Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 29 Eldprøva


Innleiing

Ein mann kjem heim frå tinget og blir helsa velkomen av dotter si, liti fru Kjersti. Ho spør kva nytt faren kan fortelje frå tingmøtet, og om korleis festarmannen hennar lever. Faren svarar at no har han endeleg fått vite kven ho eigentleg er, ho har drive både hor og mord. Liti fru Kjersti seier at dette er løgn, det er noko ei anna kvinne har funne på, ei som vil ha festarmannen hennar. Men faren trur ikkje dotter si og gjev ordre om at det skal lagast i stand eit bål, slik at ho kan brennast. Ikkje ein gong festarmannen fester lit til liti fru Kjersti, og det er han som kastar henne på bålet. Men elden slår til sides og brenner henne ikkje. Uskadd og reinvaska for dei falske skuldingane, går liti fru Kjersti frå elden, og faren gler seg over det.

Det finst berre ein variant av «Eldprøva». Denne skreiv Sophus Bugge opp i 1857 etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862) frå Skafså i Telemark. Torbjørg var ein av dei aller fremste songarane i Telemark, og Bugge skreiv opp heile 49 balladar etter henne. Om lag like kunnig var syster hennar, Signe Gjermundsdotter Napper (Jonsson & Solberg 2011: 540–544). «Eldprøva» er definitivt ein av dei balladane som song på siste verset i 1850-åra, jamvel om Bugge har notert at både Signe Napper og Asgjerd Olsdotter Bergland/Vislandskosi kunne brot av balladen (Blom 1982: 106–107). Alle dei tre kvinnene som kunne noko av «Eldprøva» ved midten av 1800-talet, var frå Skafså. Bugge trykte balladen i Gamle norske Folkeviser (Bugge [1858] 1971: 82–83).

«Eldprøva» finst også på dansk og svensk i eldre oppskrifter, frå 1500- og 1600-talet. Desse inneheld eit motiv som manglar i den norske teksten. Hovudpersonen går i kloster etter at ho har kome velberga gjennom eldprøva:

«Ieg weell nu iumfru Maary
saa sandelig gyffue min tro:
thett ieg well aldrig i iorderig
huoss nogen mand att buo»
(DgF II: 579).

Når liti fru Kjersti blir kasta på bålet, kan det oppfattast som ei form for dødsstraff. Bålbrenning var ein utbreidd straffemetode overfor såkalla «hekser», frå seinmellomalderen og fram til 1600-talet. Dessutan kunne brotsverk på høgt nivå straffast med bålet, jf. domen over «den falske Margrete». Ho vart brend i Bergen i 1301 for å ha prøvd å overtyde styresmaktene om at ho var den rette prinsessa, Margrete Eiriksdotter – som eigentleg var død mange år tidlegare. Balladen «Margjit Runarborgji» (TSB C 22) handlar om Margrete Eiriksdotter. Bålbrenninga kan også oppfattast som ein appell til Gud, den høgste av alle rettsinstansar. Når elden ikkje skadar liti fru Kjersti, er det ein gudsdom (Blom 1971: 217–227).

Utsyn 57
DgF 108
SMB 52




Oppskrift A

TSB B 29: Eldprøva

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 17–20 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Ildprøven

*

1. Tungt æ dæ på Jori å liva,
førr dæn som iAlternativ lesemåte i reinskrifta: av Sorgji æAlternativ lesemåte i reinskrifta: æ’ blivi så bangeSamlarkommentar i reinskrifta: opr. av Sorgji æ tvungji??
så seie ho liti Fru Kjersti
æ komi på kvor manns Tunge.
Dæ æ dæn Sama Sorg, dei hev me på logji så lengje.

2. Dæ va hennes sæle Fairen,
han kjeme av Tingji heim,
Dæ va liti Fru Kjersti,
ho møter sin Fader påAlternativ lesemåte i reinskrifta: å Lei.

3. Vælkomen æ du min sæle Fairen
vælkomen av Tingji heim,
hotAlternativ lesemåte i reinskrifta: hot slags Tiend va dær på Tingji i dag
hoss liver min Festarsvein?

4. Du tar inkje liti Fru Kj[ersti]
trøa meg så imot,
eg heve SannhetAlternativ lesemåte i reinskrifta: Sanningji ette deg spurt,
du hev driviAlternativ lesemåte i reinskrifta: du drive bå Hór å Mór.

5. Gud bære deg min sæle Fairen,
som slíkeSamlarkommentar: sic! monne trú,
dæ æ ei onnå Kvinne, som hev meg på logji,
ho vi’ mæ min Festarmann bú.

6. Du tar inkji liti Fru Kj[ersti]
fagne no meg så brått,
dær gjenge tolv Riddarar på Skógjen ut,
høgge f{ø}yr deg brennandes Bål.

7. Gud bære Så tók dei ‘a liti Fru Kj[ersti],
sette hæna på Gangaren grå,
så førde dei hæna på Skogjen ut
alt ti dæn brennandes Bål.

8. Dær va’ ventAlternativ lesemåte i reinskrifta: Vent va’ der å sjå uppå
dær Folafóten rann,
endå venareAlternativ lesemåte i reinskrifta: vendre lye på,
lill Kjersti i Søylen Sång.

9. Høyrer du dæ min Festarmann,
hott eg vi’ deg no bea,
du hjelpe meg av denne jammerleg Dø,
du lætAlternativ lesemåte i reinskrifta: lat meg på Jóri líva!

10. Dæ va hennes Festarmann,
han tók hæna i sitt Fang,
så kastar han hæna på Bålen ut
dær som dæ meste brann

11. Så tók ‘en ‘a líti Fru Kj[ersti]
kastar hæna på brennandes Bål,
Ellen dæn Spratt liti Kj[ersti] ifrå
hó skadde ikkje eitt einaste Hår.

12. Så tók ‘en ‘a liti Fru Kj[ersti]
kastar hæna på EllenAlternativ lesemåte i reinskrifta: Bålen dæn heite,
lill’ Kjersti sat atte ei Møy så stolt,
EllenAlternativ lesemåte i reinskrifta: å Ellen spratt langt burt iAlternativ lesemåte i reinskrifta: langt at Heio.

13. B Gla blei hennes sæle Fairen,
gla blei han dær han står,
no ser de dæ addeAlternativ lesemåte i reinskrifta: no ser de adde bå stóre å små,
lillAlternativ lesemåte i reinskrifta: liti Kjersti æ logji på.

*

Strofene er ikkje nummererte i kladden.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 166–167. I reinskrifta er strofene nummererte med penn, og med blyant er rekkjefølgda bytt om, såleis at ho dèr er 1–3, 5–6, 4, 7–13.

Bugge har notert fleire variantar i sitt handeksemplar av Gamle norske Folkeviser (1858).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.