Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859

av Aasmund Olavsson Vinje

Om teksten

Denne utgåva omfattar alle dei korrespondansane eller breva Vinje skreiv for Drammens Tidende i perioden 1851–1859. Men dessverre er altså nokre av dei gått tapt. Det finst fleire «hol» i overleveringa. Desse hola har vore der lenge. Situasjonen har ikkje endra seg sidan Nasjonalbiblioteket fekk Drammens Tidende fotografert (på mikrofilm) ein gong i 1960-åra. Tidleg i arbeidet kontakta utgivarane ei lang rekkje bibliotek, arkiv og andre institusjonar med førespurnad om dei hadde Drammens Tidende frå 1850-åra i samlingane sine – utan resultat. Hausten 2017 gjorde vi eit siste forsøk på å oppdrive manglande nummer av avisa ved å etterlyse dei i Drammens Tidende (Ødegaard 2017). Heller ikkje dette initiativet ga gevinst. Skulle likevel nokon av dei manglande nummera dukke opp, lèt det seg heldigvis enno gjere å innlemme dei i utgåva.

Dei korrespondansane Vinje skreiv for Drammens Tidende, utgjer rett nok ikkje alt han skreiv for avisa. I utgåva har vi inkludert alle artiklane frå Christiania med overskrifta «Korrespondance» (eller «Korrespondence»). Dessutan har vi tatt med ouverturen, dei seks artiklane om «Journalistiken» frå januar 1851, ettersom dei tematisk høyrer naturleg saman med korrespondentbreva. Vi har òg inkludert «stumpefeiden» med Krydseren i 1852. I desse versa er det nett korrespondenten og verksemda hans det gjeld. Ein artikkel med tittelen «Sangerfesten paa Skougom i Asker» (7/1854) skil seg ikkje frå artiklane med den vanlege overskrifta og er dermed tatt inn. Men dei 15 reisebreva frå Telemark, skrivne under koleraepidemien i Christiania hausten 1853, er ikkje inkluderte her (dei finst i Skrifter i samling); det er heller ikkje 18 teatermeldingar og anna som ikkje høyrer med i kategorien korrespondentbrev. Ein fullstendig spesifikasjon over Vinjes skriftstykke i DT gir vi i eit eige oversyn.

Manuskripta til Vinjes «Korrespondancer» finst ikkje lenger. Dei kan vel rett og slett ha blitt kasta etter at dei hadde gjort nytten. Korrespondenten sende dei til Drammen i posten klokka 12; to dagar seinare stod dei på prent i avisa. Han fekk dermed ikkje lese korrektur sjølv, men måtte stole på trykkeriet. Av og til slo rimelegvis Prentesvarten til. Blei det for gale, sende korrespondenten ei retting som blei tatt inn i avisa og sett i flukt med artikkelen veka etter. Slike forfattarrettingar har vi her arbeidd inn i teksten, men spora etter dei kan følgjast i det kritiske apparatet, som gir ei samla oversikt over alle dei rettingane vi har gjort.

Olaus Arvesen, som kjende Vinje frå studieåra i Christiania (1855–1862), fortel i memoarane sine (1912) ei historie om korleis korrespondentartiklane blei til. Om Vinje mangla korrekturlesar, heldt han seg i det minste med konsulent: ein viss Lars Ihle, kjøpmann på Stortorget:

I de senere aar var en dengang meget bekjendt Kristiania-størrelse, Lars Ihle, Vinjes faste konsulent overfor alle Drammens-brevene. Vinje fortalte selv, at han sjelden lod nogen korrespondance avgaa uten først at ha været nede ved Torvet og forelæst den for «han Lars». Denne hadde, sa Vinje, tre sanktionsformler, efter graden av artiklernes godhet. Naar han intet sa, betød det «godt», fandt han artiklen meget god, spenderte han en flaske øl; var den efter Lars’s mening udmerket, da dram og øl, alt uten nogen yderligere uttalelser; han leverte sine domme in natura. Kun en yderlig sjelden gang kunde det hænde, at han med et kraftig slag i bordet gav sit aller høieste behag tilkjende, og da spenderte han mindst to drammer til øllet. Lars Ihle var nemlig en i de dage bekjendt kjøbmand ved Torvet, en vittig og djerv natur, ikke just av mange ord, men desto kraftigere i handling, overmaade nationalsindet, en egte hedemarking baade av fødsel og naturel. Vinje kunde ofte med straalende ansigt komme og fortælle: «Han Lars var fornøiet idag – den var god den!» (Arvesen 1912: 76)

Om Arvesen faktisk fester lit til Vinjes fiksjonalisering, blir aldri heilt klart, men at han stod forfattaren nær i desse åra, kan det ikkje vere tvil om. Ein dag korrespondenten hadde «vont i hausen», fortel Arvesen, var det han, studenten, som stod for skrivinga (Arvesen 1912: 78). Forfattaren sjølv nøgde seg med å diktere. For utgivarane 170 år seinare må ei slik opplysing sjølvsagt bli tillagd ei viss vekt. Vi kan ikkje ta for gitt at alle manuskripta har vore førte i pennen av forfattaren sjølv.

Som grunnlag for denne utgåva har vi nytta avisteksten slik han ligg føre (i eitt eksemplar). Alle andre versjonar (Skrifter i Utval og Skrifter i samling) byggjer på dei same tekstane. I to tilfelle har vi supplert med samtidige opptrykk i Christiania-Posten: Det aktuelle nummeret av Drammens Tidende er tapt, men delar av det hovudstadskorrespondenten skreiv, kan dermed enno lesast, takka vere opptrykket i Christiania-Posten.

Arbeidet med attgivinga av tekstane starta med den digitaliseringa som uansett stod for tur i Nasjonalbiblioteket. Drammens Tidende blei i 2016 innlemma i bokhylla.no. Brorparten av årgangane er eigde av Nasjonalbiblioteket sjølv, resten av Drammens Museum. Etter digitaliseringa følgde OCR-lesinga, som i teorien omskapar gammal frakturskrift (såkalla gotisk) til søkbar tekst i moderne antikva-typar. Komplikasjonane denne prosessen fører med seg, kan rett nok lett undervurderast. Heldigvis hadde vi god hjelp av eit heilt korps av studentassistentar som stod for grovkorrekturlesinga. Dei hadde inga lett oppgåve. I tillegg til det faktum at frakturskrift berre ugjerne lèt seg tolke maskinelt, kjem tilleggskomplikasjonar som skriv seg frå skuggar, rifter og brettar i dei gamle avissidene. I mange tilfelle blei problema løyste ved at manuell tasting kom i staden for maskinell lesing.

Når overleveringa som her avheng av éin enkelt tekst, ja, faktisk eitt enkelt sett av dokument (aviseksemplar), er det ikkje mogleg for utgivaren å greie ut problematiske passasjar ved å hente klargjerande variantar frå andre versjonar av teksten. All retting må baserast på gjetting, såkalla konjektur. Utgivaren må setje seg som mål å tryggje forfattarens intensjon, utan, sjølvsagt, å ha direkte tilgang til han. Ein har ikkje anna enn circumstantial evidence: kunnskapen om forfattaren og hans/hennar målbruk i tillegg til kunnskapen om den ålmenne språkbruken og dei typografiske konvensjonane som rådde på den tida da teksten blei til. For oss som utgivarar har det vore eit uttalt mål å rette minst mogleg. Det autentiske, historiske uttrykket fortener å bli tatt vare på. Samtidig må teksten rettast der det er nødvendig, når det dukkar opp innlysande feil, som utegløymde ord eller mellomrom, ombytingar av bokstavar og liknande. Slike «banale» tekstfeil har vi normalt ikkje funne det påkravd å registrere i det kritiske apparatet. Vi har retta stillteiande dersom det ikkje finst rimeleg tvil. Melder tvilen seg (som t.d. i Enge ? Egne), blir rettinga derimot alltid registrert. Vi har generelt vilja rette openberre setjefeil. Å skilje mellom dei feila setjaren må ta ansvaret for, og dei som går attende på forfattaren, kan rett nok by på problem. Sære ordformer har fått stå dersom dei er eller har vore i bruk elles. Norvagismar har vi gjennomgåande rekna som intenderte frå Vinje si side. Inkonsekvensar har vi heller ikkje vilja rette, til dømes i fleirtalsbøyinga av verb. Manglande konsekvens er helst regelen i så måte på 1850-talet. Skrivemåten av framandord har vi derimot av og til retta. Det gjeld særleg bruken av dobbel konsonant i første staving. Det kan synast som setjaren har arbeidd etter diktat, og at førelesaren såleis har påverka setjaren til å bokstavere ordet lydrett etter den lokale uttalen. Vinje ville aldri ha skrive Hummanist eller Allarm. Av og til skapar korrespondentens norskspråklege eksperiment problem. Uvande dialektord blir for framandord å rekne, og feil oppstår. Alle slike rettingar er registrerte i det kritiske apparatet og er på den måten moglege å sjå i samanheng for den som er interessert i det.

Eit særleg problem gjeld skrivemåten av personnamn. Korrespondenten nyttar ofte ukonvensjonelle eller idiosynkratiske namneformer: anten fordi norma enno er svak, og det finst fleire som skriv namnet sitt på ulikt vis til ulike tider (patronymet Isaksen, til dømes, finst i eit trettitals ulike former i avisene i 1850-åra), eller fordi Vinje misminnest eller ikkje tar bryet med å sjekke kva han no heitte, den tyske akrobaten som opptredde på Klingenberg i førre veke. Resultatet blir ikkje sjeldan at lesaren lurer på kva for person det er snakk om. Kven er denne «Smith»? Jo, det må vere stortingsrepresentanten som sjølv teikna seg Olaus Michael Schmidt. Vi har sett for oss to løysingar på problemet. Det går sjølvsagt an å rette alle namn til den vanlegaste forma. På den måten vil ingen lesar kunne førast på villspor. Avistekstens ukonvensjonelle eller idiosynkratiske namneform måtte da registrerast i det kritiske apparatet. Vi har likevel valt ei anna løysing, som ikkje gjer vald på det autentiske uttrykket, det Vinje faktisk skreiv, anten det no var ukonvensjonelt eller idiosynkratisk. Rettinga kjem i staden i form av ein popp-opp-kommentar som kan aktiverast med eit enkelt klikk. I registeret har vi nytta dei konvensjonelle namneformene. Openberre tekstfeil, som at den amerikanske oseanografen blir kalla Manry i staden for Maury, har vi likevel retta. Tvilstilfella har fått stå. Eksempel: Vinje kallar den kjende franske arkitekten Chateneuf, ikkje Chateauneuf, som vi ville ha venta, men det gjer òg fleire aviser. Dermed finst det ingen grunn til å skulde setjaren.

Teiknsettinga i korrespondentbreva følgjer stort sett tidas danske norm. Vi har latt henne stå uretta, med inkonsekvensar og alt. Berre der setninga blir uklar og vanskeleg å forstå på grunn av til dømes eit manglande komma, har vi rådd bot på situasjonen, stillteiande. Vi har i tillegg fjerna punktum etter overskrifter.

Typografien, derimot, skil seg i denne utgåva skarpt frå den i avisa. Fraktur er blitt til antikva. Utheving av ulikt slag, sperring, feite typar og antikva, står som kursiv, slik vanleg er no. Av tekniske grunnar har markering av avsnitt ved innrykk blitt erstatta av blankline.

Kvart korrespondentbrev har fått ei overskrift som gir att hovudinnhaldet i det. For at ingen skal kunne komme til å tru at denne overskrifta stammar frå Vinje, er ho sett i skarpe klammer. Elles inneheld utgåva (i tillegg til innleiinga og denne tekstutgreiinga) tre element som utgivarane har eineansvaret for. Det gjeld (1) ei oversikt over alle Vinjes tekstar i dei nummera av Drammens Tidende som enno finst, også dei som ikkje går under nemninga «Korrespondance», (2) det kritiske apparatet, der alle dei rettingane vi har gjort i teksten, er registrerte, og (3) eit generelt register over namn og stikkord i korrespondentbreva. Referansar blir gitte ved avisnummer og årgang, ikkje side. Blir det til dømes vist til «257/1855», gjeld referansen avis nummer 257 i årgangen 1855, det vil seie avisa frå søndag 4. november det året.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859

I årene 1851–1859 sendte A. O. Vinje jevnlig korrespondentbrev til Drammens Tidende, den første dagsavisa utenfor hovedstaden. Her skrev han om smått og stort fra Christiania.

Bare et lite utvalg av korrespondentbrevene har vært utgitt i bokform tidligere. I denne tekstkritiske utgaven er alle korrespondentbrevene samlet, redigert av Nina Marie Evensen og Jon Haarberg, og utstyrt med fyldig innledning, tekstredegjørelse, tekstkritisk apparat og register.

Utgaven gis ut av Det norske språk- og litteraturselskap i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.