Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 21 Torgjus-døtrene


Innleiing

Denne visa finst både i Noreg, Sverige, Danmark og på Færøyane. Stort sett er handlinga lik i alle landa. Liknande viser finst også i Frankrike, Sveits og Italia.

I variantane av denne visa har Torgjus ei, to eller tre døtrer. Jentene søv lenge om morgonen, og Torgjus må vekkje dei om dei skal nå ottesongen i kyrkja. Likevel bruker dei lang tid for å få på seg sine beste klede og til å pynte seg. Når dei endeleg kjem på kyrkjeveg, møter dei tre røvarar. Røvarane gjev dei eit val: anten må dei bli røvaranes viv eller miste sitt liv. Jentene vel døden framfor vanære, og røvarane halshøgg dei.

Røvarane går til næraste gard for å selje dei fine kleda jentene hadde, men det er Torjgus’ gard dei kjem til, og når Torgjus får sjå kleda, tek han sverdet sitt og drep den eldste og den yngste av røvarane. Etter at det er gjort, spør han den mellomste røvaren kven han er. Han kan fortelje at dei var tre brør, og far deira heiter Torgjus. No først forstår dei at røvarane var jentenes brør.

Der jentene vart drepne, brann det høge vokslys, og det sprang opp ei kjelde. Torgjus sette opp ei kyrkje på staden. Både i Danmark og Sverige er denne visa også vorte til segner, som er knytte til konkrete stader.

I Noreg har vi berre nokre få oppskrifter av visa. Alle er frå Telemark, men ingen av dei er fullstendige. Songarane har berre hugsa korleis jentene kler seg i sin beste stas, og at dei vart halshogne. Deretter kunne dei berre fortelje at Torgjus drap røvarane.

Den danske forskaren Axel Olrik meinte at den omstendelege skildringa av korleis jentene sov lenge og brukte lang tid for å pynte seg i staden for å komme seg i kyrkja, vart noko syndig. Forfengelegheita vart noko som fortente straff, og dei måtte late liv. Det kan tolkast slik, men det stemmer ikkje heilt med mirakla, vokslysa og kjelda som sprang fram. Fleire av jentene i legendeballadane har vorte heilage berre for å velje døden framfor jomfruæra.

I 1960 regisserte Ingmar Bergman filmen Jungfrukällan på grunnlag av denne visa. Filmen vart prisløna med ein Oscar og Golden Globe som den beste utanlandske filmen. Han var også nominert til beste svartkvitfilm, men nådde ikkje opp.

Ei skotsk vise, «Babylon; or, the Bonnie Banks o Fordie», fortel ei liknande historie. Ein røvar møter tre jenter og trugar dei til å ligge med han. Dei to første jentene nektar og blir drepne, men den yngste jenta trugar med at ho har ein bror inne i skogen. Han kan passe på henne. Men når broren kjem fram, viser det seg at han er røvaren. No forstår han at han har drepe sine eigne søstrer. Han tek livet av seg.

Utsyn 60
DgF 338
SMB 47
CCF 176
IfKv 15
Child 14




Oppskrift A

TSB B 21: Torgjus-døtrane

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Signe Gjermundsdotter Napper, Skafså, Mo i Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 56–59 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Torjus heve dei døttanne tvei
– Unde lídi –
lengji um morgonen soveAlternativ lesemåte: søve dei.
– Mæ sóli skine så víe. –

2. Torgjus gjeng at búri,
han vekkjer Kari prude

3. Statt upp K[ari] klæ deg,
kyrkjeolmúgjen bíar på deg.

4. Seg kyrkjeolmugjen ti’ ríe
dei tar inkje etti meg bíe.

5. [Seg kyrkjeolmugjen ti’] fara,
eg kjem alli etti miAlternativ lesemåte: mineSamlarkommentar: (aab. i) dagar

6. Kari ha’ på seg silkjeskjurta småAlternativ lesemåte: stakkjen blå,
gulle låg etti kvor den trå.

7. [Kari ha’ på seg] stakkjen rau
[gulle låg etti kvor den] saum.

8. K[ari] gjeng at bekkji,
sitt gule hår hó rekkjer.

9. Hó slengjer sitt hår i æin rødegulltrå,
å vénaste hovugulli sette hó påAlternativ lesemåte: derpå.

10. Kari aksla kåpa blå,
så tók hó vegjen påAlternativ lesemåte: at heii låg.

11. Då hó kom der noko på hei,
møter ho dei rovararAlternativ lesemåte: røvarar tvei.

12. Kvore Æ’ du no dótter ti Maria møy,
hell æ’ du dótteri ti Torjus under øy?
Bendik lova so vene møy

13. Kvor vi’ du vera røvarevív
hell dú for svære læta herAlternativ lesemåte: ditt lív?

14. Eg vi’kji vera r[øvarevív]
eg vi’ hell [for svære læta her liv.]

15. Kari la seg på ein stokk
så hoggje dei av hennars gule lokk.

16. Så vítt som blói rann
høie voksljósi etteAlternativ lesemåte: etti brann.

(De blive så bedrøvede, at da forstode de sin Synd, de gik til hendis Hjem. T[orgjus] kjendte Klæderne og brændte dem i en Bastoge.)

*

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 234–236

Strofene er ikkje nummererte i kladden, men er det i reinskrifta.

Over strofe 12 er det skrive: Ikke i denne Vise, og mellom tredje verselina i denne strofa og resten, er det trekt liner både over og under. Strofa blir gjenteke etter oppskrifta, i ein litt ulik variant og saman med ei anna strofe etter oppskrifta:

Æ’ de døttanne ti Maria møy?
hell æ’ di døttanne ti Jørón øy
– Bendik lovar så véne møy –

Me æ’ kje [døttanne ti] Jørón øy
men me [æ’ døttanne ti] M[aria] m[øy]

Under desse strofene, nedst på sida, står det: Navnet líti Kjersti å Ingelill staar ikke nævnt Øvst på neste side står det: To kom gående, de mødte to Røvere, de bleve dræbte. Strofene står òg i reinskrifta, men der som eit fragment av ei eiga vise. Der blir det også opplyst om namna: Den ene héd líti Kjersti, den anden — saavidt mindedes Ingelill. Her blir også kommentaren om namna i kladden presisert: (2den Gg – 1863 – sagde hun at Navn ikke var nævnt i Visen)

Over første strofa i reinskrifta skriv Bugge: (Signe Napper fra Skafsaa.) (2den Gang hørt 1863) Til nokre variantar er det presisert at dei skriv seg frå 1863. Desse variantane finst òg i kladden.

I 1863 har Signe nok hugsa ei strofe til. Denne står i reinskrifta mellom strofe 8 og 9, nummerert 8b, såleis:

Hó vaskar sitt hår í sylvarvann,
so greier hó etti mæ rødegullkamm.

Under strofe 12 står det i reinskrifta ei ny strofe:

«Eg æ’ kje dótter ti Maria Møy,
men eg æ’ dótter ti Torgjus under øy.»

Denne strofa har fått nummer 13 i reinskrifta, og nummereringa er difor annleis der enn her. Om strofe 12 og denne nye strofa skriv Bugge: 2den Gang sagde hun at dette ikke hørte hid




Oppskrift B

TSB B 21: Torgjus-døtrane

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 229–230 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Statt upp Sigrí syste miSamlarkommentar: (aab)
– undi lie –
kyrkjeolmugjen bíar diSamlarkommentar: (aab.)
– Mæ sole skine so víe. –

2. Lat dú kyrkjeolmúgjen fara
eg kjem ‘kje ti kyrkje mí’ dagar.

3. Lat [dú kyrkjeolmúgjen] ríe,
dei tar inkje efterSamlarkommentar: (sic) meg bíe.

4. Då hó kom s[e]g der mittepå heiAlternativ lesemåte: lei,
Alternativ lesemåte: der møter hó dei tvaddarar tvei.

5. «KvoreAlternativ lesemåte: Kvåre vi’ dú vera tvaddarevív
hell dú vi’ skjósklege låte ditt lív.

6. Kvåre [vi’ du skjósklege] døy
hell dú [vi’ vera tvaddare]møy

7. Inkje vi’ eg vera tvaddaremøy
helle vi’ eg fyr svære døy.

8. [Ikkje vi’ eg vera tvaddare]vív
[helle vi’ eg] skjosklege låte mitt lív

9. Tvaddaren lét sitt sværi brå,
han hoggje hænaAlternativ lesemåte: hennar í lytir två

10. So langt som hennes blói rann
kyrkjeljósi ette brann.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 267–268. Strofe 6 og 8 er ikkje med i reinskrifta.




Oppskrift C

TSB B 21: Torgjus-døtrane

Oppskrift: 1874 av Sophus Bugge etter Alette Talleivsdotter Åsheim, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge b, 116–118 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Stolt Kari hó ha på kåpa rø
– mæ mynde –
de va lísso gulle på jóri mon strø
Fe sóli den skíne so vie –

2. Stolt K[ari] ho sto å skódde sin sinFeil for: sin fot
mæ silkjesokker å syllspente sko

3. [Stolt Kari] hó ha på seg serkjen hvidAlternativ lesemåte i reinskrifta: silkjeserk
de va 15 jomfrugurs handeverk.

4. [Stolt Kari hó ha på seg] stakkjen blå
der va mei gull hell der va trå

5. [Stolt Kari] hó stó å kjemte sitt hår
so sette hó si skjøne gullkróne på

6. [Stolt Kari] hó stó å kjemde mæ kamm
so slengde ho ikring eit silkjeband.

7. [Stolt Kari hó ha på seg] kåpa rø

8. [Stolt Kari hó] sette seg på gangaren grå
so tók hó den vegjen te skógjen låg

9. Sóm hó kom på den ville hei,
so møtte hó dei vaddaran tvei

10. Hokke vi du ante vera mæ [vaddaran] tví
hell du vi på ville hei låte ditt liv

11. Eg vi no kje [vera mæ vaddaran tví]
eg vi hell [på ville hei låte mitt liv]

12. So tók dei henar i den hvideAlternativ lesemåte: gvide hånd
so lyfte dei henar av salens bånd

13. [So tók dei henar i den] gule lokk
so leidde dei henar te hoggarstokk

14. Sóm dei ha no gjórt den prís
so hoggje dei ivi ho bjørkeris

(Saa reiste dei so langt av å dei ville avhende klæiAlternativ lesemåte i reinskrifta: klæi hennars å gulli hennars

so kom dei te fai hennars men han kjende klæi

(HanAlternativ lesemåte: Å ba dei ville)Alternativ lesemåte i reinskrifta: So sa’en de:

15. Tappe meg i ei potte mæ mjø
å ber de høgt lat de vera søt

De drakAlternativ lesemåte i reinskrifta: So drakk dei

16. so blóe de stó i sokkar å skó

(Det var forgiftigt, han gav dei)

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: Da jeg læste op for Alet Versene i den foregaaende Optegnelse om at Kari kom til Himmerig og at Jomfru Maria bød hende en Stol, saa sagde hun, at hun havde hørt noget lignende.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 152–153. Over første strofa står det: (Alet Aaseim. Selgjord. 1874. Targjei Aaseims Sønnekone.) I reinskrifta er første strofa sett til strofe 7, slik det òg er antyda med éi line av strofa på denne plassen i kladden.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.