Juvikingar

av Olav Duun

«Men frels os fra det onde!»


I.

151Det var utpå førejulsvinteren, ein totre år etter.

Per kom over garen frå svala, der gutane heldt på og hadde inn brenntørv. Valborg kom ifrå bure, ho hadde vore etter brød. Ei plasskjerring smatt om nova med posen sin, og Per såg han var tom.

Ja, sa Valborg, – men kva skulde ein gjera? Ho visste ikkje kor det vart tå korn og mjøl, men bort kom det: Det ståst ingen ting. Hyra dei med grautmjøl vinteren over, så fekk ein seie det var storveges; og korles var det med såkorn? Ei tønne bygg, det vart ikkje mykje det til Håberg-jorda. Men som sagt: grautmjøle –

Å – dei fekk ta seg skjei og anna utover vinteren. Det var vel ikkje meininga ein skulde vera mett støtt.

Slik vart det gjernast, når dei snakkast ved. Alvore og meininga kom bort for dem, tykte dei. Den eine stod og undrast på den andre, men dei stod liksom med ryggen til einannan, fekk ingen ting vita.

Valborg gjekk inn. Per gjorde seg ein sving bortom fjøsnova, og der stod kjerringa 152med posen. – Kva det er som feilar deg? sa han, – er du mjøllaus? Kom med posen din da, fort. Han langa han ut til henne att, som det skulde vera ei mark i han eller så: Her går! Kom deg så heim.

Valborg hadde rett: Dei tok til og vart for fjølgmennte no, og i bure der minka det stygt, ein fekk hålede seie nei! Men Per lika det ikkje, det var slik ein fattigmann-smak av det. Han lo hjartelig, når smågutane varskudde: «Der kjem det ein påssatråvar igjen!» og han kunde gjerne ha hissa hunden på dem før dei nådde til gars; men det var eit anna mål når dei først var her. Det var no òg ei strid tid for småmannen; ho var strid nok for anna folk.

Første sommaren dei var på Håberg, kom det store froståre. I mai sette det til med sprengvarme, så dei knapt berga beista for ormåte. Utpå sommaren fraus det, gong for gong, og verst var det på Håberg. – Det var no så det, sa Per berre. Ein riv no ikkje ned låven for eitt uår. – Nei, vart det no berre eitt, sa Valborg. Men det var rart det skulde treffe til just i år? Hø! sa Per, og så snudde han seg. Han kunde snu seg slik ifrå ein, at ein var både glømt og bortkommen. Han meinte ikkje det grand vondt med det. For Valborg var ikkje noko sål-kræ til kvinnfolk. Det var det, at det hadde gått gale med henne, to gonger: ho hadde fare av vegen. Første gongen før dei flytta ifrå Juvika – det var no så tungt for henne å flytte derifrå; andre 153gongen her i sommar, og da heldt ho på og skulde stryke med – det var vel det, at det vart som eit uår da òg: det vart for tørt. Ho tok det som eit varsel, eller korles det no var.

Og matlaust kvinnfolk skal ein aldri vente seg stort av, sa Per med seg sjøl, og dermed så la han ifrå seg den tingen og rauk i arbeide att. For sjøl var han ikkje å rikke: Her var han, og her skulde han vera; dei vilde det slik. Og her var det godt å vera. Her har vi det tilmålt åt oss, stein og vatn å slåst med for hundre år, kunde han seie med Anders ofte. Og ei rik og venlig jord, når ho først vart kjent med ein.

Per dreiv på og gjorde seg ny steinsleda. Men no heldt han opp og lya: Det gjekk seigt med husmennene på låven i dag. Ein dask i dag og ein i morgo, lo han, han hivde verktye og gjekk bort og synte seg for dem. Bygslpengane hadde dei vori fri no i to år, men det hadde just ikkje kvikka opp dem; og arbeide skulde dei, så mykje dei visste kven som var herre i garen.

I det same kjem Valborg og bed han inn. Det hadde komme frammandfolk. Kven? Å, det fekk han vel sjå. Ho såg det på han: det var han Jens han tenkte på. Slik var det ofte. Men det var ikkje han Jens, det var ho Mærit brennar. Ho garfór og brennte for folk, og desutan fortalte ho nytt. No eit par år hadde ho ikkje havt noko å gjera, dei hadde mest ikkje 154set henne; men i dag kom ho skjeivande, og ho sette seg for liksom ho skulde vera tinga.

Ho drakk snus, og fortalte om vêre og åre og mangt anna. Der hadde det slege seg fang på fjøse, enten det no var finn-gann eller anna illt; der heldt dei på så smått og svalt i hel. Og han hadde fått søtt og var snart klar, ja, og ein annan ein hadde brekt blod! Men verst var det på andre sida fjorden, bortmed Svarthammarlande: Der gjekk det ein kvit ein og ropa, han vilde i kristna mold; – ho fortalte og naus, til stua rann full av styggedom: det var ei svart tid, det sov ein frammand hund under kvar ei seng mest.

Valborg hørte berre så halvt etter; ho visste det der før. Men ho sat og hadde så ill ein ank i seg, og auga var ute etter Per i einingen. Han var liksom ikkje å finne. Han hadde slik hugnad av det Mærit fortalte. Endelig vann ho ikkje tie lenger: Hadde han tinga på ho Mærit?

Javisst! lét han, men det var berre på glant, og så tok han til og fråga om meir ufreskje.

Valborg gjekk beinast åt bure. Og rett nok: byggromme var tomt! Ei tønne bygg hadde dei havt, og no var ho vel i basstua, skulde brennast til jul. Ho gjekk inn att. Ho nemnte ikkje orde om det.

Og i brenninga bar det; Mærit ho brennte, og Mærit ho klåra, det gjekk stilt for seg som ein trolldom, og så hadde dei brennvine der, den skire brennande dropen. «No hi æg klara, og 155no e æg klar,» sa ho, og dermed seig ho i kråa og sov som ein stein. Ho var karra full. Mærit smakte aldri dropen av det ho brennte, det var hennar eigne ord; ein kann bli full av eit mindre, sa ho, og det tykte folk var billig.

Det var langt på natt, og dei sov snart stokk og dør i huse. Einast Per var oppe enno.

Ute var det kald og blank natt. Sjustjerna stod over låvetake; månen la blå skuggar på snøen attom husa; nordover og sørover og kor ein såg var det måneskin og skuggar og klår himmel. Slik kunde natta stige fram for ein: eit stort og stilt andlet, to store auga. Når dei stod imot ein, vart det lite å vera menneske. Kva var det dei såg?

Det var ei lita dimm rute han såg utgjenom. Han tok hendene attom nakken og stod slik. Han stod ikkje og tenkte, det gjorde han mest aldri no lenger. For den som sel seg til tankane, han sel seg til ei svart magt. Han stod berre slik. Han undrast enda, om han ikkje hadde hug til å drikke seg litt på mote, og så gå ut og ruske i folk, – var han ein juviking, og det var han, så gjorde han det.

Da merka han at Valborg låg vaken borti senga. Han lea på seg, gjeispa litt og såg bort i omnskråa, der ho Mærit låg – det var om korles han skulde få ho derifrå?

«Og no hi æg klara, og no e æg klar,» sa han. «Ja ha, vi gjord eit heilt smal.»

156«Du står som ‘n Tore Fortenkt, mein æg?» sa Valborg.

Han snudde seg til henne, han fekk små blide auga, slik ein får det imot barne somtid: Var ho forfæld for han? At han skulde skapa seg styrlaus i jula og til å stordrikke?

Det svara ho ikkje noko på.

«Hell e det konne du ligg vakjin fer? Det sei du helst. Enn om du prøvd å sei skit i konne, du liksom æg? Du skuld kjenn kor lett du vart om hjarte.»

«Men at du la i veig og gjord det der. Det e det æg ikkj kann få-te.»

Han snudde seg halvt til Mærit att. Sjå på henne der, sa han lystig. Ho låg ikkje vaken, ho. Stygg ja! Vårherre hadde vore rettelig knaphendt med henne; men det tykte ho vart ikkje hennar sak, det var verst for dem som skulde sjå på henne, det. Skulde han ta og ha henne på lofte? – Enn det kjem ein svart hund i natt og lugtar på henne, meiner du? Så er ho klar da.

«Æg mein du e – æg mein du e drykkjin du ò?»

«Nå nei.» No kom han over golve bort til senga. Ho såg han var heilt ædru.

«Æg veit det da lel æg, Per. At du e den du hi vøri all tia. Samma ka du gjer.»

Han glåmte på henne. Rettno gjekk stua på hald for han, var han full like vel tru?

«Ka det e som står på no da?»

157Valborg låg og arbeidde tungt med det. Før visste ho ingen ting om Per. Da var det slik stor ein ting. No visste ho liksom alt i hop om han, og no var det det som var det største ho hadde.

«Nei, det va ikkj noko serlig just. Men det kjem så fer mæg – at vi hi inkvart imot oss?»

Ho såg forskræmt til han og frå han, ho kunde ikkje tru ho hadde sagt det.

Han tok til og klædde av seg. – Legg deg til å sova no, kjerring, sa han. Ho sa ikkje noko meir, og det vart stilt i stua. Det var ikkje anna å høre enn ho Mærit, ho raut borti kråa ved omnen. Varmen slokna, og lyse stod og toppa og skalv, det slokna snart det òg. Månen la gulgrønne ruter på veggen. – Ja, sa Per, han hadde sete ei stund på senggavlen, og no ansa han på kor stilt det var, – korles det no var og ikkje med det, det visste han ikkje. – Men her skal vi no vera, det veit eg. Same kven som har planta oss ned her. Same kven det er for ein, ja.

No slokna lyse, Per klemte ned skare, og så var han borti vass-stampen og drakk.

Ein hørte søyen av fjorden, når ein la øre til, han gjekk i måneskine og drogst med landvinden og kulden. Det var så det isa inngjenom stua. Per småflirte:

«Men sjå, du e forsnudd du, sia vi fløtta frå Juvikja. Du følla i myra berre for den skyld.»

«Tull! Æg veit du gjord rett i det, Per. Men æg tenkji på ein ting. Og det gjer du ò.»

158«He? Ka fer noko?»

«Og sjøl veit – ka slags ondt vi ska ha att for det.»

«Kyss katta! Han Morten Aune? I morråkveld tek æg børsa, osså reisi æg bortett og skjøt ‘n.»

Ho låg litt, så kom det, og det kom djupt innanfrå, det hørte han:

«lkkj å sei slikt. Du e ingen juviking lel, Per. Ikkj e det meiningja du skuld vara det hell.»

Han kjente seg skamstukken med det same, men så lo han og kraup under fellen:

«Jøss, jøss rett! Kor du opna hjarte!»

Han mumla det enno ein gong, med seg sjøl, og gjeispa attåt: opna hjarte heilt inn til hoggtennene.

«Presten mått no vel kund gjera åt fer det,» sa ho. «For at vi ska li for det all vår dag, det – det – »

«– det bit mæg på leggjen, sei!»


II.

Utpå vinteren rodde Per over til Valvære to gonger, men han kom tomhendes att. Han nemnte ikkje erende sitt, og ingen spurte heller. På vårparten var han der att, og denne gongen kom han heim med to sekker Bergens-korn.

Han stod berre og såg på Åsel ei stund, ho visste ikkje om han snakka til henne eller berre snakka med seg sjøl, men ho var einig 159med han likevel: Dei fekk få dei som trengande var. Dei kom smitande med tomsekken rett som det var og vilde råke Valborg, og Per hadde rett i det, dei såg ut så forargelig når dei slong av heim matlause. Det vart ikkje lenge millom at smågutane varskudde: Der kjem det ein posetråvar igjen!

«Ka vi ska så i år, mein du?» stod Valborg og undrast ein dagen med ho auste opp maten. Det var lite om å gjera at ho ikkje kom til å seie det. Karane sat attmed borde.

«Ja det veit da Vårherre!» sa Per best det var, han hadde lese for maten og var på vegen ut.

Valborg vart heit, for så hadde han vel merka kva ho stod og brann med.

«Juvikja der hi dem malli med konn enda, høyri æg.» Ho sa det dagen etter, ho var borti stallporten etter eit kjørel, og Per stod der og rettererte eit hestegrei. Ho venta ikkje på svare, og det kom heller ikkje.

Den dagen kjørte Per aust i Pålsnese og fekk kjøpt seg ei halvtønne såkorn. Ane målte i til han, og ho tok skjeppa full: Håberg-jorda skulde ha dette her, let ho. Ja, ho skal ha det, om det så stod digert her med kjerring og tagg, murra Per, og da han kom heim, tok han såbøtta og la i veg liksom han hadde stole det.

Same dagen kom Åsel roande eina-mann over fjorden. Det var Valborg ho vilde råke.

«Du val vara med nedåt sjøen,» sa ho berre.

hestegrei: selety.

160Valborg let av seg forklæe, tok på seg klompane og kom.

Nei, sa Åsel, ho fekk no ta på seg sko den her gongen; – låtten sat og bibra i aug-krikene og ved munnvika. Valborg så gjorde, og no gjekk dei. I båten låg det to sekker korn. – Men her har vore folk ser eg, sa Åsel, og let auga gå opp i plassane. Ja, ja: «Dem ruska og dreg og smått stél,» som ‘n far sa.

«Tek du den ein, så tek æg den ander?» ho såg lystig på Valborg.

«Ja skit!» og dermed tok ho sekken på nakken og la i veg; Åsel etter med sin.

Det var halvtønna i kvar, og vegen vart både lang og steinut for dem, Håberg tok til og flytta seg unna dem på sluten, men endelig var dei da oppi bure med dem.

«Der mein æg dyrede det kjem to påssaråvara igjen!» sa Petter, minste gutungen, han nappa borti faren.

Per såg som snarast den vegen, men han gav på med sitt.

«No legg vi såkonne i blautt med det samma,» sa Åsel.Åsel] rettet fra: Asel (trykkfeil i 1. utg.)

«Det var gjern det tryggast det.» Valborg lo litt, med eine helvta av andlete. Dei stod og pusta ut etter take, og såg på einannan: dei var no ikkje reint for katten heller. Valborg blunka:

«No ska ‘n bli bra langlett, kallen din, når ‘n bli vârs det hi vøri tjyva i konnbingan.»

161«Va det likt. Han e så for rundlett. Og for lett. Og forresten så: Han Mikkal han – »

Valborg lo. Ho hadde ein høg og sterk lått når ho vilde fram med han, ein såg for seg blanke vatne når ho lo. Men ho var snart i ålvore att: Det var som ho sa det, at det gjekk ein dag om senn.

«Det va noko æg skuld ha snakka med dæg om,» sa Åsel, da ho stod på heimferda. «Men det får vara.»

Valborg raudna til litt: Kanskje så visste ho kva det var. For det var mangt ein trong å snakke om.

«Men frels os fra det Onde!» det sa ho for sin del. Så gjekk det vel ein dag om senn.

Det same sa ho til Per om kvelden. «Fra det onde ja,» lo han; – ja, det burde ho seie to gonger. Så gjekk det kanskje to dagar om senn.

Jorda fekk det korne ho trong, og dermed var mange ting vel og bra. Det var eit under kor det rann opp av henne. Svart er ho, og vel vil ho meg, sa Per. Og vent no berre til eg får områ meg.

Han hadde ein gammal einstøing som heitte Steffen, på garen, han hadde arva han etter Ane. Steffen Storsko kalla gutstrikane han, for han hadde slike store foteblad, – dei hadde tinga seg horn-skjei-emne utor stortå-neglene hans, fortalte dei. Det var ein tru ein i alt arbeid, og Per hadde komme på snakk med han, så reint av seg sjøl; det var ikkje mange han snakka 162noko med. – Håberg skal bli gar det, Steffen, sa han med han. – Håberg er gar det, murra den andre. – Når vi får stelt lite grand med storsteinen her, og med vatne. – Nå, det veit eg no ikkje. – Kvifor ikkje? – Ja. Han er no gammal her han da, steinen. Frå føre di tid. – Ja, men rettno bli han ikkje eldre, ovan jorda. Han skal ned – skal han. – «Vør ‘n ikkj, ban. Vør ‘n ikkj. Det sei æg dæg det!»

Per hadde trøyheit av dette. Des meir ein snakka med folk, des meir grodde ein til og voks ifrå dem.

Han lea innpå denne praten fleire gonger utover sommaren, men Steffen vart meir og meir sta. Steinen, kva gale hadde han gjort? Og vatne? Hadde dei ingen rett no for tida, slike ting? «Det vart vakkert til årveg på Håberg i år. Det gjord så. Men: veit du ka du feForfatternote: ka du fe ɔ: kva du får. te åri komman’, mein du?»

Ovtru og tull, bles Per. – Ja, kva det no var og ikkje om det – – så var ho no gammal ho som temte. Han Iver Brudalen, ein såg no med han. – Kva det var med han da? – Nei, ingen ting. Anna enn det da, at han vart under steinen han. Ja. Steinen saug han under seg – det var ikkje slik ein småstein som låg i vegen for han. Dei grov han opp halvdaud. Han lærte no å late eit og anna ha fred. «Fred på jorda,» står det. Stod så i gammal-presten si tid ja.

163Per lo. Han lo sjelden, men han lo godt, ovanfrå og ned på Steffen og steinane; han mota seg heitt på dem. Han hadde tykt han rodde åleine i mørkre ofte, det var ikkje å negte for det, og frå Juvika var han skræmt, liksom han hadde ei heil horg med svartvengd fugl etter seg. Men når han kjente etter, så var det utrulig kor lyshærd og vantruen ein juviking han hadde vorte att. Og hadde så visst Jens vore her – men det kunde vera det same, det var ingen lenger som sakna han. – Det er ei smal sak, Steffen, når ein har fiendsmannen sin berrt framfor seg slik; når ein får sjå han i andlete. Og knip det om, veit du, så kan ein seie som dei gjer, kvinnfolka, – som folk seier her i nærheita med kirka: «Men frels os fra det Onde!» seier dei; det må no vel hjelpe lel, ikkje sant? Men Steffen vart mølen og grå, og Per måtte gjøle lenge med han for å få han god att. Det var berre det, at det gav slik ein frisk smak i munnen å raspe på eit menneske av og til.

Og så hadde han desse gutungane ikring seg. Dem vart det ikkje folk av. Mat og bank støtt og stendig, sukka Valborg, og enda berre kjeften og bakbeina. – Ja, men her er bjørk nok, sa Per, og einkvart må du ha å rive av deg uvêre på. Men han var fortenkt ofte: Kven rådde for dem? kva var dei emna til? Likevel var det hugnad i dem. Han var ikkje åleine lenger.

Han slo neven oppunder takåsen, ein kvelden han var innpå bua og fekk skjenk:

164«Hoi, gut! Det ska alvor te før æg be kvinnfolk-bønna!»


III.

Per stod og såg på Steffen Storsko og drengen, dei heldt på og la att veit. Det var eit nytt arbeid der i bygda; det hadde vore berre ope-veiter før. Steffen var sunnant, og det var han som kunde det. Han kjente sig som en konstsmed der kan stod, gav ikkje eingong husbonden nokon anns i dag; drengen baud fram stein for stein, men vardetlikt! det var aldri den rette: dei to på sida og den oppi: «Sån gjær vi det sø-på!»

Per såg på han, i logn velmagt. Hovude hans var lite og rundt, og svarthærd, panna var det ikkje stort om, men eit tungt og knokut andlet nedetter; auga småe og armodslige, men dei var fulle av visdom når dei sorterte stein; ryggen han var skapt til slaverygg. Per såg nøye på føtene hans: dei var stutte og krokute, med lange, flate foteblad, – han der skulde visst ikkje gjera stor farten om han sprang. Per såg på sine, kjente liksom på heile seg. Han kunde hoppe si eiga høgd enno, han kunde kappspringe med hesten; kunde jaga folk på sjøen, stod det om, smilte han med seg sjøl.

No gjekk han sin veg, til sitt. Han heldt på med storsteinen lenger nedpå gjorde. Han løfta på auga da han gjekk, såg seg i kring med 165slikt høgt eit mot: Det var dette her han hadde stått etter all sin dag; det var derfor han var kommen her. Det kom ikkje for han at han hadde tvila på det nokon gong; det var ho Valborg det, og ho hadde tida til å tru det ho vilde.

Det var hausten alt, og korne stod på staur; det var dei første klåre kveldane. Det var ålvorlig til godt vêr dette her. Lande sørover skapte seg om med han såg på det, det kom haugar og fjell i møte med han, rindar og knausar stod fram med dagslys og skugge, og det som var lenger unna tok og reiste sin veg, langt inn i himmelen og kvelden; lande slitna sundt framfor han. Og månen var alt på himmelen, det blinka kaldt og lystig i vasstjønnene; rettno fraus det på. Lat det fryse, murra han, hufsa litt på seg og likte seg, slik ein gjer det når ein er frisk.

Her var den karen han skulde ta no. Han hadde alt grave opp grefta åt han. Steinen hadde liksom vakna, tok til og vart uroa. Han hadde skjeggroser over heile andlete, og fullt av små auga. No hørte han måle hans, det var Steffen sitt, murra så mosegrått imot han: Det bur mangt slag i ein slik ein som eg. Det vilde Per gjerne tru. Småkallane heldt vel til her, og no skulde han vanlaga huse for dem; han hadde set ein av dem her ifjor, han sprang frå den steinen der borte til steinrauka nedom reina, nøsta og sprang så sliren slong bakpå han. Per støytte jarnstauren midt i andlete på steinen: Huff 166gut! Så hoppa han ned i hole og til å grava. Det var litt vålig, for grava var djup og trong, og steinen låg visst berre på lur. Per gjorde seg som ei trapp i den andre veggen. Så om tuftkallane fann på å velta han i veg for tidlig, så skulde dei ikkje ha stort for det.

Han skvatt litt, for han merka det var ein attmed han. Det var berre Anders som kom og vilde hjelpe han. Slik kom han mange gonger, med spaden eller greve, enda han var i grunnen morsbarne i huse han. Der kom han Halt-Andrias, varskudde guten. Per såg opp og ikring seg, og der kom han, det var rett nok.

Halt-Andrias var ein halvfinn, og gift med ei finntøykje, ikkje rettare folk visste; han rak i garane og tagg, ofte, ein liten og låghalt trave, hål og blid men farlig nok for det, – det fanns ikkje hår på hans hovud, og aldri såg dei huve på det heller; og han takka og velsigna ein både for ja og nei. Han var berre ungdommen å kalle, og ein lystig kropp. Låghalt det var han så det var ei nød, men det flirte han og var glad for: å, sjå, den eine foten er for stutt, men så er den andre så mykje lenger, det går opp i opp, og det høver så smellgodt når ein spring i ulenda, stuttfoten tippar så fint nedpå tuve og stein, a-i-a-i-a-i-ó!

No kom han kneande beinvegen over gjorde og stana bortmed Per. Per herde mest ikkje sjå han for auga, det gekk han som dei andre og vel så det: han kvakk først han vart vâr han; 167og kvifor var han så blid støtt denne finnlarven? og kvifor sat det ikkje huve på fleinskallen hans? Kva var det for noko han vilde ein?

Skulde helse så flittig frå Juvika, sa han. Det var fint i Juvika; og fint folk. Han savla og snakka, smurte Per inn med feitt, slik kom det for han, med slie og blidt snakk, om juvikfolke og Håberg og mange ting. – Gå heim og gi lusa mat! murra det nedanfrå Per. Anders stod og såg opp og ned over finnen.

«Kann du gann?» sa han best det var.

«Be gu bevar deig fer slikt snakk, gullbane mitt! Å gann, det e å be te Styggmann’ det!»

Per hadde komme opp og skulde ha i jarnstauren. Før han sjøl visste det, hogg han i kragen på finnen og løfta han til sides: Reis til helvete og kom aldri att meir! formana han.

Finnen gnall i: Han skulde helse frå Svart-hammaren, og ifrå’ n Morten Aune, og ifrå a Dåret og ungen og – ifrå ‘n Jens, bror hans og – og – hi hi hi ho! Han gol som ein devel i dørgåtta, syntes Per, det rørtes så kaldt inni ein, han var over han i same blinken og hivde han.

Andrias halta i veg austetter det fortaste han vann, og ropte ikkje før han mest var borte inni mørkre og skogen. Da lo han hitover: «A–i a–i a–i ó!»

Per humra litt, han òg, og så gav han seg til å løyse steinen. Gamlingen seig ned i senga si med ein lang, grov sukk; han var for gammal til å 168mæle imot. Røyken stod unna han, og jamenn tok han Per etter seg!

«Nei bi no!» sa Per, tok seg drægt og fór opp att, – «æg ska no ikkj rottn’ her! – Dem vart no for støtt denher gongjen”, la han til.

Så vilde han ta småstein-dungen og hive ovapå storen i hole. Det blir grunnt å pløye over det, sa Anders. Enn om du tok og lingsa han borti linfåa der? – Du seier noko du, sa Per; og så gjorde dei det. Per tok dei største og bar, Anders kom med dei andre. På sluten tok Per og hivde dem handlaust heilt bort i dike, og Anders slikt slag. Per gav på så sveiten tyta av han, han vart sterkare og sterkare, steinen fauk som trelompar bortetter. Det var jamenn godt å merka det fanns att ein urliten tott av magta enno.

Men da vart han for noko rart, i det same han slengte i veg ein stein: Det var ein som rørte borti han. Det var ein som strauk han midt over magen med ein finger, ein varm og god finger, men det var reint som han datt av, i to stykke, føtene dei veikna bort under han, og han vart ulik all igjenom. Han tok etter ein til, for han vart arg, men det var inga magt i han meir, han måtte bera han nedover.

Forresten var linfåaForfatternote: Linfå ɔ: hol dei fådde lin i. fyllt no, så dei var kvitt både hole og steinen, og Anders måtte heim og sjå etter sauene, dei stal seg gjerne til fjells til natta.

Per gjekk i måneskine og stussa med småsteinen. 169Det var ikkje større vondt i magen, når han ikkje tøyde på seg; han vart berre så kald og rar. Skal eg verkelig tru at eg sleit meg sund da? Han kjente vel etter, enda han var mest huga på å late vera. Å jau, det var gale med magen no; – han gjekk og sette seg. Han merka han var kald i andlete, og tom i kjakane som ein tjuvkjent ein. Skal eg no bli gåande ufarug da, reint uverdig, knurra han, kva fanken skal det vera godt for? Enno – har aldri ein juvik-kar slite seg sund lel, saug det seg gjenom han. Og så nett no? – Å skit, han var snart god kar att; om nokre månar så –, om nokre dagar.

Han reiste seg. Da kjente han tydelig det var ein som slo etter han. He? sa han og snudde seg. Og der! han kjente berrt vinden av ein neve att. Han flirte rasande millom tennene, som Jens når han slos:

«Skitmagt! Såldom utu plassom! Vør mæg ikkj, det varsku æg dokk om!»

Månen skjein støtt og trutt, og det svara spegelblankt i alle vass-dika og hjulfara; det hørtes som måneskine fingra ved korne på stauren, det tuska og snørp i det i stilla. Svarte skuggar for kvar stein, og djupe natta til skugge for kvart fjelle. Folk fanns det ikkje. Kven skjein så månen for?

Per reiste seg brått, han tok spaden og gjekk heim. Han gjekk stiv og ihopbiten, som ein full ein når han skal gå beint; han undrast om nokon kunde ha gått meir rolig enn 170han gjorde no. Med han var på heimvegen, gjekk det opp for han, kva dei meinte med å ha ein hestsko på våga når dei braut opp stein; han hadde berre skodd henne med anna jarnskrap. Hadde ikkje stål på seg, ikkje så likt som tollkniven i sliren. Han kom gåande til gars; berre litt fort om nova, litt snåp i døra; det skulde ikkje mange gjera han det etter, det visste han.

Det vart ingen mat med han til kvelds, og han bad drengen sjå til hestane.

Dagen etter gjekk han og småpusla heime i garen. Valborg bad han mest aldri om ei hands hjelp; men den dagen bad ho han ta i med seg og flytte ein stamp bortmed brunnen, han var full med klæda og vatn. Per kom og tok i, men han vann ikkje. Eg gjorde så illt med eine handa mi igårkveld, sa han. – Tak i med den andre da, her! sa ho. – Og med ryggen, hører du! han ropa så det rønn i veggene.– Høy san! sa ho lognt. Slik hadde ho ikkje hørt han sea den tida dei flytta hit. Dermed tok ho stampen åleine.

Han friska opp den gamle krossen over fjøsdøra, så ingen såg det; han spikra opp ein hestsko over stalldøra. I senga gjømte han eit knivblad, nedpå tele. Han flirte med han gjorde det, såg innful ut.

Anders hadde set både det eine og det andre, og no vilde han vita: hjelpte det imot runeri og gann, slikt noko? Og da han inge svar fekk: Var det bågt for småkallane det der kanskje?

171Asj! sa Per. Men det hørte da til på Håberg. Kvar garen har no sitt, liksom.

Var han dårlig? spurte guten sea, og det same spurte Valborg om. – Å, han hadde litegrand fløkt i kroppen, litt gikt i eine hofta – i ryggen vilde han seie!

Det var visst ikkje så dei lo med dei spurte. Nei, men får eit kvinnfolk nysn i at ein karmann er helselaus, at han er aldri så lite grand ufarug og tukta, så skal du ha takk. Så skal du ha takk ja.


IV.

Det var gravøl i Pålsnese. Han Andrias hadde falle ifrå. Ane hadde funne han liggande utom stubrua, og da var han klar. Slik vart dei liggande, somtid. Det var vandt å seie kva det var.

Det var på seinhausten, og berrfroste. Dei hadde lagt godt med bar på vogna under kista, og dei kjørte så varlig dei kunde, men enda humpa det og skaka det så det var stygge ting; Ane beit seg i leppa så ho vart kvit, når det var på det verste. Ho tok det elles så tålig, ho Ane; ho hadde aldri venta seg anna enn motgangen.

Folk snakka vakkert med henne, for ho var av dei som ein skal snakke med. Og dei snakka seg imillom, etter dei hadde komme frå kirka. Det hadde vore slik stas i Pålsnese sea dei vart gift. Dei var så forlikte. Ho spara, og han hjelpte til. 172Ho sukka, og han prøvde det same. Ho såg ut som all verda gjekk henne imot, og han studde oppunder så godt han kunde. Ei guds lukka, at han hadde tenkt på henne med det som etter han var: Han hadde snakka med brorsonen sin om det nyst før han døde; han hadde vel fått som eit førevarsel.

Ja varsel, sukka Ane. Ho sette tommelfingeren gjenom brødleiven to dagar på rapp, så det vart eit rundt hol etter! – Ja da visste ein! sukka det frammed alle veggene.

Per Håberg tok til og kremta. Dei snakka om varsel, sa han. Dei snakka om føribu. – Dei hadde alt vore til bords, og Per hadde vorte ein annan kall, for det var eit karavorig øl i den likferda: tønna på tønna! No stod han midt på golve og merka han var modig, ein vill frammand ein for seg sjøl. Han hadde aldri drukke seg drykkjen før, men enten var han det no, eller så – skulde han bli det. Dei sat ikkje og tagde dei andre heller, stua var i eitt surr omkring han, eit stort lag med gasta folk, snakka dei om varsel? Ja, varsel! Tegn skal der skje! Det er så det kryr ikring deg, ban, og ser du deg for, så bli du vâr dem. Ja. Han såg no her i fjor da han gjekk og sådde: han gjekk imot vindkjøla, som ein skal gjera, men enda var det greinlig som einkvan tok korne utor neven på han og slengte det påkern i vald – han skulde med rettan ikkje ha sådd eitt kornauge. Og no her i haust før han sleit seg sund, 173han såg eit stort verlys på himmelen som slitna tvert av, ja, og eingong var det som lande slitna framfor han, sør i fjella –

Sleit han seg sund?

Per glinra litt framfor seg, for det var slikt skin av alle dei lysa, og der såg han Valborg, ho sat og glåmte på han.

«Ka du fliri åt du,kjerring?» han vart brennraud i kinna. Jau, han gjorde litt vondt med seg, over magen, han tok så bakvendt etter ein stein, men han var god kar no, spilder ny! Han skyndte seg i veg att: Han hørte kirkeklokka heilt heim til Håberg ein dagen, imot vinden. Da var han Andrias feig. Og no her utover hausten, hadde dei lagt merke til det? det stod to stjerner aust i himmelen, den eine midt over den andre, den eine hang der som eit tungt lodd i den andre, å, her var tjukt med tegn, i kring ein, og når ein la merke til dem – – så tok ein ikkje i mist nei, sa Valborg, ho lo høgt og kvast. Varsel om det som har hendt!

Hm, sa Per. Han snudde seg vekk, mumla eitkvart med seg sjøl.

Dei vart slakke i munnen nokon kvar med

det same Per tok til, for det var så uventande at han stod der og sa det, men det levna fort til med prat stua rundt, dei skilde seg i små godmette flokkar som snakka og môl, det var dette som var gjestebode for dem. Per hørte berre, songen, og eitt og anna orde:

Kattugla, sa dei, kva skulde ein tru om henne? 174Kråka og skjura, det var ein annan forskjel med dem, dei fór kring veggene og stal dei. Kattugla ho vilde ingen ting – kvifor var ho så ute og fór? Det var ein ufugl.

Om det så var han Mikkal frå Juvika, så hadde han fått opp måle no, han snakka seg reint vekk ifrå seg sjøl. Eg har aldri set det ulikt, så nær som ein gong: Eg kom ifrå kvenna med søkklasta båt, stormen var han, og natta var det, og tjukke snøkove, og båten han var lék og auskare det var for lite, og svullfinger hadde eg og vondt i magen; da visste eg mest ikkje –

Per kremta og lea på seg. Han rista av seg ein tung ein som reid på han, slik tykte han det var: Han var ikkje ansles han enn dei andre, og ikkje skulde han vera det heller, han var ein i fjøllden, eit mål i songen, ja! Juviking? Juviking ein staden! Vent no berre til eg får att helsa! – han snudde seg til Åsel –, gi deg tida så skal du få sjå! Juvikingane, dei gjekk den vegen. Eg går den her. For kor vart det tå dem i grunnen? Vart det nokon veg etter dem?

Han stod ei stund og tagde. Snakke og fjøllden saug han til seg. Han trudde det dei trudde; han sokk så lognt ned imillom dem. – Eitt og anna skulde ein vel ha å tru på, for fanken? He? Men no fekk dei jamisel komma og brynne han, han var tørst!

Men dei hørte ikkje på han, det hadde komme inn einkvan som folk glåmte på. Ein storkar, i pels og finnsko. No såg han talskiva 175på karen. Per slakna i andlete, vart tom i kjakane, og gråbleik, men auga dei stod som dei var nagla fast; no tok han eit steg fram:

«De e ikkj sannt! Det e ikkj du det der, det e forbanna det!»

Men det var han lel, det var han Jens, han kom fram og handhelsa på han, og sea gjekk han rundt og handtokst med ein og kvar. Per kom til å sjå på Valborg. Ho vart ikkje bleik, det var ingenting å sjå på henne, ho var berre litt trau på det da ho skulde gi han handa.

Jens snakka høgt og beint fram: Han hadde komme nordanfra ja, heilt ifrå Finnmarka, det var ein bra segl-skjøt, og segla hadde dei gjort på karavis. Det var det at det var legenheit, og så vilde han nytte på og sjå sørover, på gamle tomter å kalle, hæ hæ hæ! og jamenn kom han i ei høvelig stund, såg det ut for. Javel, ein støyt med øl – og godt år alle i hop!

Han hadde liksom børen med seg heilt inn, og det var lite om å gjera han ikkje bles dem over ende. Slik kjem ein ikkje bråkande inn til folk frå langferd, men ein fekk komma i hug han hadde vore langt ute i verda; better hålade! sa han i einingen, og frammand var han i eitt og i alt; han skulde vera velkommen heim!

Da han hadde helsa ifrå seg og fått seg litt i live, vart det ikkje stort meir med han. Ja vel, handelskar hadde han vore ja, og det var han; og nordover att, det skulde han; men det var inga dregt i han meir, han vart sittande med ein 176halv flir og såg rundt på folk; stundom klødde han seg litt i skjegge.

Andlete var overgrodd med raudt krulla skjegg, elles var han den han hadde vore, det såg Per straks. Likevel kunde han ikkje få til at det var han. Just slik var han før òg, men han hadde ikkje set det. Hadde ikkje set at auga var så lause i han; ikkje at kjakane var så store og ville, og ikkje at haka var så for lita. – Gammalt folk i han, mumla han best han stod. Og brør det er vi. Han gjekk ut.

Det var stormen ute, som det pla vera i Pålsnese, for verre landvindshol fanns det ikkje. Ungane spurte mor si: Kva gjer han, vinden, når han ikkje bles? Og mora svara støtt: Da er han i Pålsnese og riv hus. Men husa står, tenkte Per. Dett eit hus her i Pålsnese, så er det for det at det ikkje har vinden å stø seg til. – Landvinden sneide om nova, tura som sjøborden nedunder reina, rennte seg på veggen gong for gong og tverrista. Driv på! sa Per. – Stjerner blakra det over all himmelen, store og urolige, det måtte vera glør som vinden bles på; berre han no ikkje bles dem ned, – for da bli her heitt på jorda, lo han. Per stod berrhua i vinden. Slik stod han far òg, kom han i hug. Og no hadde han Jens komme heim, det var så det. Stod eg ikkje utom døra ein kvelden og såg han kom, så truverdig, ein stor kvit okse beinast fram utor skogen? Men kva det var eg vilde seie eg –

177Han tok hendene opp i nakken. Han kjente i denne stunda, at Håberg-garen hadde vore ei meiningslaus bør på nakken. Liksom det å vera ein juviking. Nei, han vilde gå inn att til dei andre. Han vilde gå til dem ofte, det var gasta folk. Det var vel ikkje så avrakka stort, å gå åleine og vera vantruen all sin dag? – Eit mærrahjarte, det var bra nok, men han for sin part vilde heller vera den karen han var. Og kom ikkje i vegen for meg, det varsku eg deg om!

Per kom stigande kvast inn. Han såg ikkje til den leia der Jens var. Jens såg heller ikkje etter han. Drakk gjorde dei båe, og det gjorde alle saman. Da Jens tok til og kjente det i hovude, kom det liv i han att, og han slutta ikkje før han hadde sett liv i heile stua: Dei skulde danse. Dei hadde tenkt på det, mange av dem, og det vara ikkje lenge før dei dansa så stua rista.

Per dansa ikkje. Han stod i døra og såg på. Han hadde aldri set eit menneske så villt og glad, som Jens når han dansa, det var ikkje ein vetug manns andlet det der: juvikingen fauk av skafte no! Juvikingen, det var berre hamen att av han, og den var stygg. – Og vi er hunden ikkje brør! sa han.

Håberg-folke fór ikkje heim før dagen etter, og da kom Jens og vart med.

«Kor det står te borti Juvikja?» spurte Valborg.

Jens såg på henne. Han tenkte seg om litt, og så gav han seg i snakk med Per att. Beit ikkje på han.

178Valborg sette hendene i sida framfor Per, da dei vart tosaman. Slik hadde ho ikkje stått framfor han før, ho var så brei og så freknut i andlete, og så sterk og vakker; ho såg beint på han. Ein vakker dag så legg ho vel meg òg, både med klør og klauver, tenkte han. Når ho merkar eg er nedfor nok. Og i same stunda han ansa på tanken, kjente han kor det vilde gå, han såg så sørgelig langt fram.

Korles skulde dei no fara åt? spurte ho. – Fara åt? – Ja. Så dei fekk han til å ta med seg kjerringa og ungen og reise sin veg.

Ho hadde rett i det, tenkte Per. Det fanns ikkje mann i bygda som hadde skjemt seg slik ut som Jens. Gifta seg med tausa. Og løypte ifrå garen. Det var svart; og Per hadde mest ikkje komme i hug det. Men når han tenkte etter, så reiste han ragg imot både henne og bygda og heile skamma.

Han skulde vel snakka med han, mumla han. – Det skulde ho våge på han gjorde! kaldflirte ho. – Nei, det kunde hende han let det vera òg!


V.

Han let det vera. Fjortan-dagane hadde gått, og enno var Jens på Håberg. Eitt og anna take hjelpte han til i garen med, men elles fór han og slong for det meste, var ute og fór med pelsen på, såg innom einkvan kjendingen, dei 179kunde sjå det alle i hop at det hadde vorte storkar tå han. Dei snakka frampå om det til Per, at javisst hadde det vorte storkar tå han Jens ja, der trefte dei ein som hamla opp med dem, både prest og lensmann, – han strauk vel nordover snart att? –

– Ja, rettno så fór han. Han venta berre på legenheit. – Jaså, på legenheit. Det var ikkje smått folk som venta på slikt. Dei sa det ikkje for spit, det merka Per godt. Dei hadde glømt både Dåret og Juvika. Så den same pelsen han var no ikkje for katten, skjønna han.

Per dreiv på med å kjøre stein. Det var lite om føre, men han kjørte på tåmeien og jaga på gampane. Hestar var gilde skapningar å jaga på. Sjøl måtte han fara rådlig fram, han måtte gå med magen inn, og stelle seg vel før han tok etter steinen. Maten var det enda verre med. Han åt som elles, det var det inga bøn for, men han naut han ikkje i seg.

Valborg gjekk og hadde auga med han. Ho laga til den lettaste maten ho visste, og ho tenkte att og fram, kva ho skulde gjera. Sistpå snakka ho til Jens. Ho gjorde det, enda det baud henne imot som skjemt mat. – Eg veit ikkje, eg, sa ho, – han er visst ikkje så frak han Per. – Han? – Ja, han har skamgjort seg med ein stein, trur eg. Han har slite seg sund.

Jens kvikna til når Valborg snakka til han, for det gjekk så sjelden på. – He! var han ikkje sterkare karen? Slite seg sund? det har da visst 180aldri ein juviking gjort før. Det bli berre skrap med heile greina da – løkk på reisa!

Valborg beit seg hardt i leppa. – Det var ‘n Halt-Andrias han kom i vanhogg for; kom til å fara urlite hardhendt med han; dagen etter fekk han det. Men om ein berre kunde hefte han fra verste tungarbeide?

Jens la ifrå seg børsa han stod og fikla med. Så fann han på seg ei gammal trøye, og la i veg ned på åkeren.

«Nei, kar, no val du let mæg få kjør ei stund!» song han ut. «Æg bli så gór-lei tå å ligji havandslaus – gå heim og haugg sund kveldsveden åt kjærringja du.»

Per såg på Jens; auga leita og undra seg. Jens såg hit og dit; så gav han seg over og lo, for Per hadde set tvert igjenom han.

Han kunde no få hjelpe til med å lesse på, sa Per.

Javel. Og så bar det til å kapp-arbeide med dem. Dei tok den eine steinen større enn den andre og lempa han handfritt på sleden, det gjekk som i gamle dagar. Endelig ansa Jens på kor dette bar av. Per var avleta som ein dauing; han beit i hop tennene så det gnaura i dem.

«Huff nei,» sa Jens, «det her orka æg ikkj lenger. Får heller sjå i morgå.»

«Som du sjøl tykkji med di,» sa Per.

Jens sluntra av heimover, og Per fór i veg med lasse. Enno gjekk han, det var ikkje verre.

Straks etter kom Anders bortom, han hadde 181vore nedpå vatne og rennt på skjeisene. Per bad han ha seg heim og bera inn kveldsveden. Straks! kvesste han i, og guten drog seg unna, langlet og undren. Men det var for seint. Per halda seg framover steinen og kasta opp. Anders stod og såg på. – Blod! kviskra han, han tok åt seg anda inn millom tennene liksom han datt i kaldvatne. Så la han på sprange heimover.

Kva det var som feila han? vilde mora vita. Nei, ingen ting. – Var det han far kan hende? Ja. «Han brekkji blod!» guten tversnudde, la på døra att. Valborg sette seg. Ho sette seg stilt ned, med hendene i fange. Ho var åleine i stua. Der sat ho og såg inn i varmen heilt til det kom nokon inn.

Det var Jens som kom. Valborg reiste seg hastig, ho herde knapt sjå han no. Han kom rølande verre enn verst: Veit du det, Valborg, no har vi svensken over oss, eg snakka med sjølvaste lensmannen her i sta; det forstår seg: Han Kal-Johan er konge over Fredriksteinen og heile Norig, he? Tvi han vøre, seier eg!

Valborg snudde seg til han. Ho hadde tenkt seg om. – Var det ikkje det reattaste han såg bort i Juvika snart, til kone og barn? – Ja, du seier noko du. – For det kan vel aldri bli anna enn ulukka og motgangen her i slegta, så lenge det står slik til. Og han får svi hardast for det, som minst er skyld i det.

Jens gjekk fram og rota i varmen. Han småflirte: Dei har seld vekk garen for meg, 182forteler dei. Valborg lest ikkje som ho hørte det: Og så ein ting til, Jens. Korles var det med’n Morten Aune? og med Svarthammaren og det der? No skal du svara meg på det. For no er det på høgan tid – han Per – Vårherre han vet korles det er med han – han styp visst snart! Stå ikkje der og glis åt meg, det er ålvors snakk det her! Skal vi ha svarte hemna hengande over oss vi da, berre for deg og di skyld – du måtte da skjemmast! For kva nyttar det så att ein gjer seg om det og er skikkelig, kva det nyttar at ein bed til ein høgare ein?

Jens kleip att eine auge. – Du timer no å fortele meg det, hører eg. Men du har rett i det: Det går att og ned med oss. Og – det kan vera gale om han Per, eg seier ikkje om det. Han lo med seg sjøl: Og så han da, ser du, som skal ha greie på all ting. Går med skinnhuva nedover auga og ser ikkje eit ord berre for tankar – det her må han ha botn i!

Valborg kom eit stig nærmare. – Ja, så visste han vel kva han skulde gjera da. Ta kone og barn med seg som eit skikkelig menneske. Han flytta auga hit og dit, som tjuven, tykte ho, men ho hadde overmagta enno, og denne gongen måtte ho vinne. – Eg kjente det på meg da han far dykkar døde, at det beste var gjort. Det vart så rart. Men eg trur det vart ein vending, når berre du gjorde ditt. Så kunde han Per – gjera sitt. Han fekk gå til presten og fortele om’n Morten og det; så var vel ikkje Vårherre 183den, at han sette seg på bakbeina imot oss; eg kjenner det på meg, at styggmagta måtte gi seg da.

Ja ja, sa Jens, og det var reint som eit godt menneske som sa det. Han gjekk ut att.

Dagen etter måtte Per ligge, og enda ein dag. Valborg heldt han nede med blid magt, det hadde vorte litebarn av han, og han føyde seg utan eit ord. Så kom det ei tid han var oppe og rak. Sjukdommen sin nemnte han ikkje.

Jens og han sat i omnkråa kveldane utover, og somtid snakka dei litt med einannan, helst når dei ikkje var toeina inne. Jens fortalte ifrå Finnmarka, tok fram ein og annan stubben som sveiv for han; det var gælenskap og villmannsliv, og meir enn halvparten kunde knapt vera sant. Det kvesste seg til verre og verre, des oftare han fortalte; han var borti garane og fortalte òg; men Per tykte det var mat i slik løgn, det var helsebot å vera med. Han kunde sitte og drømme det oppatt om dagane, tak for tak: han og han Jens, og kniven og flaska, og eit villt frammande land! Dei var ute og herska!

Men så var han på Håberg att. Ein kvelden dei satt tosaman, sa han: – At eg skulde bli hefta slik ifrå arbeide mitt da. Har du set flotta nedfor husa her, Jens? Og allting elles? Håberg–han ligg og snur seg etter meg same kor eg går, liksom kua. Han ventar tusen ting av meg. Ja, og husa: Eg hadde slikt mot på å rive dem straks, gjera i stand kjøken, og få inn skikkelige 184vindauga; eg sit som eg sit på glør. – Ja, sa Jens. Det var trøysamt å sitte slik og tenke seg ut eitkvart. – Ja, og så å gjera det, det var no humlen da. – Nå, det var så av og til med det, tykte Jens. Han for sin part – han gjeispa, og lea på seg, såg på Per og smått flirte: Her sitt vi, du og eg. Ikkje sant? Og like langt er vi komne, båe to Og serlig du, la han til.

Det var mørkt inne. Elden låga til med kvart og skjein på dem: på Per, som sat med kjakane i hendene; han var kvit på let, og når han blunka, var det som sjukdommen saug ned augelokka; på Jens, han sat der skjeggut og hardhuda, men andlete tina opp, kvar gong eldskimmere fall på det. Best det var mumla han med seg sjøl, han såg på snei bort på Per.

«Nei, der villa æg ikkj ha vøri, kor-som e. I Juvikja. Men det e sannt,» la han til: «at samma kor ein fløtta og farka, så e ein like heimlaus. Det hi sæg vel slik.»

«Det va da enda noko, at du va såpass te kar; at du stunda heim igjen. Det e vel som dem sei: at vi sjer berre attlengjes. Men æg va så forheksanes hoga på å prøv. Om æg så fekk Styggin sjøl imot mæg!»

Per vart frosten og nåmen av seg, da han hadde sagt det. Mørkre tok til og saug ikring han. Han kjente han hadde sagt eit ord for mykje.

Ei stund etter, da han måtte ut ein vending, 185fekk han sanne det. Han gjekk seg beint på han. Det var borti fjøsporten, han kom famlande i mørkre, og så tok han i han. Det var som han tok i ein diger lodden stokk. Rædd vart han, og rasande vart han, og så hogg han i og vilde blåhalde han. Men da var han borte, han hørte berre kor han tuska og steig borti mørkre, der hosta han litegrand; Per såg eit urande lite gloraudt griseauge som stirde på han. Han gjekk inn etter lygta: Fanns ikkje den ting i fjøsporten han kunde gå seg på, snaue veggene stod der og gliste imot han.

Først om natta kom rædsla over Per. Valborg sov, og alle dei andre sov. Han tok borti henne og fekk henne vaki. – Er det du? sa ho. Ja, det er eg. Og med seg sjøl bad han, det heitaste han kunde: «Men frels os fra det Onde!» Og skam å seie, så logna det utrulig omkring han. Mannen var vel berre som eit kraum imot Svartmagta, skjønna han. Å seie, når ein var skraput med helsa ja; da trong ein eitkvart å stø seg til.


VI.

Jens gjekk og kjente på seg eit par dagar: han var så mjuk og godhjarta. Han fekk ta og gjera eitkvart. Så kom han og sa det, både med Per og Valborg: Han vilde over fjorden, til Juvika. For han vilde ikkje henge hemna og ulukka over nokon. Og da Valborg hadde gått 186ut, sa han det beint fram: Eg får vel ta med meg denne kjerringsåla mi, slik ho er, og ungen, når eg stryk. Eg har gjort dykk skam og skade nok som eg har. Ein slik ein, som vågar å reise ifrå farsgaren sin, det kan vel vera nok det, for mangmannen. Og med det same eg er der, kan eg no sjå bortom Svarthammaren. Om eg ikkje skulde få han Morten til å ligge still. Når eg lova han meg sjøl, eller ein annan godbit. Vil du vera med, Per?

Per fekk blode opp i andlete. Han vart brennhuga på det, liksom i gamle dagar når Jens kom på noko. Men det seig fort av han, og han sat og var bleik og svimren, ein nedforkommen ein. Eg gi meg ikkje om slikt tull, sa han.

Nei, og så skulde han no vel ligge, med den steinen han fekk kring foten? meinte Jens.

I det same vart dei vâr at Anders stod i døra. – Eg skal bli med, eg! sa han, og han sa det det slik at han tok magta i frå faren. – Det var rett! sa Jens. Just nettopp det eg venta på ja. Våga du guten, Per?

Per svara ikkje, og Anders vart med. Jens snudde seg i døra, såg på Per og flirte hålt:

«Kjem vi att heila-beina ifrå denher fara, så e det vunni spell. Og da kjem vi i natt.»

Det var ein lang dag, og ei lang natt. Alt tidlig pa kvelden vart det bekande mørkt, og stillt så ein kjente ikkje vêr. Inni stua var det ikkje verande, og ute var det ikkje likare. Så kom snøkaven. Land og hav 187kom bort i snø, og no kunde ein merke kor stormen hang ute i stilla og venta, som ein vond ein bakom ei ulæst dør.

Utpå seinkvelden kom han inn, med full tyngd. Han vart hardhendt med gamle Håbergstua, og det var eit hustre mål i han. Det var ikkje det gode han var ute og fór for.

Per var ikkje likare karen, han måtte av og legge seg. Han tilstod det berrt for seg sjøl; at slik var no det. Men til Valborg sa han, at dette sat han ikkje oppe for. – Han Anders, vera urædd for han du. Vi har tråssa finngann og anna fansmagt før vi, – berre vent, skal du sjå!

Valborg hørte ikkje på han, og sa ikkje eit ord. Bleik var ho som krita muren.

Endelig kom ho og la seg. Dei låg lenge, lenge.

«Det e greit nok å kjenn, at guten e på sjøn no,» seier Per. «Men det ska du ikkj vør å gruv for.»

Han steig opp, var ute i døra og stod, halvklædd i snøfoke, kom inn att; så gjorde han opp varme på gruva. Valborg låg still i senga.

«Trur du – – at vi alder får sjå’ n meir da?» sa han, best det var. «Kan du ikkj svara mæg, Valbor?»

«Den som berre visst – – ka’ n skuld svara!»

Per sette seg attmed varmen. Valborg sat i senga. Dei merka at tida gjekk ikkje, og dei venta ikkje ho skulde gå heller. Anders hørte 188dei, rett som det var, måle hans var kring alle veggene og i alle dører; han var så berrmælt og frisk. «Kjem æg att, så kjem æg i natt,» sa han. Per krøktes framover, han anka seg høgt ned i hendene sine: «Å ja ja! Du kjem vel, du gjer ikkj anna.»

Så kom dei, både han og Jens. Det stomlar utom ytterdøra, og døra bli rive opp i ein fart, no er dei i gangen, og Jens er full. Det var ikkje første gongen han kom heim slik. Han bannar høgt og grovt, og så snåvar han imot veggen, ligg der ei stund og har for seg eitkvart; så set han i: «He? Spy du åt godt drikk, din hundtarm! Opp med dæg, Jens!» Dermed kravlar han seg på føtene, og Anders hjelper han opp gjenom troppa; – no syng dei, båe to – da er Anders full han òg.

Dagen etter sov dei til høgt på dag, og kom ned frå lofte samstundes. – De hørte vel vi kom? sa Jens. For kom gjorde vi, better devel, enn eg gjekk både på hand og fot alt ifrå sjøen og hit! Dei hadde brennt megtig borti Juvika, eg glømte, forlate meg, erende mitt. Ja, Svarthammar-kusinn han tugta vi da lel. Vi låg der og trua’ n ei lang øve, at han skulde syne seg. Nei. Så spurte vi om han vilde i vigd mold, om han «tøsta etter kjerkgår?» Ikkje orde – han finns pinede ikkje! Vi bydde han til å bytte rom med han; å nei san. Ja, han vart da stormen, men det kom liksom frå ein annan kant det. Og heim det kom vi, som sagt; han vart for stutt!

189Jens skulde just til å svinge seg rundt og gå ut. Da var det eitkvart som stogga han. Det var Valborg. Ho hadde lagt ifrå seg arbeide sitt, og ho var blod-spritande raud.

«No mein æg du reisi herifrå.» Ho sa det lognt, farlig lognt. Men det beit ikkje på han. «Konnå di kan du gjern løyp ifrå, og skjem ut oss all i hop; men det e så mykje du veit det: her blir du ikkj ei natt meir!» Ho snudde seg og såg på Per: «For vi hi no bånn, om ikkj anna. »

«Du sei noko du,» sa Jens; han var tør som slipesteinen. «Når dem berre kom sæg hit med jægta, og det vart forderli vind. Æg val ta pøre mitt å gang aust i Pålsnese da, i natt – det e så livt å ha tak over hue om natta.»

Valborg hadde gått ut, ho hadde late att døra stilt attom seg. Per sa ingen ting, og Jens gjorde ikkje den synda at han såg på han. Han tok på seg finnsko-støvlane og pelsen, fann i kofferten sin, og så kom han med handa:

«Du må lava så vel da, Per, og takk for mæg – e – og takk for mæg ja, og farvel!»

Han gjekk rundt og sa farvel, Valborg fann han utom døra, og tok henne traust i hand; han likte seg ikkje kleint.

Per var ikkje med han ut, han vart sittande der han sat.

Drengene gjekk på låven att, og tausene ut på kvar sin kant. Det vart berre sjølsegfolke inne.

190No reiste Per seg. Han stod og såg tvert ned i golve ei stund. Han støytte og bles kvast gjenom nasen, akslene skaut seg meir og meir i vêre. – Før i tida, da gjorde dei eitt med slikt, sa han med seg sjøl. Han rennte auga i Valborg, – ho stod der liksom ho venta det.

«Ka det e for slags myndiheit du tek dæg?»

«Myndiheit?»

«Æg spord rett om det ja.»

«Ein får ta sæg myndiheita ette som det trøngs.»

«Trøngs?» Han kom vålig nær henne no.

Ho lo midt imot han: «Ka det e du bli-for, stakall?»

Da kvitna han over alt andlete, liksom han hadde slite opp eit ulivssår i seg. Men straks etter var han mørkraud, han vart ukjennelig og stygg i åsyna. Han treiv i hårtenna på henne, så hovude slong hit og dit. Ho gav etter alt med seg, med det same, men straks etter stivna ho til, kroppen vilde ikkje finne seg i det, halsen vart som ein stolpe. Ho sa det lågt så ingen skulde høre det:

«Du må da skjemmast, Per!»

«Skjemmast?» Han slepte henne. Flager av raudt og kvitt fór over andlete på han.

«Ja. – – Og hellest da så – skuld du no agt dæg uliti.»

«Agt mæg – he! Agt mæg? Trur du dem agta sæg før i ti ‘n? Ein e no vel herre i sitt eige hus lel – du må agt dæg du!»

191«Ja, kem som e herre og ikkj – ein får bruk vette som hi det, og magta med!» ho ropte det imot han, og no saud det over for henne, gråten flødde gjenom henne, men det var det ho mindst vilde, og dertil såg ho Anders utom vindauge, han hadde stått og set inn. «Fysj skamme dæg Per!» hiksta ho.

Da hogg han i henne og kjørte henne til veggs så det sokk i stua og gav seg til å banke henne. Han visste godt kva han gjorde; det murra kaldt gjenom all hans kropp:

«Det må te. Det må te!»

Da han var ferdig, var det så vidt han vann seg bort i benken. Han visste ikkje om ha hadde gjort motstand, men han var utsliten av det, hadde forderva seg så det svortna for auga. Valborg gjekk ut. No først vart han vâr Anders, og no først hørte han det han sa. «Far!» hadde han ropa, og no kom han og stod framfor han, han slo i borde til han, var raud som ein rasande juviking:

«Fysj skamme dæg far!» Måle slo klikk for han, men han tok seg på tak att: «Du kan berre rikk dæg ein-te gong, å rør a mor, så dæven besætti mæg!»

Per smilte. Han vann ikkje reise seg og gi gutskiten dengt, og så smilte andlete av seg sjøl, gjorde det klokaste det kunde gjera. – Gå ut og hogg sund litt ved, du, sa han. Ei stund etter sa han, men det var med seg sjøl:

192«Det skuld ha vøri ein tå gammel-karan. Han ha næsten lærd kjerringja å baka mjukt han!»

«lkkj a mor ikkj – det henda ikkj! Og forresten så ha æg flygji beint på ‘om!» Anders var skjelven alt med seg, og no la han på dør.

Per vart åleine inne. Men utom døra hørte han Anders, han var i hop med mora no:

«Det e så mykji du veit det mor: at du lystra ‘n far!»

«Ikkj herette, ban. Gang utu vein for mæg.»

Da Valborg kom inn, lest ho ikkje som Per fanns i stua. Per kjente han hadde tapt.

Men det var underlig nok med denne gutstriken. Det var utrulig til merg i han alt. Og det Onde, det kan ingen frelse oss ifrå; det kjem, det som er tilmåta åt oss.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Juvikingar

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Juvikingar er første bind i serien og handler om Per Anders, et familieoverhode av den gamle sorten, og barna hans. Når Per Anders dør, prøver sønnene Per og Jens sammen å drive slektsgården videre, men etterhvert viser det seg at ingen av dem lykkes, og det blir opp til den neste generasjonen og Per Anders' barnebarn Anders å løfte Juvik-slekta opp igjen.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.