Juvikingar

av Olav Duun

Juvik-kjempa lear på seg


I.

93Sjøl veit, sa Per ein dagen, han og Jens var nedmed sjøen og barka garn. Sjøl veit. Det var ikkje godt å vita, med denne nåbranden.

Nåbranden? Kva var no det for eit beist?

Brandsyne dei såg her føre jul. Det vart tomt i Juvika etter at det hadde vore fram. Korles det så var eller ikkje.

Jens såg på han, stilt, og mest som han tenkte. Så snudde han seg. Han sa ikkje eit ord, men det var som ein stygg bannskap for Per, og så gav han seg til å rive og slite og flytta bark-kare åleine, så Per vart ståande med munnen open. Men best det var, så lo han, lo godslig og stygt, og flådde Per med auga: – Ja, du ser meg litt tom ut ja. Som ei brok som eigarmannen har rømt utor. Eg? vil du seie. Nei, ban, meg er det ingen som snakkar om. Vi treng da visst ikkje samrå oss om det, at det vart tomt. Men mørkrædd er vi no ikkje da!

Barnunge! tenkte Per. Men høgt sa han: Berre det ikkje var heile slegta, som – –

94Ja, mi tru om det. Og lukke på reisa. Det var no rett den slegta!

Det vart våren, og sommaren kom seg i gang. Men Juvika vart ikkje med. Der var så stilt, same kva dei stomla med; slik som det er, når store, tunge ting er i vente; eller slik det er, når ingen ting er i vente meir.

Per og Valborg var i arbeide jamt og støtt. Jens tok frami som bjørnen når det høvde; straks han kom på noko, fór han av stad og gjorde det, fauk i veg liksom hammaren når han fyk av skafte. Men det vart aldri noko kvardagsarbeid.

Ein dagen kom ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil i 1. utg.) dit. Da var karane på sjøen, dei fór og sette laksgarn frammed lande. Det var så mykje som Jens ho var ute og for etter. Den dingsen: no heldt han på og skulde skjemme ut både seg sjøl og dei andre, med ei gjente vest i plassane, det stod slik og slik til med henne! Det var sant, for ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil i 1. utg.) hadde sjøl vore i veg og treft gjenta. Armods toskhue, ho trudde ho skulde få han! No fekk ho Valborg snakke til han; for henne skjemdest han visst litegrand for. Sjøl hadde ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil i 1. utg.) vore for langt ut på veik is, men ho var no berre eit skarve kvinnfolk som det kunde bli slikt slag med. Eller: Snakk til ‘n Per du, sa Åsel, ho var sterk i sitt, og heim fór ho ikkje med ugjort erend denne gongen.

«Snakk åt ‘om Per?» Valborg vart tankefattig i andlete.

95«Ja, kjør beint på ‘om og sett elden ti ‘om attant-ifrå!»

«Han Per? – – Trur du det e så beint fram det da, som fot i hoss?»

«Nei nei men –»

«Han Per, ska æg fortel dæg – – æg veit alder om æg bli vaksin nok te å snakk åt hannom. For – – han e no ingen smågut; det veit du vel.»

Åsel lo så det song i veggene:

«Du tole velden for eit véra-lamm det hi vorti tå hannom da!»

Men da ho såg det bar av vegen, gjorde ho seg fort ålvorsam. Ho var så glad, sa ho, for det at Valborg trudde på han Per. For han var den einaste dei hadde å tru på no. Ho skulde ha stor takk for at ho var som ho var. – Eg får seie det, eg som ser det, sa ho, og dei vart raude og blyge båe to. Men det her er ålvor det, reint og beint, la ho til. Noko lyt han finne på, og det på timen òg.

Valborg var ikkje mange merkerne, da ho tok Per til sides om kvelden; men ho fekk da hakka det til: at no skulde det til å gå gale med han Jens, stygge ord om han heldt på og leita seg til gars, slik og slik var det.

Per stod mest som han ikkje hørte det. Ho Marja Oterbekken? sa han. Så lo han litt med seg sjøl: «Ja du Jens, du Jens. Forresten: Det der hi ‘n alder gjort, dem lyg

«Det gjer dem vel; så sant det læt sæg 96gjerast. Men du veit sjøl – – at du må snakk med ‘om.»

«Snakk med ‘om? Nei!» Og han stirde slik på henne, at ho såg til å komma seg unna. «Snakk med ‘om du! Det kan vara høveli kjerring-arbe det!» slengte han etter henne.

Dagen etter var Jens i veg og skamgjorde eine foten sin. Han skulde hoppe over ei bergklip oppi marka med ein tung borksekk på ryggen, glatt så og vrikla foten så han kom haltande heim. Han smurte på heit tjæra, og lest som han var like god, men det var armelig han kunde tippe nedpå med han.

Den dagen gjorde Per i stand eit lass med mølnad og kjørte til kvenna. Han smilte, for han såg Jens òg hadde tenkt seg vestover, hadde berre foten vore så lik. Kvenna var heilt vest i plassane, langt bortom Oterbekken, og det vart natta før Per tok til og fór heim.

Det var slik lysblå og vårsøvd ei sommarnatt. Myra vart endelaus bortover til fjella, og lauvlia slokna og vart til grågrøn draum. Myr-enge og bekkegrase anda svalt i dogga. Det dåma så sorgsamt; for dette var sommaren, og han var ikkje evig. – I slik ei natt var ungdommen ute og såg etter einannan; i slike nætter fann ein på mangt. Per hadde òg vore ute, nattens tid – det var lenge no sea.

Her ifrå Høgbrekka såg ein heilt bort til Ommundstranda, garen låg og sov no og hadde glømt alt i hop. Der sov ho Ane-Marget òg. 97Ein fugl-unge, med store auga og liten nebb, sa han med seg sjøl. Takk-gu, Per, at det gjekk som det gjorde. At det vart ho Valborg i staden. Når ein skal snakke om det.

Ja så, du ser eitkvart no, Bruna? sa han; hesten tok til og hara øyra. Ja-ha, det høvde som han tenkte, det. Han batt hesten i grindstolpen, for det sat ei der attom steinen, han såg i snippen av skjørte hennar. Han kremta og helsa, og gjenta skvatt opp, og stod der med fingrane i forklæe framfor han, ho visste ikkje kor ho skulde ta att seg.

Godkveld, Marja. Du er ute og går ja – ute og sit, vilde eg seie. Jaha, det vart da vêr til det òg no.

Ho vart armodslig raud over alt andlete. Men elles var det ei staut gjente, stor og velbygd; han måtte heilt borttil henne. Det var da sørgelig til auga det der, knurra han. Deg måtte vel han Jens ha, ja. Han stod og såg beint på henne, og ho fór unna med auga, tankane hoppa og skvatt i henne, som musa i tomtønna. – Du såg no ikkje for glad ut, sa han. Deg – bli det no vel tussig for. Han kremta seg opp og såg morskt på henne:

«Han Jens va i veig og skamfert ein bakfoten sin her i dag. Så han kjem ikkj.»

No såg ho opp. Ikkje visste ho kor mykje sant dette skulde vera, og slett ikkje kor mykje vondt det var meint med det. Ho står som dei har slått henne på høgre kinnbeine og no vil 98ho snu det venstre til, tenkte han. Per beit i hop tennene, så han fekk ein hard kul på kvar kjaken. Han retta ut handa og strauk bortpå håre hennar, det var svart og krusa som på ei fark-førkje, men det var vakkert likevel. Så snudde han seg og gjekk. Da han stod og tok taumane, sa han over aksla til henne:

«Du ska ikkj sørg på ‘n Jens, Marja. Fer kleinar kar får du ikkj.»

Ho hadde komme etter, liksom han hadde band kring henne. Men no kjørte han.

Han sat og snakka innvortes heile tida. – Du kann no vel ikkje komma dragande heim til gars med det der, veit eg? For herre gud rett for eit – – eit husmanns-ansigt. Tøv! ho er stygg! Svart som vigd mold – æh! vil du gå med deg, di bingsi der du er! han gav merra av taumbukta så ho fór i tvitråve bortetter steinvegen. Vognrammelen skura hardhendt over nattstilla, vekte opp alle berghamrane.

Jens sat og flirte til han dagen etter; han sat og lappa sko. Beint inn i auga pa han flirte han: – Eg ser du er einig med meg.– Så? – Ja. Det var no vel ikkje for mykje heller, om ein fekk ta seg ut den veikja ein skal ha, sjøl-seg. Den som skal slite henne. Ikkje sant?

«Te går-kjerring? E du besætt du? Ska ‘n berre tenk på – – å æg gi mæg helvet om å snakk med dæg, gjer æg!»

«Gjer så, ban.» Jens gav seg til å synge.


II.

99Om ein ottedags tid var Jens god kar. Han hadde vore grå og stinn i andlete med han sat inne og gjorde sko. Somtid sveitta han. Det var eitkvart som gjekk i han. Per merka det godt, og han tykte han vart kald og våt og måtte riste seg.

Endelig la Jens i veg ein kvelden. Han tenkte seg vest i bekkene og angle, han grov mark og fann fram angle-trøa, og så fór han. Per såg etter han og vart trong og heit i halsen. He … sa han, og no fraus han att. Det fekk gå som det vilde.

Jens sette eine aksla fram, det gjorde han støtt når han var ivrig og skulde ein stad, kom som eit påbrasa råsegl. Enno var det ikkje fritt anna enn han halta litt, men han fór fort så det snørp i han. Og tanken han fór føre så det blistra, det tykte han sjøl. Slik hadde han streppa omkring no kvar einaste dag, med han sat ufarug. Og no veit eg da kva eg vil! sa han.

Han såg ut i vêre og kaldflirte, da han kom bort til anglebekken: He! det var verkelig anglevêr! Ja da; slik råktes det. Regne vaska og mulla, trutt og godslig som ein leikande unge; så stana det ur-lite og lya, langt ut i lufta, og så tok det til att.

Jens sputta aldri på agne når han hivde det, og ongul kalla han ongul og fisk kalla han fisk, og slik bortgjenom, han var egte juviking, enten 100dei trudde det eller ikkje; og fisk fekk han for det, såg ikkje anna. – Og i kveld skal dei bli vâr meg, gammalkarane, enten dei vil eller ikkje, sa han; han sa det høgt i fosseduren, og togg seg på leppa. – I kveld skal dei få sjå!

Han fór ikkje Oterbekken ned til plassen, han tok tvert om myra og til Dølbekken, enda der var agnetaForfatternote: agnet ɔ: små-aure. så små ho var ikkje steikande. Han heftast heller ikkje der, han var snart nedmed ein plass som heiter Aune. Der kom det ein ut og stod i døra, ein ungdom, noko yngre enn Jens; han stod litt og følgde fiskaren, og visste ikkje rettelig. Men så tok han seg mot for og gjekk nedover. Jens lest ikkje som han hadde vorte vâr han. – Er det du Morten som kjem skrevande? sa han, da han var der; men han heldt berre auga med taumen.

Morten vart med nedover, han gjekk og såg på og snakka. Han var seig i gonglage som ein utsliten ein, men fløt i munnen. Han vart med heilt nedtil Kvennhus-fossen. Jens såg ut som han var fornøgd.

Jens gjorde opp taumen og støyrde trøa i mælen: Veit du kva vi gjer, Morten? Du og eg og vi to? Vi går åt kvennhuse og tek oss ein blank ein. Han gjekk, og Morten kom etter, langlet og opp i under. Jens hadde ei diger neverskrukke på ryggen, det hadde Morten gått og set på, men dramm hadde han ikkje drømt om like vel. Det var elles nifst dei skulde inn 101i kvennhuse. Det var kald-hustre og stilt der, og mørkt; vatne stod utom veggen og las, det gjorde det ikkje hugligare.

Jens kom fram med ei stor låteflaske, ein sladder-butel med knip i, og så skjenkte han full ein gammal hav-laus kopp. Dei drakk utor den kvar sin gong; det var egte Juvik-brennvin, og Morten naus og grein og let vel: slik ein styng fekk ein ikkje til kvardags.

Dei sat og tagde ei stund. – Ja, her har eg set og hørt mangt slag, sa Jens endelig. Mykje stygt, gut! Men sjå: det bit ikkje på meg. Eg, veit du, som har forsvore meg åt ‘n Gammel-Sjur sjøl.

Han såg innholt på Morten, og Morten fekk froske-sli over all sin kropp, syntes han.

Nei, san, ingen ting skræmer meg no lenger; det står ikkje til. For eg trur ikkje på noko, eg. Utan på Gamlingen sjøl da. Og han og eg vi er gode bussar. He?

Morten let att munnen. Han såg åt døra, som stod på gløtt. Men Jens let henne att.

Nei, men her i natt, gut, da drømte eg rart, skal du tru. Eg drømte at Vårherre kom og tok ifrå meg kjerringa mi, det var enda ho Marja Oterbekken. Eg heldt att det eg vann, men sjå, han vart meg for sterk i lengda; eg måtte gi meg. Og nokon blomster var ho no ikkje da. Ja, bli ikkje raud for det, du. Ho Marja er bra nok. Til sitt bruk. Eg vil likne henne med ein god båt: Lettstyrd men traust, Morten!

102Morten svelgde, og Jens sat og vakta på han.

Veit du kva eg hørte her, eine natta eg låg her og môl? Det ropa hit ifrå fossen, det er det kaldaste måle eg har hørt: «Jens,» ropa det, «hiv hit ein mann åt mæg.» Det var huskje. Eg måtte lova det. He?

– Ja ja, men – –

Det fekk no bli ein fiendsmann det da, veit du. For det er respekterli! Jens bruka av og til eit ord etter faren; han tykte det var kraft i det.

Veit du kva eg sit og tenker på, Morten? At du skal ta og gifte deg med a Marja. At det er det dem krev. Både juvikingane og Svarten sjøl og alt i hop – he? Hører du?

Jens hogg med andlete, og kvitna om leppene. For det var da fanken om ein ikkje skulde få denne komlingen her til å byste imot, til å gi lyd! Han sat og stirde berre: Hadde dei løyst eit skott inn i øyra på han?

«Ja, for du hi vøri der, du gjer ikkj å negt for det; ho hi sjøl fertæld mæg det.»

«Det e – – leng sia det!»

«Ja, trur du æg bry mæg om det? Æg? som gi mæg søtten om både den Kvit og den Svart! Æg, som hi lovt å hiv ein mann på fossen, he? Det hi æg hellest ein rivanes løst te.»

Morten smilte bleikt, slik dei smiler, mange, når dei må døy.

«Kom med handa da!» Jens murra som eit dyr, han hadde blod på tann.

103Morten kom med handa.

«Og så går vi ut!» Jens reiste seg. Han smilte no, trygt og lurt, som ein blind ein i mørkre: han visste å finne fram.

Han hadde stogga i med regne ute, stod med tunga i munnvika og tenkte seg om; og skyene hadde lukta sudvesten og letta på seg, dei drog til fjells. Det var elles lyst som dagen, og varmt og godt, og vatne og allting susa så levande omkring ein.

No skulde dei lauge seg, sa Jens. Med klædane på, ikkje sant?

Å lauge seg var ein hard ting for Morten, og no ville nattens tid? og med klæane på? Han sukka, og såg heimover. Det var langt dit. Og Jens Juvika hadde han hørt mykje gale om; og no hadde han vorte tullut åttat; og enda var han like slug og vaken som før.

«Sjå her da, din sålvåi!» og Jens kjørte seg på hovude ut i djupaste hølen så det kvitna og svortna etter, kom opp midt utpå, andlete snudde hitover, og vatne rann av det – der vart det borte att. Morten huka seg i hop i knea; han var nær på å bløyte ut seg der han stod.

Da Jens kom opp, tok han på Morten: Er vi venner eller er vi uvenner? Du skal svara meg på det! Venner – ja vel! Da skal du uti liksom eg. Der! – han tok og hivde han uti, enda stakaren peip og let om seg; han fiska han oppatt og rista vatne av han. – No er du døypt, Morten. No er vi venner for ålvor. Og 104no veit eg du gjer som eg vil. Så eg slepp å hive deg uti åt han. No veit eg det. Og på det drikk vi ein dramm,– her er ein stubb med likhalm nedpå flaska, det er jamgodt med ein skamlig eid det, forstår du. Så, no har du sett sjæla di i pant.

Dei sprang rundt huse og haugen eit par gonger, for å komma seg i ølen, og så skjenkte dei seg ein liten knekt att.

Morten levna til og tykte det stod til lands. Han hadde gjerne lova meir enn han gjorde. – Så sette dei seg i bakken.

Å, eg er rar, sa Jens. Eg er ein for meg sjøl. Veit du kva eg ønsker meg, ofte? Berre ein ting, far: at eg sat oppi høgste Vatsli-Bruna og bles på lur. Bles så dei måtte danse alle mann – bles så dei måtte opp og danse dei gamle juvikingane med. Men somtid sit eg og tenker. Er ikkje det rart? Han Per? vil du seie. Nei da, neida, han går berre og søv han. Å, eg er eit mang-dubbelt menneske. Det er ikkje mange som forstår seg på meg, san. Slik var dei, dei gamle kongane og kjempane, han Goliat og ‘n Blodøks og ‘n Bjønn-Anders Juvika og dei der; dei var ville og galne, og fæle etter kvinnfolka; og så sat dei og tenkte, gut, og ingen visste kva dei tenkte på. – – Det er forresten merkelig nok, berre det at eg sit her og pratar og er venner med deg; med ei husmanns-sål.

Morten tykte det same. Han visste ikkje 105kor han skulde finne att seg, men her gjekk han og var venner og jamgod med sjølve ‘n Jens Juvika, det var visst og sant.

Dei gjekk oppetter bekken, men dei fiska ikkje. Jens kokte innvortes enno. Dette er live, gut! sa han. Å eg kjenner det på meg, at eg er farlig. Eg var borti Gammel-stu ein natta med ‘n far stod lik der, og så kom der ein og kleip borti meg. Eg gav han ein under øyra. Da flirte han, og frøste, og lét så eg var fan til kar! He? Står du og kaldflirer åt meg? Ja, du tek henne, det varsku eg deg om!

Ja, sa Morten rapt. Du veit eg har no havt som eit godt auge til henne – –

«Hald kjeften din, din hundtarm! Du veit da vel at ho kann ikkj bli gårkjerring i Juvikja, e du svart, du? Æg e odelsmann æg, det e meir hell du ferstår. Enda ho e eit horisontalt kvinnfolk, æg sei ikkj anna!»

Dei vadde over bekken ein stad, til det gjekk dem opp på magen. Morten hiksta og lo, og Jens såg att og blunka til han: Vi to, vi høver i hop, vi. To gapar alle tre! – – Nei, for det høver meg ikkje å ta henne. Eg vil ut. Du gjer meg den beina; du som forstår meg. Hell så kjem eg, det veit du. Og kostnadsfritt skal du sitte med plassen så lenge eg er ovan torva, hugs på det. Men det er godt ikkje han Per bror min hører meg, for han er av det gamle slage han. Eit klavenaut. Men ein gasta kar, det seier eg deg. Ho ho, san, når han 106hører eg er venner med ‘n Morten Aunamoen! Det seier vi forresten ikkje noko om, med det første.

Det kunde heller aldri Morten ha funne på. Han fekk mest ikkje ord opp, da Jens sa farvel og takk for lage; men han ønska seg han kunde få springe på djupe fjorden for han.

Det var nattstilt og fredsamt. Bjørkelauve lukta så godt, og Jens gjekk og saup det i seg i djupe drag, som eit dyr som har stått innstengt, tykte han. – Å herre min hund rett, det gjer godt å få lea på seg. Hæ hæ hæ hæ! Kor flat eg slo han! Kor handfritt eg laug han full! Laug tå fri hand, gut – nei, enno er her gutar i Juvika!

Der såg han ‘n Morten enda, han herde på og gjekk, meste han vann, kalvbeint men heimover; han syntes visst han hadde ein svart ein i hælane på seg. Jens ropte etter han:

«Vart du forfæld, Morten? Vart du bange

Det orde tykte han var eit som klødde litt. Men no tok han i veg sjøl òg, fortare og fortare, for her var unaturlig så stillt, det skropp og tuska i klæane når han gjekk, trea og haugane dei hara øyra og lya; og denne skodda som kom, ho var rar så lys og still; han tok kute sistpå, han flirte men han måtte i veg, hinka og sprang og gjorde ein vill fart.

Da han stod heime i garen, pusta han ut. Da såg han det for seg, det var ein forunderlig klår og rar augeblink: Slik hadde dei rennt seg 107rædde, alle dei gamle bjønnane her, mann etter mann hitgjenom tida – å, det er kaldvore å vera vaksen-kar òg, somtid, for det om ein aldri trur på det slag meir. Men han Per, han er ein urande liten ein: Han fer og ligg borti Gammel-stu om nættene, skal herde seg til og bli som ‘n far. Det er høgt opp og langt fram det; for den som er for stutt.

Han fór opp, da han skikkelig hadde somna, og såg seg forvilla ikring:

Var det berre draumen? Var han ikkje konge da, på eit røvarskip? Hn! hn!

Så vart han liggande still. Det kom ein tanke gravande fram i han: Han Per. No låg kanskje han Per og drømte om at han var konge over heile Juvika, han? Ja ja, lat han det.


III.

Det gjorde ikkje Per; han låg vaken. Men han hadde det i seg, han gjekk med det om dagane som ei dyr sanning som han skulde leva på, at no var det berre han. Dei vilde det slik.

Han fekk elles anna å tenke på. Det leid ikkje langt, så let dei slik, at det skulde bli bryllopp vest i plassane. Tidna gjekk i kross og krok, til ho nådde fram til Juvika òg.

Valborg la ifrå seg arbeide sitt, tørka av fingrane lenge og vel og så gjekk ho ut. – Ja, du Per, du Per, sa ho, og ho var mjuk og opptint over 108heile det breie sterke andlete. – Nei, eg visste det, eg, det vart ei råd. Når du berre vilde.

Per var nedpå gjorde og flytta hestane. Valborg tok med seg bøtta som stod der, og var bortom bekken etter vatn til dem med det same. No først kom det for henne, at ho kunde ikkje gå beint på han slik, han var no ingen gjætlegut, beintfram, – kor tenkte ho seg henn? Men no var det for seint; ho måtte ut med det.

«A?» sa Per. Anna sa han ikkje.

«Sjer du berre, Per, om det ikkj nøtta!»

Ho såg frimodig på han, ho var for lukkelig til å gi seg.

Ja ja, det var så det, sa han. Han var så mild i auga, stod og såg hit og dit bortover vollen. – «Rettno får vi te å slå, mein du ikkje det, du òg?»

«Ja!» Ho vart så glad, ho visste knapt kva fot ho skulde stå på: Slik var han Per, når han berre synte seg. «Ja, rettno så,» sa ho.

Dei gjekk i lag oppover vollen og heim.

Per nemnte ingen ting til Jens før om eit par dagar. Dei var bortpå låven og flidde om høysledane. – Det var så det, sa han. Det måtte gjerast. Mange ting slik. Og han Morten og ho Marja, det kunde no bli eit bra par det. Jens hadde vel hørt det?

Jens stod litt. Så sette han i og lo. Per steig attende, når Jens snudde seg til han slik og råflirte. Men han fekk mot av det. Han kom fram att: Ja, det var no inga anna råd, no 109som det var. Men, men, san: Skjemdest han ikkje bitter-lite grand?

Det var eit aug-blek at Jens stod og var liten og borte. – Eg gjer rett det òg, du, sa han. Nei, han sa det ikkje, men Per såg så tydelig at han sa det med seg sjøl, og han kasta borti eit anna snakk. Han Morten kunde no få plassen på lett byksel; slik at ingen fekk nysn i det.

«No ska æg fortæl dæg ein liten ting, Per!» Jens tok hammaren og til å drive. «Du e no ikkj slekkan ‘n kar du hell, som ho held dæg fer; ho knefalle ditt. Sjå, du vart no inge avgudstempel, du meir hell æg.»

Per gjekk åt smia etter eitkvart.

«Å nei, san. Det feila no mykje på det, men.»

– – – Dei arbeidde grovt no ei tid frametter. Etter onna tok dei til med Juvik-bekken, så gammal han var. Det var ein skarvbekk; han grov ut, og han flømte over, først det var ei vassflo, ødela både åker og eng. Faren hadde gått og set på det, dei kom i hug det no; men han hadde aldri sagt noko. Kanskje han hadde etla det åt dem, dette?

Og no skulde han til hest, det sa han Jens òg. Her kom det to som våga seg til. Jens arbeidde så det stod etter, og daganes dag, så Per vart reint opp i under. Han likte det, og han likte det ikkje. Det var slikt gjøys med Jens, han tok vêre ifrå ein annan ein; så pla det snåpt vera over att, og det var det verste Per visste. Serlig no dei var toeina. For da 110stod det så tydelig, midt imot dem, at dei hadde ikkje fått tak på det dei skulde gjera, og fekk det ikkje heller. Det var ikkje anna råd enn å ta det med kapparbeid, som dei var fiendar, for da var det von at Jens hang med. – Han hang med. Dei demte opp og søkte bekken eit par aln, så langt som Juvik-gjorde rakk.

Det var godvêre, han kvilte etter regne no. Solskine hang i liene frå morgon til kveld, det var slikt gull og slik blåna at ein måtte sjå opp. Høye hadde elles rotna bort, mykje godt, og åkeren var kåla grøn. Tynn var han òg, mest berre ugrase, for det hadde vore ein hustre kald og tør vår. Og no tok det til att, regn og vestavind og vondt vêr. Det såg svart ut.

«Tør-år og røyt-år, og grøn-år og frost-år, og enda ikkj uår,» sa Jens. Per sukka. Uår vart det vel. Men ein fekk trøste seg med at det var verre andre-stads.

Det var rart det skulde råkast slik i år, sa han somtid. Og han såg dei hadde tenkt på det same, både Jens og Valborg, dei vart så langlet når han nemnte det. Da slo det som ein kald gust attende frå dem: Det var ein lei treff. Var det einkvar som vilde dem vondt? Men så tenkte han, og la i hop, liksom han la i hop heile verda: Det var så mange slag ulukkor ute i verda no, krig og svolt og stygge ting. Det kunde aldri vera for Juvika det spøkte. Røyken slo ned eine dagen og vilde ikkje opp meir, hesten stupte på flate vollen, ja visst, det var 111mangt slik, men juvikingane hadde set verre ting enn det, og like beine gjekk dei. Når han berre kunde få litt liv i Jens.

Det var det verre med. – Herre min dag kor det luktar tå det! sa han. – Luktar ja, tå Juvika og heile stelle, forstår du meg no? Enno hendte det han kleiv opp i bratfjelle og rulla stein i sjøen sundags morgonen, så kirkbåtane strika på årane og var forfælte. Somtid kom han over eitkvart drikkandes, og da vart han vill og rang og var nærpå å rive hus. «Æg e som vestavinden, æg e som dyre, æg skuld ikkj ha lov te å gang laus!» song han. Han tok seg for og banka opp einkvar, vanlaga dem urlite, som han kalla det. Ein gong han var over fjorden på dans, la han av heilt aust i Engdalen, sette bjølle på både hest og gris, og slepte dem ut, midt på svarte natta. Etterpå slike ferder var han gjerne bra ei stund.

Ut på vinteren gjorde han seg nye sjøstøvlar, og nytt skinnhyre; han vilde på fiskja.

Dei stod på låven, da Jens fortalte det. Dei banka utor det korn-tustre dei hadde, – for husmennene var det reine gudslåne å få. – Eg må spøre: er du tå-det-kommen? sa Per. – Ja ha, det er eg visst. Han slong av unna broren, men best det er, tversnur han og ser vondt på han:

«Æg bli så lei tå å liggji heim her i lag-med tausin – æg vil ikkj fisk ‘i vass-stampen meir!»

Per stod og såg ned, ei heil øve. – Rettno 112kjem han visst på kva han tenkte å seie i går, sa Jens med seg sjøl. – Dette òg har eg frygta for, sa Per. Men at han står og seier det da? Tausene.

Jens fór på fiskja. Han hadde skiparlag med Mikkal Vikan, som var høvesmann. Det var ei halvvori skamm for Juvik-mannen, dette, han vart berre jamgod med ein annan gut-påk,– ikkje som høvesmann eingong hadde dei fare i veg i Juvika. Men Per var glad han fór sin veg.


IV.

Det vart stole i bure i Juvika den våren, to gonger og kanskje meir, og siste gongen slik at det gjorde skar i maten. Valborg kom inn og var tålig flat; ho tok med seg Per og synte han: Brød! og smør! og kjøt! han hadde git seg tida og tenkt seg vel om – og der! der hadde han sete og gjort seg til svin, for å vanære dem. Per gjekk til kornbingane. Nei, ikkje korn.

Låse var gammalt og sålut. Per rådde seg eit nytt eit, og no hadde dei verkelig fred eit tak. Tjuven hadde vore der og prøvd, eine natta, han hadde bryte og bonna med redskapen sin så det synte etter. Eg mein du vart for stutt, sa Per.

«Det va skrot at ikkj ‘n Jens va heim,» sa han til Valborg, «så skuld vi ha bia opp karen.»

«Å, han Jens!» sa ho. «Han Jens – og han Jens!» Ho gjekk beint ifrå han.

113Straks etter kom Jens heim. Han vart æsande ivrig. Han fekk store naseborer, og ei brei raud rand oppigjenom panna, han snøste, men han såg glad ut, liksom dei hadde arga han så han hadde lov til å slå.

«Han kjem att,» sa han. «Han ska ha såkonn, du kan ferbann dæg på det; jøsses, han kjem att. Og da ska vi jaga’n på sømme, på fjorden, hæ hæ hæ, gut!»

Ja, skulde dei verkelig vøre – –? Per hørte tydelig at einkvar kviskra til han.

Javisst for Svarten! Jens lyste av lukke, og det smitta Per med. For her hendte mest aldri noko. Jens snakka om det, dagen til endes. Eg sveittar som ein skinnfell-reiar, først eg kjem i hug det, sa han, – å, det skal bli trøyheit, Per! Per var snart likså ivrig, og om det så var han Anders, småguten, så tok han til og vêra noko. Han vilde ikkje legge seg den natta.

Dei låg på vakt i tre nætter, Jens og Per, ein i stallporten, ein i vedskotte. Den tredje natta kom han.

Kor han kom ifrå, såg dei ikkje, men bursdøra lét om seg, ho måtte opp denne gongen, og der stod det ein svart skugge og lya. Det var ei still natt, berre grå himmel og grå jord; vinden tuska og gjekk frammed husa. Det stomla borti stallen, ein trygg lyd; og katten kom smygande om nova, lang og låg i ryggen. Og der smatt skuggen inn i burssvala.

114Det plistrar ifrå Jens, og så stel dei seg fram ifrå kvar sin kant. Han på bure kjem stikkande ut, sig ned millom burstroppa og inn under bure.

«Vast no urliti, så ska vi tyn dæg!» seier Jens og spring rundt bure, Per omkring på andre sia. Tjuven renner nedover reina, og dei etter, litt ut til sida; så ber det opp å andre sida, til skogs. Nei da, var det likt! ropar Jens, ein hører kor han kokar innvendes, så fornøgd er han; han set fart på, renner som eit grått reip frammed skigaren, og tjuven må nedover mot sjøen. Han er lett på foten, fanten, dei kunde knapt ta han om dei vilde, – der fór han opp rabben på Sjøhaugen og inn i bjørkekrungle.

«Hæ hæ, vi spring som kælvan!» ler Jens, «Vi skjenna så det lukta brennt, det her e liv og levnet det, Per!» han tok seg springtak og rennte opp ein bergtrapp som var manns-høg. Tjuven måtte fram att, dei såg han imot himmelen som snarast, ein stor ein lang ein, og lang i sula, ho ho, no vart her eit jag att! Per tok ein beinveg og gjømte seg i Svarthammar-kleiva, for dit måtte han komma, Jens i hælene på tjuven og jaga, frå holt til holt frammed sjøen: «Kan du ikkj vent da, din fåni – æg kan da vel ikkj få live tå dæg på den her måtin!»

Tjuven datt ein stad. Da stana Jens og knytte att skoreima si, og murra: «Opp med dæg! Du ska på sjøn, ferstår du!» No kom 115han opp kleiva, Per låg og hørte kor han hosta for kvart andedrage, og no vilde han ta han og banke opp han, og så leie han med til gars og gi han mat! Jens fekk finne seg ein kåt kalv å kappspringe med. Han reiste seg.

«Ja, det va rett ja,» – han ropte høgt og berrmælt –, «kom hit du, æg sett og venta.»

Tjuven søkk ihop i knea, han dreg anda som eit langt skrik inngjenom halsen, og så skjanglar han av beint på Svarthammaren. Jens etter, og Per søromkring og skal møte han att.

Jens kom, men ikkje tjuven. Det var lyse morgonen no, og dei vart ståande og sjå på einannan. Per såg det meir enn klårt nok, kor til stod, men han spurte lel:

«Kan du fertæl mæg – – kor ‘n gjord tå kroppen sin, fyren?»

«Han vart bange, gut! Æg hord berre det slomp i sjøn.»

Per la i veg fram etter lande, til brattfloge stengte for han; Jens kom etter med hendene i lomma. Ingen ting å sjå. – Ikkje så mykje som ei blemme på sjøen, sa Jens.

Sjøen låg som han pla gjera i solrunna, båregrå og likeglad. Han var som ein tok han: han var frisk der han gjekk, vilde ingen mann noko, salt var han, men slett ikkje vond. Ein hørte morgonvinden oppå fjorden, han kom brusande og mumlande som ei skrei med ungdom. Lande vakna, levna til med sol og skugge og gav seg over til dagen.

116«Hm! Som han skuld vara ned sokka,» sa Per.

«Det e ‘n no ò, det. Sokka som ein annan stein. Kjem vel opp igjen uti hund-dagan.»

«Og æg – – – som hord det kviskra åt mæg!» Per mumla dei siste orda med seg sjøl.

Dei gjekk heim.

«Du sjer mæg ut så tom i buksa?» flirte Jens; «e du dålig etter sprangje? Men det e fanken så lelli, gut, å vara fri mann, fri-maur, og gjera som ‘n løsta og vil. Gammel-karan, der fekk dem sjå no. Å nei, Juvik-kjempa, når ho tek te å lea på sæg, da e a fali! Han far – jau du veit, han va ingen ku-rygg han. Men det va inge levnet ti ‘om. Hæ, hæ! tjyven gut, han sprang så-le-des!»

«Ja ja. Det val i gudsnamn vara gjort det som gjort e no da.» Per tørka sveitten av skallen og halsen.

Valborg var oppe da dei kom, og ‘n Anders med. – Kor det gjekk, fekk dei tak på han?

Å jau, dei fekk han da på jage. Det var Per som svara, og han var snar til det. Jens gjorde med andlete, slengte huva i golve og vilde ha seg ein drikk skjør.

«Drap dokk ‘n? He?» Anders snudde seg til Jens: «Svara mæg du da, fabro – drap dokk ‘n?»

«Nei, han – – hald kjeften din, skjitongji!»


V.

117Valborg undrast mykje på kven det kunde vera, og det same gjorde dei andre i huse. Men det kunde no vera kven det vilde, for dem. Han kom knapt att så snarlig snart – karmennene hadde vore hardt etter han.

Valborg hadde elles så mange ting å tenke på. Det var no først og fremst huse å stå for, Juvika var ei gild bør å ha på nakken, og så var det eine tausa, ho Dåret, Vårherre visste korles det var med henne. For det var gale med henne. Tynnare og tynnare i andlete, og tjukkare og tjukkare elles, og still og tangst tå seg, ingenting om henne meir. Ein lyt tenke seg om, før ein legg i veg og snakkar om slikt. Per torde ho ikkje nemne det til; det hogge vilde ikkje ho gi han.

Så vart det han Morten Aune å snakke om. Han hadde fare ei uferd. Han hadde gått seg ned i Flymyra ein kvelden. Dei fann aldri att han meir, – ein fann aldri att noko som vart borte der. Den eine etter den andre kom og fortalte: Dei hadde havt førevarsel om det. Grenda grodde over med mørkrædd snakk. Rev-tikja hadde sete og hosta og gjøydd vestpå haugen ovom flya natt etter natt; og to kjyr hadde kasta daukalven straks før. Ein gammal krok som var til sengs og låg vaken om nættene, hadde hørt 118rop innover myra i vinter; og ramnen, den ufuglen, hadde sete oppi fjelle og sagt rah! mest kvar einaste dagen. Og kvelden før, eller same kvelden det hendte seg, hadde himmelen vore så nifsk som dei ikkje hadde set han før: blågrøn og gul vatrut i eitt bragl, og sistpå vart han som ein gloande omn, med nåkvite skapningar som hoppa og dansa – han hadde no vel aldri gjort åt med seg, armingen? For han kunde vel ha som ein liten grunn til det òg, hadde først styggmagta fått klo i han. Men dei hadde tenkt det var krigstid og blodsudgydels det varsla for. Men verst var det aust i Svarthammaren.

Svarthammaren? sa Jens, og Per såg hastig opp.

Ja, kjære, hadde dei ikkje hørt det da? Her ein natta rodde det einkvar frammed lande der, og da stod der ein kvit ein oppi berge, dei trudde ikkje auga sine, enda dei var to mann i båten, men så tok han til å lea på seg, bynte å fekte med armane åt deim og vilde deim eitkvart; dei la seg på årane det dei vann, og det siste dei såg, var at han hivde seg hovudstups i sjøen, – det var ein som ikkje låg i kristen jord.

Jens skompa borti Per og hadde det trøysamt. Valborg såg det, men ho trudde det kom seg av, at dette skulde vera ovtru og røl.

«Ja ja, vøl ikkj det du,» sa han; «det hi henda så gæli før.»

«Å ja; det e no ikkj-noko å flir åt,» sa ho; ho hørte sjøl ho darra i måle.

119Ho måtte ut med det til Per, om kvelden dei vart toeina:

«Det skuld no aldri vara – – »

«– han Morten som va tjyven jau? Jau, det kan du ferbann dæg på!»

«Æg mein da du e fél,Forfatternote: fél ɔ: fæl æg!» Ho vart liggande fortenkt. – Ja ja, sa ho om ei stund; det fekk våge seg det; no når det var gjort. Men sprang han på sjøen da? Ja, da var det no sjølgjort da; så da fekk det bli hans sak å svara for det.

Ja, sa Per, og snudde seg.

Men Anders hadde ligge vaken og hørt på.

«Drap dok ‘n lel da?» sa han, han reiste seg og sat i senga, spelande vaken.

Neida, neida, sa mora, – det var ikkje slik, men slik! Ho snakka han rundt så godt ho kunde, og han låg og hørte på, still og vantruen. Han spurte ikkje meir.

– – – Men så var det det der med tausa att. Valborg fekk henne med seg ut ein dag og renska eng; det var eit arbeid som ein måtte vera med sjøl-seg til, skulde det bli gjort. Dei var nedom reina, og for seg sjøl. Valborg studde seg på riveskafte og såg på henne.

«E det ‘n Jens da?» sa ho, best ho stod. For det vart ikkje annan måte å ta det på.

Det var mest som dei slo føtene unna gjenta. Ja, svara ho, det var han. Og no var ho glad, at det endelig eingong var sagt. Jau, det var han Jens ja, tok ho oppatt.

120«Eig du ikkj skamm i live da? At du kjem her og skjemmi ut heile Juvikja, he?»

«Æg ha no ikkj villa det hell, æg,» sutra gjenta. «Men det nøtta no ikkj det så.»

Valborg måtte vekk ifrå det. Tenkte dei på å gifte seg no da? spurte ho.

Dei tenkte da det ja, så smått. «Førri slåttonna, meint vi.»

Var ho så gælen etter han da? Etter han Jens?

Gælen etter han? Nei, det fekk no vera måte med det. Gjenta kvikna til fort no, og Valborg likte seg mindre og mindre. – Nei, det var berre så vidt ho såg råd for å ta han, han var så vond å komma innåt, for han raka seg mest aldri. Og ikkje kunde han vera stort til kar heller, som for hoss henne, hoss tausa på garen, – nei, det var knapt ho vilde ha han. Men han hadde vore snild med henne, utrulig snild, og så var han ein umulig ein å komma seg ifrå. Og no – var det vel i seinaste lage å snu? Gjenta såg nedover seg.

Valborg vart raud. Ho kremta og vart kvass i auga. Rettno jaga ho førkja beint utor garen.

Men Dåret såg matmora truhjarta opp i andlete, dei var jamgod dei to, no:

«Osså va det no snart likar – – enn å gang som taus all sin dag. Og likar enn å bli plasskjerring.»

Valborg måtte unna att. Ho tok til å arbeide. 121Ho brann i andlete, og hendene skalv. Dette var det ufysligaste ho hadde gått seg opp i.

Dåret tok riva ho òg. Det var ei trivelig gjente, som karane måtte bli gal etter, ho var vakker no òg, det såg Valborg for seg der ho fór; toskehue var farlig nok, og han Jens vart no Jens han.

Og det verste var, at ho var så dum: ho kunde tru kva det skulde vera! Ingen vann over henne.

Nei, det verste var ikkje det heller. Valborg kjente det som ein brystbrånna dagen til endes: Ho var slug som ormen attåt. Ho kunde narre om det så var han Jens.

Ho måtte til Per med det om kvelden. Om han visste korles det var med ho Dåret?

Nei, det visste han ikkje.

Ja, slik stod det no til, fortalte Valborg. Og no tenker ho å bli garkone her?

Det var mest som Per ikkje hørte det ho sa. Ho sa det eingong til: Ho tenker å bli garkone her?

«Ja ja, i gudsnamn da!» Han såg ned millom nevane sine, og gjeispa.

«He?»

Nei, han sa ingen ting.

«Ja, men det henda ikkj, den dag sol skjin! Så mykji du veit det!»

Ho var kritande bleik, og darra kring munnen.

«Nei nei,» sa han, og så reiste han seg og gjekk ut, skulde sjå til hestane.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Juvikingar

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Juvikingar er første bind i serien og handler om Per Anders, et familieoverhode av den gamle sorten, og barna hans. Når Per Anders dør, prøver sønnene Per og Jens sammen å drive slektsgården videre, men etterhvert viser det seg at ingen av dem lykkes, og det blir opp til den neste generasjonen og Per Anders' barnebarn Anders å løfte Juvik-slekta opp igjen.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.