Lilje Gunda og andre forteljingar

av Oskar Braaten

Gamlingar


I.

99Det var ein dag midt paa heitaste sumanren ho kom til «Roligheita». Han «Knut med knea» kom dragande med kommoden hennar paa ei kjerre, og sjølv gjekk ho bak og skauv paa.

Ho bar seg paa ein underleg maate, heilt fraa fyrste dagen. Gjekk ikkje kringum og helsa paa dei ho skulde dele rom med for resten av live, nei ho spurde berre etter senga si, og daa ho fekk greide paa den, pusla ho like burt og la seg, endaa det var lyse dagen. Og ho breidde teppe over hovude, so ingen saag so mykje som snøggen av ho heile eftan. Ein berre høyrde ei døyvd snufsing under overbreidsla. –

Ho gamle Stina i senga ved sida laag og stirde paa dette sengeteppe. Og ho tok til aa leda paa dei tannlause gummane: Den jaala! mimra ho. Den unge jaala! Graate for aa komma hit, her en har alt det en trenger, baade seng og – – seng og – – seng!

100– Ho skulde nemnt meir, men fann kje ord, og det var so brysamt aa leite etter dei. Naar ein er nitti aar og sengliggjande gjer forresten alle orda mest same nytta. –

Utetter eftan gjorde fleire av dei andre gamle kvinnfolka seg ærend burt til senga, der dette nye menneskje hadde lagt seg. Og dei nikka til kvarandre og kviskra seg imillom og gjekk ut i matrome, der dei sette seg til aa prate um den nye kammeraten, med’ dei naut eftaskaffien.

Det var ingen som visste kva ho var for ei. Men ho hadde kje gaatt paa fabrikkane hernede, det forstod dei alle. Truleg var ho uppe fraa Nydalen. Dette kunde ein kan hende faa greide paa av han Knut med knea, var so ein vilde bry seg med aa spyrje. Men den vrangfanten var kje altid god aa faa greide paa. Han svara vel berre burt i veggjene vrient han, som vanen hans var. –

Ut paa kvelden kom kjøkengjenta inn med ein graut-tallerk og sette paa borde hos den nye. Og ho riste i teppe: Du maa eta naa! sa ho. Du faar se aa faa i dig litt mat!

Det var kje svar aa faa.

Men gjenta var av eit hastigt sinn og ho slengde teppe til sides: Det var det jeg visste at du ikke sov! sa ho. Et naa opp grauten din fort, saa jeg faar vaska opp! Og ho gjekk ut i kjøkene att.

101– Ho i senga reiste seg paa olbogen og saag seg ikring. Ho var i ei stor stove. Tri jarnsengjer stod ved kvar av langveggjene. Dei var tome alle. Berre i senga ved sida laag det eit gult rukkut andlit paa den kvite puta. Men augo var attlatne. Menneskje sov visst.

– Ho tok eit par skeier graut; men tugga voks i munnen, og ho la skeia vekk. Sette seg so til aa stire tomt framfor seg. Men so var det noko som kom henne i minne, for ho bykste or senga og slengde paa seg ein stakk og skunda seg over golve mot døra. Men der støytte ho like paa kjøkengjenta som skulde inn att etter det tomme kjeralde: Jøss, er du oppe? spurde ho. Aa skal du hen? Gamla vilde framum: Jeg vil ha kommoden min! sa ho. Dom har tat kommoden min, pakke! Jeg vil ha ‘n igjen, hører du!

Gjenta smilte: Ta det med ro! sa ho Kom her! Ho gjekk fyre gjenom eit rom, der det sat ein fire, fem gamle og kviskra og glodde, og dei kom ut paa ein gang. Er det ikke denna? sa gjenta.

Det stod fleire kommodar i ei rekkje inntil veggen. Dei var gamle og morkne, alle. Lengst inne stod hennar. Det var den styggaste av dei. Men gamla skunda seg burt til han og let hendene gli vart burtetter plata og nedetter sidune. Det var som ho kjælte 102ein kjær ven. Ho prøvde dra ut skuffune, men dei var godt læste. Daa nikka ho nøgd: Jo, denna er min! sa ho. Denna herre er min! Gudskjelov at ingen har tat n!

Og ho saag litt byrgare ut daa ho rusla inn att til senga si. –


II.

Klokka er tolv um natta. Den store stova ligg i halvmyrker. Fraa sengjene kjem det rolege, støde aandedrag. Alle søv.

Nei ikkje alle. Ho fraa i efta vaker. Ho hadde dorma litt fyrst paa kvelden; men daa dei andre kom inn og vilde leggje seg, vakna ho. Men ho lest sova, so ingen skulde tala til ho. Ho hadde kjent koss dei bøygde seg over henne og granska, ho hadde faatt dei kaffiluktande aandedraga deira over andlite, men ho hadde halde seg roleg. Og dei hadde git seg med kviskringa og krope i seng og sovna.

– Men ho sovna ikkje.

No ligg ho og lyder og stirer ut i graalvse. Naar det kjem ei stynjing fraa dei andre sengjene, eller naar noko snur seg i svevne, let ho att augo. Men ho forstaar snart at her finst ingen faare. Og ho staar stilt upp. Ho 103gaar paa berre føter burt til vindauga og gløtter litt paa gardina.

Det byner aa regne so smaatt ute. Den graa molda i gata faar svarte flekkjer, og ho høyrer ei mild susing i nattelufta. Paa andre sida av gata staar eit stort tre med tungt lauv. Greinene rekk langt utover fortoge, og under dei er molda graa og turr.

Kvinnfolke staar lenge og ser ut i natteregne.

Men til slutt blir det for kaldt, det isar i beina, og ho kulsar nedetter ryggen. Ho lyt, tilbake til senga. Men ho legg seg ikkje. Set seg berre paa sengekanten og lyfter føtene fraa golve. Sit der hommande still og lyder.

Men ingenting rører seg, og ho blir trygg og modig. Og ho hiver paa seg klæda og stel seg ut.

Ingen vaknar. Ho smyg seg tjuvstilt gjenom dørene og kjem ut i garden. Og ho blir lett av glede daa ho kjenner at porten er open og at ingenting stengjer millom henne og den frie verda.

Gata ligg still og sovande. Gamla staar litt og grundar paa kva for ei leid ho skal røme. Det var visst der ho kom. Eller kanskje det var der. Ho fekk prøve nedetter der, so fekk ho heller snu, um det bar gale av stad.

Og ho gaar.

Det ber nedetter mot brua. Ho legg i veg 104det ho orkar, men det gaar kje so fort. Beina er noko støle etter den lange gonga i efta, og ho er litt lemster i kroppen. Til dette kjem at regne no fell stridare, so ho blir gjenomblaut. Ho hadde kje git seg stunder til aa hente sjale i kommoden daa ho gjekk. Men det er bra ho ingen møter, so kan ho ha stakken over hovude. Fann ho no berre rette vegen, skulde det nok gaa.

Ned paa brua blir ho staaande uviss. Herifraa gaar to vegar uppetter, og ho kjenner ingen av dei. Den der ser no elles ut til aa ha rette leida, men han ser so bakkut ut. Best aa puste litt, fyrr ein byner paa den. –

Ho gøymer hovude vel inni stakken, og det tar av litt for den verste blaasten, men for regne hjelper det ikkje stort. Haare ligg blautt og klissut ned i panna hennar, og regndropane silar nedetter kinner og hals. Dei magre beina skjelv, for det bles tvert igjenom den tunne understakken som no skal varme dei.

Ho skal til aa gaa att. Daa ser ho ein mann kjem gaaande uppi bakken, og ho stanar tvilraadig. Ho slengjer fyrst stakken ned fraa hovude, men daa mannen kjem nærare, tullar ho seg inn att so heile andlite gøymest. Og ho ventar i spaning.

Mannen har nok litt i skolten, for han er noko ustød paa føtene: Og ho høyrer ei haas brumming som skal vera song.

105Han har kje set henne enno, dei stive augo hans stirer store rett fram, og han smiler ein gong imillom, naar han har vore svært morosam, og han hukar velnøgd i knea. –

Men daa han er komen heilt burt til ho som staar der og prøver gøyme seg, tar han lua av og helsar djupt: God kveld, mor! gjøler han. Har De ‘ke lagt Dere ennaa?

Ho svarar ikkje

Ja, for det har ringt i kjerka for lenge siden, driv han paa. Pass dig, saa ikke polti tar dig, ungen!Forfatternote: I Kristiania ringjer kyrkjeklokkune ungane inn um kvelden.

Han lær godt av dette og blir kaut og uvyrden. Og han kliner seg inn paa kvinnfolke og riv stakken av hovude hennar. Ho har kje git ein lyd fraa seg til dessar. Men no nester ho hendene mot den fulle gamlingen: Aa herregud, la mig gaa! tiggar ho. Vis mig den veien jeg kom i efta!

– Han slepper henne og gir seg til aa storlæ, med’ han slaar seg paa dei vaate knea, so det klaskar: Nei, naa har jeg aldri i mine skapte levedager set paa makan! kneggjar han. Har du rømt, he? Har du rømt fra «Roligheta»?

Ho snur seg hit og dit, rædd for at folk skal vera i nærleiken og høyre kva denne 106galningen staar og skravlar um. Og ho triv han i armen for aa faa han til aa tegja, og daa han til slutt lyt gjera ein liten stans, nyttar ho høve til aa kile inn eit par ord: Jeg vil hjematt! kviskrar ho. Jeg vil ‘ke vera derborte!

Han Knut med knea knisar litt enno. So tar han seg eit skraa og tygg idugt utan aa seia meir. Og det ser ut til at tobakken hjelper han til aa faa klaarna tankane. Han lær ikkje lenger, men kleier seg i hovude og sputtar. Um ei stund veit han kva gjerast skal, han tar kring det vaate, skjelvande kvinnfolke og vil dra ho med seg:

Kom naa! kommanderar han. Bli med mig! Ho gjer seg sta, vil kje flytte seg: Jeg vil hjematt! klagar ho. Jeg vil hjematt til kammerse mitt!

Han dreg henne nokre steg med seg: Du tøyser! svarar han. Har du no’ kammers? Ho nyttar eit høve til aa slite seg laus, og ho steller seg framfor han Knut. Har jeg ‘ke butt i mitt eige kammers? Har jeg ‘ke betalt sju kroner maanten for det i alle aar?

Han blir utolsam: Men portneren tok jo nøklen i efta, da jeg henta dig! seier han. Har du glømt det, gamla?

– Ho hadde vakse litt der ho stod og tala um kammerse sitt. Men no seig ho saman att: Det er sant, mullar ho. Han tok nøklen, portneren! Herregud, ja! 107Knut med knea tar tak kring armen hennar og dreg ho med seg. Og no er det kje lenger nokor kraft i motstande hennar; ho let seg føre.

Knut med knea er glad over fangsta si, han smaasyng og gjøler og er mykje til kar. Men ettersom dei nærmar seg «Roligheta», vert han spakare; ja stundimillom er det han som sagtnar farten. Han har visseleg noko paa hjarta som maa ha luft, fyrr dei kjem til det vesle huse deruppe i gata.

Under ei gaslykt stanar han og slepper take i ho: Aa vil du si om dom kommer paa dig naa? spør han. Har du tenkt ut noe?

Ho svarar ikkje, og han driv paa: Ja, for du veit at faar dom greie paa at du vilde rømme, tar dom baade dig og kommoden din og hiver paa gata! Aa skal du gjøra av dig da, trur du?

Ho har enno ikkje svar. Ho tar berre uppatt for seg sjølv det han seier fyre: Aa skal du da gjøra av dig? – Og paa det spursmaale veit ho ingenting aa svara.

Men Knut med knea har meir paa hjarta: I grunnen er jeg pliktig til aa melde dig, seier han. Jeg er jo portner og skal passe paa dere gamle gælningene. Jeg har ‘ke lov til anna.

– Ho opnar ikkje munnen til svar no heller, staar berre og hutrar og skjelv i natteregne. 108Og han Knut lyt halde fram aaleine: Men om du vil saa kan jeg vel altid hjelpe dig, seier han. Jeg er ‘ke god til aa vera hardhjerta jeg, skal jeg si dig! Men da maa du lova aa gjøra som jeg sier!

Ho lovar ingenting, men han køyrer paa: Du maa si du skulde ut og at du gik gæli og kom ut paa gata, og at jeg, som stod utenfor porten og røykte, fikk tak i dig og hjelpte dig inn att, seier han. Skjønner du det, gamla? Du maa ‘ke nemne at du trefte mig borti bakken der, og at porten var open. – Ho skynar nok det, for ho nikkar. Og dei dreg seg varsamt upp til «Roligheta», som ligg myrk og sovande.

Men det er ingen som har sakna dei. Han Knut luskar paa tærne upp dei knirkande trappene til rome sitt i andre tasjen. Og kvinnfolke famlar seg gjenom den myrke gangen til sitt rom. Og fem minuttar seinare snufsar det under teppe i ei av sengjene, nett som i efta. –


III.

Det var kome noko nytt inn i «Roligheta» med dette kvinnfolke. I fyrsten gjorde ho ikkje stort av seg, laag mest heile dagen og sturde, og naar ho var uppe, heldt ho seg for seg sjølv og var kje til aa faa ord av. 109Men ein morgon var alt tunglynde blaase av ho.

Ho spratt or senga klokka seks um morgonen og drog ut i kjøkene og fekk kaffikjelen paa, lenge fyrr nokon av dei andre vakna. Og daa dei litt seinare slo augo upp, stod det ein rykande kaffikopp paa borde framfor kvar seng.

Men det som undra dei meir en kaffien, var ho som stod burtved døra der. Jøss, ho var blank i andlite etter saape, og dei fatige haartufsune var fletta saman i nakken. Og ho hadde kvitt forklæ paa seg, og reint kjoleliv. Ho saag innover salen: Versgod drikk kaffi naa! baud ho. De faar ta’n mens han er varm!

– Ho gjekk burt til ho gamle Stina og sette seg paa sengekanten og slo kaffi paa skaala hennar og bles paa han og gav henne drikke. Og den turre, tannlause munnen saug og naut. –

Og i dei andre sengjene reiste dei seg paa olbogane og greip graadugt etter kaffikoppane med ristande hender og slurpa den gloheite gudedrykken. Og tunga losna etterkvart. Daa kjøkengjenta klokka sju kom ned og skulde setja paa kaffien, fann ho kvinnfolka i fulle klæde alt. Og dei var i fælande godlag, for dei lo og var høgmælte. Og det merkelegaste var at ho nye, som det 110fyrr ikkje hadde vore raad aa faa ord av, ho var no den blidaste av dei alle. Det er dumt aa gaa og sørje! sa ho. Det er ‘ke verdt aa gi sig over! Det kan komma vann i en tom brønn ennaa en gang. –

Det vart koselegt i «Roligheta» nokre dagar no. Den nye hadde tina reint upp og sat gjerne og fortalde um live utanfor desse fire veggjene. Og dei andre saug i seg kvart orde. Det var sjeldan dei høyrde nytt. Og sogune deira eigne var no for gamle og slitne, kor mykje dei no vart paapynta og umdikta gjenom aara. –

Men det skulde kje vara lenge slik. Ein dag like etter middagen, daa dei andre laag og blunda, gjekk den nye ut. Ho sat fyrst lenge og sola seg ut paa steintrappa, men daa ho høyrde folk i vedskjule, rusla ho dit.

Der sat han Knut med knea og hogg ved.

Gaa vekk fra døra! skreik han mot henne som stod og stengde for lyse. Men daa han saag kven det var, nikka han blidt: Er det den madamen, smilte han. Ja, du kan faa staa! Jeg trudde det var ei av dom andre trollkjerringene, jeg!

Han hogg øksa i stabben: Du skal passe dig for dom! sa han. Dom er falige, svina! Kan aldri la en stakkar vera i fred. Men ho var kje einig i det: Dom er 111snilde mot mig! svara ho. Gjør aldri mig no vondt. –

Han kløyvde vedkubbane so flisa spratt, og togg hardt paa tobakken: Aa hetter du? sa han braatt. Jeg har ‘ke hørt namne ditt, trur jeg.

Ho smilte: Jeg hetter Martina, svara ho. Martina Larsen!

Knut med knea peika paa ein kubbe. Set dig, saa faar jeg prate litt med dig, Martina! Jeg liker dig! Det er synd du skal bu sammen med dom andre.

Ho venta litt fyrr ho sette seg: Ser det ‘ke rart ut? spurde ho. Det er visst best jeg staar her. – Men ho fann seg daa ein plass likevel. Forresten er vi naa voksne mennesker, sa ho. Saa det skulde ‘ke gjøra no. – Han Knut var samd i dette. Voksne er vi, sa han. Men vi er ‘ke for gamle heller! Jeg er ‘ke søtti før til høsten, fortalde han. Og eldre er vel ikke du heller?

Nei, ho var kje det. Var søtti her i vaares.

Der ser du! sa han. Dom er over aatti alle derinne – og en tomme paa ei lang nese gjør mye den, Martina! Han hogg idugt ei stund att, med’ Martina sat og saag paa hendene hans. Han hadde visst vore sjømann fyrr i tida, saag det ut til. Han var pynta med mykje stas paa handbakane, baade hjarta og kross og ankar og hender som greip i kvarandre 112og «din for evig» i eit blaatt band over. Han hadde nok set meir av verda en dette vesle vedskjule, han!

Han la merke til kva ho saag paa: Jeg har mye mer paa kroppen! kytte han. Men det faar aldri no’n se! Han sat med øksa i handa og stirde lenge paa ho Martina. Eit par gonger nikka han for seg sjølv, som um han sa seg samd i noko han tenkte paa.

So sputta han: Det slaar aldri feil det! sa han. Hu ligna dig!

– Ho var kje heilt med: Hvem? spurde ho.

– Kjæresten min! svara han. Hu Ragnhild! Hu som daua!

Han gjekk burt til henne og tok ho i handa: Skal vi vera venner, Martina? bad han. Ho reiste seg og vilde gaa. Er vi ‘ke venner da? sa ho. Ikke an’t jeg veit, saa er vi det!

Han riste paa hovude. Ikke rekti, sa han. Kan ‘ke du komma og sitta hos mig ei stønn om eftan! bad han. Jeg har ingen aa prate med. Jeg taaler ikke dissa andre kvinnfolka! Ho drog seg til dørs: Det gaar vel ikke an! sa ho. Jeg tør nok ikke det, for dom andre. –

Han Knut med knea seg ikkje: Bry dig ikke om dom! svara han. Dom sat her gjerne hele eftan dom, om dom fikk lov. Men jeg jagar dom saa fort dom kommer, trolla! Dom har prøvd aa henge etter mig alle, men 113jeg har vist dom vinterveien. Derfor er dom gælne paa mig naa, og sladrer hver gang dom ser mig full. Og naa kommer dom til aa bli leie mot dig, for det jeg prater med dig. Men bry dig ikke om det du, Martina! Bare kom i morra efta! –

– – Ja, han Knut med knea kjende nok folka sine! Daa ho Martina kom inn, var det ingen som saag paa ho, og sa ho eit ord, fekk ho ikkje svar.

Gamle Stina var den einaste som det var mæle i. Ho laag i senga si og smaaprata: Mannfolk! sa ho. Mannfolka er falige! Pass dig, saa du ikke faller, gjenta mi. For det gjorde jeg. –


IV.

Martina lika seg ikkje. Det var uhyggjelegt, slik det var no. Dei andre gjekk undan henne, og sat dei i rome ved sida med kaffien, let dei att døra, for at dei skulde faa vera aaleine. – Um det so var ho gamle Stina, prøvde ho halde seg undan. Men daa ho laut halde senga, hadde ho ingen annan maate aa syne furtinga si paa anna ho snudde seg til veggen, og det gjorde ho.

Men naar ho Martina daa sette seg paa sengkanten hennar og tok til aa smaarøde, 114kunde ho ikkje berge seg lenger. Daa snudde ho seg mot henne att. Saa baan! sa ho. Ver snild naa, saa skal vi gaa i byen du og jeg, bare jeg blir ferdig! Ho strauk hendene nedover sengteppe: Det gaar ‘ke an aa ligge slik og dra sig! jamra ho. Jeg har saa mye jeg skal ha gjort til han Hans kommer hjem til middag!

Daa smilte ho Martina. Stakkars gamla! sa ho for seg sjølv. Hu tøyser om mannen som daua for tredve aar sia. Det er synd paa henne. Hu skal faa en stor kopp sterk kaffi. –

– Det var ein dag over middagen. Ute regnde det so det hylja, og vere var tungt og graatt. Dei seks sengene var upptekne alle. Dei gamle kvilde etter maten. Martina laag i ein halvdøs og slost med flugune som var so leie i dag, og ho drog lakene over hovude for aa laa fred, og det hjelpte. Regndropane som slo mot rutune, var den einaste lyden ho høyrde. Men den lyden uroa ikkje. Var berre so koseleg aa høyre paa. Og ho var so trøytt. –

– Ein time seinare vakna ho og reiste seg i senga. Nei, dei andre sov enno. Kunde dorme litt til, ho og. Daa kom ho til aa slengje augo burt paa borde, og ho vart heilt vaki. Det laag eit brev der, og ho greip det. Til Martina Larsen, stod der. Ho reiv ei naal 115or haare og skar upp umslage, og ho las. Ho stava seg fram det beste ho kunde, men vart meir og meir ulukkeleg di lenger ho naadde. Aa herregud! Ho forstod ingenting! Berre underskrifta forstod ho: Din dyrebare søn Even Martinsen. Men det var litt det og, det var daa so mykje at ho lyste av glede, det var daa so pass at ho nesta hendene og sa takk og lov i himlens rike! –

Nei, det var kje so lite likevel! Ho laut fortelja det til einkvar. Men dei sov so fast alle. At dei ikkje kunde vakne ein gong! Ho opna døra og gjekk gjenom den lange gangen. Vilde ut paa kjøkene og syne det fram til gjentune, um dei kunde tyde det for henne. Dei lærer so mykje ungdomen no!

Ho stanar utanfor døra og steller litt paa seg. Daa kjem det ein gneldrande laatt der innefraa. Hæ, hæ, hæ! let det. Se paa han Knut med knea, aassen han staar i skjuldøra og venter, gjente! Jøss, han huker i knea av lengsel etter kjæresten! Gud bære henne, faar dom andre greie paa at han prater med henne. –

– Martina gjekk ikkje inn. Ho stal seg attende den vegen ho var komi. Og ho sette seg paa sengkanten og prøvde endaa ein gong aa stava seg igjenom breve. Men det var berre eitt og anna orde ho kjende. Resten var paa eit framandt maal. Hadde ho berre visst um 116nokon som kunde hjelpe, nokon som hadde lært litt! Kanskje ein sjømann. – Ho kvakk til ved tanken. Kom til aa minnast ein handbak med blaa teikningar og eit vedskjul. –

– Straks etter sit ho der ute.

Han Knut med knea er i godlag i dag og syng i takt med øksehogga. Kan du den? seier han. Men nei, ho kan ingenting. Ho har noko som ligg og brenn innpaa bryste, og det eig alle hennar tankar.

Men han Knut smiler og blinkar. Det er rimeligt, at du ikke kan den, seier han. For den er engelsk. –

Daa faar han eit brev stikkande i labben. Og han blir sitjande dum. Til mig? spør han Ho er utolsam: Det er mitt! seier ho. Les det for mig, du som er saa flink i utenlandsk! Knut ser paa frimerke. Fra Amerka, seier han. Du lurer ikke mig! – Han legg øksa vekk og finn brillune: Vent naa, Martina! Vent naa, skal vi se. –

Martina sit i spaning og ventar paa gamlingen som gir seg so god tid. Ho er nære paa aa seia at han treng kje pusse slik paa brilleglasa, for han ser likevel. Og ikkje tarv han snu so lenge for aa finne opninga paa konvolutten. Men der har han endeleg tak i papire, og no byner han aa lesa. Ho fylgjer lippune hans, der han arbeider seg igjenom 117orda. Det gaar kje so fælande fort, det er ei urimeleg lang tid han brukar paa kvart orde. Men ho held seg med tolmod til ho kan sjaa han er ferdig. Daa greider ho det ikkje lenger: Forstaar du det? spør ho.

Han ser klok ut: Det er engelsk, seier han. Vil du jeg skal lesa det for dig? Ho flyt seg nærare innaat han: Fort dig! bed ho. Fort dig, før noen kommer! Og Knut med knea tar til aa lesa høgt:

Dir moder. Ai will naa kom bæk tu Norwei. Amerika is et lusekøntri som naabaaddi skulde gaa tu. If ai faar teim ai sjell sende ju et nytt letter. If ai ikke faar teim tu reit, saa veit ju at ai er koming snart. Det sjell bi liddeli leven tu si ju. Tenk om ju kudd møte mi paa piren. Det sjudd vera moro. Din dyrebare søn Even Martinsen.

Martina hadde nesta hendene. Det var som ho sat i kyrkje. Og det var liksom ho vakna etter ei preike, daa han Knut var ferdig. – Ho tykte han hadde myrkna til ettersom han las, som um det var leie ting han stava seg igjenom.

Forstod du det? spurde han og flidde breve til henne.

118Men nei, ho hadde ingenting forstaatt. Han reiste seg og sette øksa hardt i stabben. Fanken! svor han. Slik er det med noen! – Du faar fremmen, Martina! Sønn’ din kommer! Det er inga sak aa vera dig!

Han skumpa seg framum henne mot døra. Du maa lette paa dig! sa han. Jeg vil ‘ke hogge mer i dag.

Ho lest kje høyre paa dette: Kommer sønn’ min, Knut? Er det sant?

Han famla med dørlaasen. Aa sant det er, veit jeg ikke, beit han. Men han ber dig møte paa brygga.

Han venta ho skulde fara upp og bli styren av glede no, men ho tok det kje slik. Ho fall reint saman der inne paa kubben, gleda tok reint magta fraa ho. Og han Knut hadde gjerne gaatt inn og trøysta, hadde det kje vore for det at han sjølv var so lei seg. –

Han gjekk heller burt og sette seg paa steintrappa.

Men han fekk kje sitja i fred lenge. Ho Martina kom ruslande etter. Taarune laag enno i augo og gjorde dei blanke, men paa kinnene var dei burtturka: Aassen stod det i breve? spurde ho. Les det for mig, saa jeg skjønner det, Knut! Aa herregud gjør det, er du rekti snild! –

Og det fanst kje veg utanum. Han laut til att; og han sette um so godt han kunde. 119– Det blei ei togn. Kvar tenkte sitt. Han Knut var den som fyrst tala: Slik er det støtt! sa han. En skal ‘ke ha det for hyggelig her i verda, maatru!

Tankane hennar var langt derifraa, so ho svara ikkje. Og han Knut laut til med meir: Aa vil du gjøra naa, naar han kommer? spurde han.

Ho stirde lukkeleg framfor seg: Gjøra? spurde ho. Jeg vil møte ‘n, vil jeg. Han sier jo det! – Aa tid kommer baaten?

Men seinere? fræste han. Aa vil du gjøra seinere, naar han er kommen?

Ho saag paa han som um ho undra seg over eit slikt spursmaal: Seinere! svara ho. Da skal jeg bu hos han da, skjønner du vel. Han tar mig jo til sig, han. –

Han Knut reiste seg: Men jeg da, Martina? Aa vil du gjøra med mig?

Ho forstod kje dette. Han Knut var so rar no. Han hogg so fort med augneloka og skalv slik kring munnen. Og han var so elendig bleik.

Skal jeg vera att her jeg? heldt han fram. Skal jeg bu hos dissa elendige trollkjerringene helt til jeg dauer jeg, syns du? Nei, saa gu om jeg gjør, naa veit du det!

– Ho stod upp, ho og: Aa kan jeg stakkaren gjøra? spurde ho.

Han trampa i bakken: Hold kjeft! sa 120han. Jeg har ‘ke bedt dig om noe! Men det sier jeg at reiser du herfra, saa veit jeg aa jeg gjør. Da blir det farvel med verda, saa vidt du veit det!

– Han snudde braatt um og smaasprang mot skjule og slo døra hardt att etter seg. Men dagen etter kom han burt til henne daa ho stod uti solveggen og kosa seg: Bli med inn i vedskjule, bad han. Jeg har noe aa si dig.

Ho fylgde. Han saag løyndomsfull ut no og var so laagmælt: I morra kommer amerkabaaten! kviskra han. Jeg har set det i blade. Ho heldt paa aa skrike til, men han greip henne over armen: Pass dig gjente! hysja han. Tenk om dom hørte dig!

Ho vreid seg laus: Jeg er ‘ke rædd dom! sa ho. I morra er jeg hos sønn’ min! Han riste paa hovude: Du glømmer «Roligheta», Martina! Den som er kommen hit, slepper aldri ut att!

Men jeg rømmer! skreik ho. Ho brydde seg kje um det vitskræmde andlite hans Knut, ho var modig i dag, ho Martina: Jeg flyger til sønn’ min jeg, og da kan ingen naa mig!

Han Knut drog døra inntil: Hyrsj, menneske! Bare røm du, saa faar du se aa langt du kommer. Veit du aa amerkabaaten legger til henne? Der ser du! Og saa maa du spørre 121dig fram, og saa har dom dig med en gang. Nei, gjenta mi! Det gaar ‘ke saa glatt. – Ho tok til aa skyne at ho bar seg toskut aat, og ho snufsa: Aa skal jeg gjøra? spurde ho. Hjelp mig Knut, du som er saa klok!

Han tala trøystande til henne so ho fall til ro: Ja, Martina, jeg skal hjelpe dig! Jeg rømmer med dig, du! Han knytte nevane mot huse og fræste: Saa kan dom ha det saa godt dom der inne! Jeg gaar ‘ke her og sliter mig ut lenger!

– Ho vart mest rædd han Knut no, slik han stod og hytta og svor: Men aa skal du gjøra av dig siden? fekk ho fram. Du maa da ha no aa leva av!

– Han visste raad: Sønn’ din gir mig nok arbe’! sa han. Han maa vel takke mig saa pass for at jeg hjelper mor hans! Martina lyste upp av glede: Der gaar han vekk fra plassen sin for aa føre mig til sønn’ min! Jøss, saa snild han kan vera! – Men han skulde ‘ke gjøra det for ingenting! Hu skulde gjøra det hu kunde for han! Hu skulde tigge sønn’ sin om et godt arbe’ til han, skulde hu. For han hadde vel magt til det han, som var slik en kar! Han kom nok ikke tomhendt hjem etter saa mange aar. –

Ho gav han Knut handa: Takk da! sa ho. Aa tid skal vi fara, syns du? 122Han klemde godt til. I natt drar vil kviskra han. I natt drar vi, gjenta mi! Du faar møte mig litt seinere i kveld. –


V.

Klokka gjekk til fire morgonen etter.

Paa ein benk ved brygga sat han Knut og ho Martina.

Han Knut hadde lagt seg bakover paa benken. Trøya hadde han knept godt att, jakkekragen var uppbretta, og hendene var stukne djupt i lummune. Og han snurka med open munn.

Men ho Martina var vaki. Stirde utover sjøen med dei svevntunge, stive augo. Det var kaldt no i solrenninga, ho hutra og fraus, og det kunde vore godt aa faa gøymt andlite i sjale. Men ho gjorde det ikkje, maatte kje bli trøytt, for ho hadde kje stunder til aa sova.

At det ikkje snart vart morgon. Her laag det baat ved baat heile brygga utetter, men ikkje eit menneskje aa sjaa. Det rauk kje fraa nokor pipe, alt sov. Um det so var sjøen so laag han still, utan ein sprekk i den blanke spegjelen.

Ho er nære paa aa dorme her i stilla. Daa skvett ho til og reiser seg. Der utanfraa 123kjem eit langt, grovt yl. Det skjer so sterkt gjenom nattelufta som um det skulde koma fraa øya like der burte.

Ho ruskar i han Knut: Opp! seier ho. Baaten kommer!

– Han skubbar seg. He! grin han. Er klokka saa mange? Men han faar daa augo upp, og han ser seg umkring og hugsar kvar han er. Baaten? spør han. Jeg ser ingen baat, jeg!

Men ho Martina peikar mot øya: Han er bak der! seier ho. Jeg hørte ‘n naa! Og dei staar baae og ser utover.

Daa læt det eit nytt yl gjenom stilla, og fram bak øya skjer seg smaatt ein myrkgrøn vegg med sjøen i kvitt skum fyre seg. Og veggen blir lengre og lengre, og ein gloraud skorstein vert synberr.

Daa staar han Knut og verar mot skipe. Han fyller det gamle, flate bryste sitt med frisk sjøluft, og augo lyser. Det stig minne um farne glade dagar fram for han. En fin rugg! seier han. Se aa vakkert han svinger!

Men ho Martina ser ikkje paa slikt. Ho retter berre armane ut mot skipe: Aa gutten min! hikstar ho. Velsigna gutten min! –

Ho snur seg mot han Knut: Saa smaatt det gaar! klagar ho seg. Kan dom ikke skynte sig litt?

124Han Knut triv ho i handa og dreg henne med seg: Skynt dig og kom, Martina! Han svinger inn til den andre brygga!

– Dei har stelt seg paa kvar si side av landgangen. Baaten er full av ferdafolk, og dei trengjer paa for aa koma fort i land. Men ikkje ein av dei trør paa bryggesteinen utan aa vera set over av to gamle, granskande kvendeaugo.

Men for kvar som stig i land vert desse augo tungare og meir hjelpelause, og daa det ser ut til aa vera slutt med ferdsla, søkjer dei burt til han som staar rett imot og vaktar. –

Han Knut likar seg ikkje no. Men det kan kje vera meining i aa syne fram vonløysa i til ho som staar der og liksom bed han hjelpe, han faar prøve setja mod i henne: Han kan komma ennaa, seier han. Vi faar vente ei stønn til!

– Og dei ventar. Ventar til alle er komne i land og køyrde burt. Ventar til det vert ro umbord paa skipe.

Men daa forstaar dei at det ikkje nyttar lenger, og dei gaar innover brygga. Tagalle. Tunge. Gamle. –

Dei set seg paa ei kasse under eit regntak paa brygga, og dei breider ein hard presenning kring seg. Og no har ho Martina ingenting aa stire utover sjøen etter, ho kan gøyme seg vel inn i sjale, ho kan røme fraa 125i alle sorger i denne verda, ho kan lata att augo. –

Men det blir nok inga ro no heller. Ho har so vidt sett seg godt til rette og faatt litt nasevarme, daa eit hugskot vekkjer henne. Og ho kryp fram fraa sjale og gjer seg laus fraa presenningen. Knut! seier ho. Knut er du vaaken?

Han Knut sit og søv med ei slokna kritpipe millom lippune, men han vaknar snart, daa ho rister i han. Aa er det naa? grin han. La mig blunde litt naa, Martina!

Men ho gir seg ikkje: Tenk om det ikke er den rette, Knut! Tenk om det ikke er amerkabaaten!

Han sputtar arg. Trur du ‘ke jeg har greie paa slikt, jeg som er gammal sjømann? seier han. Bare stol paa mig du mor, og set dig til aa sova!

Men ho har faatt ei von i seg som gjer henne ustyrleg. Ho skundar seg tilbake mot skipe, ho kliv upp landgangen og ho talar til den ho fyrst møter. –

– Han Knut er langt inn i drøymelande, daa ho riv han til jorda att: Fanken at en stakkar ikke skal faa dorme ei lita stønn! seier han. Hadde jeg visst detta, skulde du aldri faatt mig med dig!

Men ho Martina bryr seg ikkje um grine hans no. Ho er so glad og straalande. Denna 126baaten er fra Hamburg! seier ho. Amerkabaaten kommer ikke før ut paa kvelden. –


VI.

Det var ein lang dag og ein lang kveld fyrr baaten kom. Og endaa lenger vart tida etter han var komen. For han Even var kje med. –

– Dei drog seg gjenom gatune. Han Knut gjekk fyre. Det var kje raad aa gaa saman med henne, for ho skulde kvile paa alle dei butikk-trapper ho saag. Og ikkje var det moro heller, aa gaa ved sida av eit kvinnfolk som tuta og graat.

Han snudde seg uppi ei gate. Det var kje verdt aa gaa reint fraa henne heller, framand som ho var. – Men so tok han til aa smaabanne: Forsyne mig, drog hu ‘ke naa nedover mot brygga igjen!

Han skunda seg etter og naadde henne att: Aa tenker du paa, menneske! spurde han. Vi skal da ‘ke den veien!

Ho prøvde slite seg laus: Tenk om det kom flere baater, Knut! Og tenk om han Even kom, og jeg ikke møtte ‘n!

Han drog henne med seg, og no var han ikkje blid: Du tøyser! sa han. Du hørte 127dom sa det var aatte dager til næste baat! Vi faar finne vors i aa vente!

Ho fylgde med, sutrande: Vente, Knut? Vente her paa gata?

Han Knut rette seg litt og vart liksom sterkare og yngre i maale: Det kunde ‘ke falle mig inn aa la dig gaa ute ei natt til! sa han. Jeg har nok ei anna raad!

– Ho saag ut som ho vilde røme att: Mener du aa dra mig tilbake til «Roligheta»? spurde ho.

Han Knut vaks enno litt der han stod: Nei, Martina! sa han. Jeg mente ‘ke det

– Han stakk handa høgtidsamt ned i lumma og drog fram ein gamal skinnpung. Og han opna han og fann upp ein liten gul setel: Ser du den! kytte han. Ti kroner, Martina! Saa lenge det er att no av den, skal du sleppe aa se «Roligheta»!

Ho klemde den grove handa hans millom baae sine. Saa snild du er, Knut! fekk ho sovidt fram. Saa velsigna snild du er!

Men han Knut tok paa aa gaa att. Vi skal faa oss losji ned ved brygga, sa han. Saa kan du se ut mot sjøen, og saa er det ‘ke lang veien. –

Og dei rusla av stad, og no slapp han vente, for no fylgde ho han i hælane. –

– – Men formiddagen etter gjekk han Knut 128att og fram i eit lite rom og var sint. At hu ikke straks vaakner! sa han. Men hu er vel fælt trøtt, stakkar! For hu har visst staatt i vindue og set mot sjøen i hele natt. –

– – – –

Aatte dagar seinare.

Han Knut med knea og ho Martina staar i eit portrom og hutrar. Det regner. Alt er so evig trist og graatt. Han Knut gaar att og fram med hendene i lumma. Fine greier! grin han. Nydelige greier! Han steller seg framfor henne: Aa gjor vi naa, Martina? Kan du fortelle mig aa vi skal gjøra naa? – Jeg veit ikke aa vi skal finne paa jeg, Knut! Jeg orker ikke tenke!

Han Knut lær gjønande: Du orker aldri tenke du! seier han. Hadde du det orka, stod vi ikke her naa, sultne og gjennomblaute.

– Men det var da ‘ke mig som fann paa at vi skulde rømme, Knut?

Det kjem so uendeleg spakt og fatigt dette: men han Knut har kje hug til aa vera blauthjarta no: Var det ‘ke dig, seier du? Nei, naa maa jeg le! Detta var morosamt!

Hvem var det som fikk brev fra sønn’ sin i Amerka, maa jeg spørre? Hvem var det som var lei sig i «Roligheta»? Jeg hadde en god plass, jeg, og tjente penger saa jeg greidde mig. Og jeg raadde mig sjøl og kunde gaa naar jeg vilde og komma naar jeg vilde, saa jeg hadde 129aldri reist, hvissom ikke du hadde narra mig! – Ho Martina seier ikkje imot. Det er likt til at ho har høyrt dette fyrr.

Det er ellers en nydelig søn du har! driv han paa. Her faar han to gamle mennesker til aa stikke fra hjemme sitt for aa møte paa brygga – og saa kommer ‘n ikke! Han skulde ha straff, skulde han!

– Men han visste jo ikke om aassen jeg hadde det, Knut!

– Han visste vel aa gammal mor hans var, tøysa! Han visste vel det, at naar du ikke orka arbe’ lenger, saa blei det «Roligheta»! Og han visste vel det, at jeg vilde ‘ke la dig gaa aaleine, naar du skulde møte ‘n!

– Men han har da aldri set dig eller hørt et ord om dig, Knut! Saa det var han da fri forl

Han Knut trampar i portgolve: Gjør ‘ke narr av mig, kjerring! Staar du og flirer, saa gaar jeg fra dig!

– Nei, du maa ‘ke gaa, Knut! Velsigne dig Knut, gaa ikke! – Og straks etter kjem det: Jeg er saa sulten Knut!

Han tar seg eit nytt skraa: Tygg tobakk seier han. Saa kjenner du det ikke! – Dei teier ei stund. Staar og tenker paa dei siste dagane: Kvar morgon hadde dei lote ut fraa hotelle, der dei leigde seg inn for nætene. Og so var det aa drive gjenom gatune, 130time etter time. Eller sitja ned ved brygga og stire utover fjorden. Dei hadde spart og drygt for aa faa dei faa kronene til aa rekke. Heilt til i gaarkveld. Men daa hadde han Knut slaatt seg reint laus og rive i kveldsmat so dei aat seg gode og mette. Ja, ei ølflaske hadde han endaatil kjøpt seg. For dette var siste kvelden! –

Og tidleg, tidleg i dag hadde dei vore paa beina og skunda seg paa brygga paa fastande hjarta. Og baaten var komen. – Men han dei venta, var ikkje med. –

– – Ja, herregud, her stod dei! No fanst det ikkje raad lenger! Dei kunde legge seg til aa krepere. Likso godt fyrst som sist. – Ho Martina var so like sæl at ingenting skilde henne lenger. Ho sette seg platt ned i porten og ansa ikkje folk som gjekk framum. Og brydde seg ikkje um at han Knut var sint. Han fekk i Guds namn bruke kjeft! Ho høyrde gudskjelov ikkje kva han sa. For ho var so inderleg, inderleg trøytt. –

Men han Knut gjekk att og fram i porten som ein rev’ i bur. Togg tobakk og sputta. Bruka munn og svor. Men han gav seg til slutt med det, daa han saag det ikkje nytta. Han tok i staden til aa fundere.

Og det var klokt av han. For no fann han utveg.

Han tok ho Martina under baae armane 131og prøvde lyfte henne: Hei, gjente! sa han. Opp med dig, gamla! Naa veit jeg aa vi gjør! – Ho vakna og vart undri over kor mykje blidare han saag ut no. Jøssenamn aa er det, Knut? spurde ho. Er ‘n kommen?

Jeg blaaser i aa n er! svara han. Vi skal greie vors sjøl, gjente! Svint dig aa kom naa, saa gaar vi opp til fabrikken ved brua. Der spør jeg etter arbe’, for der tar dom stadig folk.


VII.

Martina staar uppved brua og ventar. Klokka er straks seks. Ho har gaatt her og verka sidan ved firetida, daa han Knut drog burt til fabrikken. Han hadde lova aa vera snar, men var kje komen enno. Gud veit kva det kunde vera i vegen! – Det tar til aa ule derburte. Og portane vert opna, og folkestimen velter ut. Ho Martina gaar litt til sides, vil kje staa like i syne paa folk, um ho skulde raake kjende. –

Men Gud veit kvar han Knut har tat vegen!

Ho kjem inn i ei sidegate og ruslar vidare burtigjenom. Det er betre aa leda litt paa seg en aa staa stille. Rett nok veit ho ikkje kvar ho skal av, men det kan kje nytte aa gi seg til 132aa staa dernede heller. Ho kan likso gjerne kreka i veg. Det blir henne det same. – Ho er komi upp i ei gate med smaa hus, daa ho stanar med eitt. Det vesle graa huse der, det kjenner ho! Det maa ho ikkje gaa framum! Ho maa snu no, maa røme fraa dette!

Men ho kan ikkje springe fort nok. Ho høyrer røyster innanfor vindaugo, og ho er kje langt komi daa ho kjenner eit fast grip i kvar arm. Daa eig ho ikkje vilje lenger. Og ho let dei to kjøkengjentune leie seg inn porten til «Roligheta». –

– Ho ser seg ikkje um daa ho gaar gjenom rome burt til senga si. Ho vil legge seg med same. Men paa borde ligg eit brev som ho riv til seg fort. Det er breve fraa sonen, det breve som har narra henne ut paa vidaatta. Ho hadde gløymt det daa ho drog. No stikk ho det inn paa barmen og byner klæ av seg. Det skulde gjera godt aa faa kvile no! Berre ingen tala til ho! Berre ho fekk ligge i fred!

Med det faar ho ikkje. Kjøkengjenta kjem inn, berande paa ein bolle med rykande velling. Ho set seg paa sengkanten og ruskar i henne som har breidd seg so godt ned:

Naa skal du faa i dig detta! seier ho. Du vil bli god og varm av det.

Og ho Martina kan ikkje staa imot freistinga. 133Ho lyt smaka paa maten. – Og det er kje lenge fyrr bollen er tom.

Ho takkar daa ho er ferdig, og legg seg att. Ho kjenner slik ei takksemd for kvar stund som gaar, utan at nokon spør. Og ho let att ango. –

Men gjenta sit paa sengekanten og smiler. So seier ho braatt: Du trefte ‘ke sønn’ din, Martina?

Ho Martina stirer paa henne, ulukkeleg: Veit du det? spør ho. Gjenta nikkar: Bestyrerinna leste breve, fortel ho. Maatte da faa greie paa aa’ du hadde gjort av dig. Ellers har vi naa snakka med han Knut ogsaa!

Han Knut? Ho Martina reiser seg i senga. Er han her?

– Hører du ikke han hogger derute? svarar gjenta. Han kom for et par timer sia. Men legg dig til aa sova naa! Imorra har du no’ godt ivente!

Men ho Martina har kje tid til aa vente paa morgondagen. Ho grev og spør, og til slutt lyt gjenta ut med det ho veit.

– Det er berre det, at i dag har det vore ein mann og spurt etter ho Martina. Han vart svært lei seg, da han ikkje trefte henne; men han lova paa at ho nok skulde finnast, so sant ho var i live.

– Forresten skulde han koma att i morgo. Han hadde visst god raad, for han var svingande 134flott klædd. Og snild var han visst og, for han spandera kveitebollar og sjokolade paa heile «Roligheta».

Men han var visst ikkje her fraa byen. Han tala so rart. Braut liksom paa utanlandsk. Var visst amerikanar. –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Lilje Gunda og andre forteljingar

Samlingen Lilje Gunda og andre forteljingar kom ut i 1913 og inneholder fire noveller. Novellene er skrevet på landsmål, men med mange dialektinnslag fra Oslo. Som i mange av Braatens øvrige verker er det Oslos arbeidermiljø som skildres, og i novellen «Lilje Gunda» spiller Hønse-Lovisa i «Hønsereiret» fra romanen Ungen (1911) en viktig rolle.

I 1935 ga Braaten ut reviderte versjoner av novellene «Heimreisa» (med ny tittel «Hjemreisa») og «Lilje Gunda» (med tittel «Gunerius og Lilje-Gunda») i samlingen Oslo-fortellinger.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1913.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.