Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 26 Dei frearlause menn


Innleiing

Eit skipsmannskap legg til havs ei julenatt, og det går ikkje betre enn at dei segler seg opp på eit skjer. Der blir skipet liggjande, og sjøfolka kjem ingen veg. Når provianten tek slutt, et dei først skorne sine og sverd- og knivslirene. Deretter kjem dei på tanken om at nokon må ofrast for at dei andre skal kunne overleve, og dei kastar lodd om kven det skal bli. Loddet fell på styrmannen. Han blir drepen, men ingen orkar å ete noko av den døde kroppen. Sjøfolka fortviler, men dei får hjelp av jomfru Maria, som vil vere styrmann for dei:

Der kom ei jomfrú í fremre stavn:
«Eg sko’ vere dikkos stýringsmann»
(Bugge [1858] 1971: 86–87).

Då kjem dei vel til lands og får tilgjeving for syndene sine.

Det finst eit titals variantar av «Dei frearlause menn», alle frå Telemark. Balladen er også funnen i Danmark, Sverige og på Island. Sophus Bugge gjorde fleire oppskrifter i Vrådal, deriblant etter Targjei Targjeisson Kosi (f. 1809). Targjei Targjeisson høyrde til ei kjend slekt av balladesongarar frå denne Telemarks-bygda. Han emigrerte til USA i 1861, men Bugge møtte han i 1857 og skreiv opp heile 44 balladar etter han. Når det gjeld «Dei frearlause menn», skreiv Bugge opp denne også etter bror til Targjei, Torbjørn Targjeisson (Jonsson & Solberg 2011: 355–362). Bugge trykte varianten etter Targjei Targjeisson i Gamle norske Folkeviser (Bugge [1858] 1971: 84–87). Ein annan variant frå Vrådal, denne etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen, er trykt i Ådel Gjøstein Bloms Ballader og legender (Blom 1971: 228–235).

Handlinga varierer noko i dei nordiske variantane av balladen, men det er samanfall i hovudtrekka. Vésteinn Ólason peikar spesielt på den sentrale strofa når den døde styrmannen skal setjast på bordet for kongssonen på skipet. Kongssonen høyrer vi elles ikkje mykje om, og det kan tenkjast at strofer som gjeld han, har falle ut i tradisjonen. Dei parallelle strofene lyder slik:

Islandsk:

Tóku þeir lifur og lungu,
þeir báru fyrir konginn unga.

Norsk (Bugge):

Dei auste upp livr aa lungur,
dei bar for kungssonen den unge.

Dansk:

De skaare da ud hans Lever og Lunge,
De bare det frem for den unge Konge
(Vésteinn 1982: 138–142).

Bugge tenkjer seg at grunnen til at det går så gale med skipsmannskapet, er at dei overnaturlege og vonde maktene er særleg sterke om julenatta. Dette er vanleg folketru. Men Ådel Gjøstein Blom har truleg meir rett når ho peikar på at sjøfolka bryt helgedagsfreden, og at skipsforliset er straff for dette brotet på kristen framferd. Når dei så tek livet av styrmannen, blir synda dei har gjort seg skuldige i, endå verre. Til sist angrar dei syndene sine, og då først kan jomfru Maria hjelpe dei ut av nauda.

Utsyn 175
DgF 537
IFkv 6
SMB 50




Oppskrift A

TSB B 26: Dei frearlause menn

Oppskrift: 1856–1857 av Sophus Bugge etter Targjei Targjeison Kosi, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, 109–110 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Dei frearlause Menn

*

1. Dei fann seg på så gali eitt Rå,
– Dei frearlause Menn. –
dei siglde seg út dæn Jólenott.
– De Angreis Syninne av NórlandeAlternativ lesemåte: Nórlandi bede om Freden.

2. Dei siglde seg ut på eitt líti Skjer,
í níe Vintrar låg dei der.Alternativ lesemåte: ikke dær

3. Dei låg der så lengje,
dei åt upp både Segl å Strengjir.

4. Dei åt upp BalgjenAlternativ lesemåte: Balgji av sitt Svær,
Alternativ lesemåte: der va’ så líti Mate vær.(t)Samlarkommentar: Matevær? (Madværd, surrogat)

5. Dei åt upp Skóen av sin Fót,
Alternativ lesemåte: der va’ så líti Matevón.Samlarkommentar: líten Matemón?

[Dei åt upp] Sliri av sin Kniv
[dæ va’ så] líte Mate í.

[Saa vilde de æde hverandre op og kasted Lod om hvem der først skulde til.]

6. Dæn fyste Gullterning, på Tavlbór rann,
dæ falt på deires Stýringsmann.

7. Dei hoggji han sund i Lytir sjau,
dei kasta han í ei Grýte å sau.

8. Dei auste dæ upp på eitt Fat,
dærAlternativ lesemåte: dei kunne ingjenAlternativ lesemåte: ikkje ete dærav.Alternativ lesemåte: av

9. Dei auste upp Livr å Lungur,
dei bar for Kungssonen dæn unge.

[De fik vind.]

10. «Du stend upp Kungssonen fríe,
no blæse Byrren dæn blíe.»

11. «EgAlternativ lesemåte: Me be’e teAlternativ lesemåte: um Gud å hellig Ånd,
no hev me ingjen Stýringsmann.»

12. Dær kom ei JomfrúAlternativ lesemåte: Jomfrú Maria sette seg í fremre Stavn:
«Eg ska’ vere dikkor Stýringsmann.»

(De kom vel til Lands og fik Naade for sine svære Synder).

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Strofa mellom strofe 5 og 6 er skriven til med blyant.

Under overskrifta står: (meddelt af Targjei Targjeison Kosi i Vraadal.)




Oppskrift B

TSB B 26: Dei frearlause menn

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 235–236 (kladd). Inga reinskrift.

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Dei ville ‘kje tru på Gud
– Dei nórklædde menn. –
dei seiglde seg ut um jolenått,
– De Alegrevens av Låland bede om Freden.–

2. Dei siglde seg på eitt líte skjer
i nie vintrar låg dei der.

3. Dei låg [der så] lengje
[dei åt upp både segl å] strengjer

4. [Dei åt upp] bali [av sitt] svær
der [va så lite] matevær

5. [Dei åt upp] slíri [av sin] knív
[der va så lite] mate derí.

6. Dei kasta gullterning ve tavelbór,
dei ville sjå, kven skulle ha’ derí

7. Den fyste [gullterning på tavlbór rann]
[de falt på deires styrings]mann

8. Dei [hoggji han sund i lytir] sjú,
[dei kasta han i ei gryte å] sau

9. [Dei auste upp liver og] lungur.
[dei bar for kungsonen] unge.

10. [Dei auste det upp på eit] fat –
men han kunne ikkje ete derav.

11. Statt upp kungsonen fríe
no blæse byrren den blíe.

12. Hjelpe os Gud å hellig Ånd,
no hev me ingjen St[yringsmann]

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Avstyttingane er løyste opp etter oppskrift A der oppløysinga ikkje er sjølvgjeven.

Mellom denne og neste oppskrift i kladden står: (Visebokji) (Dagne)




Oppskrift C

TSB B 26: Dei frearlause menn

Oppskrift: 1922 av Rikard Berge etter Svein Knutsson Tveiten, Bykle, Aust-Agder.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXCII, 3–4.

Oppgjeven tittel: Dei frearlòuse menn

*

1. Dei fann seg paa sò gali ei raa
– dei frealòuse menn –
dei rodde seg av ei joleftasnaatt.
– Dei Anngrimssønin’ av Norlaand donnSamlarkommentar: Sò sae Haddvaar. aa heimfre. –

2. Dei rodde seg upp mot Settlands øy
dei venta kji der sìn sikre dø.

3. Dei fròse seg fast ti Settlands strand,
dei maktas kji brjote dei fròsne baand.

4. Der laage dei sò lengje
at maten deires tok endi.

5. Dei aate upp skoren av sin fot
aa de sille ver’ deires matabot.

6. Dei aate upp balgjen av sitt svær
aa [de sille ver’ deires] matavær.

7. Dei aate upp slirì av sìn kniv
aa [de sille] ver’ deires matalív.

8. Sò sette dei seg tì aa tevle
kven domen si’ fysste paafedde.

9. Den fysste gullternìng paa tavlebor rann,
sò falt de paa deires styringsmann.

10. Sò lae dei hann paa sylvarfat
aa adde sò sille dei spise derav.

11. Sò meldte der mannen fraa høian mast
No lòsna snekka aa baandì brast.

12. Sò meldte de mannen i kvíe:
No blæs’e vinden o’ lio.

13. No driv’e kòss snekkje mot opì raak,
Kven styre skò no imot brand aa bròt?

14. No driv’e kòss snekkje fraa fròsì strand:
No drive kossKven styre skò no imot bròt aa brand.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.