Legendeballadar

Norske mellomalderballadar

TSB B 8 Sankt Stefan og Herodes


Innleiing

Denne visa er kjent i Sverige, Danmark, Finland og på Færøyane, men i Noreg er det berre bevart nokre små fragment av visa.

I 1736 skreiv biskop Erik Pontoppidan opp denne visa etter ei gammal tiggarkone som kom på døra hans og song visa i håp om å få nokre skillingar. Det fekk ho neppe, men han publiserte visa hennar til skrekk og åtvaring om kor mykje overtru, katolisisme og papisme som framleis fanst i det reformerte Danmark.

Visa har tre delar. Den første delen handlar om Jesu fødsel og dei tre heilage kongar, den andre om Stefan og Herodes, og den siste om flukta til Egypt.

I visa er Stefan kongens hestedreng. Mens han vatnar hestane, blir han den første som får sjå Betlehemstjerna. Han går inn til Herodes og fortel at Kristus er fødd, men kongen seier at det er like umogeleg som at den steikte hanen som står på bordet, skal reise seg og gale. Straks flaksar hanen opp. Han set seg på stolryggen til kongen og gjel: Christus natus est!

I Sverige er det framleis vanleg at stjernegutar går rundt andre juledag og syng hos folk. Det kan vere juletiggarviser, eit spel med syngande dialog, men også visa om Sankt Staffan. Denne skikken har også eksistert i dei fleste norske byane, og i Grimstad har han halde seg, heilt opp til vår tid.

Sankt Stefan i denne visa er den Stefan som er omtala i Apostelgjerningane kap. 6, 7 og 8. Han vart steina, ikkje lenge etter Jesu død, og vart den første martyren. Det er mange legender om Stefan, men legenda om hanemirakelet er berre kjend i dei nordiske landa og i ei engelsk vise frå 1400-talet.

Utsyn 50
DgF 96
SMB 39
FSF 23
CCF 167




Oppskrift A

TSB A 8: Sankt Stefan og Herodes

Oppskrift i Erik Pontoppidan: Fejekost, 1736 (Pontoppidan [1736] 1923: 47)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. St. Stephan hand leder de Foler i Vand,
Aldt ved den liuse Stierne:
For vist er nu Propheten fød,
Som frelse skal ald Verden.

2. Kong Herodes hand svarede saa der til:
Jeg troer ikke denne Tale,
Foruden den Hane, paa Bordet staar stegt,
Slaar ud sine Vinger at gale.

3. Den Hane slog ud sine Vinger og goel
Vor HErre hans Fødsels Time,
Herodes faldt af sin Kongelig Stoel,
Af Sorrig begyndte at svime.

*

Dei tre unummererte strofene står inne i eit lengre dikt hos Erik Pontoppidan i boka Fejekost, med undertittelen Til at udfeje den gamle Surdeig eller de i de Danske Lande tiloversblevne og her for Dagen bragte Levninger af saavel Hedenskab som Papisme.




Oppskrift B

TSB B 8: Sankt Stefan og Herodes

Oppskrift: 1850-åra av Sophus Bugge etter Reimert, Mandal, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, s. 47

Oppgjeven tittel: Helligtrekongers-Vise

*

1. St. Stephen han satte sine Fugle paa Vand,Samlarkommentar: den skindklædte lægger sig ned
saa saa han en Stjerne i Østerland;
den Stjerne, den Stjerne betyder vel Christus,
der tændtes et Lys i Hvermands Hus.

*

Denne strofa er den andre i ei lang rekke som stjernegutane song. Strofa er ikkje nummerert.

Under overskrifta står: (fra Mandal; optegnet af Kjøbm. Reimert)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Legendeballadar

Legendeballadane handlar om mennesket i møte med katolsk gudstru. Sentrale kristne verdiar blir haldne fram til lærdom og oppbygging, i spennande forteljingar om heilage kvinner og menn, som trassar overgrep og pinsler frå overgriparar. Jamvel om martyrane må gå i døden, kan dei sjå fram til eit nytt liv i den andre heimen, og vanlege menneske kan lære av deira mot og tru. Fleire legendeballadar byggjer direkte eller indirekte på prosaforteljingar, som vart lesne høgt i kloster og kyrkjer i mellomalderen.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.