Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 42 Ivar Elison


Innleiing

Ivar Elison blir sett til boklege studiar, han skal lese til prest. Far hans er drepen, og drapsmannen har ikkje betalt bot for drapet. At faren er død, kan vi sjå av at Ivar ikkje ber noko farsnamn, slik skikken i eldre tid var. I staden ber han namnet til mora. Når Ivar går på leikarvollen med dei andre ungdomane, får han lastord fordi han går hardt fram mot dei i ball-leiken I staden burde han hemne far sin, det hadde vore meir ærefullt, seier dei. Ivar talar med mor si, no vil han vite kva som har skjedd. Mora fortel alt. Faren er drepen, og den blodige skjorta heng framleis på steinveggen. Ingen har brukt skjorta, og ingen har klipt mana på stridshesten hans. Ivar vil til kyrkja, for der reknar han med å sjå drapsmannen, ille Hermod – den vonde Hermod – og mora rår han til å ta med seg søstersønene hennar, Per og Jon. Dei tre søstrungane oppsøkjer drapsmannen heime i garden hans, og Ivar spør om han har tenkt å gjere opp for seg. Svaret er nei, i staden følgjer Hermod etter dei for å slå dei i hel. Ivar og dei to venene tek opp kampen og drep halvparten av Hermods menn. Ivar kløyver sjølv «skjollen aa ringebrynja / aa Hermó alt í navlí» (Bugge [1856] 1971: 19). Deretter rid dei heim, og Ivar fortel den glade bodskapen til mora.

Kring midten av 1800-talet, då «Ivar Elison» vart skriven opp i Telemark, var det berre Hæge Olsdotter Årmote (1787–1860) og bror hennar, Olav Olsson Profetli (1783–1863), som kunne denne balladen. Hæge Årmote, ei fattig husmannskone frå Mo, var ein av dei fremste balladesongarane her i landet. Det vart skrive opp førti balladar etter henne, og dessutan stev, nyare viser, gåter og ramser. Olav Olsson, som ikkje var like kunnig som den eldre søstera, levde også i husmannskår, på plassen med det ironisk-spøkefulle namnet Profetli (Jonsson & Solberg 2011: 466–472). Bugge møtte Hæge Olsdotter i 1856 og 1857, og han brukte heile ni av tekstane hennar i Gamle norske Folkeviser, deriblant «Ivar Elison». I føreordet nemner han henne som ein uvanleg kunnig og språkmedviten songar:

«Hun havde i sin Barndom af sin gamle Fader lært en Mængde Viser, som hun mindedes forunderlig godt. Dog pleiede hun ikke nu at kvæde disse i den samme gamle Sprogform, i hvilken hun havde modtaget dem af Faderen, og med Sikkerhed vidste hun ofte at angive hvor Faderen havde brugt andre Ordformer og Udtryk eller udtalt Ordene annerledes, end hun nu pleiede» (Bugge [1858] 1971: XI).

Nokre år tidlegare, sommaren 1847, hadde Jørgen Moe skrive opp «Ivar Elison» etter Hæge Årmote, i ei form som er svært lik Bugges. Forutan oppskriftene etter Moe og Bugge har vi berre to-tre oppskrifter av enkeltstrofer.

På dansk finst det ei såkalla romanvise med utbrodert handling – 77 strofer – frå om lag 1630, ei vise som truleg byggjer på ein norsk versjon av «Ivar Elison». Teksten står i eit handskrift som er ført i pennen av Vibeke Bild (1597–1650), dotter til den danske adelsmannen Preben Bild. Han sat med Lister len i fleire år, og denne sørnorske tilknytinga har gjeve Vibeke tilgang til norsk visemateriale (DgF VIII–IX: 209–217).

«Ivar Elison» tek opp eit populært ballade-tema, blodhemnen som måtte til når ein drapsmann ikkje gjorde opp for seg og ikkje betalte bøter til frendane etter den drepne. Dette skulle drapsmannen gjera, men det skjedde ikkje sjeldan at ein drapsmann prøvde å vri seg unna, og då måtte ætta til den drepne hjelpe til, slik at æra kunne rettast opp.

Utsyn 62
DgF 478




Oppskrift A

TSB E 42: Ivar Elison

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 10, 15a–16f.

Oppgjeven tittel: Ivar Elisons Vise

*

1. Ivar bleiv i Skolen sætte
Sille lære i Bok
Der kom Præstar aa lærde Mænnar
De baust inkje for en Bot

2. Ivar bleiv i Skolen sætte
Lære i Bok en sille
Saa skaa Prestar aa lærde Mænnar
Ganga i Skolen gjilde

3. Aa Ivar gjænge paa LeikarvoaddenSamlarkommentar: sic
Kastar han Sop af Hænde
Der blaanar, som der Lite kjæm paa.
Der styrmer slet inkje Kvenni

4. Aa ne saa sættes dei Knigtane
Saamangje som dei vore
«De va sømmere sin Faer hevne
Hel gjeva kon Haagje saare»

5. Aa ni saa sættes dei Knigtane
Aa dei blei honom vreie
«De va sømre sin Faer hevne
Hel gjeva kon Haagje fleire»

6. De va Ivar Elison
han sæt si Haand ondi Kjind
Saa gjek han i Steistaaga
For sæle Mori ind

7. «Aa hoire du mi sæle Mori
Naa spør eg deg af Sando
Hor h hæve dei min Faer vorti
Me æg ska i Blygslo stande

8. Saa tok o op den Sylvesoppen
Ho gjores i Kjinni bleike
«Den hære din sæle Fare
Dæg agta te Baanelæike.»

9. «Aa fljote Faalen paa Stallen stænde
Aa fædder han Faxi graa
Han ha aller vor’ skaarmeitt
Si’ Far din faldi ifraa»

10. Aa Skjorta hængje paa Steinvægji
Ho æ otor Bloi dregji
Ho hæv alli vor’ komi i
Si’ din sæle Fa’er blei vegjin»

11. «Aa hoire du mi sæle Mo’r
Haat eg deg bea maa
Æg vi meg at Kjirka i morgo
Min Fairs Banin sjaa»

12. «Du ska deg inkje at Kjyrkja imorgo
Du kan deg inkje sømma
Utars du hæv de Lai me deg
Du ta’r kje onda røma.»

13. «Aa hoire du mi sæle Moer
Naa spor eg deg af Tru
Kven æ af mine Kynningar
Som du beste trur.»

14. «Du tæke me deg Pær og Jon
Mine Systersynir tvei
Her æ ingjen a mine Kynningar
Som æg trur bet’ hel dei.»

15. Saa stigu dei paa Hestane
dei Systerongarne tri
Ivar snuddas i Borgele’:
«Du liv’Alternativ lesemåte: Lev vel Moi mi.»

16. Aa de va da ho Eli Frua
Ho snodde seg me Graat
Ho gat inkje sin Sone svara
Saa vox hennar Sorg i MotAlternativ lesemåte: imot

17. Aa ind han kjæme Smaadrengjen
Seie han dæ ifraa:
«Der kjæm ein Gangar her i Garen
Aa Mannen site paa»

18. «Ja fulla kjenner eg Gangaren
Men inkje den an rei
Æ de kje Ivar Elison
Æ komin or Skolen heim.»

19. Aa ute saa bat dei Hestane
Aa sjave saa gjek dei ind
Saa blilege helsar Ivar onge
paa Fais Banen sin.

20. «Her site du Idde Hermo
Onde dit gule Haar.
MantAlternativ lesemåte: Mon du noko kunnige væra
Kven som min Faren vog?»

21. Ja fulla mon eg konnig væra
Kven som din Faren vog
Men de gjorest saa gaamule Gjæl aa greie
Aa seint kan du ‘a faa.»

22. De va Ivar Elison
Han va saa nytin Svein
«Vi vi okkan te Kyrkje rie
Aa tala kje om de mei»

23. Aa Hermo tala te sine Mænnar
Han ondte dei inkje vel
«Me rie paa Skogjen ette dei
Saa slær me dei adde ihel.»

24. Aa de va Ivar Elison
Han saae seg attivi Hær
«Naa sier eg mi Fais BanenSvært utydeleg. Det ser ut som det kan stå Baante
Naa kjæm ‘an mæ si Færd»

25. Aa Ivar talar te sina Mænnar
Te Systerongarne siAlternativ lesemåte:sine
«Kvaare skaa me onda røme
Hel me skaa mandelege bie»

26. Te saa svaara Systerongarne
Pær aa saa han Jon:
«Me vi inkje onda rome,
Me vaagar daa paa den Von»

27. Aa mot rei Pær Præstsonen
Haagje han alt af Vaai,
Han haagje tvei af tverrom Hesten
Aa dei dat daue baai.

28. Aa Ivar Svær or Sliro dræge
Han haagje te af Avli
Han kløivde Svær Skjollen aa Ringebrynja
Aa Hermo alt i Novli

29. Saa glæeAlternativ lesemåte: glae rei dei Systerongarne
Af øie Skogjen heim
Aa atte sat dei Saara sex
Aa vakte ivi daue Sjau.

30. Aa om saa tala Eli Frua
Naar ho saae sin Sønnen bløi
«De ha vor’ bære heime sæti
hel Daue saare grøe»

31. Gud forlaate deg, Sonen min
At du sat kje helle heime
De bære væra blauge hel aabaari
Helsa æ go aa gjøime.»

32. «Nei du ta’r inkje mi sæle Moer
Bæra før meg Kvjie
De blei kje min mindste Finger saara
Saa van eg i denni Strie

33. Aa de va da ho Eli Frua
Blanda ho Mjo i Veisle
De bar ho i hoge Lofti
Te Systerongane siAlternativ lesemåte: sine.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Øvst på første sida står det: Hæge Olsdatter Aarmoti, Moe Sogn




Oppskrift B

TSB E 42: Ivar Elison

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge l, 90–96 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Ivar Ælison. I.

*

1. Å Ivar bleiv i Skulen sette
å lære i bok han sille,
så sku’ prestar å lærde mennar
gange i skulen gilde.

2. Å Ivar bleiv i skulen sette
å sille han lære i bók,
der va præstar å væbnemennarSamlarkommentar med blyant i reinskrifta: maaske svarende til det danske: med Vaaben veiet (ung Villum V. 30. 46). Arngríms synir V. 7: við vápnum vigin.
der baus inkji fyr’ en bót.

3. Å Ivar gjenge på leikarvodden
å kasta sopp av hendi,
der blåna, som der liti kom på,
der styrmde slett inkji kvendi.

4. Å ne settes dei knektanne,
då blei dei honom vreie,
de va sømre sin fairen hevne
hell {k}gjeva kon hoggji fleire.

5. Å de va Ivar Æliso’n
han sette si hånd unde kinn,
så gekk han i steinstoga
for sæle moeri inn.

6. Å høyr du de mi sæle moeri,
no spyr eg deg av sanhet,
hor heve de min faeren vorti,
me eg sku i blygslo stande.

7. Så tok ho upp den sylvaresoppen
ho gjorest i kinni bleike,
denni aktar dinn sæle faer’e
deg ti båneleikur.

8. Å fljóte folen på stadden stende
no feddar han faxi grå,
han hev alli vor skoremeitte,Samlarkommentar: (manklippet)
si’ faeren din falt ifrå.

9. Å skjurta ho æ uto bloi dreg henge på steinveggji
hæ æ uto bloi dregji,Samlarkommentar med blyant i reinskrifta: jvfr. Arngrímssynir v 1{7}3
ho hev’ alli vori komi i,
si’ din sæle faeren blei vegjen.

10. Å høyre du de mi sæle móeri
hot eg deg bea må,
må eg meg at kyrkja imorgo,
min fais banen sjå.

11. Nei du må deg inkji at kyrkja imorgo
de kan deg så liti søme,
uttas du heve de le’i mæ deg,
at du tar kje unda røme.

12. Å høyre du de mi sæle moeri
no spyr eg deg av trú,
kven æ av mine kynningar,Samlarkommentar: (Kjenn.) Samlarkommentar i reinskrifta: Kjendinge eller Skyldfolk (Hæge). oldn. kunningi, Bekjendt ell. snarere Slægtning?
som du beste trúr.

13. Du teke mæ deg han Per å Jón,
mine systesynir tvei,
her æ ingjen av dine kynningar
som eg trúr bet hell dei.

14. Så stigo dei på hestanne,
dei systrunganne tri,
Ivar snúddes i borgele’i,
du liv vel moi mi.

15. Å dæ va då ho Æli fruva
so snudde ho seg mæ gråt,
ho gat inkji sin sonen svara,
så bar de henar imót

16. Å inn så kjeme den smådrengjen,
då seje han der ifrå,
her kjem en gangare her i garen,
å Mannen han site på.

17. Å fulla kjenner eg gangaren,
men inkji den h‘o rei,
æ de ‘kji Ivar Ælison,
æ komen o skúla heim.

18. Å ute så batt dei hesten sinn
å sjave så gjekk dei inn,
så blideleg helsa’ Ivar unge
på faisbanen sinn.

19. Her siter du idde Hermo
alt unde di’ gule hår,
mon du noko kunnig vera
kven min faeren vog.Alternativ lesemåte: våg

20. Å jau fulli mon eg kunnnig vera,
kven din faeren vog,
den gjeres så gomoll gjelli greie
å seint kan du ‘a få,

21. Å de va Ivar Ælison
han va då så nýten svein,
me vi’ okkon ti kyrkje rie
å tala ‘kji um de mei.

22. Å Hermo tala te sine mennar
han unnte dei inkji vel,
me rie på skógjen ette dei
så slå mei adde i hel.

23. Å de va han Ivar Ælison,
han glåpte seg attpå hær,
no ser eg min fais bani,
no kjeme han mæ si fær.

24. De va han Ivar Ælison
han tala te drenginne sine,
kvore sku me unda røme
helle me sku’ mannleg bie.

25. Å ti så svara dei systrunganne
Pær å så han Jón,
me vi’ inkji unda røme,
me vågar då på den vón.

26. Å mót rei Pær pressonen,
då hoggji han alt av våiSamlarkommentar: (av al Magt)
han hoggji tvo av tverrom hesteSamlarkommentar: de sad på en Hest? Samlarkommentar i reinskrifta: Hæge mente, at det skulde sige, at to sad på én Hest.
å dei dutte daue båe.

27. Å de va’ Ivar Ælison
då drog han sitt svær av avli,
han kløyvde skjollen å ringebrynja,
å Hermo alt i navli.

28. Å så glae så rei dei systrunganne,
av øyeskójen heim.
atte så sote dei såre sex,
å vakte ívi daue sjau.

29. Så g
Å de va då ho Æli fruva
når ho såg sin sonen bløde,
de ha vori bære heime seti,
hell daue såre grøe.

30. Å gud forlåte deg sonen min
du sat inkji helle heime,
d’ær bære vera blauge hell åbbåreSamlarkommentar i reinskrifta: Så gav Hæge dette Ord, som hun ikke forstod. Med blyant: aaboden ‹h.S.s.› jvfr ovbo(d)e.,
helsa æ go å gjøyme.

31. Å tar inkji mi sæle moeri
bera fyr meg kvie,
de blei ‘kji min minste fingjen sår{e}a,
så vann eg i denni stri.

32. Å Æli ho gjekk i steinstoga
å blanda ho mjø i vin,
å de bar ho på høge hesten
fyr sæle sonen sin

*

Strofene er ikkje nummererte i kladden.

Reinskrift: NFS S. Bugge I, 96–100. I margane ved overskrifta står det: Jfr. fause Foodrage h. W. Scott minstr. (Udg. 1833) III, S. 223. og med blyant: Har lidt tilfælles m. Helleman Unge. Arw. I S. 132, dog neppe samme Vise. Elles har reinskrifta variantar og kommentarar med både penn og blyant.

Trykt i Bugge 1858, IV.




Oppskrift C

TSB E 42: Ivar Elison

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Olav Olsson Profetli, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 143 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Varianter og Tillæg til Ívar Ælison. II. (meddelte af Olav Profetli)

*

1. [ŠÍvar bleiv í skúlen sett’e]
[å sille han lære í bók,]
far hass blei på Våglóm vegjen
[der] baust [inkji fyr ‘en bót.]


4b. [Å ne så settes dei kniktanne,]
så mange som dei vore
[de va’ sømre sin fairen hevne,]
hell gjeva kon hoggi såre.

6. [Å høyr du de mi sæle móeri,]
[no spyr eg deg] av sonnom
[hori heve de min faeren vorti,]
[me eg sku’ i blygslo stande.]

15. [Å de va’ då ho Æli fruva]
[då snudde ho seg mæ gråt,]
[ho gat inkji sin sonen svara]
så falt henar sorg imót.

30. [Å gud forlåte deg sonen min,]
[du sat inkji helle heime,]
[d’ær bære vera blauge hell] åbbåren
[helsa æ’ gó å gjøyme.]

31. [Å du tar inkji mi sæle móeri]
[bera fyr meg kvíe,]
[dæ blei ‘kji min minste fingjen såra,]
[så vann eg i] dette strí.

32. Å Æli gjekk í høgelofte,
å blanda ho mjø í vín,
å de bar ho åt steinstoga
fyr systrunganne trí.

*

Strofene er fylde ut etter reinskrifta av oppskrift B, som Bugge viser til i denne oppskrifta. Nummereringa er teken frå oppskrift B, og den nye strofa etter strofe 4 er såleis kalla 4b her. Olav har truleg kjent alle dei 32 strofene i oppskrift B, men her er berre dei med variantar tekne med. Elles gjev Bugge opplysningar om at strofe 1 og 2 i oppskrift B var i omvend rekkjefølgd hjå Olav, og så også strofe 7, 8 og 9.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.