visste. Han var innom i Juvika ein dagen, og der fekk han alt han tagg om, og meir til. Da han skulde gå, tok han i hop hendene og velsigna både folk og fe, fjøse og bure og heim og hamn. Per Anders stod og flirte. – Kann du ganne? sa han. Finnen vilde komma seg ut, men Per Anders steig i vegen: Kann du ganne, spør eg, ditt finnhelvet? Du skal svara når eg spør. He? Mora bad han både kjære og søte at han skulde halde fred, og tenarane drog seg unna, dei var både bleike og veike, for det skulde mindre til enn som så til han Nils Fykom før han gjorde ei ulukke på ein, dei kjente både ein og fleire som han hadde sprengt på flekken å kalle. – Du er ein ung mann, sa finnen blidt, men hugs-på ho er gammal ho som temmer. – No skal du ganne på meg, minders kjem du ikkje herifrå med helsa! Sett beinsøtta på meg, så eg styp! ta håre tå hue på meg, som du gjorde med Bjørlandskona – vil du lystre! Fram med gannposen din! og Per Anders reiv sekken ifrå finnen og tømte han. Dei snudde seg vekk alle mann; det fór kalde strålar igjenom 11dem. Faren i huse stod still og fortenkt som han pla gjera, liksom det skilde ikkje han. Så tok Per Anders og bar ut både finnen og sekken hans, rista han som et plag ut i vinden. Men all maten hans tok han og gjekk med vest i plassane, for der var det støtt einkvan som svalt. – Da steig finnkallen opp på ein stor stein og las bannskap og illt etter Per Anders, så det brann blått ikring han. Håre reiste seg iskaldt på hovudet åt ein: Føtene skulde krøkast i hop under Per Anders, kjøte skulde rotne av beina på han, krøtera skulde sturte før dei skikkelig var tilkomne – tretten dags dag skulde garen brenne – a-i, a-i-a-i oh! Per Anders klappa seg bak, og gjekk. Plasskjerringane vart glade for maten, og Per Anders levde som han hadde gjordt. Det beit ikkje gann på han.

Per Anders møtte opp på dansen i bygda, same når det var, og langt utanom, og da vart det liv i stua. Det var støtt slik moro med han, enda han var noko frammand for dem, han fann på så mangt slag. Men ein fekk agte seg: det var ikkje langt etter juling.

Kona si henta han langt ovant lande. Han forsåg seg på ei gjente på marknaden, og dagen etter var han med henne heim og fortalte han vilde ha henne. Far hennar slo i borde til han, for det var ein av dei største kaksane der i bygda. Det hendar ikkje! sa han. Ja, men eg skulde så nødvendig ha havt henne, sa Per Anders. – Du? Din lusbonde utant sjøkanten! 12Tenker du å fôre dotra mi med sursild?– Eg skulde så nødvendig ha havt henne. Og sei meg no ein ting: vil du ha peng eller juling? Per Anders slo pengeboka i borde, så dei hoppa alle som inne var, – det stod ei mjølkebunke på borde, og mjølkespruten stod heilt oppunder lofte. Slik hadde ingen slege i borde der i huse før, og ikkje med slik ei pengebok heller. – «Så val du komma da, Ane,» sa han, og ho puska på seg og kom. Men enda var ikkje juvikingen fornøgd. Sei meg, sa han: let du dotra di gå som ein tiggar ifrå heimen? Nei, det var no elles ikkje meininga, mannen hadde tenkt seg om, og leide ut to gilde kyr, og la fram både sølvty og anna arvegods. Ja ha, sa Per Anders, og no kan du ta og leie inn kyrne dine att, og gjømme skrape ditt, eg har meir enn nok heime. Og no tek du eit kristelig avskil med dotra di, du må pinade agte deg så eg ikkje tek og vanlagar kroppen din! Slik fortalte dei det gjekk for seg. Det vart ikkje så han reiste den dagen, og ikkje dagen etter heller; det vart slik stas med værsonen at det var store ting. Mannen gjekk og snakka om det all sin dag: Nei, han Per Anders, han som er gift med ho Ane vår, han har peng han. Nei, det borde her, det står mest ikkje sjøl; han kakka i det, han som er gift med ho Ane, det var nok. Gar? sa han. Å nei, han er liten den her, imot Juvika, der ho Ane vart gift.

Per Anders slo seg til ro etter den ferda. 13Han sette opp nye hus i Juvika, – maken hadde ingen set: stu-lon med to høgder og med kjøken og anna rart, stallbygning for seg og fjøs for seg. Dei sa Ane vilde ha han til å rive ned Gammel-stu med det same, men der stoppa han. Skulde det brenne eingong, så meiner eg ho vart bra å finne, sa han. – Etterpå saug han seg på jorda, han braut opp siste snippen av rydningslande, og veita ut kvar ei dæld som var blaut. Han tok liksom for seg garen og gjorde han ferdig.

«Dem får det tålig, dem som ette mæg kjem,» sa han. Elles sa han ikkje stort. Han hadde tre sønner: Anders og Jens og Per, og tre døtre: Ane og Åsel og Beret. Anders døde ung.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Juvikingar

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Juvikingar er første bind i serien og handler om Per Anders, et familieoverhode av den gamle sorten, og barna hans. Når Per Anders dør, prøver sønnene Per og Jens sammen å drive slektsgården videre, men etterhvert viser det seg at ingen av dem lykkes, og det blir opp til den neste generasjonen og Per Anders' barnebarn Anders å løfte Juvik-slekta opp igjen.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.