Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 3 Heming og Harald kongen


Innleiing

Kong Harald skryter av at ingen kan måle seg med han, men smådrengen hans fortel om ei kjempe som kan vri vatn ut av stål. Kongen vil straks møte denne kjempa, og han sigler nord til Aslakslandet. Når Aslak ser at kongen kjem, ber han Heming, sin yngste son, om å sitje inne og drikke mjød med møyane; men Heming seier at han ikkje er noko barn lenger.

Neste morgon skal kongen og Heming møtast på leikarvollen, men dei kan ikkje råke kvarandre, for pilane møtest med oddane. Kongen krev deretter at Heming skal skyte ei valnøtt av hovudet på bror sin, og Heming klarer det; men han seier også at dersom han hadde råka bror sin, hadde han skote kongen med den andre pila han hadde. Deretter gjev kongen Heming ei rekkje umoglege oppgåver: Han skal finne ein mann heilt utan frende, han skal tenne eit lys i den stride straum og få liv i den mann som ligg på havets botn.

Kongen vil ikkje gje seg, og så krev han at Heming skal renne på ski ned det bratte Snarafjellet. Heming er viljug til det, men då skal kongen stå nedunder og sjå korleis han renn. Heming set utfor, og i farten riv han kongen med seg, slik at han gnurar nasen hans ned i jorda. Heming går sin veg på glatte eikeski, og sidan har ingen sett han.


Tåtten om Heming Aslaksson
Grunnlaget til denne visa er ein tått (det er ei islandsk minisoge) som står i to gamle islandske manuskripter, Hauksbók og Flateyarbók. Tåtten fortel at kong Harald Hardråde var på gjesting i Nordland og kom til Aslak, ein rik bonde. Han hadde ein son som heitte Heming. Han var på fostring hos eit par gamle samar. Kongen kravde at dei skulle hente Heming; han ville prøve guten i idrott. Først skulle dei kappast i bogeskyting, men Heming skaut best. Då ville kongen at Heming skulle skyte ei valnøtt av hovudet på bror sin. Dagen etter skulle dei kappast i symjing. Kongen dukka Heming under. Det vart mørkt, men berre kongen kom inn. Alle trudde at Heming var drukna, men om kvelden kom Heming inn i hallen og leverte kongen ein kniv som han hadde hatt i beltet. Kongen kravde så at Heming skulle renne på ski utfor det stupbratte fjellet. Heming meinte at kongen likså godt kunne drepe han. Kongen svara at han ville gjere det om ikkje Heming gjorde som han sa. Då Heming nærma seg stupet, greip han tak i kappa til kongen og berga seg. Heming kom seg bort, og sidan kom han til England. Der var han med i slaget ved Stamford bru og såg at Harald fall.

Tåtten om Heming Aslaksson er sett saman av fleire gamle vandresegner. Segna om skiløparen er sannsynlegvis skapt i Noreg, segna om bogeskytaren som skal skyte nøtta eller eplet av hovudet på bror sin, er kjend i mange land, men versjonen om Wilhelm Tell i Sveits er den best kjende.


Ein ballade for menn
Dette er ei mannsvise. Av 17 registrerte songarar er det berre tre kvinner, og dei tre er ikkje særleg inspirerte. Anne Ånundsdotter Lillegård frå Eidsborg song svært mange balladar for både Jørgen Moe og Sophus Bugge, men då Bugge spurde henne om Heming og Harald kongen, hugsa ho berre éi strofe. Katrine Lidsplassen i Mo skulle ha lært Heming og Harald kongen av Bendik Felland, men då ho skulle syngje denne visa for Rikard Berge, hadde ho gløymt mange verseliner. Berre storkvedaren Hæge Olsdotter Årmoti frå Mo har denne visa på repertoaret, men ho er også ustø på rekkjefølgda. Merkeleg nok song bror hennar eit heilt anna utval av strofer.

Ludvig Mathias Lindeman har skrive opp to melodiar til denne visa: ein etter Ola Halvorson Birkeland i Bygland, Aust-Agder og ein etter Bendik Felland i Skafså. Catharinus Elling har også skrive opp to melodiar, ein frå Bø i Telemark og ein frå ukjend stad. Ole Mørk Sandvik har også skrive opp ein melodi etter ein ukjend telemarking.

Utsyn 70
CCF 30




Oppskrift A

TSB E 3: Hemingen og Harald kongen

Oppskrift: 1840-åra? av Jørgen Moe etter ukjend songar, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 9, 11–19.

Oppgjeven tittel: Hæmmengs Vise

*

1. Harrald site paa Breiombænkjen
Rosar han af sene Mænd
Eg veit enkje Likjen men Eg
ufød so æ han ænnaa
– Hæmmeng onge han konna paa skjio ræne –

2. Harald site paa breiom Bænkjen
rosar han af sene Svenner
Eg fin inkji Likjen men
i dessi føes Heimar.

3. Thi saa svora den liten Smaadræng
han sto der kje langt ifraa
eg veit meg eino Kjæmpa eg
som vri deg vatten a Staal

4. so æ Hesten aa Hæmmengjen
hor du han i Vegine møter
Ougo dei æ som rænandes Ormen
aa EllenSamlarkommentar: Ilden a Nasane froser

5. Aa de va daa Harrald Kongen
han uti Nasane frøiner
Lever eg dajen ette denni Naatti
Kjempa den ska eg røine

6. saa badt en op sine silkjesegl
saa høgt i forgylte Raa
han let enkji Segli Strika
for dei Aslaks Laanda saag

7. Aslak stænde i høilofte
ser han seg ut so vie
hot tru de æ for eit Orlogsskip
som mon her ti Landi skrie

8. naa sete du enni Sonen men
du drikke den Miøen mæ Moiar
Mæ eg gjænge meg ne ti Straande
aa ser paa kven de monne vera

9. aa de va daa Aslak Kongen
han gjæng seg der ne ti Straand
aa de va daa Harald Kongen
saa styrer sin Snekja i Land

10. De va daa Harald Kongen
han sprenge paa kvite Sand
høir du gamle Mann paa Vodden gjænge
du sei meg dit rete Navn

11. Eg ska sei deg mit rette Navni
tike du de nokon Mone
Aslak Kongen saa heiter eg
aa Hæmeng men øngste Sone

12. De va da en Hæmmeng onge
han totte de engjen vandi
salar han udt sin fliote Fole
aa rei seg her ne ti Straande

13. Gud bære meg for deg Sonnen men
kvi sat du kji helle heimi
de æ bæri vera blouge hel
hel Aabruklouge«hel Aabrukloug» står til slutt i tredje verselina i Moes utgåve i Norsk Folkekalender (1850, s. 74ff.) o helsa æ go aa gjøyme

14. høir du de men sæle Faeren
du teke deg engjo Sut
Eg æ komen o Baanedomen
men Heste so rie æg ut

15. høir du de min sæle Faeren
du tar kje anten sørje el kvie
eg hev kje fængi ein finge saare
æg hev stai i støri stri

16. De hoirer eg paa deg Hæmeng onge
at du Lyster mæ meg strie
mot meg i Morgo paa Leikarvodden
naar Sole ho ry i Lie

17. De va aarle om Morgonen
Sole ho ryer paa Toppe
dei kona in{k}gi kvorare høve
men pilline modtes mæ Odde

18. de va aarle om Morgonen
Sole ho rye paa Tinde
so for Piline ivi deiris Hovu
som Skjønune rapar af Hemle

19. de høirer eg paa deg Hæmeng onge
at du vi kje Lata deg fadde
so ska du skjote Valnote
uppa din Broers Skadde

20. Ska eg Skjote Valnote eg
uppaa men Broers Skadde
so ska du Konge neste stande
aa skjaa hosi Lutine fadde

21. Høir du de min sæle Broer
du stænd enkji blaa aa bleike
men stat du onde Valnote
aa stat baadi frek aa kjeike

22. aa de va daa en Hæmeng onge
han ha fulli skote fyrre
den eine Luten at ivi Hæran ne dat
den are sto ate kurre

23. de høirer eg paa deg Hemeng onge
du vi enkji atte vænde
du ska skaffe meg Manne den
som have slet engjen Frændi

24. ska eg skaffe deg Mannen den
som have slet engjen Frendi
saa ska du tænne Liose i strie Stroumen
aa faa de ti aa brænne

25. De høirer eg paa deg Hæmmeng onge
at du æ tamde paa sond
du ska skaffe meg Liv i den
som ligge paa Havsens Bond

26. ska eg skaffe deg Liv i den
som ligge paa Havsens Bond
saa ska du Kongen neste fara
aa siaa mæ eg sprekke sonde

27. De høirer eg paa deg Hæmmeng onge
du vi kje ladta deg fara
du ska løype Fiødde de
som Drængjine kadde Snara

28. Ska eg løipe Fiødde de
som Drængjine kadde Snara
so ska du Kongen ondistande
aa siaa hosi eg mone fara

29. Hæmeng løiper Snarafiødde
aa Skjie dei renner paa Fior
Have tok Kongen i Axlebeine
so Nasane Gruvla i Jor

30. De va daa en Hæmmeng onge
vænder saa atte paa Lei
tis du hava forliti fængji
saa æ her fulli Raa ti mei

31. So hogje han af han den eine haande
aa Herabeine baai
soso fara me Kongens Karane
me sneier paa Kongens klæi

32. Hæmeng stege paa Eikeskjie
ræner han nor ivi Heie
adde spurde aa ingjen viste
hori den Guten va heimi

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Hist og her har ei seinare hand streka under nokre ord og sett til eit par tilvisingar til Landstad og Bugge.




Oppskrift B

TSB E 3: Hemingen og Harald kongen

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger etter ukjend songar frå Telemark.

Orig. ms.: NB Ms. 4° 644, 67–68.

Oppgjeven tittel: Ungan Hedningen

*

1. Kong Harald sat i breie Padden
Aa tala han te sine Mænd:
Alle hev æg set Likjin min
Aa ufød æ En’ end
– Aa dæ va onge Hedningjen
han konne paa Skie rænde –

2. Heningjen rænd paa Eikeskio
Aa Skj{æ}ie dei skrei ive Hougo.
Adde spøre, men ingjen veit
Haare Drengjen æ lægje Daue

3. Henningjen rende av snare Fjødde
Aa Skio dei skrei paa KringleSamlarkommentar: ring
Kongjen tottes han saag derpaa
Som Sjønne rapar av Himle

4. Aa Heningjen rende av snara Fjødde
Aa Skie dei skrei paa snoreAlternativ lesemåte: Snioren
Han tok uti Kongjens Axlebein
Saa Nasænne gryvla i Jore

Samlarkommentar mellom strofene: Mangler en deel.

5. Aa skaa æg naa sjote Valnotte
Uta min Soens Skadde
Saa skaa du Kongje indmæ stande
Aa sjaa haasse Lutin vi fadde.

6. Aa høire Du dæ Du Soen min
DuRetta frå: Du dæ Du Soen min Du tar kje stande bleik
Men Du maa stande onde Valnøte
Baate fadden aa kjeik

7. Aa Hæningen spænde Baagjen sin
Aa han ha skøte før
Den eine Luten ivi HæroSamlarkommentar: Skulderen dat
Den andre laag atte kur

8. Aa ha æg sil skaate ihæl Soen min
Om dæ saa idde sku hænt
Saa ha den andre Bragepili
Uti Dæg Haral, sku brændt

*

Dei første to strofene er nummererte i oppskrifta, elles ikkje.




Oppskrift C

TSB E 3: Hemingen og Harald kongen

Oppskrift: 1867 av Sophus Bugge etter Ådne Olsson Auversækre, Høydalsmo i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge c, 58–64 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Harall sit på breiom benkjen
rósar av sine menn
eg finn inkje líkjen mìn
úfødde so æ’ han en
– Heming unge han kunne på skíó renne. –

2. Harall [sit på breiom] benkjen
[rósar av sine] sveinar
[eg finn inkje] líkjen min
i dessi føesheimar

3. Te so svara den líten smådreng
han stó der kje langt ífrå
eg veit ein å kjempa den
hó vríe vatn ó stål.

4. De va han Harall kunjen
han útí nasanne frøyner
liver eg dagjen ette den nåtti
kjempa den sko eg røyne.

5. So hissa dei upp de silkjesegl
høgast í seglerå
dei sille inkje på bunkjen strúke
fyrr dei Aslakslande Såg.

6. Kungjen han stend í høgeloftssvoli
han sér seg ut so víe
han sér so mange dei órlogsskipi
som mónne på bylgjunne skrie

7. Nó site dú inne dú sónen min
å drikke denSamlarkommentar: (sic) mjø mæ møya,
mæ eg gjenge meg ne at stråndi
å sér kven de mónne vera.

8. De va’ Hemming unge
han tótte de ‘kje vera våndi
han salar út sin fljóte fole
å rí seg der ne te stråndi.

9. Gud bære meg for deg sónen min
kví site dú kje helle heime?
de æ bære vera brú hell åbrúklaugSamlarkommentar: (uforklaret)
helsa æ’ gó å gøyme

10. Å høyrer dú de minAlternativ lesemåte: sæle faer
dú tar inkje for meg kvíe
eg {e}hev komi ó’ båndómen
eg tor fulla hesten ríe

11. Høyrer [dú de min sæle] fair
dú tar kje anten syrgje hell kví
eg hev inkje fengje fingann såre
eg hev sta’i í større strí.

12. De merkar eg på deg Hemming unge
dú lyster å mæ meg strí
møt m{æ}eg í morgó på leikarvodden
då sóli hó rør í lí.

13. De va’ tíleg um morgóen
sóli hó rør í lí
då lyster han unge Hemmingen
sin hest uppå vodden {l}ri.

14. De [va’ tíleg um] morgóen
[sóli hó rør í] tinde,
då fór pilinn ivi deires hovu
som skjønnunne rapar órSamlarkommentar: (sic) himli.

15. De va tileg um morgóen
sóli hó skineSamlarkommentar: (aab.) på toppó
dei kunna inkje kvorare høve
men pílinne møttest mæ oddó.

16. De merk{je}ar eg på deg Hemming unge
du ví inkje lata deg fadde
du sko skaffe meg mannen den
som heve slett ingjen frænde.

17. Sko eg skaffe [deg mannen] den,
som [heve slett ingjen] frænde,
so sko dú tenne ljóse í stríe straumen
å få de so ti å brenne.

18. De mærkar eg på deg H[emming] u[nge]
{d}at dú vi inkje lata deg fara
dú sko løype fjødde de
som drengjinne kadde Snara.

19. Hemming han løyper Snarafjødde
å skSka eg løype Fjødde de
som [drengjinne kadde] Snara,
so sko du kungen unde stande,
å sjå hosse eg mónne fara

20. H[emming] han løyper Snarafjødde
å skíi dei renner på fjór
have tók kungjen í akselbeine
so nasanne gruvla í jór.

21. De va han H[emming] unge
han vender atte på lei
tiss dú no hava for líte fengje
så heve eg rå ti mei

22. {H}So hogg en av en hovde
å hærebeini båe
såsså fara me kungjens karar
sneier me kungjens klæi.

23. H[emming] stíge på eikeskíi
renner segrenner seg er skrive i eitt ord, sannsynlegvis ved retting frå renner eg nór ivi heii
adde spórde men ingjen visste
hor denne gúten va heime

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: Åni Auversævkre søn af Olav (Faderen er født i Høydalsmo) Med penn har Bugge retta Auversævkre til Ouversævkre og elles skrive: (det maa undersøges, om han har lært Visene af Bøger)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.