Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 5 Viliken Veiemannsson


Innleiing

Viliken Veiemannsson talar med festarmøya si og seier at han vil ut og prøve seg i kamp. Ho åtvarar han og spår at han vil finne ein motstandar som er minst like god som han sjølv. Likevel rir Viliken Veiemannsson av stad og møter snart Torkjell Trondeson. Dei strir mot kvarandre til hest, og etter den andre dysten fell Viliken av hesten. Han døyr, men rekk å be motstandaren hente prest så han får skrifte. Torkjell Trondeson står att som sigerherre og vinn også festarmøya til Viliken Veiemannsson.

Det finst berre to variantar med nokolunde fullstendig handling av denne balladen, begge etter to av dei fremste balladesongarane i Telemark. Den eldste skreiv Bugge opp i 1857 etter Hæge Olsdotter Årmote (1787–1860) frå Mo. Nokre år seinare (1863) skreiv han opp same ballade etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) frå same bygd. Jorunn Knutsdotter song i alt 76 balladar for Bugge og var den som kunne mest av alle norske balladesongarar (Jonsson & Solberg 2011: 494–497).

Balladen finst også på færøysk og svensk med nokre fleire handlingsmotiv, som har falle bort i den norske tradisjonen. I dei færøyske og svenske formene får vi høyre at taparen med riddarleg sinn åtvarar overmannen mot dei sju brørne. Dei er farlege og vil drepe han. Men for Torkjell Trondeson representerer dei inga utfordring:

Tað gjørdi Torkil Tróndarson,
tó at hann var ein,
hann vá hansara sjey brøður,
aður hann reið heim

Nú liggur Filkus Veymarsson
í grønari lið,
Torkil ber hans ring og brynju,
og lovar hans vív
(CCF VI: 73).

Viliken Veiemannsson er eigentleg Vidrik Verlandsson, ei av kjempene i Didrikssoga. Vidrik Verlandsson er blant anna kjend for å ha slege Langbein Rise i tvikamp. Elles er det samsvar mellom norske og færøyske variantar når det gjeld sigerherren, det er Torkjell Trondeson. På svensk er det motsett, Vidrik Verlandsson går av med sigeren.

Utsyn 73
CCF 126
SMB 197




Oppskrift A

TSB E 5: Viliken Veiemannsson

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 297–298

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Viliken Veiemanssón å Torkjell Tróndesón

*

1 Villiken klædde han sine menn
som han kunna best,
sjav’e rei Viliken Veiemansón
på gullskódde hest.
– Enn går fruvur i dansen. –

2 Viliken [klædde han sine menn]
i dyd å i pryd,
sjav’e [rei Viliken Veiemansón]
han glimar som ís.

3 Den fyrste dysti, dei sammen rei,
de va’ kun ein leik,
hestanne dei på kne’ faldt,
å kinni gjóres bleik.

4 Den frareI reinskrifta står: fyste dysti, dei samen rei
den var meget hård,
hestanne [dei på kne’ faldt,]
[å kinni gjóres] blå

5 Den tree [dysti, dei samen rei]
kom der blev dennem vest,
då faldt Viliken Veiemansón
av gullskódde hest.

6 Då faldt V[iliken]V[eiemansón]
av gullskódde hest,
Høyrer du Torkjell Tróndesón
du hentar meg prest!

7 Dø’e blei V[iliken]V[eiemansón]
å graven í jór,
ette liver Torkjell Tróndesón
å flyte hass brur.

8 Dø’e [blei Viliken Veiemansón]
[å graven i] moll,
[ette liver Torkjell Tróndesón]
[å] fører hass skjoll

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 10–11




Oppskrift B

TSB E 5: Viliken Veiemannsson

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 223–224

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Viliken Veiemanssón og Torkell Trondesøn.

*

1 De va Vílikjen Veiemannssón
han talar mæ kjæreI margen står det: –viv
eg vil meg utríe idag
å prøve mí ære.I margen står det: mitt liv
– (Ho) Enn går fruvur i dansen –I reinskrifta står det: [Kvædersken paastod med Bestemthed, at Omkvædet først skulde komme ved 2det V., ikke allerede ved 1te.]

2 Eg sete inkje der mindre i mót
hell min syllbudde klavi
vi du Vilikjen Veiemanssón
du finne væl makji

Denne strofa er ikkje med i reinskrifta.
3 [Eg sete inkje der mindre i mót]
[hell min] syllbudde knív
[vi du Vilikjen Veiemanssón]
de gjelld ditt lív

I reinskrifta står: [burde vel være V. 2 og V. 2 være V. 3?]
4 De va Vilikjen Veiemanssón
han talar mæ viív,
eg vi’ meg utríe ídag
å prøve mitt lív

Denne strofa er ikkje med i reinskrifta.
5 De va Vilekjen V[eiemanssón]
han rei seg framte mælí,
såg en Torkjell Tróndesón
so mándeleg dei bío.

6 Den fyste dyst de sammen red
å de va’ en lek,
då gjorestAlternativ lesemåte: blei Vilikjen Veiemannsón
i kinne so blek

7 Den anden d[yst] dei [samen] red
å de va dernest
då falt V[ilikjen]V[eiemannsón]
af gullskótt hest.

8 Her ligge du V[ilikjen]V[eiemannsón]Over lina står det: Di takje enn V. V.
å du rinder bloOver lina står det: å di legg’ en í jór
heimte ríe Torkjell TróndesónOver lina står det: atte live
ei kjempe like gó.I margen står det: å klee en íkk hass vív (usikker transkripsjon)

9 Her l[igger] d[u] V[ilikjen] V[eiemannsón]
å du ligge dø
heimte [rie Torkjell Trondesón]
han fester di mø.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 265–266

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.